I juni har eg lest: Legg merke til alle bibliotek-bøkene. Eg hadde ti-tolv andre bøker og frå biblioteket, men endte opp med å levere alle uleste. Eg vart stressa av dei, og med andre planer for neste månad så måtte noko ut.
* Abraham Jiménez Enoa: Å lande i verden (papir frå biblioteket)
* Andrea Rudland Haave: Sytten, snart atten (papir frå biblioteket)
* Caroline Darian: Jeg kaller deg ikke lenger pappa (papir frå biblioteket)
* Therese Garshol Syversen: Eg skal rive deg i filler (papir frå biblioteket)
* Jørn Øyrehagen Sunde: Har eg rettstryggleik? (papir frå biblioteket)
* Jon Fosse: Vinter (papir frå biblioteket)
* Selva Almada: Vinden som legger øde (papir frå biblioteket)
* Sanne Mathiassen: Mia har forlatt chatten (papir frå biblioteket)
* Herberto Helder: Kvinner springande, springande (papir frå biblioteket)
* Liv Lundberg: Liv (papir frå biblioteket)
* Taran L. Bjørnstad: Tjuefire sju (papir frå biblioteket)
* Brynjulf Jung Tjønn: Kva tenker du på? (papir frå biblioteket)
* Itamar Vieira Junior: Min søsters stemme (papir frå biblioteket)
* Tim Winton: Juice (lyd frå Nextory)
I juni fullførte eg ikkje og fortsetjer med: Eg er med i ei Discord-gruppe som leser Thomas Hardy sine romaner, og i juni har det vore hans debutroman, Desperate Remedies. Eg begynte på kindle, og leser nå vekselvis med lyd/kindle, så heilt ferdig blir eg ikkje før juli og ny roman. I tillegg så har eg og ei bookstagram-venninne begynt på Prousts sju-bindsserie, og den begynte eg på i papirform og nå høyrer på lyd.
* Thomas Hardy: Desperate Remedies (digitalt med kindle/lyd frå Nextory)
* Marcel Proust: Veien til Swann (På sporet av den tapte tid #1) (lyd frå Nextory) 1001
* Marilynne Robinson: Huset ved broen (papir frå hylla) OTS
I juni har eg kjøpt:
* Marilynne Robinson: What are We Doing Here? Essays
* Dr. Annette Dragland: Hele deg. Veien til bedre helse
* Rebecca Romney: Jane Austen's Bookshelf. The Women Writers Who Shaped a Legend
I tillegg plukka eg med meg gratis bøker til mi venninne frå biblioteket, og fant denne til meg
* Marguerite Duras: Demning mot Stillehavet
I juli skal eg: Eg skal ha sein ferie i år, så skal jobbe 14 dagar inn i juli. Eg har lovt meg vekk som gartner i hagen til mor og far, også reiser eg til København i slutten av månaden. Dagen før kjem langlista til Booker-prisen som alltid er eit høgdepunkt. Håper det kjem nokon gode bøker på den som kan vera med på tur. I tillegg så er det årets happening, Jane Austen July, og eg skal som vanleg delta. Utfordringane er som fjorårets, men satser på eit par av Austens romaner eg ikkje las i fjor, og noko nytt til dei andre utfordringane.
XOXO