Søk i denne bloggen

torsdag 15. august 2013

Lesesirkelbok: "Astrid Lindgren - En livsskildring

Forfatter: Margareta Strömstedt
Originaltittel: Astrid Lindgren - En levnadsteckning
Utgitt: 1977 og 1999 (omarbeidet og utvidet utgave)
Denne utgåva: 2001
Oversetter: Olaf Coucheron og Agnes-Margrethe Bjorvand
Format: Innbundet, 382 sider
Forlag: Damm

I forordet skriver Margareta Strömstedt om at ho i slutten av 1960-åra vart spurt av forlagssjef Hans Rabèn i Rabèn & Sjögren om ikkje ho kunne skriva ein enkel liten biografi om Astrid Lindgren. Den skulle handla om hennar barndom i Småland og vera rikt illustrert med fortografier. Som sagt så gjort! Biografien vart gitt ut i 1977, og vart ein klassiker. Men etterpå skjedde det mykje. Ronja Røverdatter vart gitt ut i 1981, ho vart ein viktig stemme i samfunnet, mottatt priser i aust og vest, og vore gjenstand for ei rekkje studier og diskusjon. På grunn av dette vart biografien gitt ut på ny 22 år seinare, og Strömstedt fortel ein historie ingen anna kunne fortalt.

Biografien fortel om Astrids liv i Småland. Ein liten familie med mor, far, storebror, Astrid sjølv og to småsøstre. Ho vart fødd 14. november 1907 som Astrid Anna Emilia Ericsson. Faren forpakta prestegarden Näs i Vimmerby. Barndommen var lukkeleg og fredfull, med foreldre som ikkje var redde for å vise kva dei følte for kvarandre. Då ho var 18 år og journalistlærling i Vimmerby vart ho gravid, og barnefaren var sjefredaktør i avisa. Skamfull reiste ho til Stockholm, og i desember 1926 fekk ho sonen Lars i København. Rigshospitalet var på den tida det einaste sjukehuset i Skandinavia som tok imot fødande utan å gi beskjed til offentlege instanser og dei slapp å oppgi namnet på barnefaren. Han vart sett i fosterheim i København, og Astrid tok utdannelse i Stockholm. I 1929 kom Lars til Stockholm, då fostermora hans vart sjuk, og året etter flytta han til besteforeldrene på Näs. I 1931 gifta ho seg med Sture Lindgren (1898-1952), dei flytta inn i Vulcanusgata i Stockholm med Lars og fekk dottera Karin i mai 1934. I 1941 flytta familien til Dalagatan tvers overfor Vasaparken, og resten av sitt liv budde Astrid Lindgren i den leiligheten.

Du kjem ikkje utanom barndommen og familien til Astrid Lindgren når du les bøkene ho har gitt ut. Fleire av karakterene er basert på familien; det kan vera kun utsjånad eller enkelte særtrekk. Bøkene om Pippi, Emil, Madicken, Ronja, Bakkebygrenda, Kalle Blomkvist og alle dei andre har blitt lest av fleire generasjoner, og det kan virke som om heile verda har eit forhold til den svenske barnebokforfatteren. Faktum er at eg trur Astrid Lindgren ikkje går av moten med det første, og det er glad for. Biografien var ei fryd å lese, og sjølv om det var ein del eg visste frå før så var det interessant å lese det på ny. Eg har faktisk vore i Vimmerby på grava til Astrid Lindgren, og på Näs i huset og det var ei oppleving eg ikkje ville vore foruten. Biografien anbefales!

Boka er lest i forbindelse med Moshonistas lesesirkel!

XOXO

11 kommentarer:

  1. Koselig valg! Artig å lese om vår alles kjære Astrid Lindgren.:)

    SvarSlett
  2. Åå, Astrid Lindgren minner meg om når ungene var små. Jeg leste litt av det meste for dem - bortsett fra Kalle Blomkvist, tror jeg. Spesielt min egen Pippi-bok fra jeg var liten, ei gul, lita bok med strektegninger i var spesielt kjekk. Det var et trivelig valg av biografi :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takker og bukker! Eg har nokon små gule bøker om Pippi, og dei var så jille. Søstra mi har både lest og sett Kalle Blomkvist, men han har aldri vore ein av mine favoritter. Eg var veldig Ronja-fan, og likte godt Bakkebygrenda:-)

      Slett
  3. Henger meg på - koselig og trivelig, man kan liksom ikke tenke på annet når det gjelder Astrid. Hun er en så stor del av barndommens lesehverdag. Men tenk at du hun ble gravid med redaktøren sin ((gasp)), og godt at hun tok han tilbake som treåring, er jeg fordomsfull når jeg sier at noe annet ville vært en skamplett på kvinnen bak pippi - samtida til tross?

    (alle disse biografifaktene er nyheter for meg -)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takker og bukker! Då eg først høyrte om Astrid Lindgrens forhold til redaktøren sin (det var for eit par år sidan) vart eg nærmast sjokka i dagevis. Den koselege dama som skreiv om Ronja og Pippi og Madicken! Me har alle våre ideer om korleis forfattere skal vera og oppføra seg, og samtida til tross så hadde ikkje eg likt det om eg visste at Astrid ikkje hadde toke guttungen tilbake. Slik eg forstod det var det alltid meininga då ho sette han vekk i fosterheim. Ho hadde simpelthen ikkje råd til å fø på han før ho gifta seg.

      Slett
  4. Morsomt å lese om alle biografiene som svirrer i blogglandia for tiden:) Denne er faktisk en jeg kunne tenkt meg å lese, må jo være koselig å lese om Astrid Lindgren. Takk for tips!:) Ble også litt overrasket over å få vite at hun at hun ble gravid med redaktøren sin:)

    SvarSlett
  5. Så morsomt å lese og lære noe nytt om Astrid Lindgren! Tusen takk!

    - Hun er så genial, verdens beste barnebokforfatter :-) Jeg ble også forbauset over å lese om graviditeten. I bøkene er hun jo alltid jordnær og praktisk, så det var godt å høre at hun fant en løsning slik at hun kunne beholde sønnen.

    SvarSlett
  6. Nei, nå tror jeg det er på tide å lese Astrid Lindgren for eldstegutten :) Takk for en fin omtale :)
    Ønsker deg en glad dag!
    Pia

    SvarSlett