Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Tamara McKinley. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tamara McKinley. Vis alle innlegg

søndag 11. mai 2014

Bok: "Ocean Child"

Forfatter: Tamara McKinley (f. 1948)
Utgitt: 2010
Format: Kindle, 354 sider
Forlag: Quercus

Det er nærmare to år sidan eg skulle lese samtlege bøker av den australske forfattaren Tamara McKinley. Då endte prosjektet med seks av dei sju bøkene som til då var utgitt på norsk: Siste dans for Matilda, I skyggen av vingården, Vindens sang, Svart arv, Syklonens øye og Drømmenes land. Då leselysta etter McKinley var på det sterkaste for to år sidan lasta eg ned 3 McKinley-bøker på Kindle'n, men dei har blitt liggande ulest. Etter ein overdose krim dei siste månadene har eg kasta meg over Nora Roberts via lydbok, og Tamara McKinley på Kindle.

Første bok ut er Ocean Child. Boka starter i 1920, og 26 år gamle Lorelei 'Lulu' Pearson ser framover mot ein lysande karriere som skulptør i England, då ho får eit brev om ein hest som ho eiger i Australia blir ho overraska. Lulu har aldri kjøpt ein hest, og hvertfall ikkje på fødeøya Tasmania som ho forlot som ti-åring. Grandtanta, Lady Clarice Pearson, er ikkje det minste glad for brevet frå Australia. Livet til dei to damene i Australia på slutten av 1800-talet var alt anna enn rosenrødt, og begge to sliter med minnene. Lulu sender først eit brev til mannen som trener hesten Ocean Child, Joe Reilly, men då han insisterer i neste brev om at papirene er riktige, tar Lulu med seg venninna Dolly og reiser tilbake til Tasmania.

Minnene strøymer på då dei går av skipet, og møtet med Australia blir brutalt då mor til Lulu prøver å køyre henne ned. Gwen Cole har ikkje eit moderleg bein i kroppen, og ser helst at dottera held seg vekke frå Australia. Lulu bestemmer seg for å gjera opphaldet så bra som mogleg, men spørsmålet om kven som ga ho hesten er der framleis. Medan Lulu er i Australia angrer Clarice på at ho var så sint på Lulu og at ho ikkje fortalte ho sanninga om kvifor ho ikkje ville at Lulu skulle reise. Minnene sniker seg innpå, og glimtvis går historien tilbake i tid til årene Clarice hadde i Australia med sin avdøde mann.

Eit spørsmål som har murra i bakhodet til Lulu heile hennar liv er identiteten til faren sin. Den hemmeligheten har Gwen aldri fortalt til nokon, og det er sjokkerande å lese kor brutalt ei mor kan behandle si eiga dotter. Lulu vart tatt vare på av bestemora, Eunice, men då ho døydde vart Lulu adoptert av Clarice og flytta til England. Gwen har ikkje det beste ryktet, og er ikkje redd for å konfrontere Lulu ved eit par anledningar. Då Lulu møter sin eigen halvbror på eit ridestevne, viser det seg at faren hennar har haldt auge med ho ved hjelp av ein privatdetektiv i England. Etter møtet med faren, må Lulu reise i all hast tilbake til England for å ta farvel med Clarice som kort tid seinare døyr. Stalleigaren, Joe Reilly, som kom heim frå Gallipoli etter krigen har meir enn vennskapelege kjensler for Lulu, og då ho returnerer til Australia blir han meget glad, men det er ei dame som framleis ynskjer Lulu dit pepperen gror. Meget spennande slutt!

Dette vart ein frykteleg rotete anmeldelse, og eg er usikker på om eg har avslørt for mykje. Tamara McKinley mestrer fortid vs nåtid i denne boka, og den sitter ennå i. Slutten var ulideleg, og sjølv om heltinna som regel overlever til slutt var eg bekymra ein periode. Eg er ikkje videre flink til å ta notater undervegs i lesinga, og når 40% vart lest under dyna langt over leggetid les eg i hui og hast. Anbefales!

XOXO

onsdag 18. juli 2012

Bok: "Drømmenes land"

Forfatter: Tamara McKinley
Originaltittel: Dreamscapes
Utgitt: 2005
Min utgåve: 2007
Oversetter: Cecilie Winger
Format: Innbundet
Forlag: Cappelen
Frå: Biblioteket

Baksidetekst: Catriona Summers debuterte tidlig på scenen. Da hun bare var få minutter gammel, viste faren henne frem for publikum og annonserte henne som teatertruppens nye stjerne. Slik begynner eventyret for den lille Catriona, som viser seg å ha en stemme som skal bringe henne mye lenger enn noen hadde turt å drømme om. Men veien fra å synge viser for noen få penny, til å bli verdensberømt diva på Sydneys største scene, blir både dramatisk og lang. Få kjenner Catrionas mørke fortid, og de hemmelighetene hun har måttet skjule. Da et lik en dag blir funnet på St. Petersburg hotell, skal etterforskningen vise seg å lede til flere overraskelser, ikke minst for Catriona selv ...

Når ingenting funker tar du fram dei bøkene som får deg til å drøyme deg vekk, og gløyme alt om manglende leselyst, bøker som ikkje vil vise deg magien, og den veska du har intenst lyst til å bestille (litt ut av saken, men anyway). Etter nokon dagers pause frå Australias steikande sol og røde jord har eg igjen entra den verda som skremmer og lokker meg på same tid. Som i I skyggen av vingården er me i ein verden som på ein måte ikkje høyrer til i det Australia eg har blitt kjent med, men samtidig er alle dei faste elementa med.

Catriona Summers vart fødd i garderoben på eit teater i Australias ødemark, og tilbringer barndommen i teatertruppen til Summers Varieteteater. Dessverre er dette livet kortvarig, og depresjonen innhenter dei. Etter farens død er det slutt på teatertruppen, og mora og Catriona legger ut på ein reise for å finne betre levekår. Livet for Catriona er ikkje lett; mora har ikkje klart å forlate faren og mannen dei reiser med har ikkje bare hederlige hensikter. Etter eit opphold på eit hotell kjem dei til Sydney kor Catriona etter langt om lenge får prøvesynge for ein kjent skule. Framleis farer livet over Catriona, men ho kjemper med nebb og klør for å få det ho vil ha. Ho blir ei kjent operastjerne, og er med på å bygge opp Operahuset i Sydney. Catriona nærmer seg dei 50, kjøper ein farm langt ut i hutaheiti, plasserer si bestevenninne der med familien sin, og tenker at ho vil trekke seg tilbake. Skjebnen vil ha det til at bestevenninna, Poppy, blir aleine med barnebarna, Connor og Rosa, men få år seinare døyr Poppy av hjarteinfarkt. Barna er då 13 og 8 år, og Catriona bestemmer seg for å aldri forlate dei. Ho busetter seg på farmen, Belvedere, og her utspiller familielivets gleder og sorger seg.

Connor er den av barna med størst frykt for å miste nokon. Då han var fire år vart han banka nesten helselaus av faren, og begeistringa søsteras bestevenninne, Belinda, viser for han gjer ikkje saken betre. Rosa husker ingenting av faren, men då bestemora, Poppy, døydde, var ho den som trengte Catriona mest. Ho elsker å vere med Catriona til Sydney på shopping, balletforestillinger og kafebesøk, men avviser raskt draumen om eigen sangkarierre då ho møter ein utrolig oppriktig sanglærer som tolvåring.
Jeg fylte tolv før en utrolig oppriktig sanglærer sa at han heller ville lytte til et kor av agapadder enn meg, og at jeg burde finne på noe annet.
Connor vil aller helst drive med hest og farm, men på den spede kroppen til Rosa sitter eit klokt hode, og saman med Belinda begynner dei på high school. På skulen treffer jentene Harriet Wilson, og i løpet av dei neste åra er jentene hyppige gjester på Belvedere. Harriet har ein avdød far og ei mor som stadig er på turnè, så ho vil meir enn gjerne vera med til Catriona. Rett før Catrionas 68. bursdag får ho nyss om ein sak som har heimsøkt ho i over femti år, og då ungdommane (som ho kaller dei) kjem heim på bursdagsbesøk avslører ho den siste hemmeligheten i sin livshistorie.

Drømmenes land er ei av dei McKinley-bøkene eg kun har lest ei gong, men den griper meg med nebb og klør. Ulikt dei andre eg har lest begynner denne med Catrionas fødsel og ender med, vel ikkje døden, men med eit bryllaup i familien. Ingen dagbøker midt inni handlinga, ingen hopping frå nåtid til fortid og tilbake igjen, men med skjulte spøkelser, sterke familiebånd (sjølv om dei ikkje var familie i utgangspunktet) og ein draum om å finne dei ein eingong mista. Tamara McKinley skriver om ein oppdikta familie i ei reell verd, men med reelle hendingar fletta inn. Andre verdskrig får eit lite innhopp, Operaen i Sydney vart opna i 1973, og operastjerner som Maria Callas (1923-1977), Joan Sutherland (1926-2010) og Kiri te Kanawa (1944-) fekk Catriona til å tenke på å trekke seg tilbake.
Det var nye divaer som entret scenen nå: den gnistrende Callas fra Amerika, den majestetiske Joan Sutherland fra Australia, i tillegg til den forbløffende Kiri te Kanawa fra New Zealand, som akkurat hadde utgitt sin første plate etter et engasjement ved London Opera Center.

Ei spennande bok frå begynnelse til slutt, med eit par vridninger som hiver deg rett utfor stupet.

XOXO

torsdag 12. juli 2012

Bok: "Syklonens øye"

Forfatter: Tamara McKinley
Originaltittel: Undercurrents
Utgitt: 2004
Min utgåve: 2005
Oversetter: Cecilie Winger
Format: Innbundet
Forlag: Cappelen
Frå: Mors bokhylle

Baksidetekst: I 1894 seiler SS Arcadia fra Liverpool. Om bord befinner Eva Hamilton og hennes mann Frederick seg. De har nettopp giftet seg, og er spente på sitt nye liv i Australia. Mange år senere foretar Olivia Hamilton den samme reisen, under svært forskjellige omstendigheter. Hun er sliten, både etter morens dødsfall, og etter erfaringene fra et krigsherjet London. Nå er hun tilbake i hjemlandet for å finne frem til sannheten om familien sin - blant morens etterlatenskaper har hun nemlig funnet dokumenter som kan bringe klarhet i fortidens hemmeligheter. For å finne frem til sannheten trenger Olivia hjelp av søsteren Irene. Men Irene har alltid mislikt søsteren sin sterkt. Kan noe av årsaken til Irenes antipati ligge skjult i de hemmelige dokumentene? Olivia er fast bestemt på å komme til bunns i familiens mysterier. Hun kaster seg ut på en ferd som hun ikke har noen anelse om hvor vil ende...

Olivia Hamilton har reist frå eit krigsherja 1947-London til stille Trinity i Australia. I løpet av krigen har ho jobba som sykepleier og mista mora. Nå er ho på jakt etter gamle spøkelser, og håper å finne svar i Trinity. Som 10-åring reiste ho og mora, Eva, frå Australia, og Olivia har ikkje sett søstera sidan. Det blir ikkje eit hjartelig gjensyn denne gongen heller, og Olivia lurer på om ho nokon gong får svar på spørsmåla ho har. Med seg på reisen har ho bestevennen, Giles. Dei har kjent kvarandre sidan Olivia flytta til London, men i løpet av krigen har han mista den eine armen og store deler av sjølvkjensla. Eigaren av hotellet i Trinity, Sam White, mista kona og sonen i ein brann medan han var i krigen. Han reiste frå farmen, kjøpte hotellet, men sliter med å legge bak seg det som har skjedd. Den daglege leiaren av hotellet, Maggie Finlay, er ei høgtrøysta dame med bein i nesa, og meir enn ei gong må Sam innsjå at hotellet hadde vore skakkøyrt utan henne. Olivia og Maggie blir venner og fortrolige, spesielt etter at dei oppdagar felles forbindelser. Er dei sterke nok til å takle fortidens hemmeligheter og nåtidens realiteter?

Halvveis i Tamara McKinley-prosjektet, men er litte grann lei av Australias steikande sol, sterke kvinneskjebner og etterdønningane av krigens dager. Denne husker eg for mykje av, derfor vart det ein del blaing framover, men ei god bok, med mange finurlige punkter rundt familieskjebnen.

XOXO

onsdag 11. juli 2012

Bok: "Svart arv"

Forfatter: Tamara McKinley
Originaltittel: Summer Lightning
Utgitt: 2003
Min utgåve: 2004
Oversetter: Cecilie Winger
Format: Innbundet
Forlag: Cappelen
Frå: Biblioteket

Baksidetekst: Miriam Strong hadde sett frem til å samle familien på farmen for å feire 75-årsdagen sin. Men da hun kommer over et tegn som kan lede tilbake til hennes stjålne arv, innser hun at hun igjen vil måtte stå ansikt til ansikt med en gammel fiende, og konfronteres med smertefulle minner fra en tid langt tilbake. Da den fraskilte advokaten Jake Connor krysser hennes vei, ber hun om hans hjelp. Slik begynner jakten på sannheten, en jakt som vil forandre tingenes tilstand for alltid. Svart arv skildrer en stolt familie gjennom kjærlighet, medgang og motgang i flere generasjoner. Historien begynner i Irland på slutten av 1800-tallet og følger slekten frem til 1960-tallets Australia. Tamara McKinley har skrevet en intens og medrivende fortelling om å finne styrke til å tåle motgang, og om å våge å søke sannheten mot alle odds.

Mi fjerde Tamara McKinley-bok, men kjente at det var godt med ein liten pause. Svart arv har eg faktisk bare lest ei gong før, og det merkes. Huska minimalt, men etterkvart kom minnene tilbake. Dei fleste menneskja som blir beskrevet er døde for lengst, og Miriam har bare sine eigne minner om foreldra, og fosterforeldra. Då ho fyller 75 år ser ho fram til at dottera Chloe, hennar fraskilte mann Leo og barnebarna Fiona og Louise skal kome heim til farmen Bellbird. Miriam har oppdagt hemmeligheter ho trudde var gløymt for lengst, og håper bare helsa og kroppen held til ho har fått fram sannheten.

Svart arv er ei god bok, men den er på langt nær så intens som dei føregåande bøkene. Som vanleg føregår boka langt ut i ødemarka, men slitet på farmen er ikkje det viktigaste. Det er litt deilig at det er slik, men krigens dager, sterke kvinner og slektshistorie er vanlig tema. Og eg sluker det glatt!

XOXO

onsdag 4. juli 2012

Bok: "Vindens sang"

Forfatter: Tamara McKinley
Originaltittel: Windflowers
Utgitt: 2002
Min utgåve: 2002
Oversetter: Cecilie Winger
Sidetal: 346
Format: Innbundet
Forlag: Cappelen
Frå: Mors bokhylle

Baksidetekst: Fjorten år gamle Ellie står alene midt i Australias ødeland. Hun har nettopp begravet faren sin, som ikke overlevde den voldsomme sandstormen. Nå har stormen lagt seg, og den unge jenta blir funnet av to brødre, Joe og Charlie, som bringer henne trygt til tante Aurelias kvegfarm i Queensland. Møtet med Joe og Charlie skal få mye å si for Ellies fremtid. 30 år senere møter vi Ellies eldste datter Claire, som for alt i verden ønsker seg vekk fra det begivenhetsløse livet på grandtantens farm. Akkurat idet hun er på vei til å få jobb på en prestisjefylt veterinærklinikk i Sydney, blir hun kalt hjem av grandtanten, som ønsker å samle familien på gården. Men selv om hun ikke ser fram til å skulle gjenforenes med sin trassige mor, vet Claire bedre enn å sky familiens konflikter. Ellie innser selv at det er på høy tid å skvære opp med sin eldste datter. Men for å kunne gjøre det, må hun også ta et oppgjør med sin egen fortid, og bringe noen av familiens hemmeligheter for dagen. Hun håper bare Claire er sterk nok til å bære det som kommer.

Den tredje Tamara McKinley-boka på 8 dager, og eg storkoser meg. I Vindens sang er me tilbake i kvegfarmens rike, og det er Claire som er i fokus. Fem år tidligere reiste ho frå familie og heim med inntrykk av at ho ikkje var ønska. Adopsjon låg langt framme i tankane hennar, og brev og telefoner har vore sjeldent medan ho studerte. Rett før ho begynner i ny jobb som veterinær i Sydney blir ho kalt heim av grandtante Aurelia. Det er ikkje alle som er like glad for besøket; Claires lillesøster Leanne ser helst at Claire held seg vekke, men grandtante Aurelias ord er hellig grunn.

Då mor til Claire og Leanne kom til Aurelias farm var ho fjorten år og i sorg. Ellie hadde akkurat mista faren, og vart ikkje overlukkeleg då ho oppdager mora, Alicia, på søsteras farm. Aurelia og Alicia vart fødd i England, og mitt inntrykk er at Aurelia fulgte sin avdøde mann til Australia, og overtok farmen då han døydde. Dei 17-årige tvillingane, Joe og Charlie, får ei klekkelig belønning og arbeid på farmen. Charlie er ikkje så begeistra som Joe, og då Charlie reiser frå farmen er det slutten på brødrenes vennskap. Dei tre vil likevel kaste skygger langt innover framtida med sine handlinger. Annen verdskrig innhenter Australia, og då er det Aurelia, Alicia og Ellie som må trø til og drive sin og nabofarmen. Ved krigens slutt er det mykje uoppgjort, men det får sin lukkelege slutt.

Familiehemmeligheter er eit velkjent tema i McKinleys bøker, og med Australias landskap som bakteppe blir det flotte romaner utav det. Då Claire kjem heim skriver me 1970, og me får ta del i problema med å få staten til å godkjenne omreisande veterinærtjeneste med småfly. Søstrene kjem fram til forsoning, og får svar på spørsmåla om den mystiske gravsteinen på farmens gravsted.

Ei underhaldande bok som får deg til å trekke på smilebandet, spesielt då den fisefine Alicia tar del i farmens plikter under krigen.

XOXO

tirsdag 3. juli 2012

Bok: "I skyggen av vingården"

Forfatter: Tamara McKinley
Originaltittel: Jacaranda Vines
Utgitt: 2001
Min utgåve: 2001
Oversetter: Cecilie Winger
Format: Innbundet
Forlag: Cappelen
Frå: Mors bokhylle

Frå Den norske bokdatabasen: Cordelia er blitt enke, og vingården som var hennes manns livsverk er på randen av ruin. Likevel er hun fast bestemt på ikke å selge. Hun vil at barnebarnet, Sophie, skal føre arven videre. Sophie er ikke så begeistret for ideen, men blir allikevel med bestemoren på en tur til Hunter Valley, der den aller første vingården lå. For å få Sophie til å forstå hva det er hun slåss for, må Cordelia innvie barnebarnet i familiehemmeligheter og slektens historie. Hun begynner sin fortelling med Rose, en ung pike som rømmer fra England i håp om å skape seg et nytt liv i ville og ugjestmilde Australia.

Sophie kjem heim til Melbourne frå sitt travle liv i London som forretningsadvokat. Familieimperiet, Jacaranda Vines, er i fare, og bestemor Cordelia ønsker at Sophie skal vera med på møtet. Familien er ein brokete sammensetning av Cordelias bror, Edward, hans sønner og sønnesønner, samt Cordelias egne døtre og barnebarnet Sophie. Dei fleste kan eigentleg ikkje utstå kvarandre, og er der kun for å stemme over muligheten til å selge imperiet til franskmennene.

Familiemedlemmene har alle sine problem, og nøler ikkje med å bruke det mot dei andre. Edwards sønn, Charles, er enkemann med to sønner, men har akkurat gifta seg med ei ung dame med ei tvilsom fortid. Edwards andre sønn, Philip, har kommet ut av skapet, men det er på langt nær det lettaste han har gjort. Cordelias døtre, Kate, Daisy og Mary har er ulike som natt og dag. Kate er smart og brysk med tre ekteskap bak seg (det siste endte då mannen stakk av med bestevenninna og felleskontoen). Daisy sakner fortsatt sin avdøde ektemann, men finner fornya selvsikkerhet. Mary er den yngste og mest utskjemte, mor til Sophie, men har sine eigne demoner å kjempe mot. Cordelia vil ikkje selge, men innser at ektemannen gjorde sitt for å ødelegge imperiet før han døydde. Ho tar med seg Sophie på ein reise innover i landet, til vingården kor det heile begynte. Underveis forteller ho Sophie om Rose som kom frå England til Australia som kammerpike i begynnelsen av 1800-talet og endte opp med store verdier i Australias vingårder.

Emigrasjon er eit velkjent tema i historien, og på lik linje med nordmenns emigrasjon til Amerika, emigrerte engelskmenn til Australia i håp om eige land og store rikdommer. Landet var og i lang tid befolka av straffanger, og i bl.a. Charles Dickens' David Copperfield vart temaet belyst. Rose kom til Australia som lady Fitzallans kammerpike, stifta familie, og endte opp med store verdier i det lovede land. Familie er ikkje enkelt å halde styr på, og då den eine dottera stakk av med ein mann som var lovt vekk til søstera, samtidig som forloveden satt igjen slukøret, vart familien splitta. Brotet har blitt holdt i hevd sidan, men Cordelia ønsker å lega brotet med å innlemme dei i Jacaranda Vines. Sophie på si side føler seg lurt då det går opp for ho at mannen ho rømte frå då ho reiste til London, er arving til vingården dei vil innlemme i Jacaranda Vines.

Samtidig som Cordelia og Sophie er på tur, skummer resten av familiemedlemmene av raseri fordi den gamle damen tydeligvis har mista vettet fullstendig. Då dei to damene lander i Melbourne igjen, er det med fornya tillit til den andre grenen av familien, og er klar til å slå eit slag for familieimperiet.

I skyggen av vingården er ikkje fullt så intens som Siste dans for Matilda, og McKinley klarer ikkje på same måte å balansere forholdet mellom fortid og nåtid. Likevel er den herlig full av liv, malende beskrivelser av landskapet, og av ein livsstil og eit yrke som eg ikkje var heilt klar over. Eg kombinerer vingårder med Frankrike og California, absolutt ikkje med Australia. Ny informasjon! McKinley er god til å beskrive mennesker og landskap, og romanen belyser viktige temaer som nevnte emigrasjon, familieproblemer, og vanskelighetene med å skaffe seg eit liv utan nødvendige midler. Tamara McKinleys andre bok er vel verdt nokon timer!

XOXO

tirsdag 26. juni 2012

Bok: "Siste dans for Matilda"

Forfatter: Tamara McKinley
Originaltittel: Matilda's Last Waltz
Utgitt: 1999
Min utgåve: 2000
Oversetter: Cecilie Winger
Sidetall: 464
Forlag: Cappelen
Format: Innbundet
Frå: Mors bokhylle

Baksidetekst: Churinga er en gave til Jenny fra ektemannen. Tragiske omstendigheter gjør at hun ikke får vite om det før etter hans død. Sauefarmen ute i den australske ødemarken skulle være en overraskelse, og det var en spesiell grunn til at han ville gi den henne den. Nå får hun ikke vite hvorfor. Alene og fortvilet begir Jenny seg ut i det ukjente. Hun blir som forhekset av den strenge skjønnheten i det barske landskapet. Endelig får hun ro til å sørge og forsøke å se fremover igjen. Men Churinga har sine hemmeligheter. Jennys nye naboer er uvillige til å snakke om Matilda Thomas. Kvinnen som i årtier drev sauefarmen alene. Og jo mer tid Jenny tilbringer på gården, jo sterkere fornemmer hun Matildas nærvær. Hun finner dagbøkene til denne gåtefulle kvinnen. Historien de kan fortelle er langt mer sjokkerende og dramatisk enn noe Jenny kunne ha forestilt seg. Og jo dypere hun trenger inn i fortiden, jo mer usikker blir hun på om det å ha arvet Churinga er en velsignelse eller en forbannelse.

Eg vart inspirert av Isabella til å lese Tamara McKinley igjen. Det er nærmare tre år siden eg opna ei bok skrevet av den australske forfatteren, og nå har 10 bøker på samvittigheten. Alle skal leses, og viss alle går like fort er eg ferdig om eit par veker. Samtidig håper eg at det skal gå litt tregt, for det er slitsomt å lese bøker som krever ein heil del av deg, og når du trur at det er over så krever den enda litt meir.

Sanninga er at eg veit faktisk ikkje korleis eg skal formidle denne boka til omverda. Kvar gong eg les den blir eg tatt til fange med nebb og klør og slepper ikkje ut igjen før siste side er lest. Og sjølv om boka er lukka igjen held den meg fast til eg har glømt den litt, og når eg tar den opp igjen blir eg på ny oppslukt. Som du forstår, er dette ei bok som betyr ein del for meg. Eg er tilbøyelig til å sei at det er ei av dei første voksenbøkene eg leste. Då den kom ut på norsk var eg 14 år, så eg var mellom 14 og 16 då eg leste den første gong. Opplevinga sitter i meg den dag i dag.

Siste dans for Matilda er ein historie om sorg og tap. Jenny Sanders har mistet mann og barn i ei ulykke, og kjensla av einsomhet er trykkende:
Verken ektemannen eller barnet hennes hadde syknet gradvis hen før de døde, så hun hadde hatt tid til å forberede seg, eller til å si avskjedsordene som burde ha vært sagt - nei, døden hadde kommet voldsomt og brått, den hadde feid alt annet til side og etterlatt henne helt hjelpeløs.

Venninna, Diane, prøver å gjere sitt beste for å hjelpe henne å akseptere sorgen, men det er ikkje så lett:
Slipp det ut, Jen. Bli forbanna - gråt - skrik det ut til hele verden hvis det får deg til å føle deg bedre. Du gjør i hvert fall ikke deg selv noen tjeneste ved å la sorgen fortære deg.
Redninga kjem då advokaten ber ho komme på hans kontor i forbindelse med 25-årsdagen hennar. Overraskelsen er stor då han gir Jenny eit skjøte på ein sauefarm langt pokker i vold, nærmare bestemt i New South Wales. Jenny bestemmer seg for å reise frå Sydney og besøke denne farmen, om enn bare for å selge den. Reisen er lang og slitsom, men Jenny kjem fram til slutt. Churinga er ein blomstrande farm, og ein av dei beste i området. Ho bestemmer seg for å bli ei stund, finner ein koffert med kjoler og gamle dagbøker og stifter bekjentskap med Matilda Thomas. Matilda var ein legende i området før ho fylte 20. Ho dreiv farmen aleine, kun med hjelp frå aboriginarane, men ikkje utan trusler og harde slag.

Besteforeldra til Matilda var nybyggarar frå Irland, og då dei døydde overtok mor til Matilda farmen. Mary Thomas var kjent som eit grepa kvinnfolk, og dreiv farmen med Matilda då mannen, Mervyn, vart sendt i krigen. Han kom heim frå Gallipoli, såra og med ein sterk hang til flaska, og gjorde svært lite anna enn å skjenne og kommandere. Mary bukka under for det me i dag kaller kreft (er min antakelse), og Mervyn prøver å selge farmen til nærmaste nabo, Ethan Squires. Det viser seg at Mary hadde meir enn ett ess i ermet, for Mervyn har ingen rett til å selga farmen. Då han døyr, har Matilda tålt mange harde slag og kamper, og innser at ho er ganske aleine i verda.

Matilda kjemper seg opp og fram, legger ungpikedraumar på hylla, og sliter seg nesten ut på Churinga. Livet som sauefarmer var ikkje enkelt, men å vere kvinne og sjef var enda verre. Stopper med Matildas historie her, for boka må leses.

Siste dans for Matilda er ein historie om sorg og tap, det er sant. Samtidig er det ein historie om nytt håp, familierelasjoner, sorg, sinne, hemmeligheter og ein kjærlighet som hjemsøkte ein eldre mann til det siste. Jenny finner nytt håp på Churinga, kjærlighet og ein hemmelighet som nesten øydelegger ho. Barnet som heile livet har følt seg utanfor pga oppveksten på barneheim finner si eiga fortid, og kanskje framtid.

Boka er levande skildra, og det er som om du kan kjenne støvet virvle opp, og villmarkene strekker seg ut i det uendelige. Tamara McKinley skriver ikkje bare om Jenny og Matilda, men om Australias historie i krigen, om korleis det å vere kvinne i ødemarka var, og om slitet og strevet kvinnene hadde under krigen. Kvar gong eg opnar boka så blir eg alltid sjokka når eg kjem eit stykke uti boka, og det står: De levde tross alt på syttitallet, pokker heller. Heilt til side 79 innbiller eg meg at Jenny reiser til Churinga på nittitalet! Ut frå bokas beskrivelser var det ikkje lettere å vera kvinnelig sjef verken på 40-tallet eller 70-tallet.

Eg har eitt mål med denne omtalen: Les boka! Den er ein skatt for meg, men eg kan egentlig ikkje ta den opp, som du sikkert har forstått. Les den, gråt av den, bli forbanna, og skriv gjerne om det til meg. Enten her på bloggen, eller på facebook. Isabella har forøvrig skrevet ein god omtale ho og, og eg håper ho tar opp igjen McKinley-bøkene til hausten.

XOXO