Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Anuradha Roy. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Anuradha Roy. Vis alle innlegg

mandag 3. august 2015

Booker-longlist: "Sleeping on Jupiter"

Forfatter: Anuradha Roy
Utgitt: 2015
Forlag: MacLehose Press
Anna: Kjøpt ebok, 256 sider

Den indiske forfatteren Anuradha Roy er debutant i Booker-samanheng, men har to tidlegare romaner på samvittigheten, An Atlas of Impossible Longing (2008) og The Folded Earth (2011). Begge har fått gode anmeldelser på Goodreads, og eg ser ikkje heilt vekk frå at dei kan bli lest i framtida.

Sleeping on Jupiter føregår i tempelbyen Jarmuli ved Indias kyst. 3 eldre damer på helgetur til byen møter ei ung jente på toget frå Calcutta. Jenta ser indisk ut, men likevel ikkje, og då jenta går av ved ein stasjon og toget køyrer ifrå ho trur ikkje damene dei kjem til å sjå ho igjen. Det skal vise seg at jenta kom seg på toget igjen, og fullfører reisen til Jarmuli. Byen er kjent for sine templer og pilgrimer, men verken damene eller jenta, Nomi, er pilgrimer. Som liten vart familien til Nomi drept, og ho endte opp i eit ashram (minner om eit kloster) saman med andre jenter. Guruen i ashramet er sett opp til, men bruker fleire av jentene til heilt andre ting. Etter nokre år i ashramet klarer Nomi å flykte, og ender opp i Noreg som fosterbarn. Nomi, som nå nærmer seg tredve, arbeider i filmbransjen og har lukkas i å reise tilbake til Jarmuli under påskot av å sjå etter innspillingssteder. Hovudoppgåva hennar er å finne ashramet og begrave gamle spøkelser.

Romanen til Roy er heilt grei. Den er delt inn i 7 deler som kvar beskriver kva Nomi og dei eldre damene gjer kvar dag. Andre karakterer som turguiden Badal, fotografen Suraj og teselgeren Johnny Toppo blir innlemma i dagene til hovudkarakterene. Idéen er god: barnehjemsbarn finner tilbake til røttene sine, men plottet er tynt, og min meining er at Roy kjem aldri fram til ei løysing. Nomi finner ikkje det ho er på jakt etter, og det gjer ingen av dei andre karakterene heller. Romanen er rett og slett for enkel for Bookers shortlist, så denne er eg redd blir luka vekk 15. september.

XOXO

Andre anmeldelser: Linn.