Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Johann Wolfgang von Goethe. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Johann Wolfgang von Goethe. Vis alle innlegg

søndag 11. desember 2022

3 x Penguin Little Black Classics | Chekhov, Coleridge og Goethe


#34 Gooseberries er tre noveller frå meistaren Anton Chekhov. Den russiske forfatteren er kjent for sine noveller, og disse tre er intet unntak frå regelen. Her er det kjærleik, løgner og ting å grue seg til, og alt innpakka i russisk 1800-talsstil.

#35 Well, they are gone and here I must remain er dikt frå den romantiske poeten Samuel Taylor Coleridge. Engelskmannen var ein av grunnleggerne bak The Romantic Movement i England, og dikta hans er nydelige og viden kjent.

#36 Sketchy, Doubtful, Incomplete Jottings er tanker frå ein av Tysklands beste tenkere. Johann Wolfgang von Goethe er for meg best kjent for romanen The Sorrows of Young Werther, men hans sakprosa er ikkje så verst.
"Translators are to be regarded as busy matchmakers who exalt the great loveliness of a half-veiled beauty: they kindle an irresistible longing for the original."


XOXO

| Forfattere: Anton Chekhov, Samuel Taylor Coleridge og Johann Wolfgang von Goethe | Utgitt: 1898, 1795-1818, 1833 | Format: Heftet, ca 50 sider | Forlag: Penguin Classics |

tirsdag 28. april 2015

Bok: "Den unge Werthers lidelser"

Forfatter: Johann Wolfgang von Goethe (1749-1832)
Utgitt: 1774
Min utgåve: 1998
Oversetter: Nils Lie
Format: Heftet, 105 sider
Forlag: Gyldendal
Mål/utfordringer: 1001 bøker

Til tider går eg på biblioteket og bare kikker i hyllene. Enkelte gonger går eg ut utan noko, medan andre gonger plukker eg med meg så mykje eg kan bære. Sist var det Goethes korte roman som fekk bli med heim, og det er deilig at det fins korte klassikere på den fine 1001-lista.

Den unge Werthers lidelser er ein delvis sjølvbiografisk brevroman, og var Goethes første store suksess. Berømtheten kom over natta, og romanen fekk stor betydning i si samtid. På grunn av at romanen handler og om sjølvmord så vel som kjærleik var den kontroversiell og det vart hevda at fleire lesarar identifiserte seg slik med romanens hovudperson at dei tok sitt eige liv. Romanen handler om unge Werther som i løpet av halvanna år skriver brev til vennen Wilhelm. I breva skriv han om den unge Charlotte som han nærer ei djup kjærleik til, men som dessverre er bortlova til ein annan mann.

Første bok handler om korleis han møter Charlotte og korleis han til slutt bestemmer seg for å reise bort og gløyme Charlotte, og andre bok handler om korleis han vansmekter i den nye livssituasjonen og hans møte med ho igjen etter at ho er gift. Undervegs i historia møter Werther fleire døme på ulukkeleg kjærleik, og det styrker ikkje hans overbevisning om at han sjølv kan oppleve slik lukke.

Det er ein kort roman, men rommer uendeleg med tvil, sorg og ulukke. I dag er den framleis ein av Europas største kjærleiksromaner, og det var ein interessant opplevelse å lese den i brevform. Anbefales!

XOXO