Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Lesesirkel. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Lesesirkel. Vis alle innlegg

søndag 16. oktober 2016

1001-lesesirkel: "War and Peace"

Forfatter: Leo Tolstoy (1828-1910)
Originaltittel: Война и миръ, oversatt av Anthony Briggs
Utgitt: 1869
Min utgåve: 2006
Format: Heftet frå bokhylla, 1399 sider
Forlag: Penguin
Anna: Eg har brukt papirutgåva kun for å finne ut kor langt eg hadde kome, og har lytta meg gjennom boka via Storytel. Eg har høyrt Neville Jason sin stemme gjennom del 1 (30t20min1sek) og del 2 (31t24min53sek)

Den russiske forfatteren Leo Tolstoy har skrevet berømte bøker som War and Peace og Anna Karenina, og blir lest den dag i dag. Eg har i tillegg til War and Peace lest Anna Karenina, The Death of Ivan Ilych og The Kreutzer Sonata.

Handlinga i War and Peace går føre seg under Napoleonskrigen i Russland på 1800-talet, og fletter inn fem prominente familier som på kvar sin måte deltar i krigen. Franskmennene invaderer Russland, og dei tre unge menneskene, Pierre Bezúkhov, Andréy Bolkónsky og Natásha Rostóv må finne sin veg gjennom urolighetene. Dei er alle medlemmer av Moskva og St. Petersburgs sosietet, og kjenner kvarandre godt. Den eldre generasjonen har sine verdiar som dei ønsker å videreføre til sine unge og håpefulle, medan sistnemnte er i sentrum for ei rekke kjærleiksintriger. War and Peace er ein lang og kompleks roman med ei lang rekke karakterer og når samtlige har fleire namn (typisk russisk) må ein halde tunga beint i munnen for å følge med.


I januar dette året vart det annonsert at ei ny filmatisering var på veg til fjernsynet. Ei tid før dette bestilte eg meg ein flunkande ny oversettelse av Tolstoys berømte verk og starta friskt. Etterkvart gjekk eg lei av TV-serien (halvanna episode seinare) og boka vart liggjande brakk. Storytel vart nok ein gong redninga, og 60t seinare var eg i mål. Spørsmålet eg har stilt meg i nærmare 2 veker er: Korleis skrive om ein roman alle har lest? Korleis rettferdiggjere dette verket? Sannheten er at eg koste meg ikkje på langt nær like mykje med War and Peace som eg gjorde med Anna Karenina. Eg meiner framleis fire år etter eg las sistnemnte at den er ikkje tung å lese i det heile tatt. War and Peace derimot var ein del tyngre. Eg tviler på at eg hadde komt gjennom utan lydboka!

Eg kan ikkje i dag sitere noko særleg frå romanen, og kan slettes ikkje huske alle detaljer, men eg kan råmaterialet og eg kan med handa på hjartet seie at eg har lest War and Peace. Kryss i taket har eg og fått! I Lines lesesirkel for oktober er kategorien filmatisert roman. War and Peace er filmatisert fleire gonger, og eg har prøvd meg på ikkje mindre enn 4 (!) stk. Ingen av dei ga kryss i taket, men det var interessant å sjå ulikhetene med tanke på skodespelarar, regissører og årstal. Når filmane vart lagd i 1956 (med Audrep Hepburn som Natásha), 1972 (med Anthony Hopkins som Pierre), 2007 og 2016 så er det mange ulikheter. Eg skal ikkje gå innpå dei, men det seier seg sjølv at kvaliteten blir betre etterkvart.

XOXO

søndag 21. august 2016

1001 bøker/Bookershortlist 1989: "Katteøyet"

Forfatter: Margaret Atwood (f. 1939)
Originaltittel: Cat's Eye, oversatt av Inger Gjelsvik
Utgitt: 1988
Min utgåve: 1989
Format: Innbundet, 439 sider
Forlag: Aschehoug

Den canadiske forfatteren Margaret Atwood har nærmare 35 utgivelser bak seg av poesi, essay, noveller og romaner, og er ein meget populær forfatter. Ho har i årenes løp mottatt ei rekke priser, og med Katteøyet var det andre gong ho var på Bookers shortlist.

I Katteøyet møter me Elaine i ulike stadier av livet. Fram til 8-årsalderen er Elaine vant til å køyre mykje bil då faren som er insektsforsker i felten er på stadig jakt etter insekter. Saman med foreldra og storebroren Stephen er Elaine vant med telt, primus og provisoriske leiker. Etterkvart får faren ein ny stilling ved universitetet i Toronto, og familien kjøper hus. Møtet med skulekvardagen blir til tider vanskeleg då Elaine er meir vant med gutter enn jenter. Foreldra hennar er ikkje som andre foreldre, og Elaine drøymer stadig om jenteting. Venninnene Carol, Grace og spesielt Cordelia er vennlege for det meste, men Elaine blir til stadighet ein hakkekylling, og det tar fleire år før ho tar igjen og slutter simpelthen å vera venner med dei.

Barndommen ser Elaine tilbake på då ho befinner seg i Toronto for sin eigen kunstutstilling. Dagleglivet hennar er nå i Vancouver med sin andre ektemann og med døtre på college. Etterkvart veks Elaine opp, ser broren dra ut i verda og blir astrofysiker, og Elaine vurderer ein karriere innan biologi. Ein dag går ho lei av dette og ser kunstnardraumen langt framme. Etter ein affære med kunstlæraren blir ho gravid med ein anna mann, gifter seg, skiljer seg, gifter seg på nytt og fortsetter livet med ny mann, mitt, ditt og vårt barn. I fleire tilbakeblikk får me vite korleis det gjekk med Cordelia, og med Stephen og foreldra.


Margaret Atwood er ein meget god forfatter, og ein oppvekst i etterkrigstidens Canada er det få som kan skildre slik som Atwood. Katteøyet er godt skrevet, skildringane er i toppklasse kva angår jentemakt i skulealder, og eg kan levande forestilla meg Elaine som heller vil sitja heime med ei bok enn å vera med venninnene i deira ulike sinnsstemningar. Då eg las Den blinde morderen av same forfatter tidlegare i år var det vanskeleg å leggje den vekk fordi den var så altoppslukande, og den var skrevet på same stillferdige måte som Katteøyet. Katteøyet klarer ikkje å fange meg på same måte, og minner meg om både Elena Ferrante med sine venninneforhold og Siri Hustvedt med sine kunstparagrafer. Ingen innertier, men muligens det nå er på tide og lese MaddAdam-trilogien.

XOXO

søndag 12. juni 2016

1001-lesesirkel: "Agnes Grey"

Illustrasjonsbilete, eg har
lest ein anna utgåve
Forfatter: Anne Brontë (1820-1849)
Utgitt: 1847
Min utgåve: 2014
Format: Innbundet, 103 sider
Forlag: Bounty Books

Den britiske forfattaren Anne Brontë er mindre kjent enn sine søstre, Charlotte og Emily, men Anne har skrevet ei av mine favoritter, The Tenant of Wildfell Hall. Den har nyleg kome i norsk utgåve frå Bokvennen (ekstern lenke, eg får ingenting for å skrive dette), og anbefales. Agnes Grey er basert på forfatterens eigne erfaringer som guvernante, og passa perfekt inn i Lines lesesirkel då temaet for juni er  lese ei bok skrevet på 1800-talet.

Agnes Grey lever i lag med mor, far og storesøster Mary i presteboligen i ein ikkje namngitt tettstad i England. Mora er opptatt av at døtrene skal kunne noko, og søstrene har fri tilgang på bøker, musikk og håndarbeid. Då faren blir sjuk ønskjer Agnes å reise ut i verda for å tene penger, og mora finn ein posisjon til henne som guvernante. Den første jobben gir fleire prøvelser enn suksess for vertskapet kunne ikkje brydd seg mindre om barna sine, barna er ufordragelege og har aldri lært å høyre på ei guvernante. Agnes liker seg slett ikkje, og då ho etter eitt år får sparken reiser ho heim til foreldra sine. Ho er derimot ikkje ferdig med jobblivet og med litt hjelp finner ho ein anna posisjon. Her får ho det mykje betre sjølv om barna har sine øyeblikk. Etter kvart har ho bare ei jente å vere guvernante for og det gir ho meir ledig tid til lesing og teikning. Ein ung prest fatter interesse for Agnes Grey, men han flytter frå staden ei tid før Agnes. Då Agnes forlater posisjonen som guvernante møter ho igjen presten og søt musikk oppstår.


Agnes Grey vart lest i omtrent eit strekk på terrassen ein solrik laurdag. Den er enkelt skrevet i ei form der Agnes fortel lesaren kva ho gjer, og det gjer det heile personleg. Guvernante-historier er ikkje uvanleg, og Charlotte Brontës Jane Eyre handler og om det til ei viss grad. Då eg las om Agnes Grey hadde eg fleire sinnsstemningar ute til si tid; eg vart sint for oppførselen til barna, rørt av Agnes' urokkelege tru på livet og glad for at ho fekk det supert til slutt. Anbefales!

XOXO

søndag 5. juni 2016

1001-sirkel: "Det jeg elsket"

Forfatter: Siri Hustvedt (f. 1955)
Originaltittel: What I Loved, oversatt av Bodil Engen
Utgitt: 2002
Min utgåve: 2012
Format: Heftet, 411 sider
Forlag: Aschehoug

Den amerikanske forfatteren Siri Hustvedt er fødd og oppvokst i USA med norske foreldre. Hennar seinaste roman, Denne flammende verden, var på Bookers liste i 2014. Mi første Hustvedt-bok var essaysamlinga Livet, tanken, blikket i januar 2014, og det frista til meir og dei to første bøkene, Med bind for øynene og Lily Dahls fortryllelse vart lest same sommar. Romanen er lest i forbindelse med Lines lesesirkel og kategorien Nålevende amerikanere.

I Det jeg elsket er me i New York, og i løpet av boka følger me to familier gjennom tjuefem år. Familiene bur i kvar sin etasje i det same huset i Soho, dei er kunstnere på kvar sine plan, intellektuelle mennesker og begge parene får ein son nesten på same dag. Lukka er komplett! I fleire år ferierer dei saman, og lærer meir om kvarandre enn naudsynt, men dei lever tett i utgangspunktet så det går helst greit. Så skjer det som ikkje skal skje, og ein av familiane mister sonen sin. Verda faller i grus for alle, og korleis går ein vidare frå når livet går ein imot? Dei fem som står igjen reagerer på kvar sin måte, og sakte, men sikkert detter grunnmuren ut under samholdet. Til slutt står det ein standhaftig igjen.

Siri Hustvedt kan skrive - det er ingen tvil om det, men i denne romanen har eg hatt store problem med å lese vidare og fullføre. Ikkje fortvil, Det jeg elsket er fullført, men det var ikkje utan ein viss lettelse. Då eg las dei to føregåande romanane føyk sidene avgarde, men her kvidde eg meg for å opne den. Historien om familiane fenga meg ikkje, det var for mykje utanomsnakk eg ikkje bryr meg om, og i det heile ingen god oppleving. Eg veit at Siri Hustvedt kan trollbinde meg til boksidene, og heldigvis har eg fleire romanar av norskamerikaneren.

XOXO

søndag 14. februar 2016

Biografisirkelbok: "Steffen - Født til fotball"

Forfatter: Anders Mølster Galaasen
Utgitt: 2012
Format: Innbundet papir, 251 sider
Forlag: Kagge

Moshonista annonserte at første kategori i biografisirkelen skulle vera sportsbiografi var det rett på biblioteket. Sakprosa er ikkje ein sjanger som går igjen i mine bokhyller, og sjølv om eg er glad i sport og spesielt norsk fotball, er det ikkje mykje å ta av. Steffen Iversens biografi var det som interesserte mest der eg stod med Kjetil André Aamodt, Lasse Kjus og Steffen Iversen i sportshylla. Med andre ord ikkje så bra utval.

Fotballspelaren Steffen Iversen er ein omdiskutert mann i norsk og engelsk fotball. Han har vore med mykje, både på og utanfor banen, og spesielt ein episode med John Carew og John Arne Riise husker eg godt. Iversen starta tidleg med fotball, delvis på grunn av faren Odd Iversen og delvis fordi det var ein stor interesse. Då han byrja på skulen var det ikkje skuletimane som var kjekkast, Iversen kom aldri heim med reine og heile klede. Friminutta med fotballen var heilage og til tider brutale. Faren tok ofte stor plass, men då foreldra vart skilt var det lite Steffen Iversen såg til faren. Etterkvart tok han steget frå juniorfotball til senior, og vidare inn i engelsk fotball. Steffen Iversen er ein elska og hata fotballspelar, og denne biografien er unik. Lenge har Iversen sagt "spar mæ" til journalister, nå tar han saken i eigne hender.

Eg trur dette er min første fotballspelarbiografi, og Steffen Iversen er ein fascinerande mann, men det er grenser for kor mange fotballkamper, festkvelder og foreldreproblemer det er interessant å lese om. Til tider var biografien kjedeleg og eg har skumma ein del sider. Denne trenger ingen gjenlesing, og er ein av dei første bøkene som har dyssa meg i søvn.

XOXO

søndag 26. april 2015

Lesesirkelbok: "House of the Seven Gables"

Forfatter: Nathaniel Hawthorne (1804-1864)
Utgitt: 1851
Min utgåve: 2012
Format: Kindlebok, 334 sider
Forlag: ?
Mål/utfordringer: 1001 bøker, Back to the Classics

Eg har ein anna Nathaniel Hawthorne-roman ståande i bokhylla, men House of the Seven Gables fekk opne Hawthorne-ballet. Forfatteren skreiv 8 romaner og fleire novellesamlinger i si levetid, og hans mest kjente er romanen The Scarlet Letter. Eg har nå foretatt eit dobbeltkryss med både 1001-kryss og Back to the Classics der denne boka i mi liste står som A 19th Century Classic.

House of the Seven Gables er inspirert av eit ekte hus i Salem, Massachusetts som slektninger av Hawthorne eigte og som var involvert i hekseutryddinga i 1652. Romanen handler om søskenparet Pyncheon som bur i huset. Huset er i familien Pyncheons eige, og har sidan det vart bygd vore eit offer for spekulasjoner om hjemsøking, svart magi og mystiske dødsfall. Då me trer inn i romanen er det Hepzibah Pyncheon som bur der i lag med sin bror Clifford. Dei er begge fattige som kyrkjerotter og for å tene penger til seg og broren opner ho ein liten butikk i eit av sideromma. Clifford har akkurat kome ut av fengsel der han har sona tretti år for mord. I nærmaste by bur den rike, men ufyselige fetteren dommer Jaffrey Pyncheon, som Hepzibah nekter å ta imot almisser frå. På loftet bur den mystiske Holgrave som skriver bok om Pyncheon-familien, og ein dag dukker ein fjern slektning av syskenparet opp, den unge og livlege Phoebe.

Innimellom dagleglivet til karakterene får me høyre om huset som det er ville spekulasjoner om. Ifølge rykter vart grunnen som huset står på stjålet av general Pyncheon då den førre eigaren, Matthew Maule, vart drepen på grunn av mistanker om trolldomskunster. På dødsleiet kasta Maule ein forbannelse over huset og eigarane, og den dag i dag meiner folk at den legenden kviler over huset. House of the Seven Gables blir livlegare med Phoebe i det, men då ho reiser heim til familien sin for ein kort visitt byrjer interessante ting å skje.


Meir vil eg ikkje seie i dette innlegget. Det eg kan seie er at sjølv om det ser interessant ut å lese romanen, og den står på 1001-lista så er det ikkje nødvendigvis ei bok ein må lese. Det går sakte framover, og det mest interessante er karakterene. Hepzibah som gjer sitt ytterste for broren, Clifford som er nærmast sengeliggjande, Holgrave som er meir enn litt mystisk, unge Phoebe som spriter opp stemninga, og den ufordragelege Jaffrey som helst ser at Clifford hamner på asyl. Om ikkje historien er kjempespennande så er setningane til Hawthorne desto betre. Her er det mykje bra og romanen er meget sitatverdig. 
"Truly was there something high, generous, and noble in the native composition of our poor old Hepzibah! Or else, - and it was quite as probably the case, - she had been enriched by poverty, developed by sorrow, elevated by the strong and solitary affection of her life, and thus endowed with heroism, which never could have characterized her in what are called happier circumstances." (s. 141) 
"The sound of footsteps was not harsh, bold, decided, and intrusive, as the gait of strangers woud naturally be, making authoritative entrance into a dwelling where they knew themselves unwelcome. It was feeble, as of persons either weak or weary; there was the mingled murmur of two voices, familiar to both the listeners." (s. 320)

XOXO

lørdag 23. august 2014

Lesesirkelbok: "Guden for små ting"

Forfatter: Arundhati Roy (f. 1961)
Originaltittel: The God of Small Things
Utgitt: 1997
Min utgåve: 1997
Oversetter: Ragnfrid Stokke
Format: Innbundet, 276 sider
Forlag: Pax
Mål/utfordringar: 1001 bøker, Man Booker Prize, Nye forfattere

Det er alltid meget praktisk for ein lesehest som leser frå ulike lister å kombinere to slike lister. Den indiske forfatteren Arundhati Roy mottok i 1997 Man Booker Prize for debutboka si, og havna på 1001 lista i 2006. Roy har skrevet fleire essay etter debutromanen, men Guden for små ting er så langt hennar einaste roman.

Guden for små ting sentrerer seg rundt ei tragisk hending i familien Kochamma. Det er knytta stor spenning til at syskenbarnet Sophie Mol, og mora hennar Margaret, skal kome til Kerala. Tvillingparet Estha og Rahel forstår ikkje heilt kvifor dette er så fantastisk, men dei innlemmer ho i leikene deira. I tillegg til Estha og Rahel får me lese om mora deira, besteforeldrene, grandtanta, onkel Chacko (far til Sophie og Margarets eksmann) og andre fargerike karakterer i den vesle landsbyen i India. Arundhati Roy bruker den tragiske hendinga som eit springbrett til utforsking av karakterane. Korleis hendinga med Sophie Mol påverka dei ulike familiemedlemmane, og hvilke følgjer det fekk for dei andre.

Eg har lest fleire indiske bøker det siste året, og syns det er meget interessant. Arundhati Roys roman er ikkje eit unntak, og eg finner den meget vakkert skrevet i tillegg. Ho klarer kunststykket å balansere eit nydeleg språk saman med ein sterk historie. Romanen er ikkje skrevet kronologisk, men det gjer det heile meir interessant. Den er akkurat som eit puslespel og betane kjem til etterkvart. Til eksempel kjem hendinga med Sophie Mol i starten av boka, medan historiemessig skjedde det i slutten av hennar 14 dager lange besøk i India. Dette var ei god bok som absolutt fortener sin Booker-pris, og plassen på 1001 lista.
Romanen er lest i forbindelse med Lines lesesirkel. Anbefales!

XOXO

fredag 15. august 2014

Lesesirkelbok: "Churchill"

Forfatter: Paul Johnson (f. 1928)
Originaltittel: Churchill
Utgitt: 2009
Min utgåve: 2013
Oversetter: Erik Ringen, Einar Blomgren
Format: Heftet, 181 sider
Forlag: Pax
Mål/utfordringer: Off the shelf, Nye forfattere

Det er nokre månader sidan eg deltok i Moshonistas biografilesesirkel, men då eg fant ei lita tynn flis om Winston Churchill i bokhylla og temaet var politikere kunne eg ikkje la vere. Det kunne vore ei god bok om Churchill, men dengang ei.

Winston Churchill levde eit langt og innhaldsrikt liv. I løpet av sine 90 år tilbrakte han 55 år som parlamentsmedlem, 31 år som minister, og nesten 9 år som statsminister i Storbritannia. Han vart fødd 30. november 1874, og døydde 24. januar 1965. Han hadde hustru og familie, og var godt likt blant det britiske folk. Han var sjølv med på utforminga av herregården han eigde i ein periode, malte fleire hundre malerier og fekk publisert nærmare 10 millioner ord. I 1953 mottok han Nobels litteraturpris for sine bøker om britisk historie og andre verdenskrig.

Den britiske historieforfatteren Paul Johnson skriver kort og intenst om ein av dei viktigaste personane i andre verdenskrig, men klarer ikkje å fenge lesaren. Eg fant språket kjedeleg, og sleit med å kome gjennom dei knappe 200 sidene. Eg trur det fins betre bøker om Churchill, men hans eigne bøker er muligens og meget lesbare.

XOXO

onsdag 18. juni 2014

Lesesirkelbok: "Mansfield Park"

Forfatter: Jane Austen
Utgitt: 1814
Min utgåve: 2006
Oversetter: Merete Alfsen
Format: Heftet, 447 sider
Forlag: Aschehoug
Mål/utfordringar: 1001 bøker, Back to the Classics

Eg er ikkje så vilt fan av Jane Austen, men bøkene fortener ein plass på bloggen. På Goodreads har eg ikkje vore nådig med boka, og den fekk kun ei stjerne. Det er eine og aleine fordi alle karakterane utanom Fanny og Edmund er ufordragelige. Eg meiner at alle kan ikkje like dei same bøkene, og diskusjon om folks meining er spennande.

I Mansfield Park blir ti år gamle Fanny Price sendt frå sine foreldre i Portsmouth til sine rike slektninger på godset Mansfield Park. I utgangspunktet er det tanten, mrs Norris, som skal ha ansvaret for ho, men ansvaret blir raskt skjøvet over på onkelen Sir Thomas Bertram. Fanny veks opp i lag med hans barn, Tom, Edmund, Maria og Julia. Forsøket på å innlemme Fanny i familien går heller dårleg, og forholdet mellom Fanny og søskenflokken på godset blir aldri som dei vaksne hadde tenkt. Det er kun Edmund som har eit godt hjarte til Fanny. Åra går, og Fanny veks opp til å bli eit menneske som ikkje bryr seg så mykje om korleis ho ser ut, og syns det er viktigare å vera eit godt menneske. Då prestefrua får besøk av sine yngre søsken samtidig som Sir Thomas reiser for å sjå etter koloniane går ting hals over hode. Mrs Norris kunne ikkje brydd seg mindre om kva dei unge gjer, og Mrs Bertram er i ein evig narkodøs, så dei unge kan gjera meir eller mindre som dei vil. I denne romanen er det dei unge som regjerer, og då kan alt skje.


Så langt kom eg! Då eg nemnte for Linn at eg skulle lese den for andre gong sjølv om eg ikkje kunne fordra boka ynskja ho at ho budde nærmare meg slik at ho kunne slå meg med noko hardt. Slapp av, Linn, eg tok til vettet. Med det sagt så kan eg historien om Mansfield Park nærmast utanat, sidan filmatiseringa frå 1999 får fram den rette stemninga, og karakterane har tydeleg lest boka. Slikt liker eg!

Boka har eg lest i forbindelse med Lines lesesirkel, og fleire anmeldelser (og muligens nokon meir positive) kan leses her.

XOXO

søndag 18. mai 2014

Lesesirkelbok: "Intet nytt fra Vestfronten"

Forfatter: Erich Maria Remarque (1898-1970)
Utgitt: 1929
Min utgåve: 1982
Oversetter: Ragnar Kvam
Format: Innbundet, 184 sider
Forlag: Gyldendal
Mål/utfordringar: 1001 bøker, Nye forfattere, Back to the Classics

Den tyske forfatteren Erich Maria Remarque er eit nytt bekjentskap for meg, men andre som har lest denne anbefaler fleire bøker av Remarque, blant andre Tre kamerater. I år markeres hundreårsjubileet for utbrytinga av den første verdskrig, og for lesesirkelen må dette vera boka med best timing. Gyldendal utgir den på ny i disse dager, og du finner den her. Intet nytt fra Vestfronten kom ut på norsk fyrste gong i 1955, vart filmatisert allereie i 1930 og vant to Oscar, Beste film og Beste regissør (Lewis Milestone).


Då eg starta å lese denne for ei drøy veke sidan hadde eg ikkje dei største forhåpningane. Dette var ei av dei bøkene eg skulle få kryss for, og den var såpass kort at det kom ikkje til å ta lang tid. Så feil kan ein ta! Fleire gonger medan eg har lest har eg tenkt på kva eg ville seia om nokon spurte kva eg syns. Intet nytt fra Vestfronten handler om unge menn som kjem til vestfronten for å forsvare landet sitt. Historien blir fortalt av den unge tyskeren Paul Bäumer, og han fortel om matorgier, militæroperasjoner, døde kamerater, permisjon, eit besøk hos damer og redselen for å bli forlatt. Det er ikkje ei bok ein tar lett på, og den må leggjas vekk innimellom. Så kva er svaret mitt? Intet nytt fra Vestfronten er sterk og brutal, på ein stillferdig måte. Krigen skulle gjera gutter til menn, og til helter. Istadenfor har dei unge mennene aldri følt seg så små og hjelpelause. Anbefales varmt!

XOXO

PS: Eg mottar ingenting ved hjelp av linkene, dei er kun til opplysning.

mandag 28. april 2014

Lesesirkelbok: "Alberte og Jakob"

Forfatter: Cora Sandel (1880-1974)
Utgitt: 1926
Min utgåve: 2009
Format: Innbundet, 242 sider
Forlag: Gyldendal
Mål/utfordringar: Off the shelf, Nye forfattere, 1001 bøker

Ikkje sidan september 2011 har Lines lesesirkel lest ei 1001-bok av ein norsk forfatter. Med det i tankane var det verkeleg på tide, og ikkje minst med det faktum at min versjon av Alberte-trilogien har stått i bokhylla sidan november 2009 og samla støv. Cora Sandels mest berømte verk er trilogien om Alberte: Alberte og Jakob (1926), Alberte og friheten (1931) og Bare Alberte (1939). Det er kun første bok som er med på 1001-lista, men etterkvart skal eg lese dei to resterande bøkene.

Alberte og familien bur i ein by nordpå, der faren er sorenskriver. Familien har aldri funnet seg til rette her, og røttene spriker til alle kanter. Forholdet mellom Alberte og broren Jakob er meget godt, og Alberte går ikkje på skulen for ho skal hjelpe broren med hans skulegang. Alberte sjølv er annleis enn omgivelsane vil ha det. Ho er ikkje forfina og elegant som venninnene, men klossete og rødmer lett. Ho og mora står ikkje alltid på god fot med kvarandre, då mora skulle ynskje dottera var meir lik ho sjølv. Alberte har ein utferdstrong som ikkje blir realisert, men broren Jakob får reise til sjøs. Då han sender ei helsing til Alberte frå sjøen får det følger både av godt og vondt, men Alberte kjem seirande ut.

Alberte-trilogien er delvis sjølvbiografisk, men det geniale med romanen er at den er like gjeldende i dag. Kjensla av å vera utilstrekkeleg, av å kjenna seg i vegen, å vera annleis, og kjenna at du har ikkje val i livet er garantert ting som kjem fram hjå mange i 2014. Eg likte den til dels, det var greit å lesa når eg kom inni det, og eg skal garantert lesa dei to andre bøkene ein dag. Greit med kryss på 1001-lista!

XOXO

tirsdag 1. april 2014

Man Booker Prize lesesirkel #6

Mars er over, og april markerer starten for ei ny Booker shortlistbok, nemleg indiskamerikanske Jhumpa Lahiris The Lowland. Clementine har regi og ide, og sida hennar må besøkas.

Goodreads beskriver den slik:
Two brothers bound by tragedy; a fiercely brilliant woman haunted by her past; a country torn by revolution: the Pulitzer Prize winner and #1 New York Times best-selling author gives us a powerful new novel--set in both India and America--that explores the price of idealism and a love that can last long past death. 
Growing up in Calcutta, born just fifteen months apart, Subhash and Udayan Mitra are inseparable brothers, one often mistaken for the other. But they are also opposites, with gravely different futures ahead of them. It is the 1960s, and Udayan--charismatic and impulsive--finds himself drawn to the Naxalite movement, a rebellion waged to eradicate inequity and poverty: he will give everything, risk all, for what he believes. Subhash, the dutiful son, does not share his brother's political passion; he leaves home to pursue a life of scientific research in a quiet, coastal corner of America. But when Subhash learns what happened to his brother in the lowland outside their family's home, he comes back to India, hoping to pick up the pieces of a shattered family, and to heal the wounds Udayan left behind--including those seared in the heart of his brother's wife. 
Suspenseful, sweeping, piercingly intimate, The Lowland expands the range of one of our most dazzling storytellers, seamlessly interweaving the historical and the personal across generations and geographies. This masterly novel of fate and will, exile and return, is a tour de force and an instant classic.
Boka er på ca 300 sider, og min anmeldelse kan du lese HER! Eg høyrte den på lydbok i januar/februar, og har lyst til å lese den om igjen når den kjem på norsk ein av dei første dagane i april.

I løpet av dei neste 6 månadane (frå november-13 - april-14) skal lesesirkelen ta for seg dei 6 bøkene på shortlist, og eg kjem i all hovudsak til å delta på dei eg ikkje har lest. Om du vel å lese dei på eit tidlegare tidspunkt enn akkurat månaden dei blir lest så er det ingen problem. Clementine linker innlegget ditt, også er du med på diskusjoner. Meir informasjon finn du på lesesirkelsida (link øverst i innlegget).

Håper mange vil vera med og lesa ei meget sterk shortlist!

XOXO

lørdag 1. mars 2014

Man Booker Prize lesesirkel #5

Februar er over, og mars markerer starten for ei ny Booker shortlistbok, nemleg zimbabwiske NoViolet Bulawayos We Need New Names. Clementine har regi og ide, og sida hennar må besøkas.

Goodreads beskriver den slik:
Then we are rushing then we are running then we are running and laughing and laughing and laughing.  
‘To play the country-game, we have to choose a country. Everybody wants to be the USA and Britain and Canada and Australia and Switzerland and them. Nobody wants to be rags of countries like Congo, like Somalia, like Iraq, like Sudan, like Haiti and not even this one we live in – who wants to be a terrible place of hunger and things falling apart?'

Darling and her friends live in a shanty called Paradise, which of course is no such thing. It isn't all bad, though. There's mischief and adventure, games of Find bin Laden, stealing guavas, singing Lady Gaga at the tops of their voices.

They dream of the paradises of America, Dubai, Europe, where Madonna and Barack Obama and David Beckham live. For Darling, that dream will come true. But, like the thousands of people all over the world trying to forge new lives far from home, Darling finds this new paradise brings its own set of challenges – for her and also for those she's left behind.

Boka er på ca 300 sider, og var min favoritt til å vinne prisen. Eg las den i oktober, og den vaks på meg. Anmeldelsen kan du lese HER!

I løpet av dei neste 6 månadane (frå november-13 - april-14) skal lesesirkelen ta for seg dei 6 bøkene på shortlist, og eg kjem i all hovudsak til å delta på dei eg ikkje har lest. Om du vel å lese dei på eit tidlegare tidspunkt enn akkurat månaden dei blir lest så er det ingen problem. Clementine linker innlegget ditt, også er du med på diskusjoner. Meir informasjon finn du på lesesirkelsida (link øverst i innlegget).

Håper mange vil vera med å lesa ei meget sterk shortlist!

XOXO

søndag 2. februar 2014

Man Booker Prize lesesirkel #4

Januar er over, og februar markerer starten for ei ny Booker shortlistbok, nemleg britiske Jim Craces Harvest. Clementine har regi og ide, og sida hennar må besøkas.

Goodreads beskriver den slik:
Jim Crace at the top of his game! Allegory, moral fable - a label doesn't really matter. We are taken into the English countryside, to a village with no name - just The Village - at a time which could be any time from the 15th to the 19th century. Extraordinary writing, a prose that over and over touches poetry, wonderful and evocative details, take us to this village and its story told over seven days by Walter Thirsk. A traditional end-of-harvest celebration and a centuries-old way of life, is tragically and brutally overturned. Outside
forces of power and greed arrive and with them the culture of "Profit,Progress,Enterprise". Enclosures will soon end what had been a collective style of farming: common land will be stolen from the common people; forests will be cleared and everything will
be fenced and hedged and "the sheaf" give "way to sheep". "Harvest" is about loss, displacement, dispossession. What it deals with may be set in a past we can't pin down exactly, but such inhuman practices that accompanied the forced enclosing of land, the destruction of ordinary people's lives and
the further enrichment of already rich men, are so evident today across the world, that "Harvest" speaks as much of today as it does of the past.
Boka er på ca 250 sider, og var storfavoritt til å vinne prisen. Eg las den ferdig i september, men fekk aldri godkjensla av den. Anmeldelsen kan du lese HER.

I løpet av dei neste 6 månadane (frå november-13 - april-14) skal lesesirkelen ta for seg dei 6 bøkene på shortlist, og eg kjem i all hovudsak til å delta på dei eg ikkje har lest. Om du vel å lese dei på eit tidlegare tidspunkt enn akkurat månaden dei blir lest så er det ingen problem. Clementine linker innlegget ditt, også er du med på diskusjoner. Meir informasjon finn du på lesesirkelsida (link øverst i innlegget).

Håper mange vil vera med å lesa ei meget sterk shortlist!

XOXO

fredag 31. januar 2014

Lesesirkelbok: "Kain"

Forfatter: Jose Saramago (1922-2010)
Originaltittel: Caim
Utgitt: 2009
Min utgåve: 2012
Oversetter: Kjell Risvik
Format: Heftet, 152 sider
Forlag: Cappelen Damm
Mål/utfordringar: 1001 bøker, Off the shelf, Nye forfattere

Den portugisiske forfatteren Jose Saramago fekk sitt gjennombrot med Klosterkrønike. Han døydde brått og uventa i 2010, då han hadde akkurat gjort ferdig det som skulle bli hans siste bok, Kain. I Kain fylgjer han opp tråden frå Klosterkrønike og Jesusevangeliet. Kain er min første Saramago-roman, men mannen har ytterlige romaner både på samvittigheten og 1001-lista.

Kain handler om Adam og Evas son, Kain, som drep sin bror, Abel. For denne handlinga dømmer Gud ham til å vandre på jorda, og Saramago skriver han inn i ulike bibelske historier om Noah, Isak og Moses. Det er omtrent det einaste eg har fått ut av boka, men så kjem det evigvarande spørsmålet: Korleis skrive om ei bok du ikkje liker? Eg kunne bare satt strek over det, sagt at eit kryss er eit kryss, men så er det det at eg trur Saramago er ein forfatter med ein skrivestil som gjer at du enten elsker det eller misliker det.


Jose Saramago har ein eigen skrivestil. Han skriver lange setninger, bruker ukorrekt teiknsetting, ingen anførselsteikn for dialog, og det som irritererer meg mest i forhold til skriving: Ikkje stor bokstav når det er snakk om namn. Ihvertfall var alt dette tilfelle i Kain. Det gjer at mi oppleving var ikkje optimal, og eg fant ikkje humoren og satiren som andre har kommentert dei siste dagane. Enkelte gonger blir eit kryss kun eit kryss.

Boka går direkte i bookcrossing-haugen, eller til førstemann som har lyst på den. Eg sender gjerne!

XOXO

torsdag 2. januar 2014

Man Booker Prize lesesirkel #3

Desember er over, og januar markerer starten for ei ny Booker shortlistbok, nemleg japanskamerikanske Ruth Ozekis The Tale for the Time Being. Clementine har regi og ide, og sida hennar må besøkas.

Goodreads beskriver den slik:

In Tokyo, sixteen-year-old Nao has decided there’s only one escape from her aching loneliness and her classmates’ bullying. But before she ends it all, Nao plans to document the life of her great-grandmother, a Buddhist nun who’s lived more than a century. A diary is Nao’s only solace—and will touch lives in a ways she can scarcely imagine.

Across the Pacific, we meet Ruth, a novelist living on a remote island who discovers a collection of artifacts washed ashore in a Hello Kitty lunchbox—possibly debris from the devastating 2011 tsunami. As the mystery of its contents unfolds, Ruth is pulled into the past, into Nao’s drama and her unknown fate, and forward into her own future.

Full of Ozeki’s signature humour and deeply engaged with the relationship between writer and reader, past and present, fact and fiction, quantum physics, history, and myth, A Tale for the Time Being is a brilliantly inventive, beguiling story of our shared humanity and the search for home.

Boka er på ca 400 sider, og eg las den i midten av november til midten av desember. Anmeldelsen finner du her. Eg likte den godt, og håper andre og vil gjera det same.

I løpet av dei neste 6 månadane (frå november-13 - april-14) skal lesesirkelen ta for seg dei 6 bøkene på shortlist, og eg kjem i all hovudsak til å delta på dei eg ikkje har lest. Om du vel å lese dei på eit tidlegare tidspunkt enn akkurat månaden dei blir lest så er det ingen problem. Clementine linker innlegget ditt, også er du med på diskusjoner. Meir informasjon finn du på lesesirkelsida (link øverst i innlegget).

Håper mange vil vera med å lesa ei meget sterk shortlist!

XOXO

søndag 1. desember 2013

Man Booker Prize lesesirkel #2

November er over, og desember markerer starten for ei ny Booker shortlistbok, nemleg irske Colm Toibins The Testament of Mary. Clementine har regi og ide, og sida hennar må besøkas.

Goodreads beskriver den slik:
Provocative, haunting, and indelible, Colm Tóibín’s portrait of Mary presents her as a solitary older woman still seeking to understand the events that become the narrative of the New Testament and the foundation of Christianity.

In the ancient town of Ephesus, Mary lives alone, years after her son's crucifixion. She has no interest in collaborating with the authors of the Gospel—her keepers, who provide her with food and shelter and visit her regularly. She does not agree that her son is the Son of God; nor that his death was “worth it;” nor that the “group of misfits he gathered around him, men who could not look a woman in the eye,” were holy disciples. Mary judges herself ruthlessly (she did not stay at the foot of the Cross until her son died—she fled, to save herself), and is equally harsh on her judgment of others. This woman who we know from centuries of paintings and scripture as the docile, loving, silent, long-suffering, obedient, worshipful mother of Christ becomes, in Toibin’s searing evocation, a tragic heroine with the relentless eloquence of Electra or Medea or Antigone. This tour de force of imagination and language is a portrait so vivid and convincing that our image of Mary will be forever transformed.
Boka er på 100 sider (give or take), og eg las den som første bok ut då longlist vart publisert i juli. Omtalen min kan du lesa her. Eg kjem ikkje til å lesa den på ny i denne omgang, men eg ser fram til å lesa kva andre skriver.

I løpet av dei neste 6 månadane (frå november-13 - april-14) skal lesesirkelen ta for seg dei 6 bøkene på shortlist, og eg kjem i all hovudsak til å delta på dei eg ikkje har lest. Om du vel å lese dei på eit tidlegare tidspunkt enn akkurat månaden dei blir lest så er det ingen problem. Clementine linker innlegget ditt, også er du med på diskusjoner. Meir informasjon finn du på lesesirkelsida (link øverst i innlegget).

Håper mange vil vera med å lesa ei meget sterk shortlist!

XOXO

fredag 1. november 2013

Man Booker Prize lesesirkel #1

Idag går startskuddet for Man Bookerpris Readalong! Det er Clementine bak bloggen Har du lest? som har regi og ide, og første bok ut er vinnaren, The Luminaries, skrevet av Eleanor Catton.

Goodreads beskriver den slik:
On a blustery January day, a prostitute is arrested. In the midst of the 1866 gold rush on the coast of New Zealand, this might have gone unnoticed. But three notable events occur on that same day: a luckless drunk dies, a wealthy man vanishes, and a trafficker of ill repute cancels all of his business and weighs anchor, as if making an escape. Anna Wetherell, the prostitute in question, is connected to all three men.

This sequence of apparently coincidental events provokes the powerful town rulers to form a secret council to investigate what they believe is a conspiracy to murder. But their clandestine meeting is interrupted by the arrival of a stranger: young Walter Moody has come to seek his fortune on the goldfields, and he, it turns out, has a secret of his own...

Both epic and intimate, THE LUMINARIES is an astonishing feat of storytelling, an intricately crafted novel that takes readers behind the scenes of a mystery to reveal how destiny is reshaped when circumstances shift, but everything remains connected.

Romanen er på 832 sider (give or take), og eg har såvidt tjuvstarta. Om eg blir ferdig i løpet av november speler liten rolle; eg ser meir fram til diskusjoner og kjensla ved å vite at akkurat nå les fleire den same romanen.

I løpet av dei neste 6 månadane skal lesesirkelen ta for seg dei 6 bøkene på shortlist, og eg kjem i all hovudsak til å delta på dei eg ikkje har lest. Om du vel å lese dei på eit tidlegare tidspunkt enn akkurat månaden dei blir lest så er det ingen problem. Clementine linker innlegget ditt, også er du med på diskusjoner. Meir informasjon finn du på lesesirkelsida (link øverst i innlegget).

Håper mange vil vera med å lesa ei meget sterk shortlist!

XOXO

søndag 25. august 2013

Lesesirkelbok: "To Kill a Mockingbird"

Forfatter: Harper Lee
Utgitt: 1960
Mi utgåve: 2010
Format: Paperback, 376 sider
Forlag: Hachette Book Group
Mål/utfordringar: 1001 bøker, Off the shelf, Back to the Classics

Lesesirkelbok for august er Harper Lees To Kill a Mockingbird/Drep ikke en sangfugl. Romanen kom ut i 1960, vant Pulitzerprisen for fiction i 1961, vart filmatisert i 1962, og forfatteren har ikkje gitt ut noko i ettertid.

To Kill a Mockingbird foregår i depresjonstidas Amerika, i ein liten by i Alabama. Me befinner oss i midten av 30-åra, og møter unge frøken Jean Louise Finch. 9-åringen, populært kalt Scout, bur i Maycomb County med storebroren, Jem, advokatfaren, Atticus, og den farga hushjelpa, Calpurnia. Då romanen starter har Scout nettopp byrja på skulen, og romanen skildrar små og store hendingar i lokalsamfunnet. Samfunnet er bygd opp av rike og fattige, kvite og farga mennesker, og i 30-åra gjekk det sjelden som hånd i hanske. Då det kjem for ein dag at den farga familiemannen Tom Robinson har voldtatt Mayella Ewell, som er kvit, får Atticus oppdraget som advokat for Robinson. Atticus er bekymra for Jem og Scout, og lar sin frustrasjon gå utover broren, Jack, som er på besøk. Scout har lange øyrer til tider, og har høyrt litt av kvart frå folk i samfunnet. Ho får med seg samtalen mellom faren og onkelen, men faren syns ikkje at det var heilt galt.
I scurried to my room and went to bed. Uncle Jack was a prince of a fellow not to let me down. But I never figured out how Atticus knew I was listening, and it was not until many years later that I realized he wanted me to hear every word he said.
I byen er det lynsjestemning mot Tom Robinson, og til tider mot Atticus, men Scout og Jem forsvarer alltid faren.
Atticus switched on the ceiling lights in the livingroom and found us there, frozen still. He carried my baton in one hand; its filmy yellow tassel trailed on the rug. He held out his other hand; it contained fat camellia buds. "Jem", he said, "are you responsible for this?" "Yes, sir." "Why'd you do it?" Jem said softly, "She said you lawed for niggers and trash." "You did this because she said that?" Jem's lips moved, but his, "Yes, sir," was inaudible.
Innimellom forsvaring av faren og andre nødvendige ting speler søskenparet ut sitt eige drama som omhandler mannen i nabohuset. Ein mann som ikkje har vore utforbi døra dei siste tjuefem åra.

Eg klarte å bomme på lesesirkeldatoen, og trudde fram til torsdag at det var neste veke To Kill a Mockingbird skulle vera ferdig. Idag har eg lest dei siste hundre sidene, og eg er sjeleglad for at eg las den ferdig. Eg har vore på nippet både til å gi den opp, og til å låne den på norsk. Min utgåve har stått i bokhylla i nærmare to år etter at eg kjøpte den på Arlanda flyplass etter studietur med jobben. Romanen veksler mellom det gode og det onde, om rasediskriminering, og om eit barns forhold til dei vaksnes verd. Den er nydeleg, sår og opprørande, og står som ei av dei beste bøkene eg har lest i år. To Kill a Mockingbird anbefales varmt!

XOXO

torsdag 15. august 2013

Lesesirkelbok: "Astrid Lindgren - En livsskildring

Forfatter: Margareta Strömstedt
Originaltittel: Astrid Lindgren - En levnadsteckning
Utgitt: 1977 og 1999 (omarbeidet og utvidet utgave)
Denne utgåva: 2001
Oversetter: Olaf Coucheron og Agnes-Margrethe Bjorvand
Format: Innbundet, 382 sider
Forlag: Damm

I forordet skriver Margareta Strömstedt om at ho i slutten av 1960-åra vart spurt av forlagssjef Hans Rabèn i Rabèn & Sjögren om ikkje ho kunne skriva ein enkel liten biografi om Astrid Lindgren. Den skulle handla om hennar barndom i Småland og vera rikt illustrert med fortografier. Som sagt så gjort! Biografien vart gitt ut i 1977, og vart ein klassiker. Men etterpå skjedde det mykje. Ronja Røverdatter vart gitt ut i 1981, ho vart ein viktig stemme i samfunnet, mottatt priser i aust og vest, og vore gjenstand for ei rekkje studier og diskusjon. På grunn av dette vart biografien gitt ut på ny 22 år seinare, og Strömstedt fortel ein historie ingen anna kunne fortalt.

Biografien fortel om Astrids liv i Småland. Ein liten familie med mor, far, storebror, Astrid sjølv og to småsøstre. Ho vart fødd 14. november 1907 som Astrid Anna Emilia Ericsson. Faren forpakta prestegarden Näs i Vimmerby. Barndommen var lukkeleg og fredfull, med foreldre som ikkje var redde for å vise kva dei følte for kvarandre. Då ho var 18 år og journalistlærling i Vimmerby vart ho gravid, og barnefaren var sjefredaktør i avisa. Skamfull reiste ho til Stockholm, og i desember 1926 fekk ho sonen Lars i København. Rigshospitalet var på den tida det einaste sjukehuset i Skandinavia som tok imot fødande utan å gi beskjed til offentlege instanser og dei slapp å oppgi namnet på barnefaren. Han vart sett i fosterheim i København, og Astrid tok utdannelse i Stockholm. I 1929 kom Lars til Stockholm, då fostermora hans vart sjuk, og året etter flytta han til besteforeldrene på Näs. I 1931 gifta ho seg med Sture Lindgren (1898-1952), dei flytta inn i Vulcanusgata i Stockholm med Lars og fekk dottera Karin i mai 1934. I 1941 flytta familien til Dalagatan tvers overfor Vasaparken, og resten av sitt liv budde Astrid Lindgren i den leiligheten.

Du kjem ikkje utanom barndommen og familien til Astrid Lindgren når du les bøkene ho har gitt ut. Fleire av karakterene er basert på familien; det kan vera kun utsjånad eller enkelte særtrekk. Bøkene om Pippi, Emil, Madicken, Ronja, Bakkebygrenda, Kalle Blomkvist og alle dei andre har blitt lest av fleire generasjoner, og det kan virke som om heile verda har eit forhold til den svenske barnebokforfatteren. Faktum er at eg trur Astrid Lindgren ikkje går av moten med det første, og det er glad for. Biografien var ei fryd å lese, og sjølv om det var ein del eg visste frå før så var det interessant å lese det på ny. Eg har faktisk vore i Vimmerby på grava til Astrid Lindgren, og på Näs i huset og det var ei oppleving eg ikkje ville vore foruten. Biografien anbefales!

Boka er lest i forbindelse med Moshonistas lesesirkel!

XOXO