Søk i denne bloggen

Laster inn...

onsdag 6. juli 2016

Bok: "The Thirteen Problems" (JM #2)

Forfatter: Agatha Christie (1890-1976)
Utgitt: 1932
Min utgåve: 2002
Format: Heftet frå bokhylla, 315 sider
Forlag: HarperCollins

Den britiske forfattaren Agatha Christie er velkjent for sine romanar og noveller om detektiven Hercule Poirot og småbyboeren Miss Jane Marple.

I The Thirteen Problems kjem me inn i Miss Marples stove der fleire personer er samla. Miss Marples nevø, Raymond West, har tatt plass i den store bestefarsstolen, og studerer dei andre gjestene. The Tuesday Night Club er samla, og vanlegvis prøver dei andre gjestene å sette Miss Marple fast med historier om nylege lovbrot. I kveld derimot er det uløyste saker som er diskusjonen og kvar gjest kjem med ein historie. Alle gjestene er i villrede om sakene, men Miss Marple har løysinga, og overraskelsene står i kø for The Tuesday Night Club. Dei første seks historiane er fortalt i Miss Marples stove, dei seks neste i eit middagsselskap hjå Sir Henry Clithering, og den siste tilbake i Miss Marples stove.

The Thirteen Problems er ei festlig novellesamling med mange spennande og intrikate historier, heilt i Agatha Christie-ånd. Det er aldri keisamt, og Christie setter meg fast gong etter gong. Eg har inntrykk av at dette ikkje er av dei mest kjente Christie-bøkene, men den er like fullt lesbar. Raymond West er ein karakter som interesserer meg sjølv om han kun er med i eit par bøker, men i filmatiseringa av Nemesis blir han spelt av ein av mine favoritter, Richard E. Grant. Han har lest inn fleire Marple-bøker, og eg velger som regel han når eg kan. Herleg britisk stemme (og så morsom i dokumentarserien Hotellenes hemmeligheter som har gått på TV). Anbefales!

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar