Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Kagge. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kagge. Vis alle innlegg

fredag 5. mai 2023

"Det ordner seg - sju steg til å overleve småbarnslivet" av Julie Valsø

Julie Valsø (f. 1991) er utdanna tekstforfatter og har studert ved Norsk barnebokinstitutt. Dei fleste kjenner ho frå snap-kontoen Mammabanden/Foreldrebanden og som innhaldsskaper på Instagram. Medan denne boka vart skrevet har Julie, mannen Espen og dei to barna deira reist rundt i ein sjølvbygga bobil. Det ordner seg - sju steg til å overleve småbarnslivet er Valsøs første bok.

Først av alt må eg understreke at eg er milevis frå målgruppa til Julie Valsøs bok. Eg er ho som jubla då Linn Strømsborg kom med romanen Aldri aldri aldri (intern lenke), eg har ingen barn og skal heller ikkje ha barn. Men eg syns det er interessant å lese andres synspunkter og ønsket om å lære er stadig til stede.

Julie Valsø har skrevet og illustrert ei flott bok med sju steg til å overleve småbarnslivet. Ho skriver om planlegging, graviditet, livet som nye foreldre, jobb, korleis vera tobarnsmor, fødselsdepresjon og at det går bra til slutt. Det skrives med alvor, ein god dose humor og den ærligheten som Julie Valsø er kjent for gjennom eigne kanaler. Valsø illustrerer sjølv, og innimellom finner du stigespel, illustrasjon av draumen om kafé-baby og spy-ruten til Valsø gjennom Oslo som gravid. Eg har lest eit par bøker om emnet tidlegare, men eg trur denne har vore etterlengta blant fleire. For faktum er at fødselsdepresjon er ein realitet blant mange mødre, og ingen står aleine. Anbefales!

XOXO

| Utgitt: 2023 | Format: Innbundet, 128 sider | Forlag: Kagge |

søndag 4. september 2022

"Den norske drømmen" av Kadafi Zaman

Kadafi Zaman (f. 1973) er ein norsk-pakistansk journalist, lokalpolitiker og forfatter. Han har gjennom sitt arbeid som journalist dekka fleire store internasjonale hendingar gjennom åra. I 1999 skreiv han boka Norge i svart, hvitt og brunt og hadde ein tekst med i boka Norsk nok i 2022. Den norske drømmen er ei memoarbok som kom ut i 2021.

Kadafi Zaman har vore journalist for TV2 i fleire år, og det er slik eg veit kven han er. Når det har skjedd store hendingar i utlandet har Zaman aldri vore langt vekke. Tilværelsen kunne fort ha vore annleis om faren hans hadde valgt å bli i Pakistan. For 50 år sidan valgte Kadafi Zamans far å reise saman med tre venner til Noreg frå Pakistan. Her jobba han doble skift for å sikre ei framtid for sine barn. Som norsk-pakistaner er Kadafi Zaman stolt av sitt opphav og har og har hatt god kontakt med sitt opphav. Han angrer imidlertid på at han ikkje spurte besteforeldrene meir om deira liv då dei levde. Som slektsgransker kan eg forstå den tanken.

Zaman fortel opent og fargerikt om kvar han kjem frå, og det han brenner for: Å formidle nyheter til det norske folk. Han har sjelden vore langt vekke frå dei største nyhetene, og takker si kone for tilliten og måten ho har haldt familien saman. Den hendinga som står sterkast i nordmenns nyhetsbilete er masseskytinga på Utøya i 2011. Zaman hadde vore ute med ein kamerat kvelden før. Fredag 22. juli hadde han eit oppdrag: Å finne ein imam som kunne gifte hans norske venninne med sin muslimske kjærast. Utan at familien visste om det. Zaman og kameraten skulle etter vielsen heim til Lier, men det kom til å ta si tid. Då Kadafi Zaman fekk nyss om skytinga i regjeringskvartalet meldte han seg straks til teneste. Etter ei tid ringte han heim til familien og fekk vite at alle var samla heime hjå Zaman. Då var ikkje gjerningsmannen kjent, men Zaman-familien håpte det ikkje var ein muslim. Eit familiemedlem torte ikkje å gå ut med søpla i frykt for å bli sett før identiteten til gjerningsmannen vart kjent. 

Masseskytinga på Utøya er bare ein av dei mange hendingane, og det er meget interessant å vite meir om korleis ein journalist som Kadafi Zaman går fram for å kome til nyhetsbiletet. I lydboka leser han sjølv, og som med Abid Rajas bok blir det meir dybde over boka. Anbefales!

XOXO

| Forfatter: Kadafi Zaman | Utgitt: 2021 | Format: Innbundet, 193 sider | Forlag: Kagge |

søndag 21. november 2021

Bok: "Jeg heter Michael og er alkoholiker" av Michael Andreassen

Michael Andreassen (f. 1972) er ein profilert foredragsholder og radioprogramleder i P4. I fleire år hadde han eit alvorleg alkoholproblem, og med boka Jeg er Michael og er alkoholiker håper Andreassen at i alle fall eit menneske søker hjelp. Enten for eigen eller andres del.

Som 12-åring smakte Michael Andreassen alkohol for første gong. Seinare vart det fleire smakinger, blant anna med vodka på termos på fotballtrening. For Michael hadde høyrt at ein drink var god å varme seg på. Og på fotballtrening var det kaldt i februar. Michael Andreassen har vore ein radiomann i 25 år, og i 20-åra flytta han til Lillehammer. Andreassen beskriver tida på Lillehammer som å vera på folkehøgskule med lomma full av penger. Her bestod dagene av jobb, drikking og fest saman med kollegaer. Etterkvart flytta han tilbake til Oslo, han vart far to gonger, og fast jobb i radiokanalen P4. Eg har sjølv høyrt Michael Andreassen på radioen og han er god. Lite visste både eg og andre lyttere at Michael Andreassen kunne på sitt verste drikke 2-3 flasker vin og ei halvflaske sprit kvar dag.

Jeg er Michael og er alkoholiker er Michael Andreassens håp om at nokon får hjelp av denne boka. Alkohol er eit rusmiddel, omtrent det enkleste du kan få i deg for det er tilgjengelig i butikker og på vinmonopolet. Michael Andreassen er open og ærleg om livets opp- og nedturer, og det såreste i boka er når han snakker om barna sine. Han angrer på korleis han har oppført seg mot barna, i alkoholrus. Heldigvis i slutten av boka, og i TV-episoden frå programmet I lomma på Silje så ser det ut til å gå greit. Det er i alle fall mitt inntrykk.

Jeg heter Michael og er alkoholiker anbefales, og i Storytel er det forfatteren sjølv som leser.

XOXO

| Forfatter: Michael Andreassen | Utgitt: 2016 | Format: Innbundet, 207 sider | Forlag: Kagge |

søndag 10. mai 2020

Bok: "Moxie" av Jennifer Mathieu

Den amerikanske forfatteren Jennifer Mathieu er engelsklærar på high school og forfatter. Mathieu har skrevet fem romaner med Moxie som den fjerde i rekka. Eg hadde aldri høyrt om Mathieu før eg las Moxie og må sjekke ut fleire av bøkene hennar. Moxie har eg lest i lag med andre medlemmer av Marte og Malins bokklubb.

Moxie handler om Vivian Carter som går i tredje klasse på high school i Texas. Ho er ein typisk elev som er skuleflink, pliktoppfyllande og ordentlig. Og drittlei. Skulen hennar er ein typisk amerikansk skule der guttelaget i fotball får alt dei ber om, medan andre ting på skulen som kjemi-laben og jentelaget i fotball får ingenting. I tillegg får guttane sei og gjer omtrent som dei vil, behandle jentene som objekter og får aldri gjennomgå av skulens diskriminerende kleskoder. Då Vivian finner moras øskje med minner frå ungdomstida blir ho inspirert til å lage ein feministisk fanzine som ho deler ut anonymt på skulens jentetoaletter. Vivian ønsker å få ut litt damp, men jentene på skulen responderer. Snart er det revolusjon på skulen og Vivian innser at ho har starta den.

Eg las Moxie i to strekk i går, og sitter med blanda kjensler for denne boka. Eg blir glad, sint og oppgitt medan eg leser og eg trur ikkje eg er åleine om å kjenne dette. Romanen er godt skrevet og med Jennifer Mathieus jobb på ein high school vil eg tru ho har peiling på kva som føregår på ein skule. Eg har lest ein del bøker frå high school tidlegare og det fins mange ulike filmer og serier som i all hovudsak føregår i dette miljøet, men dette perspektivet er nytt.

Du kan sei at gutter er gutter, men gutter har likevel ikkje rett til å sei trakasserende kommentarer, lage ein konkurranse som objektifiserer jenter eller klå uten samtykke. Når skulens ledelse i tillegg er med på denne behandlingen av jenter må det eit oppvaskmøte til. Som og skjer heldigvis, men det måtte ein revolusjon til for at det skulle skje. Eg avslutter med sitatet frå baksida av boka:
"Gjør verden en tjeneste: Les den, spre den. Gi den til alle tenåringsjenter du kjenner. Ved nærmere ettertanke: Gi den til guttene også." Dagens bok
XOXO

| Originaltittel: Moxie | Utgitt: 2017, norsk 2018 | Format: Innbundet, 326 sider | Forlag: Kagge |

søndag 10. november 2019

Bok: "Årene med Elizabeth" av Inger Merete Hobbelstad

Den norske skribenten og journalisten Inger Merete Hobbelstad (f. 1980) er fast kommentator i Dagbladet, og har tidlegare gitt ut essaysamlingen Å leve med Shakespeare (2016). Årene med Elizabeth er hennar første innen biografi.

Dronning Elizabeth II av Storbritannia er ein rekordholder i antall år på trona. For nokon år sidan gjekk ho forbi si tippoldemor og er nå i sitt 68. år som monark. Seinast i går såg eg bilete frå eit arrangement og blir nok ein gong slått av elegansen og smilet dronninga bærer. Statsministre og amerikanske presidenter har kome og gått frå Buckingham Palace, men dronning Elizabeth is still standing. Som det står i baksideteksten: "Hun fascinerer oss, men er fremdeles et mysterium."

Det var ikkje meininga at den vesle jenta fødd i 1926 skulle bli dronning i det heile tatt. Elizabeth Alexandra Mary var nemlig dottera til nummer 2 i rekka, men då onkelen, kong Edward VIII, abdiserte etter eit knapt år på trona måtte far til Elizabeth til pers. Ifølge boka tilga dronningmora aldri svogeren sin for dette. Kong George VI hadde dårlig helse etter krigen og røykte som ein skorstein. Ei lunge vart etterkvart operert ut, men 6. februar 1952 gikk kongen bort, og Elizabeth vart monark. Då var ho i Kenya med prins Philip, og vart sannsynligvis dronning medan ho sov i ei trehytte.

Mykje er skrevet og sagt om dronning Elizabeth, men ho står fast gjennom sorger og gleder. Det kan ikkje ha vore lett alltid, og om det ser aldri så glamorøst ut å vera kongeleg så kunne eg aldri tenkt meg det. Midt i det å vera regjerande monark skal du og vera ektefelle, mor, farmor og mormor, søster også videre. Kvinnelege monarker er det ikkje mange av i denne verda, og eg liker å tru at dei kvinnelege monarkene som kjem etter Elizabeth II og Margrethe II av Danmark (for dei er det mange av i framtida) kan sjå tilbake med glede på sine forgjengere.

Inger Merete Hobbelstad har gjort ein grundig jobb, og det lyser gjennom at ho liker det ho skriver om. Til tider er den litt keisam og for historisk for min del, men generelt sett er den friskere i stilen enn mange andre biografier om kongelege eg har lest. Fotnotene er mange, og eg har merka meg fleire bøker eg kunne tenkt meg å lese for å få eit anna perspektiv på ulike saker. Det er ikkje utenkelig at Årene med Elizabeth må flytte inn i bokhylla ved ein anledning. Anbefales!

| Utgitt: 2019 | Format: Innbundet, 624 sider | Forlag: Kagge | Kjelde: Lånt på biblioteket |

XOXO

søndag 7. oktober 2018

Bok: "Et langsomt farvel" av Helene Sandvig

Den norske forfatteren Helene Sandvig har vore helsejournalist i NRK i fleire år, og leda programmet Puls i over ti år. Dei seinare åra har ho vore programleder for Helene sjekker inn der ho sjekker inn på ulike rehabiliterings- og institusjonssteder for å sjå korleis brukerne har det. Sandvig har mottatt Gullruten 2018 for sistnemnte program.

Et langsomt farvel las eg i to omganger i går ettermiddag og kveld. Etter omtrent halve boka var det heilt livsnødvendig med ein pause for då klarte eg rett og slett ikkje meir. I nokon timar satt eg og skulte på boka innimellom andre gjeremål for eg både ville og ville ikkje lese ferdig. Boka kom eg over på Kagges Instagram-konto og bestilte den straks på biblioteket. Eg er godt kjent med Helene Sandvigs programmer på TV, men hennar personlege kamp for faren har eg aldri høyrt om før.

I Et langsomt farvel har Helene Sandvig endeleg tatt mot til seg og funne fram journalnotatene etter farens død. I fem år kjempa Aftenposten-journalist Helge Sandvig mot ein sjukdom han aldri ville bli kvitt. I bakrommet satt hans fem barn med ektefeller og barnebarn og var vitne til at den vitale faren, svigerfaren og morfaren sakte, men sikkert forsvant. Sjølv med helsejournalister og leger i familien var det ikkje lett å få samfunnet til å forstå at faren deira var alvorleg sjuk, og for meg som leser er eg til tider sjokkert over behandlinga våre eldre får. Langt om lenge får faren ein diagnose innan demens, men dei siste åra var langt ifrå gode for Helge Sandvig. Det er ein ting når du kan gjere deg forstått og sei kor du har vondt, men når du ikkje kan det lenger blir ein akkurat som eit lite barn igjen. Helene Sandvig og søsknene lærte etterkvart å kjenne teikna på farens ubehag, og det hjalp til tider på avmakten då faren kunne skjenne på dei. Han som aldri hadde gjort det før.

I fleire timar med denne boka satt eg med ein klump i halsen, og då eg oppdaga at Helge Sandvig hadde same fødselsdato- og årstall som min kjæraste avdøde farfar rakna det for meg. Mot slutten då det var heilt sikkert at faren kom til å dø rant tårene då eg las dei siste sidene. Helene Sandvig har skrevet denne boka på bakgrunn av journalnotater og samtaler med sine søsken. Ho har fortsatt spørsmål som ho undrer seg over at aldri vart stilt under farens sjukeleie, og vil ikkje vera redd for å stilla kritiske spørsmål i boka. Håpet med boka er at lesere skal bli betre til å ta dei vanskelige samtalene før det er for seint. Varmt anbefalt!

| Utgitt: 2018 | Format: Innbundet, 219 sider | Forlag: Kagge | 

XOXO

tirsdag 1. august 2017

Booker-longlist: "Den underjordiske jernbanen"

Forfatter: Colson Whitehead (f. 1969)
Originaltittel: The Underground Railroad, omsett av Knut Johansen
Utgitt: 2016
Min utgåve: 2017
Format: Innbundet, 344 sider
Forlag: Kagge

Den amerikanske forfatteren Colson Whitehead debuterte i 1999 med romanen The Intuitionist, men i 2016/17 eksploderte det med romanen The Underground Railroad. Romanen som er på langlista til Booker-prisen har allerede mottatt Pulitzerprisen og The National Book Award, og var på sommerleselista til tidlegare president Obama.

Den underjordiske jernbanen handler om sekstenårige Cora som arbeider som slave på ein bomullsplantasje i Georgia i 1812. Livet for ein slave er alt anna enn enkelt, og når du i tillegg blir utstøtt av dine medslaver blir det ikkje betre. I tillegg til Cora får me høyre om mora Mabel som rømte frå plantasjen då Cora var liten, om bestemora Ajarry, vennen Caesar og slavefangeren Ridgeway. Då eigaren av plantasjen døyr tar broren hans over hans del (plantasjen var delt mellom to brødre), og han har ein anna tilnærming til både arbeid og slaver. Vennen Caesar har høyrt om den underjordiske jernbanen og vil gjerne ha med seg Cora og rømme frå plantasjen. Cora er først imot idéen, men bestemmer seg for å vera med.

Etter ein skummel start, der slavefangeren Ridgeway og hans hjelpere nesten fakker dei, kjem dei seg avgårde med jernbanen til ein ny stat, og eit nytt liv begynner. Cora og Caesar jobber på respektive steder, men Ridgeway puster dei i nakken, og dei må flykte. Var det betre å vera på rømmen eller skulle dei ha haldt seg på plantasjen? Cora tilbringer også fire måneder på eit lite loft, og det kan ikkje ha vore særleg spennande eller behagelig.

I utgangspunktet skulle eg ikkje lese denne, også las alle andre den. Kagge sendte eit leseeksemplar, og dermed var eg i gang. Når eg tenker på den i ettertid syns eg begynnelsen var best. Historien er god, og karakterene interessante, men den hopper ein del mellom personer og tid, og eg får ikkje heilt tak på den. I tillegg er det ikkje eit tema som interesserer meg noko særleg og eg har lest lite om temaet tidlegare så det har absolutt innvirkning på leseropplevinga. Språket er veldig godt, og skildringane interessante, men eg dabba veldig av mot slutten og skumma ein del. Den underjordiske jernbanen har eg aldri høyrt om før nå, men Beathe (ekstern lenke) har skrevet veldig godt om både romanen og litt om den faktiske jernbanen.

XOXO

søndag 14. februar 2016

Biografisirkelbok: "Steffen - Født til fotball"

Forfatter: Anders Mølster Galaasen
Utgitt: 2012
Format: Innbundet papir, 251 sider
Forlag: Kagge

Moshonista annonserte at første kategori i biografisirkelen skulle vera sportsbiografi var det rett på biblioteket. Sakprosa er ikkje ein sjanger som går igjen i mine bokhyller, og sjølv om eg er glad i sport og spesielt norsk fotball, er det ikkje mykje å ta av. Steffen Iversens biografi var det som interesserte mest der eg stod med Kjetil André Aamodt, Lasse Kjus og Steffen Iversen i sportshylla. Med andre ord ikkje så bra utval.

Fotballspelaren Steffen Iversen er ein omdiskutert mann i norsk og engelsk fotball. Han har vore med mykje, både på og utanfor banen, og spesielt ein episode med John Carew og John Arne Riise husker eg godt. Iversen starta tidleg med fotball, delvis på grunn av faren Odd Iversen og delvis fordi det var ein stor interesse. Då han byrja på skulen var det ikkje skuletimane som var kjekkast, Iversen kom aldri heim med reine og heile klede. Friminutta med fotballen var heilage og til tider brutale. Faren tok ofte stor plass, men då foreldra vart skilt var det lite Steffen Iversen såg til faren. Etterkvart tok han steget frå juniorfotball til senior, og vidare inn i engelsk fotball. Steffen Iversen er ein elska og hata fotballspelar, og denne biografien er unik. Lenge har Iversen sagt "spar mæ" til journalister, nå tar han saken i eigne hender.

Eg trur dette er min første fotballspelarbiografi, og Steffen Iversen er ein fascinerande mann, men det er grenser for kor mange fotballkamper, festkvelder og foreldreproblemer det er interessant å lese om. Til tider var biografien kjedeleg og eg har skumma ein del sider. Denne trenger ingen gjenlesing, og er ein av dei første bøkene som har dyssa meg i søvn.

XOXO

lørdag 26. oktober 2013

1001-bok: "Mørkets hjerte"

Forfatter: Joseph Conrad
Utgitt: 1902
Mi utgåve: 2002
Format: Paperback, 140 sider
Forlag: Kagge
Mål/utfordringar: Off the shelf, 1001 bøker

Professor Jakob Lothe skriv i forordet at "Mørkets hjerte har ein heilt spesiell posisjon i verdenslitteraturen. Den korte romanen er i dag ei av dei bøkene det blir forska mest på internasjonalt." Med andre ord: Korleis er det mogleg at romanen har støva ned i bokhylla mi i eitt års tid?
Romanen forteller historien om sjømannen Marlow som forteller om den gangen han reiste innover Kongos jungel i ein jobb for eit belgisk handelskompani. I dei tider var det elfenben og rågummi koloniherrane var på jakt etter, og Marlow skal etterkvart høyre mykje om handelsmannen Kurtz. Ifølge europeerne er Kurtz den dyktigaste elfenbensjegaren, men på sin ferd på elvedamperen får Marlow innsikt om ein mann som er i ferd med å bli gal.

 
Mørkets hjerte har som sagt stått i bokhylla ei tid, og med knappe to månader igjen av 2013 blir dei korte 1001-kryssa delvis prioritert. Romanen er kort, men rommer ein dysterhet, ein grusomhet og eit språk som gøymer mykje av det råaste som fins i eit menneske. Fleire 1001-bøker har eit budskap som er gjeldande sjølv etter 100 år, og Mørkets hjerte er ein roman som mange vil ha godt av å lesa. Anbefales! 
 
XOXO

fredag 8. januar 2010

Bok: "Skynd deg å elske"

Eg har alltid likt biografier. Eg har heller lest om livet til Sigrid Undset og Knut Hamsun enn faktisk bøkene som dei er kjent for. Til den dag i dag, må eg ærlig innrømma at eg har ikkje lest ei einaste bok som er skreven av Undset og Hamsun. Eg har alltid syns at det er herlig å synka inn i ein historie, eit liv, som er annleis enn mitt eige. Skjønnlitteratur er flott, og eg beundre forfattara som har den evnen til å finne på alt dei skriv om. Men når det handler om deira sjølv, deira liv, då syns eg det lyser mot ut av dei!

For ei tid tilbake scrollte eg nerøve VG på nettet, og leste så vidt at tidlegare fiskeriminister Jan Henry T. Olsen hadde fått diagnosen Alzheimer. Eg hadde personleg aldri høyrt om mannen, men så har eg aldri vore noge vidare interessert i politikk. I det minsta veit eg kven som er statsminister i landet, og kven som er ordførar i min eigen kommune. Det er nokon politikara du får meir auga på enn andre, men denne mannen som nå hadde fått Alzheimer var heilt ukjent for meg. Då det etter ei stund vart utgitt ei bok ført i pennen av hans kone, Laila Lanes og Olsen sjølv, vart eg interessert. Boka vart gitt ut, men eg kom aldri så langt som til å lese den, før nå.

Når kjendiser står fram og fortel at dei er sjuke, eller har fått ein kronisk sjukdom, då danner det seg eit bilete av dei. Du ser bare det du ser på tv og les i aviser. Men kva med alle dei andre dagane? For sjølvsagt skjer det ting sjølv om personen ikkje figurerer i avisene kvar dag. Då Jan Henry T. Olsen stod fram med diagnosen Alzheimer i 2008, var det først i avisa "Nordlys." Etterkvart plukka dei riksdekkande avisene det opp, og det var i VG eg leste det. Med det same det stod på, var det stor interesse for den tidlegare fiskeriministeren. Lanes skriv i boka at ho såg det var behov for at nokon stod fram. Når dei var ute på foredrag eller bare ute i Tromsø by, så kom det folk og roste dei for det dei gjorde. Og eg trur at det bidrar til å gjera Alzheimer til meir folkevennleg. Men, kva viss du ikkje er kjendis? Vil du då kjenne at du får tilgang til hjelpemidler som kan vera nødvendige for å fungera i kvardagen? Det har eg ingen svar på, og Lanes grunna sjølv over det spørsmålet.

Alzheimer er ein sjukdom som sakte, men sikkert tar i frå deg den personen du er glad i. Enten det er foreldrene dine, søsken, venner, ektemann etc. Den tar ikkje frå deg på den måten at personen døyr, men personen blir borte. Hukommelsen svikte, og til slutt kan det vera at du ikkje blir gjenkjent av den du er glad i. Boka var ein sterk og personleg historie å lese. Den fortel ikkje bare om dei gode dagane, men og dei stundene der alt gjekk på tverke, og du føler at overskuddet og tolmodet ditt går rett i kjelleren. Eg trur ikkje du kjem til å angre om du les boka, eg vil ihvertfall anbefale den.

XOXO