Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten 1001 bøker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten 1001 bøker. Vis alle innlegg

mandag 30. desember 2024

Lesesirkel 1001 bøker | Kategorier 2025


Velkommen til nytt 1001-år! Lesesirkel 1001 bøker er ein lesesirkel som går over heile året med 12 kategorier. Bøkene som kan leses finner du HER, og eg godtar kun bøker frå den lista (det sirkulerer ein norsk versjon, men den har lagt til ein haug med norske bøker som eg ikkje godtar).

I seks år har eg hatt lesesirkel og det er veldig kjekt å dele galskapen min med andre. Eg har i år klart 12 kategorier og det er ikkje ofte i løpet av dei åra at eg har klart det. I skrivande stund har eg lest 206 av bøkene på lista og det er ikkje all verden i den store samanheng, men eg tenker eg har mange historier å sjå fram til.

Det blir ingen stor revolusjon dette året, så får eg heller tenke litt meir på sprell i 2026. Om du har forslag til kategorier må du gjerne koma med dei.





XOXO

Sosiale medier:

lørdag 4. mars 2023

"Pierre og Jean" av Guy de Maupassant

Guy de Maupassant (1850-1893) var ein fransk forfatter. Livet hans var kort, men meget produktivt. Han debuterte allerede i 1875, og fram til hans død produserte han over 300 noveller, 6 romaner, 4 skodespel, fleire reiseskildringer og ein diktsamling. Pierre og Jean var hans fjerde roman.

Pierre og Jean handler om brødrene frå tittelen. Dei vokser opp i Le Havre i Normandie i Frankrike. Dei har lite til felles, både i utsjånad og personlegdom. Pierre er nyleg utdanna lege, medan Jean er jurist. Nå er begge heime i barndomsheimen på sommerferie, og romanen spenner seg over ein liten månad. Eit par dager inn i ferien kjem det bod om at ein nær ven av familien har gått bort, og etterlatt heile sin formue til Jean. Sjalusien brer seg blant brødrene, og Pierre kjenner seg forbigått då Jean starter med planlegging av ny leilighet og eit mogleg ekteskap. Noko murrer i bakgrunnen, og Pierre husker eit gammalt bilete av den døde familievenen. Då Pierre spør etter det svarer mora unnvikende, men då det kjem fram i lyset blir familien aldri den same igjen.


Nå leser ikkje eg fransk, men eg stusser litt over to ord som omsetjaren har valt å bruke. I ein setning skriver han at personen tar seg ein hikkas etter kaffen. Hikkas måtte eg google, og er eit synonym til blant anna ein dram. Er dette eit ord som brukes i dag (eller i 2015 då boka vart omsett)? Det andre ordet er n....konge (og eg velger bevisst å ikkje skrive n-ordet). I 2023 er eg usikker på om det brukes i bøker, og eg må innrømme eg skvatt då eg las det. Eg er mot å endre for mykje av språket i bøker (ref. Roald Dahl-debatten) og eg veit ikkje kva som står i originalteksten til Maupassant. Eg reagerte på det, men kva tenker du?

Pierre og Jean var ein god kortroman. I etterordet skriver Kjell Helgheim at romanen har ein dramaturgi som langt på veg imøtekommer teatrets krav. Den har få roller, er sentrert på få steder, ein enkel historie og god dialog. Som leser kjenner eg romanen har godt driv, du ønsker å lese vidare for å få vite kva som skjer. Blir det forsoning mellom brødrene eller går dei kvar sin veg? Romanen vart lest i to strekk, og krysses på 1001-lista. Anbefales!

XOXO

| Utgitt: 1888 | Min utgåve: 2015 | Format: Innbundet, 240 sider, omsett av Kjell Helgheim | Forlag: Solum |

mandag 23. januar 2023

"Frøken Jean Brodies beste alder" av Muriel Spark

Muriel Spark (1918-2006) var ein populær skotsk forfatter. Ho skreiv ei rekke bøker innan fiksjon og sakprosa, mottok fleire høgthengande priser, var på Bookers kortliste tre gonger og var æresdoktor ved fleire universiteter. Romanen Frøken Jean Brodies beste alder blir omtalt som hennar beste bok.

Frøken Jean Brodies beste alder foregår i Edinburgh i 30-åra. Seks jenter er med i den såkalla Brodie-klikken som er nøye utvalgt av læraren, frøken Brodie. Jentene får delta i frøken Brodies uortodokse undervisning. Kvar og ein av jentene blir fortalt at dei er spesielle for ein ting, og dette skal dei bli berømt for. Skulen til frøken Brodie og jentene ønsker å bli kvitt frøken Brodie, og bare nokon år fram i tid skal ein av dei forråde frøken Brodie. Ingen veit kven, men det skjer i frøken Brodies beste alder.

Min første tanke då eg las denne boka var filmen Mona Lisa Smile (ekstern lenke), og etter det eg husker har noko av den same handlinga. Frøken Jean Brodies beste alder blir beskrevet som morsom og ein moderne klassiker, men eg finner ingenting morsomt med ein jenteklikk på kostskule. Eg klarer ikkje relatere til karakterene, og forstår ikkje korleis Jean Brodie framleis har jobb ved skulen. Ho lærer dei jo ingenting frå ein satt læreplan. Det einaste positive eg fant ved romanen er at den er kort, og nå kan eg levere den tilbake på biblioteket.


Frøken Jean Brodies beste alder er på 1001-lista, og derfor las eg den. Nå kan eg krysse av ei bok i lesesirkelen min, og velge ei anna bok neste gong.

XOXO

| Originaltittel: The Prime of Miss Jean Brodie | Utgitt: 1961 | Min utgåve: 2014, omsett av Merete Alfsen | Format: Innbundet, 143 sider | Forlag: Forlaget Oktober |

mandag 18. april 2022

"Nicholas Nickleby" av Charles Dickens

Charles Dickens (1812-1870) burde vera eit kjent namn for dei fleste, med mindre du har vore under ein stein dei siste 200 åra. Brite, forfattar, satiriker og avismann, med minimal skolegang. Fleire av hans romanar skrevet i Victoria-tiden står som store verk den dag i dag. Charles Dickens er ein av mine personlege favoritter.

Nicholas Nickleby er den tredje romanen frå Charles Dickens, og den andre så langt som har eit namn i tittelen. For den erfarne Dickens-lesar vil det umiddelbart bety at tittelen er hovudpersonen, og det er jo tilfellet i denne og. Eg har lest Nicholas Nickleby ein gong før, og var litt spent på om fire år kunne bety noko for min interesse i historien. Dengang ei.

Nicholas Nickleby handler om Nicholas som blir pengelens etter farens død, og tar med seg si mor og si yngre søster frå landet og til London for å søke lykken hjå farens bror, Ralph Nickleby. Det møtet blir ufruktbart då onkelen er ein tyrann av ein forretningsmann og har ingen intensjon om å hjelpe si svigerinne med pengesorger. Nicholas blir då nødt til å skape sin eigen veg i verda, og begynner som lærar ved Dotheby's Hall. Det er ein skule for smågutter, og Nicholas møter her rektoren som er nok ein tyrann, og foreldreløse Smike. Etter ein konfrontasjon rømmer Nicholas og Smike frå Dotheby's Hall, og i løpet av romanen treffer dei to fleire snodige karakterer. Historien til Ralph Nickleby kjem og fram i lyset og det viser seg at det er ein forbindelse mellom Ralph og Smike som førstnemnte helst vil ha i skyggene.

Nicholas Nickleby har det rette Dickenske preget med snodige karakterer, gode skildringer og oppreisning til slutt, men dessverre er romanen så lite engasjerende for min del at lydboka blir bakgrunnsmusikk istadenfor at eg faktisk følger med. Men dette er bare mi meining, du kan jo syns boka er heilt fabelaktig.

XOXO

| Forfatter: Charles Dickens | Utgitt: 1839 | Min utgåve: 2003 | Format: Heftet, 817 sider | Forlag: Penguin | 

mandag 21. februar 2022

"Oliver Twist" av Charles Dickens

Charles Dickens (1812-1870) burde vera eit kjent namn for dei fleste, med mindre du har vore under ein stein dei siste 200 åra. Brite, forfattar, satiriker og avismann, med minimal skolegang. Fleire av hans romanar skrevet i Victoria-tiden står som store verk den dag i dag. Charles Dickens er ein av mine personlege favoritter.

Oliver Twist er Dickens' andre roman og ein god del kortere enn The Pickwick Papers. Den handler om den nemnte unge mannen som vokser opp på barneheim, og med den velkjente setninga: "Please, Sir, could I have some more?" Eg har lenge trudd det var Oliver sjølv som gikk fram til bestyreren og ba om meir mat, men det var det ikkje. Oliver Twist rømmer frå barneheimen og blir tatt inn av Fagin og hans gjeng med gatebarn. Her blir han betre kjent med The Artful Dodger, Bill Sikes, Nancy og sjølvsagt dei andre gutane i gjengen. Han blir raskt ein favoritt då han med sin vesle kropp og kvikke hode kan lure og stjele frå sjølv den mest ihuga forretningsmann. Livet går sin vante gang blant Oliver og gjengen, og slik som i dei aller fleste Dickens-romaner så får dei gode lykke til slutt, og dei onde sin straff.

Eg har lest Oliver Twist for mange år sidan, og såg ein film som barn som eg er redd ødela mykje av mitt inntrykk av romanen. Eg syns heile historien om Oliver er trist, handlinga er rotete, og sjølv om det er ein del dickenske faktorer så veier det ikkje opp. Karakterene er intrikate som i alle Dickens-romaner, og stemninga er til å ta og føle på. Likevel kan eg med handa på hjartet si at eg liker ikkje Oliver Twist av mange årsaker, men mest på bakgrunn av at eg liker ikkje bøker der vaksne er ugreie med ungar (eg har blant anna kun lest ei Lemony Snicket-bok).

XOXO

| Forfatter: Charles Dickens | Utgitt: 1838 | Min utgåve: 2009 | Format: Innbundet, 553 sider | Forlag: Penguin | 

fredag 3. juli 2020

Lesesirkel 1001 bøker: "Svart vann" av Joyce Carol Oates

Den amerikanske forfatteren Joyce Carol Oates (f. 1938) har utgitt over 50 romaner - i tillegg til noveller, poesi og sakprosa. Svært mange av hennar romaner er oversatt til norsk. Svart vann vart publisert i 1992, men kom i norsk oversettelse i fjor.

I Svart vann møter me unge og livsglade Elizabeth Anne 'Kelly' Kelleher og ein amerikansk senator. Datoen er 4. juli, og dei to møter kvarandre ved ein nasjonaldagsfest hjå Kellys venninne. Ting utvikler seg raskt, og Kelly blir med senatoren på køyretur om kvelden.

Romanen begynner slik:

Leiebilen, en Toyota, med senatoren ved rattet, ivrig, utålmodig, raste bortover den navnløse, uasfalterte veien og skjente rundt svingene i svimlende fart, og plutselig, uten forvarsel, kjørte den av veien og veltet ut i det svarte, fossende vannet, tippet over på passasjersiden og sank raskt. Kommer jeg til å dø? - sånn?
Det er tydelig kva som er ramma for denne romanen, men korleis det kom til dette kjem i rykk og napp utover 150 sider. Akkurat dette med det ikkje-kronologiske har eg litt problem med, men den gode teksten veier opp. Joyce Carol Oates skriver malende og metaforisk om ei ung kvinne som er fascinert av amerikansk politikk og som kunne ha kome langt hadde ho fått leve.


Historien er inspirert av ei faktisk hending for i 1969 køyrte den amerikanske senatoren Ted Kennedy utfor vegen med ei ung kvinne i passasjersetet. Kennedy kom seg ut av bilen, men kontakta ikkje politiet før det hadde gått 10 timer og undersøkelser viser at kvinnen kunne blitt reddet. Denne romanen kom i 1992, senatoren gikk bort i 2009. Kor mykje visste han om denne romanen? Hendinga fekk så og si ingen alvorlege følger for Kennedy, og viser dessverre kven som sit med makta.

Romanen kan fint leses på ein ettermiddag, og eg kjenner allerede at den sitter igjen. Den blir rekna som ein av Oates' beste romaner og eg har lyst til å finne fleire bøker av Oates. Anbefales!


XOXO

| Originaltittel: Black Water, omsett av Tone Formo | Utgitt: 1992 | Min utgåve: 2019 | Format: Innbundet frå biblioteket, 149 sider | Forlag: Pax | 

torsdag 25. juni 2020

Lesesirkel 1001 bøker: "Navnebroren" av Jhumpa Lahiri

Den indisk-amerikanske forfatteren Jhumpa Lahiri har skrevet både romaner, novellesamlinger og sakprosa. I 2013 var romanen The Lowland/Våtmarken kortlista til Booker-prisen, og for novellesamlinga The Interpreter of Maladies/Lidelsenes tolk mottok ho fleire priser. Navnebroren er debutromanen til Lahiri.

Handlinga i Navnebroren går frå 1968-2000, og me følger i hovudsak bengaleren Nikhil 'Gogol' Ganguli. Hans far, Ashoke, er stor fan av forfatteren Nikolaj Gogol, og på grunn av uforutsette omstendigheter går Gogol under eit litt rart namn i årevis. Navnebroren er ein spesiell historie, og den gir eit meget godt bilete av korleis det er å vera indisk i USA. Drypp frå resten av Gogols familie kjem innimellom, og spesielt Gogols mor, Ashima, vokser fram til eit imponerande portrett. Uansett korles ein vrir og vender på det så er ikkje kjærleiken lettare om ein er amerikaner eller inder. Ashima undra seg over dette mot slutten om det hadde vore enklere å forelska seg først i sin mann også gifte seg. Ho hadde bestemt seg på ein halvtime om ho ville ha mannen foreldrene presenterte for ho, og forelska seg over tid. Eg har tidlegare lest dei nemnte bøkene over, og debutromanen er eit godt stykke arbeid.


I desember bestemte eg at dette var lesesirkelboka for januar, men den vart aldri lest då. Ei heller vart ingenting anna lest eller ombestemt for januar for i mitt stille sinn måtte eg bare få lest denne. Den siste halvanna veka har eg lest til og frå for Navnebroren krever konsentrasjon. Den er meget godt skrevet, og vitner om at Lahiri har ein viss peiling. Forfatteren er sjølv vokst opp i USA med bengalske foreldre som ønska at dottera skulle lære om sitt bengalske opphav. Navnebroren anbefales!

XOXO

| Originaltittel: The Namesake | Utgitt: 2003 | Norsk utgåve: 2004, omsett av Mona Lange | Format: Innbundet papirbok, 288 sider | Forlag: Gyldendal | 

tirsdag 9. juli 2019

Lesesirkel 1001 bøker: "Julis folk" av Nadine Gordimer

Den sørafrikanske forfatteren Nadine Gordimer (1923-2004) er ein velkjent og anerkjent forfatter. I 1991 mottok ho Nobelprisen i litteratur, og skreiv i all hovudsak om apartheid i Sør-Afrika. Begge bøkene som står på 1001-lista, Julis folk og Burgers datter, vart bannlyst under apartheidregime.

I Julis folk møter me den kvite familien Bam og Maureen Smales som har flykta med sine tre barn frå Johannesburg. I sin tjener Julis landsby har dei søkt tilflukt, og ein kvit mann har knapt nokon gong satt sin fot i den avsidesliggande buplassen. Juli har vore tjenaren deira i femten år i byen, men nå er dei avhengig av han på ein heilt anna måte. Over heile Sør-Afrika herjer krigen, og uten at dei ville det sjølv er Juli blitt familiens vert, frelser og vokter. Familien må tilpasse seg dei fargas tilværelse, og finne ein måte å overleve på i ei verd som er heilt ukjent for dei.

Nadine Gordimer teikner eit bilete som er heilt ulikt mykje anna eg har lest, og viser forholdet mellom farga og kvit motsatt veg. Romanen er ikkje lang, men på 150 sider klarer Gordimer å vise fortvilelse, maktløyse, små seirer i kvardagen og med ein så open slutt at eg er faktisk ikkje sikker på kven som er død eller levande ved bokas siste side. I etterordet skrevet av Ebba Haslund står det at Nadine Gordimer ikkje oppfatta seg som ein politisk dikter:
Men, sier hun, når man ærlig og oppriktig skildrer det samfunn man lever i og dette samfunn er i vilt opprør, så blir man uvegerlig en politisk forfatter. (s. 147) 
Julis folk tar ikkje så lang tid å lese på grunn av dei korte sideantallet, men det skal du ikkje la deg lure av. Den må pauses innimellom for å ta inn inntrykkene. Anbefales!

XOXO

| Originaltittel: July's People, omsett av Toril Moi | Utgitt: 1981 | Min utgåve: 1984 | 
Format: Innbundet, 149 sider | 

søndag 10. mars 2019

Lesesirkel 1001 bøker | "Tiggerpiken" av Alice Munro

Den canadiske forfatteren Alice Munro (f. 1931) mottok Nobelprisen i 2013 for sine noveller i verdsklasse. Det er fleire meiningar om at det var på høg tid ho mottok prisen, og då Munro heller ikkje kunne kome sjølv for å ta imot prisen pga helserelaterte problemer sier det litt om at det var på overtid. Tiggerpiken var den første av Alice Munros bøker som vart gitt ut i Noreg (i 1982), og i tillegg til Nobelpris har Munro figurert på Booker-prisens shortlist i 1980 med Tiggerpiken. I tillegg til nemnte novellesamling er Lives of Girls and Women på 1001-lista.

I Tiggerpiken. Fortellinger om Flo og Rose strekker forteljingane seg over 30 år. Flo er stemora til Rose, ei praktisk og mistenksom dame som tar over driften i butikken etter Roses mor døyr. Rose er ei skuleflink og sjenert jente som forlater småbyen då ho får eit stipend og begynner på universitetet. Etterkvart blir ho gift og mor, men sliter med å finne ut av rolla si i samfunnet. Det er i alt 10 forteljingar om damene som saman med tittelnovella Tiggerpiken (som kjem ca midt i boka) utgjer nesten eit heilt liv.



Alice Munro har gode setningar, og god kunnskap om datidens Canada, men eg klarer ikkje å relatere til Flo og Rose. Eg veit at eg har prøvd denne boka ein gong før, og då ga eg opp etter to forteljingar. Denne gongen har eg tvunget meg gjennom heile boka, og sitter igjen med ... svært lite. Det trenger ikkje bety at boka er dårleg, bare at den ikkje passer for meg. Eg skulle så klart ha ønska at den var noko for meg, men det er ikkje så sjelden at forfattere som alle syns er fantastiske ikkje er det for meg. 

Nobelprisen går tross alt til meir enn kun ei bok, og etter som eg såg på biblioteket har dei fleire bøker av Munro, så eg må nok prøve eit par til før eg avskriver den canadiske forfatteren heilt.

Tiggerpiken står som nemnt på 1001 bøker-lista, og er mitt bidrag i lesesirkelen min for mars. Temaet er kvinneleg forfattar, og eg håper du er med og leser.

| Originaltittel: The Beggar Maid, oversatt frå engelsk av Aase Gjerdrum | Utgitt: 1978 | Min utgåve: 2015 |  Format: Heftet, 271 sider | Forlag: Gyldendal |

XOXO

søndag 3. mars 2019

Lesesirkel 1001 bøker: "Veronika vil dø" av Paulo Coelho

Den brasilianske forfatteren Paulo Coelho (f. 1947) er lest og beundra i over 100 land, og har mottatt ei rekke priser for sine romaner. Han er mest kjent for romanen Alkymisten frå 1988, men det er fleire av hans romaner som er gitt ut i Noreg. Veronika vil dø står på 1001-lista saman med Djevelen og frøken Prym.

Veronika vil dø handler om unge og vakre Veronika som har bestemt seg for å dø. Ho har to grunner til det: Den eine er at ho har innsett at ho kjem til å gammal. Den andre er at det er så mykje gale i verda. Etter eit mislykka sjølvmordsforsøk med sovetabletter (for ho vil nødig såra foreldra meir enn nødvendig og dei skal sleppe å sjå ho bli skrapt opp av asfalten) blir ho lagt inn på sjukehus. Der blir ho fortalt at hjartet hennar vart så skada i sjølvmordsforsøket at ho har ei veke igjen å leve. Saman med andre innlagte (av ulike årsaker) prøver Veronika å finne ut kva galskap er, og om ho verkeleg har lyst til å dø.


Eg forstår at Paulo Coelho er beundra av mange, men dette held ikkje for meg. Eg finner teksten platt og gjennomsiktig, eg kjem aldri innpå nokon av karakterene, og spesielt årsakene til kvifor Veronika vil dø er ikkje gode nok for meg. Å ville dø fordi du ein dag skal bli gammal er noko du bare må leve med. Men alle dei galne tinga i verda kan ein jo gjere noko med, eller i det minste hjelpe til med. Om det er klimaet eller søppel eller what not. På Goodreads er det delte meiningar om romanen - frå dei høgaste femmarane til dei lågaste einarane. Det virker som det er ein roman du enten elsker eller hater, og for min del trur eg dette er ei bok eg kunne ha elska for 10 år sidan. I dag har eg ei høgare preferanseramme enn eg hadde då, og tar ikkje alt for god fisk. Veronika vil dø vart i dette tilfelle kun eit kryss.

Veronika vil dø står som nemnt på 1001 bøker-lista, og er mitt bidrag i lesesirkelen min for februar. Mars-boka håper eg at eg liker betre enn denne.

Originaltittel: Veronika Decide Morrer, oversatt frå portugisisk av Anne Elligers | Utgitt: 1998 | Min utgåve: 1999 | Format: Innbundet, 218 sider | Forlag: Ex Libris i 1998, nå Bazar |

XOXO

lørdag 16. februar 2019

Lesesirkel 1001 bøker: "Kvelande kjærleik" av Elena Ferrante

Det italienske forfatternamnet Elena Ferrante er eit pseudonym og det er svært få i verda som veit kven som eigentleg skriver om Napoli, og dei etterkvart meget kjente bøkene om Elena og Lila. Før Napoli-kvartetten skreiv Ferrante enkeltståande romaner, og det som er gitt ut i Noreg blir publisert av Samlaget. Nynorsk fungerer veldig godt for Ferrante, men som eg skal sei meir om lenger nede får eg ikkje Ferrante til å fungere for meg.

Kvelande kjærleik er debutromanen til Ferrante og her møter me Delia som er midten av 40-åra, og romanen beskriver eit trøblete forhold mellom mor og dotter. Delia bur åleine, og får mora på besøk innimellom. Det irriterer Delia grenselaust då mora ikkje sitter stille på besøk, men rydder og vasker overalt. Ikkje lenge etter siste besøk forsvinner mora sporlaust og dukker etterkvart opp i sjøen iført undertøy Delia aldri kunne tenkt seg at mora eigte. For å komme til bunns i saken om mora blir Delia nødt til å rekonstruere moras siste dager, og reiser til heimbyen Napoli på jakt etter svar.

Eg innrømmer først som sist at eg har skumma store deler av boka, og det same gjorde eg med forrige enkeltståande roman, Svikne dagar, og med siste bok i Napoli-kvartetten. Elena Ferrante har godt språk og gode setningar, men eg får det ikkje til. Eg leser kun for å lese, kun for å få kryss og det stemmer ikkje for meg. Temaene, som her om forholdet mellom mor og dotter, interesserer meg ikkje og eg undrer meg over om det kan vera fordi eg ikkje har eit slik forhold til mi mor. Når ein forfatter er så bejubla er det litt sårt å ikkje like bøkene og ikkje juble når det kjem ei ny bok.


Kvelande kjærleik er i 1001 bøker, og ubesluttsomme meg har lagt denne til i januar-kategorien i lesesirkelen min (eg har sikkert endra bokvalg 3 gonger for den månaden). Har du problemer med enkelte forfattere som andre elsker?

| Originaltittel: L'amore molesto, oversatt av Kristin Sørsdal | Utgitt: 1992 | Min utgåve: 2018 | Format: Innbundet, 171 sider | Forlag: Samlaget |

XOXO

fredag 11. mai 2018

Bok: "Doctor Zhivago"

Forfatter: Boris Pasternak (1890-1960)
Originaltittel: Доктор Живаго, omsett av Richard Pevear og Larisa Volokhonsky
Utgitt: 1957
Min utgåve: 2011
Format: Lydbok, lest av Philip Madoc, 18t25min38sek
Forlag: Random House

Den russiske forfatteren Boris Pasternak vart fødd i Moskva der faren jobba som maler og illustratør for Tolstoj. Pasternaks einaste roman, Doctor Zhivago, mottok han nobelprisen for i 1958, men Pasternak har skrevet mange noveller og dikt. Doctor Zhivago var bannlyst i Sovjetunionen fram til 1988, men det hindra ikkje forleggere i å både trykke opp og gi den ut på fleire språk.


Doctor Zhivago handler om Yuri Zhivago som er doktor og poet. Det første møtet med Zhivago finner sted i hans mors begravelse då Zhivago er ti år, og han blir tatt hånd om av sin morbror då faren lenge har vore ute av biletet. Sentralt i historien står forholdet mellom Zhivagos to kvinner: Hustruen Tonja, men aller fremst den vakre Lara. Pasternak spenner opp eit lerret like stort som i Tolstojs Krig og fred med eit stort antall ulike mennesker og historier. Temaene i romanen er mange slik som det historiske, men og dei psykologiske som melankoli, ensomhet, kjærlighet, skyld og skjebne.

Eg har veksla litt mellom papir og lyd, og heldigvis for mitt velbefinnende fant eg ein flott oversikt over hovudpersonene i romanen i papirutgåva. Som andre russiske forfattere eg har lest er det sjølvsagt med fleire namn på kvar person og då gjelder det å halde tunga beint i munnen. Romanen er god, det er det ingen tvil om, men eg held ennå fast på at Anna Karenina er hakket lettere å lese enn Doctor Zhivago, om enn ikkje så romantisk anlagt.

XOXO

fredag 3. november 2017

1001 bøker/Booker 1989: "Resten av dagen"

Forfatter: Kazuo Ishiguro (f. 1954)
Originaltittel: The Remains of the Day, omsett av Kari og Kjell Risvik
Utgitt: 1989
Min utgåve: 1990
Format: Innbundet, 264 sider
Forlag: Cappelen Damm

Den japanskbritiske forfatteren Kazuo Ishiguro mottok tidlegare i år Nobelprisen i litteratur for sitt forfatterskap. Han har ikkje skrevet så altfor mange bøker, men eg har høyrt godt om dei. I løpet av den neste månaden skal eg lese fleire av hans bøker og eg ser fram til å oppdage hans forfatterskap.

I romanen Resten av dagen treffer me den britiske butleren Stevens som i ei årrekke har jobba på lord Darlingtons gods. Nå er det ein amerikaner som har kjøpt godset etter lordens død, og han er ein heilt anna type enn den gamle lorden. Då Mr Farraday etter ei tid på godset annonserer at han skal på ferie tilbyr han Stevens å låne bilen, og ta seg ein ferie. Stevens som knapt har vore på ferie i sitt liv tar imot det sjenerøse tilbodet og legger ut i retning mot ein tidlegare ansatt på godset. Miss Kenton, den tidlegare hushaldersken, forlot godset brått for omtrent tjue år sidan, og undervegs på reisen undrer Stevens seg om han ikkje skulle ha avvist hennar tilnærmingar då dei begge jobba på godset.


Handlinga er lavmælt og fortetta og ut av den kjem eit bilete av Imperiet England, og dens utvikling gjennom auga på butleren. Undervegs på reisa tenkjer han tilbake på sitt virke og sine haldninger, og treffer i tillegg mennesker som stiller spørsmål ved hans eksistens og livsverk.

Når du har nærmare 8 timer tilgjengelig på toget frå Oslo til Stavanger ein søndag så velger du dine bøker med omhu. Resten av dagen vart valgt på grunn av sin størrelse, og på grunn av at mitt førsteinntrykk var ein ytterst keisam film med Emma Thompson og Anthony Hopkins i hovudrollene. I løpet av romanen vart min konklusjon at det var ein dårleg dag å sjå filmen på, og at det er ein god del år sidan eg såg den. Resten av dagen er ikkje spennande i så måte, den er heller interessant med gode skildringar, godt språk og ei aldri keisam handling. Anbefales!

XOXO

onsdag 25. oktober 2017

BTTC 2017: "Opptegnelser fra et kjellerdyp"

Forfatter: Fjodor Dostojevskij (1821-1881)
Originaltittel: Записки из Подполья, omsett av Gunnar Opeide
Utgitt: 1864
Min utgåve: 2002
Format: Lydbok lest av Axel Aubert, 4t33min54sek
Forlag: Solum

Den russiske forfatteren Fjodor Dostojevskij er mest kjent for romanen Forbrytelse og straff, men har og skrevet romanen Brødrene Karamazov. Opptegnelser fra et kjellerdyp er min andre Dostojevskij-roman, men blir neppe den siste. Romanen er lest i forbindelse med Back to the Classics-utfordringa i kategorien Russian Author sidan det er 100 år sidan den russiske revolusjon.

Kjellermennesket, som romanen og er kjent for i norsk oversettelse, meiner han er ond, sjuk og fråstøytande. I sitt kjellerrom beskriver han sitt liv, sine tanker og sin fremtid i kjelleren på ein underfundig måte. Romanen er såvidt 100 sider lang, men rommer eit vell av filosofiske tanker og romanen er eit skilje i forfatterens bibliografi. Eg trur det er eit enten eller om du liker romanen eller ei, men det første eg tenkte på under høyringa av Opptegnelser fra et kjellerdyp var Knut Hamsuns Sult.

Sistnemnte roman vart utgitt nesten 30 år seinare, men Knut Hamsun var inspirert av Dostojevskij, og då er det ikkje så rart at eg tenkte på Sult. Opptegnelser fra et kjellerdyp var ein interessant andre-Dostojevskij, men eg må nok ha eit par romaner til før eg gjer meg opp ei meining om den russiske forfatteren.

XOXO

tirsdag 10. oktober 2017

BTTC 2017: "The Waves"

Forfatter: Virginia Woolf (1882-1941)
Utgitt: 1931
Min utgåve: 2013
Format: Lydbok, 9t3min35sek, lest av Julia Franklin
Forlag: Whole Story Audiobooks

Den britiske forfatteren Virginia Woolf er kjent for sine mange romaner, og var i mellomkrigstiden ein velkjent figur i Londons sosietet. Med romaner som Mrs Dalloway, To the Lighthouse og Orlando er det få i litteraturverda som ikkje har lest Virginia Woolf. The Waves er lest i forbindelse med Back to the Classics-utfordringa i kategorien Woman Author.

The Waves, eller Bølgene som den heiter på norsk, handler om dei seks barna Bernard, Susan, Rhoda, Neville, Jinny og Louis. Dei møter kvarandre i ein hage ved sjøen der stemmane deira til stadighet overgår bruset frå bølgene. I løpet av romanens 9 timer vokser barna opp og følger sine eigne karrierestiger og ambisjoner, men stadig i kontakt med kvarandre og bølgene.


Dette er min tredje Woolf-roman, og sjølv om eg likte godt Mrs Dalloway så er eg høyst usikker på om Virginia Woolf er noko for meg. Det blir for lite konkret og for surrealistisk til at eg klarer å halde følge. Woolf skriver bra, men på lydbok (som eigentleg ikkje fungerer for denne boka) går eg glipp av mykje. Seks personer i ei lita bok med kvar sin historie er hakket for ambisiøst syns eg, men for andre kan det saktens fungere.

XOXO

søndag 16. oktober 2016

1001-lesesirkel: "War and Peace"

Forfatter: Leo Tolstoy (1828-1910)
Originaltittel: Война и миръ, oversatt av Anthony Briggs
Utgitt: 1869
Min utgåve: 2006
Format: Heftet frå bokhylla, 1399 sider
Forlag: Penguin
Anna: Eg har brukt papirutgåva kun for å finne ut kor langt eg hadde kome, og har lytta meg gjennom boka via Storytel. Eg har høyrt Neville Jason sin stemme gjennom del 1 (30t20min1sek) og del 2 (31t24min53sek)

Den russiske forfatteren Leo Tolstoy har skrevet berømte bøker som War and Peace og Anna Karenina, og blir lest den dag i dag. Eg har i tillegg til War and Peace lest Anna Karenina, The Death of Ivan Ilych og The Kreutzer Sonata.

Handlinga i War and Peace går føre seg under Napoleonskrigen i Russland på 1800-talet, og fletter inn fem prominente familier som på kvar sin måte deltar i krigen. Franskmennene invaderer Russland, og dei tre unge menneskene, Pierre Bezúkhov, Andréy Bolkónsky og Natásha Rostóv må finne sin veg gjennom urolighetene. Dei er alle medlemmer av Moskva og St. Petersburgs sosietet, og kjenner kvarandre godt. Den eldre generasjonen har sine verdiar som dei ønsker å videreføre til sine unge og håpefulle, medan sistnemnte er i sentrum for ei rekke kjærleiksintriger. War and Peace er ein lang og kompleks roman med ei lang rekke karakterer og når samtlige har fleire namn (typisk russisk) må ein halde tunga beint i munnen for å følge med.


I januar dette året vart det annonsert at ei ny filmatisering var på veg til fjernsynet. Ei tid før dette bestilte eg meg ein flunkande ny oversettelse av Tolstoys berømte verk og starta friskt. Etterkvart gjekk eg lei av TV-serien (halvanna episode seinare) og boka vart liggjande brakk. Storytel vart nok ein gong redninga, og 60t seinare var eg i mål. Spørsmålet eg har stilt meg i nærmare 2 veker er: Korleis skrive om ein roman alle har lest? Korleis rettferdiggjere dette verket? Sannheten er at eg koste meg ikkje på langt nær like mykje med War and Peace som eg gjorde med Anna Karenina. Eg meiner framleis fire år etter eg las sistnemnte at den er ikkje tung å lese i det heile tatt. War and Peace derimot var ein del tyngre. Eg tviler på at eg hadde komt gjennom utan lydboka!

Eg kan ikkje i dag sitere noko særleg frå romanen, og kan slettes ikkje huske alle detaljer, men eg kan råmaterialet og eg kan med handa på hjartet seie at eg har lest War and Peace. Kryss i taket har eg og fått! I Lines lesesirkel for oktober er kategorien filmatisert roman. War and Peace er filmatisert fleire gonger, og eg har prøvd meg på ikkje mindre enn 4 (!) stk. Ingen av dei ga kryss i taket, men det var interessant å sjå ulikhetene med tanke på skodespelarar, regissører og årstal. Når filmane vart lagd i 1956 (med Audrep Hepburn som Natásha), 1972 (med Anthony Hopkins som Pierre), 2007 og 2016 så er det mange ulikheter. Eg skal ikkje gå innpå dei, men det seier seg sjølv at kvaliteten blir betre etterkvart.

XOXO

søndag 21. august 2016

1001 bøker/Bookershortlist 1989: "Katteøyet"

Forfatter: Margaret Atwood (f. 1939)
Originaltittel: Cat's Eye, oversatt av Inger Gjelsvik
Utgitt: 1988
Min utgåve: 1989
Format: Innbundet, 439 sider
Forlag: Aschehoug

Den canadiske forfatteren Margaret Atwood har nærmare 35 utgivelser bak seg av poesi, essay, noveller og romaner, og er ein meget populær forfatter. Ho har i årenes løp mottatt ei rekke priser, og med Katteøyet var det andre gong ho var på Bookers shortlist.

I Katteøyet møter me Elaine i ulike stadier av livet. Fram til 8-årsalderen er Elaine vant til å køyre mykje bil då faren som er insektsforsker i felten er på stadig jakt etter insekter. Saman med foreldra og storebroren Stephen er Elaine vant med telt, primus og provisoriske leiker. Etterkvart får faren ein ny stilling ved universitetet i Toronto, og familien kjøper hus. Møtet med skulekvardagen blir til tider vanskeleg då Elaine er meir vant med gutter enn jenter. Foreldra hennar er ikkje som andre foreldre, og Elaine drøymer stadig om jenteting. Venninnene Carol, Grace og spesielt Cordelia er vennlege for det meste, men Elaine blir til stadighet ein hakkekylling, og det tar fleire år før ho tar igjen og slutter simpelthen å vera venner med dei.

Barndommen ser Elaine tilbake på då ho befinner seg i Toronto for sin eigen kunstutstilling. Dagleglivet hennar er nå i Vancouver med sin andre ektemann og med døtre på college. Etterkvart veks Elaine opp, ser broren dra ut i verda og blir astrofysiker, og Elaine vurderer ein karriere innan biologi. Ein dag går ho lei av dette og ser kunstnardraumen langt framme. Etter ein affære med kunstlæraren blir ho gravid med ein anna mann, gifter seg, skiljer seg, gifter seg på nytt og fortsetter livet med ny mann, mitt, ditt og vårt barn. I fleire tilbakeblikk får me vite korleis det gjekk med Cordelia, og med Stephen og foreldra.


Margaret Atwood er ein meget god forfatter, og ein oppvekst i etterkrigstidens Canada er det få som kan skildre slik som Atwood. Katteøyet er godt skrevet, skildringane er i toppklasse kva angår jentemakt i skulealder, og eg kan levande forestilla meg Elaine som heller vil sitja heime med ei bok enn å vera med venninnene i deira ulike sinnsstemningar. Då eg las Den blinde morderen av same forfatter tidlegare i år var det vanskeleg å leggje den vekk fordi den var så altoppslukande, og den var skrevet på same stillferdige måte som Katteøyet. Katteøyet klarer ikkje å fange meg på same måte, og minner meg om både Elena Ferrante med sine venninneforhold og Siri Hustvedt med sine kunstparagrafer. Ingen innertier, men muligens det nå er på tide og lese MaddAdam-trilogien.

XOXO

tirsdag 26. juli 2016

1001 bøker/Back to the Classics #5: "Things Fall Apart" (The African Trilogy #1)

Forfatter: Chinua Achebe (1930-2013)
Utgitt: 1959
Min utgåve: 2009
Format: Heftet frå bokhylla, 209 sider
Forlag: Anchor Books

Den nigerianske forfatteren Chinua Achebe er eit nytt namn for meg, men med fleire bøker på 1001-lista blir det ikkje siste gongen han dukker opp på bloggen. Achebe har vore innom radio og undervisning, publisert romaner, noveller, essay og barnebøker. I 1987 var han nominert til Bookerprisen for romanen Anthills of the Savannah, og i 2007 mottok han den internasjonale Bookerprisen (då det framleis gjekk til eit forfatterskap). Eg har slått to fluer i ein smekk, og Things Fall Apart har eg lest til Lines lesesirkel med Afrika som tema i juli og i Back to the Classics-utfordringa med Non-White Author som kategori.

I Things Fall Apart møter me bryteren og krigeren Okonkwo som nyter frykt og berømmelse langt utover landegrenser. Han har bygd opp sin heim med sine tre koner og barneflokk i ein landsby i Nigeria, men då han ved eit uhell dreper ein klansmann blir han som tradisjonen tru sendt i eksil. Okonkwo må pakke med seg koner og barn, og flytte til sin mors familie. Då han kjem tilbake til landsbyen sin har verda blitt snudd på hovudet og koloniguvernører og misjonærer har tatt over landsbyen. Dette syns ikkje Okonkwo noko om, og dette kan kun ende i tragedie.

Chinua Achebe beskriver eit land og eit levesett som er totalt framand for meg, men han gjer det på måte som driver boka framover. Dagleglivet til Ibo-stammen i Vest-Afrika består av få ting, men gjennom Achebe lærer me om stammens familiære forhold, levesett, avstraffelser og normer og regler. Hovudpersonen Okonkwo er ein streng og urettferdig mann som ikkje er redd for å ta i eit tak, enten det gjelder husbygging eller avstraffelse av koner og barn. Han er negativt innstilt til misjonærene på forhånd, og ser ned på sin eigen son då han vil lære av misjonærene. Eg har ikkje stort til overs for folk som preker om eit betre levesett om du bare trur på høgare makter, men i dette tilfellet er misjonærane betre enn Okonkwos levesett då dei forkynner kjærleik, tar seg av ikkje-øsnka spebarn og utstøtte landsbyboere. Things Fall Apart er ein berg-og-dal-bane av ei bok!

XOXO

PS. Marianne skreiv litt om boka for nokre år sidan, og meiner den er eit tilsvar til Heart of Darkness.

tirsdag 28. juni 2016

1001 bøker/Booker-vinner 2000: "Den blinde morderen"

Forfatter: Margaret Atwood (f. 1939)
Originaltittel: The Blind Assassin, oversatt av Inger Gjelsvik
Utgitt: 2000
Min utgåve: 2004
Format: Heftet frå bokhylla, 628 sider
Forlag: Aschehoug

Den canadiske forfattaren Margaret Atwood har skrevet eit titalls romaner og noveller sidan debuten med The Edible Woman i 1969. Atwood har mottatt fleire høgthengande litteraturpriser i karrieren, blant anna Booker-prisen i 2000, og plass på shortlist for same pris i 1986, 1989, 1996 og 2003. Atwood blir ofte nemnt i forbindelse med Nobel-prisen, og håpet mitt er at det blir hennar tur ganske snart. Den blinde morderen er mi tredje Atwood-bok, men det blir neppe den siste.

I Den blinde morderen blir me kjent med Iris Griffen. Ho er i 80-åra, sjuk, einsam og fattig, men på ingen måte utan viljestyrke. I løpet av over 600 sider fortel Iris om sitt og lillesøstra Lauras liv i Ontario, Canada på 30- og 40-talet. Historien fortel om kjærleik og oppbrot, ekteskap, forelskelse, ein velståande heim og familiesagaen. Vevd inn i historien kjem Lauras roman, "Den blinde morderen". Romanen forårsaka sjokk i si samtid, og trådane frå den kan på ekte Atwood-vis trekkas til Iris' beretning. Livet har på ingen måte vore ein dans på roser for Iris, men ho er ikkje klar til å legge inn årene før ho har skrevet sin eigen familiehistorie. Kanskje kjem barnebarnet heim ein dag og les det ho har skrevet. Muligens vil det lette trykket som førte Sabrina ut i den store verda. Iris har håp!


Den blinde morderen tok eg med heim frå bokbordet frå forrige bokbloggtreff, og den har blitt liggande. Eg har eit mål for øyeblikket om å lese meir frå bokhylla, og så langt fungerer det. Boka starta stille og forsiktig, og var det eg trengte akkurat då. Sengelektyren var satt, men så skjedde det ein masse ting i boka, og eg klarte ikkje å legge den frå meg. Sidene føyk avgarde, og eg som vanlegvis les i fleire papirbøker om gongen leste kun denne. Iris Griffen er ei skjønn dame som muligens burde vore på ein aldersheim med dei matvanane, men med Myra i nabolaget er det ingen fare. Familiehistorien hennar er intrikat og på grensa til forsømmelse, og minner ikkje reint lite om Diane Setterfields The Thirteenth Tale.


I oppveksten var søstrene Iris og Laura godt beskytta, muligens ein anelse for mykje, og det ligger mykje mellom linjene i historien. Slutten er på sin måte sjokkerande, men i ekte Atwood-ånd. Den blinde morderen har fått fram mange ulike sinnsstemninger i meg, og eg forstår veldig godt kvifor Margaret Atwood mottok Booker-prisen i 2000. Dei siste åra har eg lest meir og meir på originalspråket, men når eg hadde den norske oversettelsen så las eg den. Eit par gonger har eg stussa over ordvalget til oversettaren, men alt i alt bra jobba. Varmt anbefalt!

XOXO

søndag 5. juni 2016

1001-sirkel: "Det jeg elsket"

Forfatter: Siri Hustvedt (f. 1955)
Originaltittel: What I Loved, oversatt av Bodil Engen
Utgitt: 2002
Min utgåve: 2012
Format: Heftet, 411 sider
Forlag: Aschehoug

Den amerikanske forfatteren Siri Hustvedt er fødd og oppvokst i USA med norske foreldre. Hennar seinaste roman, Denne flammende verden, var på Bookers liste i 2014. Mi første Hustvedt-bok var essaysamlinga Livet, tanken, blikket i januar 2014, og det frista til meir og dei to første bøkene, Med bind for øynene og Lily Dahls fortryllelse vart lest same sommar. Romanen er lest i forbindelse med Lines lesesirkel og kategorien Nålevende amerikanere.

I Det jeg elsket er me i New York, og i løpet av boka følger me to familier gjennom tjuefem år. Familiene bur i kvar sin etasje i det same huset i Soho, dei er kunstnere på kvar sine plan, intellektuelle mennesker og begge parene får ein son nesten på same dag. Lukka er komplett! I fleire år ferierer dei saman, og lærer meir om kvarandre enn naudsynt, men dei lever tett i utgangspunktet så det går helst greit. Så skjer det som ikkje skal skje, og ein av familiane mister sonen sin. Verda faller i grus for alle, og korleis går ein vidare frå når livet går ein imot? Dei fem som står igjen reagerer på kvar sin måte, og sakte, men sikkert detter grunnmuren ut under samholdet. Til slutt står det ein standhaftig igjen.

Siri Hustvedt kan skrive - det er ingen tvil om det, men i denne romanen har eg hatt store problem med å lese vidare og fullføre. Ikkje fortvil, Det jeg elsket er fullført, men det var ikkje utan ein viss lettelse. Då eg las dei to føregåande romanane føyk sidene avgarde, men her kvidde eg meg for å opne den. Historien om familiane fenga meg ikkje, det var for mykje utanomsnakk eg ikkje bryr meg om, og i det heile ingen god oppleving. Eg veit at Siri Hustvedt kan trollbinde meg til boksidene, og heldigvis har eg fleire romanar av norskamerikaneren.

XOXO