Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten HarperCollins. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten HarperCollins. Vis alle innlegg

tirsdag 25. april 2017

Bok: "Another Brooklyn"

Forfatter: Jacqueline Woodson
Utgitt: 2016
Format: Lydbok, 2t43min32sek, lest av Robin Miles
Forlag: Harper Collins

Den amerikanske forfatteren Jacqueline Woodson har skrevet bøker sidan 1990-åra. Ho har skrevet mest for barn og unge, og Another Brooklyn er den andre romanen for vaksne sidan 1995. Ho har vore på lista til ei rekke litteraturpriser, og har blant anna mottatt National Book Award i 2014.

Another Brooklyn handler om August som etter 20 år vender tilbake til Brooklyn. Faren er døande av leverkreft og etter hans død og begravelse reiser ho til farens leilighet i New Yorks bydel. Her møter ho barndomsvenninna Sylvia, og minnene frå 70-åra strøymer på. August og broren var begge fødd i Tennessee, men etter moras sjølvmord flytta faren med begge barna til Brooklyn. Faren klarer ikkje å fortelje barna om moras skjebne, og forklarer at mora kjem i morgon, i morgon, i morgon. August er fascinert over byen, men lever eit skjerma liv. To år etter flyttinga finner faren Gud i form av islam, og eit nytt religiøst liv begynner. August og venninnene lærer tidleg at dei må finne sin eigen veg ut av Brooklyn, og mykje av livet deira utanfor heimen blir gjort i det skjulte.

Jacqueline Woodson maler eit bilete av eit Brooklyn i 70-åra der afroamerikanere framleis kjempa for sin plass i samfunnet. Det er ein roman om håp, om barndomsminner, om det å overleve, og den humpete vegen frå barn til vaksen. Eg fant Another Brooklyn på lista over Man Booker Prize Eligible 2017 (ekstern lenke), og det betyr lite om den kjem på nominasjonslista eller ei. Romanen har eg høyrt i eit strekk, og den er kunne godt vart ei god stund til. I tillegg er den glitrande lest inn, så finn den gjerne i Storytel. Anbefales!

XOXO

Som ei førebuing til Man Booker Prize i juli prøver eg å få med meg bøker på Goodreads Eligible-liste (ekstern lenke). Another Brooklyn er ein av dei mange bøkene som kan hamne på den gjeve lista.

tirsdag 12. juli 2016

Bok: "The Moving Finger" (JM #4)

Forfatter: Agatha Christie (1890-1976)
Utgitt: 1942
Min utgåve: 2002
Format: Heftet, 299 sider
Forlag: HarperCollins

Den britiske forfatteren Agatha Christie er velkjent for sine romaner om Hercule Poirot og Jane Marple, og har faktisk skrevet nærmare 80 krim-romaner og -noveller. Eg har sett dei fleste Marple-filmatiseringane som er utgitt, men det er interessant å få litt meir kjøtt på dei få beina ei filmatisering gir.

I The Moving Finger har me kome til den lille byen Lymstock der ein såra krigspilot, Jerry Burton, og hans søster, Joanna, har flytta til for ei lita stund. Jerry har fått beskjed frå legen sin om å ta livet med ro ei stund, og fredelege Lymstock ser ut til å vera det rette. Lite veit søskenparet at det stemmer ikkje! Kort tid etter deira ankomst begynner det å florere mystiske brev i enkelte personers postkasser. Brevene er ikkje av den hyggelege sorten, og til og med Joanna får eit brev der det blant anna står at ho og Jerry ikkje er søsken, men ektefeller. Det er reint oppspinn, og dei fleste tenkjer ikkje så mykje over innhaldet i brevene. Det endrer seg drastisk då ei av brevmottakerne tar sitt eige liv. Konklusjonen frå politiet er klar, men miss Marple er ikkje samd i avgjerda. Det tar ikkje lang tid før alle mistenker alle, og heksejakta er i gang. Som alltid veit miss Marple meir enn godt er, og klarer som regel å løyse mysteriet før alle andre.

The Moving Finger er ei av dei betre Marple-romanane, og eg liker veldig godt filmatiseringa og. Det er Jerry Burton som er forteljaren i historien, og då miss Marple ikkje kjem inn i historien før etter nærmare 200 sider er det litt vanskeleg for meg å forstå kvifor det er ein Marple-roman. Uansett så er det ein drivande god historie, og veldig spennande. Om du liker lydbøker og Storytel så er det to utgåver hjå dei, eg har sjølvsagt valgt min favoritt, Richard E. Grant. Anbefales!

XOXO

onsdag 6. juli 2016

Bok: "The Thirteen Problems" (JM #2)

Forfatter: Agatha Christie (1890-1976)
Utgitt: 1932
Min utgåve: 2002
Format: Heftet frå bokhylla, 315 sider
Forlag: HarperCollins

Den britiske forfattaren Agatha Christie er velkjent for sine romanar og noveller om detektiven Hercule Poirot og småbyboeren Miss Jane Marple.

I The Thirteen Problems kjem me inn i Miss Marples stove der fleire personer er samla. Miss Marples nevø, Raymond West, har tatt plass i den store bestefarsstolen, og studerer dei andre gjestene. The Tuesday Night Club er samla, og vanlegvis prøver dei andre gjestene å sette Miss Marple fast med historier om nylege lovbrot. I kveld derimot er det uløyste saker som er diskusjonen og kvar gjest kjem med ein historie. Alle gjestene er i villrede om sakene, men Miss Marple har løysinga, og overraskelsene står i kø for The Tuesday Night Club. Dei første seks historiane er fortalt i Miss Marples stove, dei seks neste i eit middagsselskap hjå Sir Henry Clithering, og den siste tilbake i Miss Marples stove.

The Thirteen Problems er ei festlig novellesamling med mange spennande og intrikate historier, heilt i Agatha Christie-ånd. Det er aldri keisamt, og Christie setter meg fast gong etter gong. Eg har inntrykk av at dette ikkje er av dei mest kjente Christie-bøkene, men den er like fullt lesbar. Raymond West er ein karakter som interesserer meg sjølv om han kun er med i eit par bøker, men i filmatiseringa av Nemesis blir han spelt av ein av mine favoritter, Richard E. Grant. Han har lest inn fleire Marple-bøker, og eg velger som regel han når eg kan. Herleg britisk stemme (og så morsom i dokumentarserien Hotellenes hemmeligheter som har gått på TV). Anbefales!

XOXO

søndag 13. desember 2015

Bok: "The Grand Tour. Letters and photographs from the British Empire Expedition"

Forfatter: Agatha Christie (1890-1976) og Matthew Prichard (editor)
Utgitt: 2012, men skrevet under reisen i 1922
Min utgåve: 2013
Format: Heftet, 376 sider
Forlag: HarperCollins
Mål/utfordringar: Off the shelf, Back to the Classics

Den britiske forfatteren Agatha Christie er velkjent som forfatter av eit titals kriminalromaner om Miss Marple og Hercule Poirot, og adaptasjonane har gått sin seiersgong på norsk TV meir enn ein gong. I fleire av bøkene om Poirot er han ein heilt anna stad enn i Storbritannia, men det som var ukjent for meg var at Agatha Christie har og reist ein del i sitt liv. Hadde eg ikkje vore på Tanum ein dag i september i fjor hadde eg ikkje visst at denne boka fantes.

The Grand Tour handler om ein 10 månaders reise gjennom Sør-Afrika, Australia, New Zealand, Hawaii og Canada i 1922. Gjennom brev til si mor fortel Agatha Christie om eit liv på reise, og bileta utfylle teksten på ein god måte. I forkant av reisen hadde Christie publisert tre romaner, ho var lukkeleg gift med ei lita dotter, Rosalind (mor til Prichard), men det var som om noko mangla i livet. Ein kamerat av Christies mann Archie, Major Belcher, kom til middag ein dag og fortalte om ekspedisjonen han skulle ut som eit ledd i ei utstilling som skulle opne i 1924. Belcher lurte på om Archie Christie var interessert i å vera med. Det endte med at ekteparet Christie vart med Belcher og nokre andre på ekspedisjonen. Brevene heim til mora fortel om utflukter og surfing, om sjøsyke og solbrenthet, glamour og litt mindre glamour, og om livet generelt på ein båt i 10 månader.

Eg innrømmer først som sist at det er ikkje det mest spennande eg har lest i mitt liv, men det var interessant nok. Matthew Prichard har gjort ein grundig jobb med å samanfatte brevene, og har enkelte plasser brukt utdrag frå Christies eigen sjølvbiografi (publisert 1977). Det må ha vore ein opplevelse å vera på tur så lenge, men aldri om eg hadde forlatt ei lita dotter for å reise på tur i 10 månader. Kva som helst kunne ha skjedd både med dei sjølv og med dei heime! Reiseskildringer er ikkje det eg les til dagleg, men for Agatha Christie kan eg overleve det meste.

XOXO

søndag 6. desember 2015

Bok/skodespel: "Macbeth"

Forfatter: William Shakespeare (1563-1616)
Utgitt: Mellom 1603 og 1606
Min utgåve: 2009
Format: Lydbok frå Storytel, 2t10min41sek, lest av ulike skodespelarar
Forlag: HarperCollins
Mål/utfordringar: Back to the Classics

Som ein av dei siste kategoriane i Back to the Classics-utfordringa har eg i tidsklemma tydd til Storytel, og Shakespeares kortaste tragedie Macbeth i kategorien Classic Play. Kvifor eg har utsatt denne kategorien nesten sist er eit mysterium for meg. Årsaken til at eg valde Macbeth framføre mange andre av Shakespeares skodespel kjem eg tilbake til.

Macbeth er som nemnt Shakespeares kortaste tragedie, og handler i korte ordelag om Macbeth som etter ein lovnad frå tre hekser om at han skal bli konge av Skottland, myrder den sitjande kongen. Istadenfor fullstendig lykke ender Macbeth opp med å lære den sanne meininga bak terror, og han fortsetjer med å drepe til døden innhenter ham.

Eg har ikkje så mykje kunnskap om skodespel og korleis vurdere dei, men årsaken til at eg valde Macbeth var fordi eg var bittelitt kjent med historien. I ei amerikansk ungdomsbok frå 90-talet og lest av meg på tidleg 2000-tal, setjer dramaklassen opp Macbeth. Historien blir fortalt til elevane av den utmerka dramalæraren, og det som gjorde mest inntrykk både på elevane i boka og på meg var dei tre heksene.

Denne utgåva frå HarperCollins blir lest av ulike skodespelarar utan at eg nødvendigvis fekk meir med meg av den grunn. Det var likevel ei interessant oppleving, men eg trur eg muligens hadde fått meir med meg hadde eg vald papirformat. Lesson learned! Skodespelarane var utruleg gode, den har lydeffekter og er generelt veldig god. Det er godt mogleg at eg høyrer fleire Shakespeare-skodespel på denne måte, sidan eg ser at Storytel har fleire av same sorten. Anbefales!

XOXO