Søk i denne bloggen

tirsdag 26. juli 2016

1001 bøker/Back to the Classics #5: "Things Fall Apart" (The African Trilogy #1)

Forfatter: Chinua Achebe (1930-2013)
Utgitt: 1959
Min utgåve: 2009
Format: Heftet frå bokhylla, 209 sider
Forlag: Anchor Books

Den nigerianske forfatteren Chinua Achebe er eit nytt namn for meg, men med fleire bøker på 1001-lista blir det ikkje siste gongen han dukker opp på bloggen. Achebe har vore innom radio og undervisning, publisert romaner, noveller, essay og barnebøker. I 1987 var han nominert til Bookerprisen for romanen Anthills of the Savannah, og i 2007 mottok han den internasjonale Bookerprisen (då det framleis gjekk til eit forfatterskap). Eg har slått to fluer i ein smekk, og Things Fall Apart har eg lest til Lines lesesirkel med Afrika som tema i juli og i Back to the Classics-utfordringa med Non-White Author som kategori.

I Things Fall Apart møter me bryteren og krigeren Okonkwo som nyter frykt og berømmelse langt utover landegrenser. Han har bygd opp sin heim med sine tre koner og barneflokk i ein landsby i Nigeria, men då han ved eit uhell dreper ein klansmann blir han som tradisjonen tru sendt i eksil. Okonkwo må pakke med seg koner og barn, og flytte til sin mors familie. Då han kjem tilbake til landsbyen sin har verda blitt snudd på hovudet og koloniguvernører og misjonærer har tatt over landsbyen. Dette syns ikkje Okonkwo noko om, og dette kan kun ende i tragedie.

Chinua Achebe beskriver eit land og eit levesett som er totalt framand for meg, men han gjer det på måte som driver boka framover. Dagleglivet til Ibo-stammen i Vest-Afrika består av få ting, men gjennom Achebe lærer me om stammens familiære forhold, levesett, avstraffelser og normer og regler. Hovudpersonen Okonkwo er ein streng og urettferdig mann som ikkje er redd for å ta i eit tak, enten det gjelder husbygging eller avstraffelse av koner og barn. Han er negativt innstilt til misjonærene på forhånd, og ser ned på sin eigen son då han vil lære av misjonærene. Eg har ikkje stort til overs for folk som preker om eit betre levesett om du bare trur på høgare makter, men i dette tilfellet er misjonærane betre enn Okonkwos levesett då dei forkynner kjærleik, tar seg av ikkje-øsnka spebarn og utstøtte landsbyboere. Things Fall Apart er ein berg-og-dal-bane av ei bok!

XOXO

PS. Marianne skreiv litt om boka for nokre år sidan, og meiner den er eit tilsvar til Heart of Darkness.

3 kommentarer:

  1. Ser ut som vi har hatt samme oppfattelsen av denne boka. Vi gravde oss ned i tematikken på UiS studiet, det britiske imperiet-kolonitiden. Spennende del av engelskstudiet! Som fikk meg til å innse, at jeg har ennå en Joseph Conrad bok i hylla. Hyggelig med link, takk! Så får vi se hvilke forfattere som kommer på langlisten.. Vurderer å vente til kortlisten egentlig, for dette er første året jeg vil se på booker-lista. (Som om jeg ikke har nok lister :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har lest Heart of Darkness, men trur eg har The Secret Agent liggande.

      Gler meg til i morgon - dette har vore ein lang dag!

      Slett
  2. Denne må leses snart, skjønner jeg. Mitt valg for juli stod mellom Achebe og Tayeb Salihs Trekket mot nord, som for øvrig også er en interessant og lesbar roman om en (tidligere) britisk koloni, Sudan. Men det virker som om mitt valg kanskje var en tanke mer poetisk enn Achebes bok.

    SvarSlett