torsdag 29. februar 2024

Månadsoppteljing #105 | Februar i bøker

Februar var: Snø, is, brodder i lomma, bøker til ungane i fleng, og ikkje minst ein liten tur til Oslo. Fredag kveld (23.02) la eg meg inn på hotell sovekupé og vakna opp laurdag i hovudstaden. Frokost og ein liten powernap på Bondeheimen (fekk rom ved ankomst kl 8 (!) om morgonen) før eg gjekk ut i sentrum. Eg hadde på forhånd bestilt Amtmannens døtre på Norli Universitetsgata då det er mars-boka i ein lesesirkel på Instagram. Vidare til neste post på programmet: Utstillinga Kongelige fotografer i Dronning Sonjas Kunststall. Meget god utstilling med både bilete, film og fleire samtaler med andre gjestende. Etter ein times tid surra eg meg nedover Henrik Ibsens gate, innom etter sushi og inn på hotellet. Eit par timer seinare var eg klar for målet for turen: Anna Karenina på Centralteateret! Flott framføring og Ine Marie Wilmann fortener all heder ho har fått for hennar tolkning av Anna Karenina. Forestillingen er tro mot romanen, og med både alvor, glede og latter vart det nydelege 3 timar. Søndag var eg tidleg oppe for frokost må utnyttes på hotell før toget gjekk heim igjen. Det blir ikkje lenge til neste gong kjenner eg for hovudstaden byr på fleire gode teaterstykker i vår.

I februar har eg lest: Som alltid leser eg alt frå A til Å. Eg har lest intet mindre enn seks 1001-bøker, fått fleire ut av hylla og fullført Stemmens kontinent-prosjektet.

* Kaja Gjersem Nygaard: Et mørkere vann (papir frå biblioteket)
* Julia de Burgos: Blå, klar (Stemmens kontinent #21 (papir frå biblioteket)
* Kajal Ahmad: Erobringer (Stemmens kontinent #22) (papir frå biblioteket)
* Honoré de Balzac: The Atheist's Mass (PLBC #41) (papir frå hylla) OTS
* Charlotte Perkins Gilman: The Yellow Wall-Paper (PLBC #42) (papir frå hylla) 1001 OTS
* Constantinos P. Cavafy: Remember, Body... (PLBC #43) (papir frå hylla) OTS
* Ngugi wa Thiong'o: Elven som skiller (papir frå biblioteket) 1001
* Knut Hamsun: Pan (papir frå biblioteket)
* Fyodor Dostoyevsky: The Meek One (PLBC #44) (papir frå hylla) OTS
* Joy Harjo: Å koma tilbake frå fienden (Stemmens kontinent #23) (papir frå biblioteket)
* Katrine Engberg: Krokodillevokteren (Kørner og Werner #1) (papir frå biblioteket)
* Jean Rhys: God morgon, midnatt (papir frå biblioteket) 1001
* Elena Sjvarts: Minne om ei underlig bevertning (Stemmens kontinent #24) (papir frå biblioteket)
* Gwendolyn Brooks: Maud Martha (papir frå biblioteket)
* Gustave Flaubert: A Simple Heart (PLBC #45) (papir frå hylla) OTS
* Tarjei Vesaas: Fuglane (papir frå hylla) 1001 OTS
* Oliver Goldsmith: The Vicar of Wakefield (papir frå hylla) 1001 OTS
* J.G. Ballard: Crash (papir frå hylla) 1001 OTS
* Frances Presley: Avgjørende øyeblikk i mors liv (Stemmens kontinent #25) (papir frå biblioteket)

I februar fullførte eg ikkje og fortsetjer med:

* Jon Fosse: Teaterstykke 1 (papir frå biblioteket)
* John le Carré: Telefon til avdøde (George Smiley #1) (lyd frå Nextory)

I februar har eg kjøpt:

* Camilla Collett: Amtmannens døtre

Mammutsalg:
* Kjetil Røed: Fra punktum til kolon. Et essay om kritikk og kjærlighet
* Even Arntzen: Hamsuns verden. Fra Ibsen til Knausgård. Opprør, skapelse og sirkulasjon

I mars skal eg: Muligens ein tur og to til by'n på Sølvberget-arrangement. 11. mars blir langlista til den internasjonale Booker-prisen annonsert og eg har begynt å låne og lese bøker som kan vera aktuelle for nominasjon. I dag skulle eg hente ei bok på biblioteket - det endte med 7 bøker. Luksusproblem!

XOXO

4 kommentarer:

  1. For en kjekk Oslo-tur du har hatt, å gå på teater er gull :) Og så seks 1001 bøker da, godt jobbet Elida!
    Jeg gleder meg til å følge dine tanker om bookerbøkene, jeg leser som alltid vinneren, men kanskje jeg lar meg inspirere til et par til.
    Ha en fin lesemars Elida!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, Tine! Det var eit bra avbrekk frå kvardagen :-)

      Slett
  2. Så mange bøker.. Og heldige du som fikk sett Anna Karenina i Oslo. Skal se om jeg får det til i april hvis den går. Så kinofilmen, den var sterk.

    Har lest tre av dine (Pan, Fuglane, Krokodillevokteren).

    Ønsker deg en fin mars Elida:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, Anita! Anna Karenina blir ikkje spilt så lenge, men skulle kome tilbake i slutten av året trur eg. Romanen er å anbefale den og.

      Eg las din anmeldelse av Krokodillevokteren. Eg likte den ikkje noko særleg dessverre, men har du lest fleire i serien?

      Slett