Forfatter: Ernest Hemingway (1899-1961)
Originaltittel: For Whom the Bell Tolls
Utgitt: 1940
Min utgåve: 2006
Oversetter: Paul Rene Gauguin
Format: Lydbok lest av Finn Schau, 16t22min23sek
Forlag: Lydbokforlaget
Mål/utfordringar: 1001 bøker, Back to the Classics
Då eg valde bøker til Back to the Classics-utfordringa i vinter passa eg på at alle bøkene kan kombineras på fleire lister. Ernest Hemingways Klokkene ringer for deg passa fint inn på krigskategorien, og som sagt så gjort. Dette er mi tredje Hemingway-bok, men den klarer ikkje å slå begeistringa mi for The Old Man and the Sea.
Klokkene ringer for deg blir sett på som ein krigsklassiker, og handler om fire dager, lørdag til tysdag, der vår mann Robert Jordan har fått i oppdrag å sprengja ei bru. Jordan er ein ung amerikaner i den spanske borgarkrigen, og brua er eit strategisk knutepunkt for republikanernes offensiv. Robert Jordan møter på sin vandring mot brua ein mann som heiter Pablo, vegvisaren Anselmo, kvinna til Pablo, Pilar, og resten av banden til Pablo. Robert Jordan hadde ingen ynskjer om familie, men då han møter 19-årige Maria endrer han meining. På fire dager skjer det mykje, og historien fortel om lojalitet og mot, kjærleik og svik, og om kor langt ein er villig til å gå for det ein trur på.
Boka frå 1940 kan ikkje måla seg med sistnemnte bok, men det er ei god bok som eg syns har verknad i dag. Robert Jordan er ein mann som er villig til å ta imot hjelp frå Pablo og banden, men han er ikkje dum. Han forstår at han kan ikkje stole heilt på menneska i fjellhula. Boka kan og ses på som ein kjærleikshistorie mellom Robert og Maria, men det var ikkje scenane mellom dei som var best. Til tider vart det litt for mykje av det gode sjølv for ein romantikar som meg. At Hemingway heller ikkje skyr ord av den litt grovare sorten reagerer eg og på. Finn Schau leser meget godt, og gjer at boka hever seg fleire hakk. Anbefales!
XOXO
Søk i denne bloggen
Viser innlegg med etiketten Ernest Hemingway. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ernest Hemingway. Vis alle innlegg
tirsdag 24. juni 2014
lørdag 4. mai 2013
Bøker: "Silke" og "Og solen går sin gang"
Bok: Silke
Forfatter: Alessandro Baricco
Originaltittel: Seta
Oversetter: Tor Fotland
Utgitt: 1996
Min utgåve: 2009
Format: Paperback, 127 sider
Forlag: Aschehoug
Mål/utfordringar: 1001 bøker, off the shelf
Bok: Og solen går sin gang
Forfatter: Ernest Hemingway
Originaltittel: The Sun Also Rises
Oversetter: Gunnar Larsen
Utgitt: 1926
Min utgåve: 2007
Format: Lydbok, lest av Finn Schau, 6t48min23sek
Forlag: Lydbokforlaget
Mål/utfordringer: 1001 bøker, Nobelprisvinner
Nokon gonger blir eit 1001 kryss bare eit kryss, og ingen oppdagelse av flott litteratur. Ofte er det synd for det må jo vera ein årsak til at akkurat disse bøkene er vald ut til å representere 1001 lista, men samtidig så må det jo vera umogleg for eit menneske å like absolutt alle bøkene på ei liste som i realiteteten inneheld fleire bøker enn 1001.
Italieneren Alessandro Baricco har fleire bøker på samvittigheten, og etter eit raskt søk på Goodreads slår eg fast (med litt tvil) at 1001-boka Silke må vera den kortaste. Min utgåve har 127 små sider, og etterkvart må eg vel innsjå at lista har ikkje bare 500-siders romaner. Silke tar for seg Hervé Joncours ferd til Japan på midten av 1800-talet for å kjøpe silkeormer. Den gifte Joncour treffer ei nydelig dame i Japan, og på tross av at dei aldri har kontakt med kvarandre reiser Joncour til Japan kvart år bare for å sjå henne. Alessandro Bariccos korte historie kan du lese på ein ettermiddag. Eg brukte ei veke! Og kvar gong eg plukka den opp tenkte eg på heilt andre ting etter få sider. Den er rett og slett for kort, og eg kjøper ikkje trua på at det kan vera ein kjærleikshistorie utan at dei elskande har kontakt med kvarandre. I dette tilfellet blir eit kryss kun eit kryss!
Den andre romanen i dette innlegget er skrevet av amerikaneren Ernest Hemingway. Min andre Hemingway-roman dette året og med suksess på den første hoppa eg elegant over på den andre eg fant på biblioteket. Og solen går sin gang handler om den fortapte generasjonen amerikanere som overga ungdommen sin til den første verdskrigen. Gruppa av amerikanere me møter i Hemingways gjennombrotsroman er medlemmer av den øvre elite, og i midten står Lady Brett Ashley. Mennene i hennar omgangskrets er alle fast bestemt på å vinne hennar gunst, og det er lite anna som står i hovudet på dei. Hemingways forelskelse, tyrefekting, får og sin plass i romanen når gruppa ferierer i Spania. Romanen er eit evig kretsløp av Bretts nyaste erobringer, og solen går sin gang som den alltid kjem til å gjere.
Finn Schau gjer ein bra jobb med opplesinga, men eg følte meg alltid distansert frå karakterene og fekk aldri eit forhold til nokon av dei. Lady Brett Ashley ser aldri ut til å bestemme seg for kven ho vil ha, og Jake Barnes er alltid parat til å redde ho ut av einkvar krise. Romanen er ingen typisk etterkrigsroman, men med karakteren Lady Brett Ashley beskriver den kvinners nye seksuelle frihet i 20-åra. Ernest Hemingways andre roman (i mitt tilfelle) blir kun eit kryss!

torsdag 11. april 2013
Bok: "Den gamle mannen og havet"

Forfatter: Ernest Hemingway
Originaltittel: The Old Man and the Sea
Utgitt: 1952
Min utgåve: 2006
Oversetter: Leo Strøm
Format: Lydbok, lest av Johannes Eckhoff, 3t30min
Forlag: Fono
Mål/utfordringer: 1001 bøker, Nobelprisvinnere
Den gamle mannen og havet er ei av 1001 bøkene som ikkje består av 5-800 sider, og tar år og dag å kome gjennom. Denne uettermiddag, og plutselig har ein lest/høyrt ei 1001 bok, og kan krysse den av på lista. Boka er Hemingways mest kjente verk, og bidro til at Hemingway mottok Nobelprisen i litteratur i 1954. Han har og vunnet Pulitzerprisen i klassen fiction i 1953 for denne boka.
Boka konsenterer seg rundt den gamle fiskeren, Santiago, og hans kamp med ein stor fisk. Då me først møter den gamle mannen er han på land, og snakker med læregutten sin, Manolin. Santiago har vore veldig uheldig med fisket sitt i det siste, og har ikkje dratt i land noko på 84 dager. Manolin har fått forbud frå foreldra sine om å bli med Santiago ut på fisketur. Manolin er veldig lei seg for dette, men på tross av forbudet er han framleis glad i den gamle mannen og ser innom han kvar kveld, hjelper han med garnet og skaffer mat. På den 85. dagen annonserer Santiago til Manolin at han skal dra ut frå Havana og langt ut mot Golfstrømmen, og viss han ikkje får fisk denne gongen skal han overlate yrket sitt til yngre krefter.
Som sagt så gjort! Santiago får ein diger fisk på kroken fleire timer etter at han reiste utover. Det er den største fisken han nokonsinne har hatt på kroken, og nå kjem den største oppgåva. Ein slik fisk kan mette han i vekevis, men det er ikkje lett å få has på den. Fisken er så sterk at den drar båten med seg når den symjer, og Santiago ser ingen anna utveg enn å henge med. Det er tungt arbeid for ein eldre mann, og mange gonger ynskjer han av heile sitt hjarte at Manolin var med i båten. Den tredje dagen klarer Santiago å få fisken nær nok båten til å drepe den med harpunen. Problemet nå er å halde den vekke frå haiene som straks får ferten av blod. Den første haien klarer Santiago å drepe, men då mister han harpunen. Han lager ein ny av kniven og den eine åra, og sakte, men sikkert kjem Santiago seg heim att - med haiene på slep. Då Santiago kjem heim til Havana midt på natta den tredje dagen har haiene kun lagt igjen skjelettet på siden av båten.
Santiago er sliten og trett, men greier å slepe båtmasten opp til huset sitt. Han sovner momentant i senga. Manolin har vore skikkelig bekymra, og då han oppdager at Santiago er trygt heime i huset sitt klarer han ikkje å halde tårene tilbake. Andre fiskere i Havana måler Santiagos fisk til nesten 6 meter, og turister trur at han har fanga ein hai. Santiago er utslitt, men lover å fiske med Manolin neste gong.
Den gamle mannen og havet er ein skildring av eit menneskes kamp mot naturkreftene, og ein beretning om kven som er mest sta av fiskeren og fisken. Det er ei bok som tar kort tid, men den sitter igjen ei god stund. Eg fekk stor medlidenhet med den gamle mannen, og siden eg ikkje er så glad i vatn generellt så vart det nervepirrande og eg håpa heilt til den gamle mannen kom seg i land at han ikkje skulle bli spist av haier. Anbefales!
XOXO
Abonner på:
Innlegg (Atom)