tirsdag 31. desember 2024

Månadsoppteljing #115 | Desember i bøker

Desember var: Det er alltid kjekt å jobba med barn når jula nærmer seg. Frokosten er full av prat om rampenisser, adventskalender, julegåveønskjer og diverse. Gruppa mi har lest Pulverheksa og Julenissen og den er spennande både for liten og stor. Eg er ikkje så julete sjølv, så at januar nærmer seg passer meg heilt ypperlig.

I desember har eg lest: Eg har lest litt av alt, men må trekke fram memoarene til Kelly Bishop, og sakprosaen Nytten og gleden. Totalt ulike bøker, men så gode leseopplevingar.

* Kelly Bishop: The Third Gilmore Girl (lyd frå Nextory)
* Julia Donaldson og Victoria Sandøy (ill.): Juletreet (papir frå hylla) OTS
* Julia Donaldson og Axel Scheffler (ill.): Pinnemann (papir frå biblioteket)
* Dr Maria Mjaaland Sele: Den lille store filosofen og den store tanken (papir frå biblioteket)
* Karen M. Kilane og Hans Jørgen Sandnes (ill.): Mirakelpulveret (Familien von Humbug #1) (papir frå biblioteket)
* Odd Nordstoga: Spelemann (papir frå biblioteket)
* Mahmona Khan og Camilla Billett (ill.): Desember (papir frå biblioteket)
* Niels Fredrik Dahl: I fjor var litt av en natt (papir frå biblioteket)
* Niels Fredrik Dahl: Fluenes gate (papir frå biblioteket)
* Niels Fredrik Dahl: Branngater (digitalt frå NB)
* Federico García Lorca: Dikter i New York (papir frå biblioteket)
* Niels Fredrik Dahl: Antecedentia (papir frå biblioteket)
* Niels Fredrik Dahl: Journalisten (papir frå biblioteket)
* Niels Fredrik Dahl: Min tredje muskel (papir frå biblioteket)
* Hilde Østby: Jeg elsker Dickens (papir frå biblioteket)
* Helene Uri og Tuva Synnevåg (ill.): Veien gjennom vinterskogen (papir frå biblioteket)
* Herborg Kråkevik (red.): Juleroser 2024 (papir frå hylla)
* Elisabeth Thorsen (red.): Julenatt 2024 (papir frå hylla)
* Angela Merkel: Freedom - Memoirs 1954-2021 (lyd frå Nextory)
* Hans D. Høeg: Vår mann i Washington (papir frå biblioteket)
* Kjerstin Aukrust, Trude Kolderup og Geir Uvsløkk: Nytten og gleden. Fransk litteratur gjennom tusen år (papir frå hylla) OTS
* Ingvild Hegge Eriksen: Dette forandrer alt (papir frå biblioteket)

I desember fullførte eg ikkje og fortsetjer med:

* Jon Fosse: Teaterstykke 3 (papir frå biblioteket)
* Johann Hari: Tryllesprøyten (papir frå biblioteket)

I desember har eg kjøpt: Eg har ikkje kjøpt noko for eg ønska meg spesifikke bøker til jul, så under juletreet låg det nokon bøker.

* Maja Lunde og Lisa Aisato (ill.): Solvokteren (Årstidskvartetten #2)
* Tore Rem: Ironisk nok
* Prinsessan Christina fru Magnuson: Joséphine : avlägsen i tid – men nära mig

I januar skal eg: Eg tenker meg på ei rekke forfatterarrangement, så får tiden vise kva som faktisk skjer.

XOXO

mandag 30. desember 2024

Lesesirkel 1001 bøker | Kategorier 2025


Velkommen til nytt 1001-år! Lesesirkel 1001 bøker er ein lesesirkel som går over heile året med 12 kategorier. Bøkene som kan leses finner du HER, og eg godtar kun bøker frå den lista (det sirkulerer ein norsk versjon, men den har lagt til ein haug med norske bøker som eg ikkje godtar).

I seks år har eg hatt lesesirkel og det er veldig kjekt å dele galskapen min med andre. Eg har i år klart 12 kategorier og det er ikkje ofte i løpet av dei åra at eg har klart det. I skrivande stund har eg lest 206 av bøkene på lista og det er ikkje all verden i den store samanheng, men eg tenker eg har mange historier å sjå fram til.

Det blir ingen stor revolusjon dette året, så får eg heller tenke litt meir på sprell i 2026. Om du har forslag til kategorier må du gjerne koma med dei.





XOXO

Sosiale medier:

søndag 1. desember 2024

Månadsoppteljing #114 | November i bøker

November var: Fort gjort!

I november har eg lest: Eg har gjort ferdig fleire bøker eg har hatt på lista lenge, og kasta nokon bøker på båten då dei ikkje fenger akkurat nå. Garman & Worse har eg lest saman med Sølvberget bibliotek, og det har vore så kjekt. Nå ser eg fram til å lese fortsettelsen Skipper Worse.

* Charles Dickens: Dombey and Son (lyd frå Nextory)
* Per Dybvig: De står i kø (papir frå biblioteket)
* Kjersti Synneva Moen: Selma gjør så godt hun kan (papir frå biblioteket)
* Alexander L. Kielland: Garman & Worse (papir frå hylla) OTS
* Yael van der Wouden: The Safekeep (lyd frå Nextory)
* Jan Arild Snoen: Trump og fascismen (papir frå biblioteket)
* Toni Morrison: Dukke i bek (papir frå biblioteket)

I november fullførte eg ikkje og fortsetjer med:

* Kelly Bishop: The Third Gilmore Girl (lyd frå Nextory)

I november har eg kjøpt:

* Julia Donaldson: Juletreet

I desember skal eg: Kjøpe resten av julegavene, kose meg med juleting og glede meg saman med ungane som har snakka om jul i fjorten dagar allerede.

XOXO