Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Gyldendal. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Gyldendal. Vis alle innlegg

lørdag 9. mars 2024

"Amtmannens døtre" av Camilla Collett

Camilla Collett (1813-1895) er norsk litteraturs første store kvinnelege forfatter. Ho vaks opp i eit embetsmannsmiljø på Eidsvoll med foreldre, ei søster og tre brødre. Den eine broren er dikteren Henrik Wergeland. Som ganske ung forelska ho seg i brorens litterære motstander, Johan Sebastian Welhaven, noko som fekk betydning både for livet hennar og forfatterskapet. I 1841 vart ho gift med juristen Peter Collett og fekk fire barn, men allerede i 1855 vart ho enke då mannen døde av lungebetennelse. Camilla Collett har vore aktiv i kvinnesaksforeninger, og skreiv i ein rekke sjangre. Det er likevel romanen Amtmannens døtre som står som hovudverket i hennar bibliografi.

Amtmannens døtre
 handler i hovudsak om amtmann Ramms yngste dotter, Sofie, og hennar kamp for kjærleik. Tidlegare har to av søstrene hennar, Louise og Marie, gifta seg med menn som dei eigentleg ikkje elsker. Ved romanens begynnelse er det amtmannen og frue samt dei yngste barna Amalie, Sofie og Edvard som er heime. Edvards nye huslærer, Georg Kold, er på veg. Utover i romanen blir Sofie og Georg betatt av kvarandre, men utgangspunktet deira er vidt forskjellig. Amtmann Ramms døtre burde ha gode skussmål for lukkelege ekteskap då dei blir beskrevet som vakre og musikalske, og har blitt oppdratt etter anerkjente mønstre for kvinneleg dyd. Likevel er ikkje dette tilfellet, og Sofie vil for alt i verda gifte seg med nokon ho elsker, og unngå det kjærleikslause ekteskapa som søstrene har.

Det er fleire stemmer i denne romanen, og som Kaja Schjerven Mollerin skriver i etterordet så er Amtmannens døtre ein merkeleg roman. 
"I første del av boka får vi et lappeteppe av en historie, fortelleren går inn og ut av sin egen beretning, inn og ut av Sofies dagbok, av Georg Kolds brev til og fra Margrethe, og Margrethes etterlatte papirer. Collett anstrenger seg ikke akkurat for å få de ulike delene til å henge sømløst sammen. Jeg-stemmen skifter, ofte brått, men vi befinner oss hele veien i et intimt, personlig rom." (s. 325) 
Akkurat dette som Mollein skriver i etterordet tenkte eg på under lesing av første del. Det irriterte meg grenselaust at det var så uordentlig satt i hop, og eg trur det øydela ein del av mi oppleving med romanen. Det andre som øydela denne romanen for meg er kjærleikshistorien. Den er totalt annleis enn dei fleste kjærleikshistorier i klassiske romaner, og det kjem til å ta tid å akseptere at slik var det, og slik vart det i denne romanen.

XOXO

| Utgitt: 1854-55 | Min utgåve: 2023 | Format: Hefta, 328 sider | Forlag: Gyldendal Norsk Forlag |

mandag 4. desember 2023

"Jeg kommer til å finne nøkkelen" (Nyckelserien #1) av Alex Ahndoril

Forfatterduoen Alexander og Alexandra Ahndoril (f. 1967 og 1966) er ute med ny serie under nytt forfatterpseudonym. Det svenske paret har tidlegare gitt ut 9 bøker som Lars Kepler. Jeg kommer til å finne nøkkelen er første bok i Nyckelserien.

Privatdetektiv Julia Stark får uanmeldt besøk av godseier Per Günther Mott. Han har funnet eit bilete på sin telefon og ønsker hjelp til å finne ut kven det er. Biletet viser ein blodig mann med ein sekk tredd over hodet og Mott har null peiling på korleis biletet har hamna på telefonen hans. Julia Stark hyrer sin eksmann, Sidney Mendelson, som assistent og dei besøker godset Mannheim i nokon dagar.

Mott-familien vart rike for fleire generasjoner sidan på blant anna skogbruk, men dagens familie er meget dysfunksjonell. Under besøket på Mannheim møter Julia og Sidney Per Günthers kone og tremenninger som alle har aksjer i foretaket. Julia Stark er sikker i sin sak: Ein av dei har myrda personen på biletet. Spørsmåla er mange, svara likeså, men løysinga vil forbause deg. 

Alex Ahndoril har brukt mange typiske krim-vendingar i sin psykologiske krim, som at alle møtes i biblioteket til slutt. Det er ein vending eg har lest fleire gonger om i blant anna Agatha Christies Poirot-serie. Ein anna ting eg la merke til er at i Mannheim-godset er det eit rom som heiter Röda rummet. Den svenske forfatteren August Strindberg har ein roman som heiter Röda rummet, og det er og eit rom i Charlotte Brontës roman Jane Eyre som heiter det. Om dei tre tinga har ein forbindelse veit eg ikkje då eg ikkje har lest Strindberg, men i Jane Eyre er det i alle fall ikkje eit positivt rom.

Eg har ikkje lest Lars Kepler fordi eg liker å sove om nettene, men denne serien om Julia Stark skal eg følge. Her er det lite blod og gørr, og meir fokus på det psykologiske. Godt skrevet og akkurat passe lang. Anbefales!

XOXO

| Originaltittel: Jag kommer att hitta nyckeln, omsett av Henning Jørgen Gundersen | Utgitt: 2023 | Format: Innbundet, 276 sider | Forlag: Gyldendal |

lørdag 8. april 2023

"Den svarte svanen" (Oda Krogh #1) av Ingrid Berglund

Ingrid Berglund (f. 1966) er forfatter og finansanalytiker. Ho debuterte i 2006, skreiv fire kriminalromaner og ein sakprosa på seks år før ho la pennen på hylla. I 2022 gjorde ho comeback med første kriminalroman om Oda Krogh.

Oda Krogh er oppkalla etter bohemprinsessa, malerinna og forfattaren. Den unge dødsbo-advokaten syns ho kjem til kort kontra si namnesyster, og livet er keisamt kontra bohemtida. På kontoret i Oslo har ho ein etterforskningspraksis saman med den aldrende Reidar Simonsen. Begge har blitt forlatt av sine egne, og praksisen er eit ikkje heilt vellykka forsøk på å stable seg på beina igjen.

Så kjem Bodil Berg inn døra. Ho ønsker at Oda og Reidar skal finne hennar sønn, Birk, som angivelig drukna for fem år sidan. Bodil Berg er døende, og påstår at sonen ikkje er død. Nå starter ein jakt på sannheten og etterkvart som hemmelighetene avsløres blir Oda og Reidar jaga. Kva skjuler arbeidsplassen til Birk? Og kven er som ikkje vil at sannheten skal fram?

Den svarte svanen er ein underhaldande kriminalroman med eit friskt språk. Den er tidvis treig i oppstarten, og Ingrid Berglund trenger litt tid for å etablere karakterene. Både Oda Krogh og Reidar Simonsen har hatt vanskelege liv, og antihelter er meget populært i kriminalromaner. Action-sekvensene i slutten av boka er spennande, men dei mange maleriske landskapa og tidvis reiselivsmeldingane hoppa eg glatt over. Eit tema i bøker som eg derimot er grundig lei av er koronapandemien. Ved starten av kvart kapittel er det eit nyhetsoppslag om pandemien. I tillegg er det stadige hint om bruk av munnbind, antibac (nei, "antibacingen" er ikkje eit ord eg vill brukt i ei bok), heimekontor og helsing med albue/ankel. Det forstyrrer mi lesing på lik linje med fornorsking av engelske uttrykk som "snøballs sjanse i helvete" og bruken av engelske/norske idioms som "curiosity killed the cat", "vi er alle vår egen lykkes smed" og "hvis blikk kunne drepe." Eg som jobber i barnehage stussa og over ordet "barnehageonkel." Det blir ikkje brukt i norske barnehager i dag.

Ingrid Berglund vart nominert til Riverton-prisen 2022 med Den svarte svanen. Eg syns Oda Krogh er ein interessant karakter, både som ekte og fiktiv, og var den ekte Oda Krogh var heile årsaken til at boka vart plukka opp for meg. Dødsbo-advokaten Oda Krogh trenger litt meir kjøtt på beina, og tida vil vise om eg plukker opp neste bok i serien, En skygge på min grav, som kom ut dette året.

XOXO

| Utgitt: 2022 | Min utgåve: 2023 | Format: Hefta, 329 sider | Forlag: Gyldendal |

Andre som har lest: Anita og Tine

torsdag 6. april 2023

"Bergenstoget plyndret i natt!" av Jonathan Jerv

Jonathan Jerv er pseudonymet bak to av datidens kulturpersonligheter Nordahl Grieg og Nils Lie. I samband med førstnemntes bror, Harald Grieg, vart boka gitt ut første gong hjå Gyldendal i 1923. Harald Grieg var direktør hjå forlaget i den tid. Romanen har blitt ståande som sjølve opptakten til fenomenet "påskekrim" i Noreg, og fenomenet feirer dermed 100 år i år.

Det heile starter i januar. Studiekameratene Åge Heiberg og Johan Bratt funderer over livet og at det aldri skjer noko. Samstundes kjem den eine bergenseren i desperat pengemangel. Ein trang til å leve farleg gjer at Heiberg, Bratt og firkløveret frå Bergen, Biologen, Tiurjegeren, Prikken og Bokseren, planlegger eit brekk. Dei skal plyndre Bergenstoget natt til 1. april i håp om at politiet vil tru det er aprilsnarr og falsk alarm. Planleggingen er god, men ikkje alt går etter planen.

Bergenstoget plyndret i natt! er underhaldande og er skrevet annakvar av Grieg og Lie. Kven som har skreve kva er ikkje kjent, men det fungerer. Eg forstår godt at den har haldt ut i 100 år for framleis i 2023 er det interessant lesning. Anbefales!

XOXO

| Utgitt: 1923 | Min utgåve: 2016 | Format: Hefta, 102 sider | Forlag: Gyldendal |

lørdag 29. oktober 2022

"Dronningen" av Andrew Morton

Andrew Morton (f. 1953) er ein av dei mest kjente forfatterne i biografi-sjangeren og er ledande innan moderne celebritet (i mangel av eit betre ord). Hans banebrytende biografi Diana: Her True Story låg på bestselgerlistene i New York, og han har skrevet om andre kjendiser som Monica Lewinsky, Tom Cruise og den nye Prinsen av Wales, prins William. Hans siste utgivelse er om dronning Elizabeth, og den kom ut i mai dette året.

Torsdag 8. september går eg heim frå jobb og sjekker samstundes storyer på Instagram. Ein av storyene er frå Stine Friis (digital konsulent i Aschehoug og me har felles interesse for kongelige). Ho har tatt bilete av ein TV-skjerm som viser at dronninga i England er meget sjuk. Eg tenker som så at viss noko skjer i løpet av ettermiddag/kveld må eg få unna handletur før eg benker meg foran TV-en. Etter endt middagslaging skrur eg på BBC World News og der blir eg heile kvelden. Eg følger med sånn av og på i nokon timar, og tenker som så at når det først sendes live frå England om dronninga er det noko galt. Og nyhetsankeret i BBC, Hugh Edwards, har hatt svart dress og slips i timesvis (dei fekk nemlig pepper slengt etter seg då dronningmora døydde i 2002). Så kjem nyheten: Dronninga, i ein alder av 96 år, har avgått ved døden. Her har eg venta i fleire timer, og får totalt sjokk. "Nei, nei, nei, eg er ikkje klar" kjem det frå meg der eg sitter i sofaen.

Eg er den einaste eg kjenner som i løpet av dei neste elleve dagane fram til begravelsen mandag 19. september satt klistra til BBC World News kvar dag etter jobb. Det var mykje pomp og prakt, mange timer med køyring og spasering for dei kongelege, og mine tårer satt laust meir enn ein gong. Det er fleire ting som er litt på skakke i den britiske kongefamilien, men det skal me ikkje gå inn på her. Det som imidlertid må nemnes er dei banebrytande tradisjonane som er endra til fordel for ei moderne tid. Då barna til dronning Elizabeth stod æresvakt ved si mors båre var prinsesse Anne med. I uniform. Det har aldri skjedd før. Då barnebarna, 8 i talet, stod æresvakt, var Louise (dotter til prins Edward) den yngste jenta som nokon gong har gjort det. Hennar bror, James, var den yngste nokonsinne som stod æresvakt. Under æresvakta til barnebarna, som varte ca 15 min, rant tårene. Det er ein maktdemonstrasjon å sørge samstundes som heile verda ser på.

Eit par veker seinare (og takk og lov for at begravelsen var overstått innan då) var eg i Stavanger på Kapittel-festival. Eg hadde ikkje fått med meg at Andrew Morton hadde skrevet ny biografi om dronning Elizabeth, men faktum er at den vart gitt ut på norsk same dag som begravelsen. Det var neppe planlagt. Eg måtte faktisk sjekke om dronninga var død i biografien, og når den vart utgitt første gong. Nå har eg lest boka, og for meg som har lest om kongelege i 20 år var det lite nytt å hente, men eg trur at for den nye royal watcher/rojalist er den ypperlig. Eg vil og anbefale Inger Merete Hobbelstad sin biografi, Årene med Elizabeth (intern lenke), som eg syns er hakket betre enn Morton sin.

Eg ser fram til kroning i mai neste år, eg har trua på kong Charles III og trur han, dronning Camilla, og andre medlemmer av kongefamilien vil gjera ein god jobb for sitt land. Nå blir kongen 74 år om få veker, og er tidenes lengsittande kronprins. Med tanke på hans foreldres og mormors høge alder gir eg han minst 20 år på trona. Den som lever, får sjå!

XOXO

| Original tittel: The Queen | Utgitt: 2022 | Format: Innbundet, 350 sider | Forlag: Gyldendal |

mandag 4. april 2022

"En hemmelig allianse" av Julia Quinn (Bridgertons #1)

Julia Quinn (f. 1970) er ein bestseljande amerikansk forfatter. Ho har skrevet romaner sidan midten av 90-talet, og er omsett til 41 språk. Goodreads skriver at Julia Quinn er ein av kun 16 forfattere som er medlem av Romance Writers of America's Hall of Fame. Den nyaste serien hennar er bøkene om familien Bridgerton. TV-serien basert på bøkene er ein suksess på Netflix.

I første bok i serien, En hemmelig allianse, er det Daphne Bridgerton som er i fokus. Ho er smart og vakker, og likevel blir ho bare gjort kur til av menn ho ikkje vil ha. Inn kommer ein av brødrenes beste venn, hertugen av Hastings, Simon Bassett, og saman legger dei to ein plan. Han har ein hale av ekteskapssjuke sosietetsmødre på nakken og ho vil bli kvitt beilerne sine. Dei skal late som dei er forlova, men innimellom ball, båtturer og promenader blir det vanskeleg å skilje mellom løgn og virkelighet. Og det som er enda verre: Det blir vanskeleg å halde kjenslene i sjakk.

Eg er ikkje ukjent med romaner satt til 1800-talet for som den klassiske leseren eg er så har eg lest romanene til Jane Austen, Brontë-søstrene og Charles Dickens for å nemne nokon. Og eg har ikkje sett Bridgerton på Netflix for eg får noia når hypen er stor. Interessen min var derimot stor nok til at eg i alle fall ville finne ut kva det handler om.

Nå har eg høyrt første bok hjå Storytel, og eg er ikkje meir interessert. Romanen er godt skrevet, og godt innlest. Den har eit godt driv og eg forstår kvifor den er så populær. Det skjer ikkje for ofte i bøker satt til 1800-talet at leseren får servert hete kyss og soveromsscener. Så kvifor er eg ikkje meir interessert? Fordi eg får ikkje medlidenhet med karakterene. Simon Bassett har sine demoner i livet, Daphne vil gjerne hjelpe han å overvinne dei. Sosietetspressen er ein eigen karakter, og brødrene til Daphne kjem springande så snart ekteskapet til Daphne og Simon knirker. Og alt det som sikkert var vanleg på 1800-talet irriterer meg. Spesielt Simons uttalelser om at han eiger Daphne nå, og at dei skal dele soverom fordi dei er gift. Det høyres for meg ut som om kvinnen mista all sin rett i eit ekteskap. Viss det var slik då så er eg glad for at verda har gått framover. 

Eg hadde tanker om å lese alle 8 bøkene i serien, men det kjem ikkje til å skje. Til det har eg så altfor mange andre bøker på lista, og eg gidder ikkje bruke tid på bøker eg ikkje har interesse for. Dette var rett og slett ikkje for meg så over til noko eg faktisk kan like.
Om du vil lese Bridgerton så er alle 8 bøkene omsett til norsk (i kronologisk rekkefølge):

1. En hemmelig allianse 2. En uventet forelskelse 3. En vidunderlig hemmelighet 4. En uunngåelig lengsel 5. Et minneverdig frieri 6. En uimotståelig fristelse 7. Et uforglemmelig kyss 8.  Et avgjørende øyeblikk
XOXO

| Originaltittel: The Duke and I | Originalspråk: Engelsk, omsett av Hege Frydenlund | Utgitt: 2000 | Min utgåve: 2021 | Format: Heftet, 398 sider | Forlag: Gyldendal | 

lørdag 12. februar 2022

"Paradis" av Abdulrazak Gurnah

Abdulrazak Gurnah (f. 1948) er ein forfattar og lærar, bosatt i England, frå Tanzania. Han har fleire romaner på samvittigheten, og har fått heder og ære gjennom blant anna Booker-prisen. I 2021 mottok han den høgast hengande litteraturprisen, Nobels litteraturpris. Ikkje sidan 2008 har ein forfattar frå det afrikanske kontinentet mottatt Nobelprisen.

Paradis er Abdulrazak Gurnahs mest kjente bok, og var på Booker-lista i 1994. Romanen handler om tolv år gamle Yusuf som vokser opp hjå sin velståande onkel som er kjøpmann. Seinare skal det vise seg at Yusuf er solgt til "onkel" Aziz som gjeldsslave. Og her begynner livets harde skule. I romanen er Afrika prega av stammestrider, overtro, sjukdom og barneslaveri, men drømmeren Yusuf ser og framtid og muligheter.

Språket er rått og avkledd, og passer best for den vaksne lesar. Det er ingen tvil om at Abdulrazak Gurnah kan skrive, og det er ein mektig historie han bretter ut. Eg har blitt spurt om eg liker den, og svaret er delt. Eg syns det er interessant å lese noko anna enn vestlige forfattere, men det er ingen lystig historie ein får servert. Svaret er derfor nei, men den er god. Anbefales!

XOXO

| Forfatter: Abdulrazak Gurnah | Utgitt: 1994 | Min utgåve: 2021 | Format: Heftet, 265 sider | Forlag: Gyldendal | 

torsdag 25. juni 2020

Lesesirkel 1001 bøker: "Navnebroren" av Jhumpa Lahiri

Den indisk-amerikanske forfatteren Jhumpa Lahiri har skrevet både romaner, novellesamlinger og sakprosa. I 2013 var romanen The Lowland/Våtmarken kortlista til Booker-prisen, og for novellesamlinga The Interpreter of Maladies/Lidelsenes tolk mottok ho fleire priser. Navnebroren er debutromanen til Lahiri.

Handlinga i Navnebroren går frå 1968-2000, og me følger i hovudsak bengaleren Nikhil 'Gogol' Ganguli. Hans far, Ashoke, er stor fan av forfatteren Nikolaj Gogol, og på grunn av uforutsette omstendigheter går Gogol under eit litt rart namn i årevis. Navnebroren er ein spesiell historie, og den gir eit meget godt bilete av korleis det er å vera indisk i USA. Drypp frå resten av Gogols familie kjem innimellom, og spesielt Gogols mor, Ashima, vokser fram til eit imponerande portrett. Uansett korles ein vrir og vender på det så er ikkje kjærleiken lettare om ein er amerikaner eller inder. Ashima undra seg over dette mot slutten om det hadde vore enklere å forelska seg først i sin mann også gifte seg. Ho hadde bestemt seg på ein halvtime om ho ville ha mannen foreldrene presenterte for ho, og forelska seg over tid. Eg har tidlegare lest dei nemnte bøkene over, og debutromanen er eit godt stykke arbeid.


I desember bestemte eg at dette var lesesirkelboka for januar, men den vart aldri lest då. Ei heller vart ingenting anna lest eller ombestemt for januar for i mitt stille sinn måtte eg bare få lest denne. Den siste halvanna veka har eg lest til og frå for Navnebroren krever konsentrasjon. Den er meget godt skrevet, og vitner om at Lahiri har ein viss peiling. Forfatteren er sjølv vokst opp i USA med bengalske foreldre som ønska at dottera skulle lære om sitt bengalske opphav. Navnebroren anbefales!

XOXO

| Originaltittel: The Namesake | Utgitt: 2003 | Norsk utgåve: 2004, omsett av Mona Lange | Format: Innbundet papirbok, 288 sider | Forlag: Gyldendal | 

søndag 10. mars 2019

Lesesirkel 1001 bøker | "Tiggerpiken" av Alice Munro

Den canadiske forfatteren Alice Munro (f. 1931) mottok Nobelprisen i 2013 for sine noveller i verdsklasse. Det er fleire meiningar om at det var på høg tid ho mottok prisen, og då Munro heller ikkje kunne kome sjølv for å ta imot prisen pga helserelaterte problemer sier det litt om at det var på overtid. Tiggerpiken var den første av Alice Munros bøker som vart gitt ut i Noreg (i 1982), og i tillegg til Nobelpris har Munro figurert på Booker-prisens shortlist i 1980 med Tiggerpiken. I tillegg til nemnte novellesamling er Lives of Girls and Women på 1001-lista.

I Tiggerpiken. Fortellinger om Flo og Rose strekker forteljingane seg over 30 år. Flo er stemora til Rose, ei praktisk og mistenksom dame som tar over driften i butikken etter Roses mor døyr. Rose er ei skuleflink og sjenert jente som forlater småbyen då ho får eit stipend og begynner på universitetet. Etterkvart blir ho gift og mor, men sliter med å finne ut av rolla si i samfunnet. Det er i alt 10 forteljingar om damene som saman med tittelnovella Tiggerpiken (som kjem ca midt i boka) utgjer nesten eit heilt liv.



Alice Munro har gode setningar, og god kunnskap om datidens Canada, men eg klarer ikkje å relatere til Flo og Rose. Eg veit at eg har prøvd denne boka ein gong før, og då ga eg opp etter to forteljingar. Denne gongen har eg tvunget meg gjennom heile boka, og sitter igjen med ... svært lite. Det trenger ikkje bety at boka er dårleg, bare at den ikkje passer for meg. Eg skulle så klart ha ønska at den var noko for meg, men det er ikkje så sjelden at forfattere som alle syns er fantastiske ikkje er det for meg. 

Nobelprisen går tross alt til meir enn kun ei bok, og etter som eg såg på biblioteket har dei fleire bøker av Munro, så eg må nok prøve eit par til før eg avskriver den canadiske forfatteren heilt.

Tiggerpiken står som nemnt på 1001 bøker-lista, og er mitt bidrag i lesesirkelen min for mars. Temaet er kvinneleg forfattar, og eg håper du er med og leser.

| Originaltittel: The Beggar Maid, oversatt frå engelsk av Aase Gjerdrum | Utgitt: 1978 | Min utgåve: 2015 |  Format: Heftet, 271 sider | Forlag: Gyldendal |

XOXO

søndag 25. mars 2018

Barnebøker: "Snokeboka" og "Brødrene Bæsj og verdens mektigste hentesveis"


Forfatter og illustratør: Lisa Aisato (f. 1981)
Utgitt: 2018
Format: Innbundet, 40 sider
Forlag: Gyldendal

Forfatter: Emma Therese Hansen (f. 1973) og Tora Marie Norberg (f. 1972, ill.)
Utgitt: 2018
Format: Innbundet, 56 sider
Forlag: Figenschou

Forfatter og illustratør Lisa Aisato er ei kjent og elska forfatter i bokbloggermiljøet, og då Aisato annonserte på Facebook at Snokeboka var på veg var den straks innprenta i hjernebarken (og lommeboka). Lisa Aisatos tidlegare bøker er elska av mange, og mine personlege favoritter er nok Mine to oldemødre og barnebiografien om Astrid Lindgren (skrevet av Agnes-Margrethe Bjorvand).

Emma Therese Hansen har jobba som barnebokredaktør i Bokklubben og Schibsted Forlag, og nå journalist og skribent. Ho har tidlegare gitt ut faktaboka Naturen i Jeg vil vite-serien, og er nå aktuell med boka om Brødrene Bæsj saman med Tora Marie Norberg. Norberg er illustratør og kortfilmskaper, og står bak myldrebøkene Jeg elsker Norge og Æ elske Trondhjæm.

Dei som kjenner meg veit at eg brenner for at alle barn skal bli lest for kvar dag. Med jobb på liten avdeling i barnehage er eg førstemann til å foreslå boklesing når eg merker at barna trenger ein pause. Eg har og ein lidenskap for barnebøker, og det flytter inn barnebøker på lik linje med vaksenbøker i mine bokhyller. Etterkvart har eg blitt meir kresen for kva som får flytte inn, og det er ikkje sjelden at eg låner og leser bøkene for barna på jobb, også var eg ferdig med dei.

Snokeboka måtte flytte inn, same dag som den kom til min kjære Norli-bokhandel. Lisa Aisato har skrevet ei bok om mennesker i ein heis. Ei lita flue er og med i heisen, og saman med den får me stifte bekjentskap med alle menneskene i heisen, og kva dei gjer på fritida når ingen ser dei. Som Kurt som setter nasen i veret inne i heisen, men heime hjå seg sjølv danser han cha cha cha i strutteskjørt og sko med hæler. Som Johnny med den flotte hårmanken, men det viser seg at det er parykk og Johnny har knapt hårtuster på skallen. Eller som Susann med den røde hatten, som jobber i barnehage og kler seg ut som panda, setter seg på ein stol og skyfler innpå godteri etter siste barn har gått heim ein stille mandag. Eg nikoste meg, og når teksten flyter avgårde og bileta er som maleri då er eg solgt. Innertier!

Brødrene Bæsj og verdens mektigste hentesveis fekk eg tilbod om på mail frå Figenschou forlag, og eg sa straks ja. Det angrer eg ikkje på. Boka er meint for barn i alderen 6-9 år, men etter endt lesing har den mykje til dei vaksne og. President Promp er i byen med hentesveisen sin, og Billy Bæsj har ligget i telt dei siste ti dagene. Billy ender i presidentens hår og storebrødrene må hente ham ned frå kjendistilværelsen. Når sangene har melodier frå Karius og Baktus og hentesveisen ender opp i ubåten til President Pruttin ler eg meg ende over. Denne må eg nok ha med på jobb, og låne nokre større barn. Anbefales!

Til slutt må eg skrive litt om den fantastiske bokhandelen eg handler i. Då Lisa Aisato annonserte Snokeboka skreiv eg ein kommentar under med bokhandelsjefens namn med ønske om at denne boka måtte inn i butikken. Med travle dager hadde det gått i gløymeboka då eg fredag fekk Messenger-melding med bilete av boka og beskjed om at den hadde komt inn. Skriver tilbake om ho kan legge av ei til meg, og eg henter den i bokhandelen etter jobb. Som sagt, så gjort! Service i alle bauger og kanter!

XOXO

fredag 17. november 2017

Norske bøker du bør lese (#1)


Titler: Nesten menneske. Biografien om Julius, Keeperen og havet, Jenta som ville redde bøkene
Forfattere: Alfred Fidjestøl, Maria Parr, Klaus Hagerup og Lisa Aisato (ill.)
Utgitt: 2017
Forlag: Samlaget og Gyldendal
Format: Innbundne, frå 56 sider til 243 sider

Alfred Fidjestøl har nyleg mottatt Språkprisen 2017 for framifrå bruk av norsk i språkprosa (ekstern lenke, besøkt 17.11.17), men det var ikkje akkurat språket eg la mest merke til i boka. Nesten menneske er den første biografien om eit dyr, nemleg sjimpansen Julius. Då eg var liten hadde eg ein bamse med truse, og tenkte ikkje noko vidare over at det var rart. Biografien ga meg eit nytt syn på Julius bak kamera, om oppturer og nedturer og ein heil del ny informasjon om sjimpanser. Meget interessant biografi om den berømte Julius.

Maria Parr har gleda små og store tidlegare med Vaffelhjarte (2005) og Tonje Glimmerdal (2009). Nå har førstnemnte fått ein oppfølgar, og den er det mange som har gleda seg til. I Keeperen og havet møter meg igjen Trille og Lena frå Knert-Matilde, og i denne står fotball i fokus. Begge to har spelt fotball ei stund, men nå har laget fått ny trenar. Lena er ein kjempegod keeper, men den nye trenaren er nok ikkje så glad i damefotball, så Lena blir satt mykje på benken. Ein ny familie flytter til Knert-Matilde, og Trille opplever si første forelsking. Elles blir det fødd småsysken, ein diger storm sender nesten Trille og Lena på sjøen og farfaren til Trille omkommer nesten i båten. Ei meget god bok for dei litt større lesarane (men og for dei i 30-åra). Boka er nominert til Bokhandlerprisen 2017. Varmt anbefalt!

Klaus Hagerup er ein anerkjent forfatter og med Lisa Aisato på laget blir det gull! Jenta som ville redde bøkene handler om ei jente som lurer på kva som skjer med bøkene som ingen låner på biblioteket. Ho tar tak og låner ein heil del som det er lenge sidan vart utlånt. Saman med bibliotekaren setter ho i gang eit mysterium om ei bok utan slutt, og finner til slutt ut at slutten skal du finne ut sjølv. Den er nok ikkje lik for alle, men for den eine er det riktig. Ei meget varm biletbok for alle som er glad i bøker og biblioteker. Illustrasjonane til Lisa Aisato er gull kvar gong, og eg har lyst å henge alle opp på veggen. Anbefales! (Denne er forøvrig satt på ønskelista til jul bare så det er sagt!)

Det har vore litt skriverier om at bokanmeldelser har gått ned, og det kan eg vera samd i. Eg skriver ikkje om alle bøkene eg les, men samleomtaler av gode norske bøker skal eg få til i ny og ne. Eg les ikkje så mange norske bøker på eitt år, men akkurat disse tre hadde eg gleda meg til, og bør få sin plass i bloggosfæren. Alle anbefales, og kan nomineres til Bokbloggerprisen 2017.

XOXO

søndag 8. oktober 2017

Bok: "Katharina-koden" (WW #12)

Forfatter: Jørn Lier Horst (f. 1970)
Utgitt: 2017
Format: Innbundet, 380 sider
Forlag: Gyldendal

Den norske forfatteren Jørn Lier Horst er tidlegare politimann, og tilfører i mine auge ei breiare og meir troverdig etterforsking i sine krimromaner. I tillegg til serien om William Wisting skriver han og for barn og unge, og produserer eit høgt antall bøker i året.

Me har kome til tolvte bok om William Wisting, og denne gong er det ei sporlaus forsvinning som er hovudsaken. For 24 år sidan forsvant Katharina Haugen, og kvart år etter forsvinninga har Wisting besøkt ektemannen hennar på årsdagen. Dette året er imidlertid Martin Haugen borte sjølv, og hjula begynner å rulle. Den yngre etterforskeren Adrian Stiller besøker politihuset i forbindelse med cold cases, og med ei anna forsvinning på den same datoen må Wisting og Stiller samarbeide. Det er ikkje alltid like lett når etterforskerne er ganske så ulike i personlighet og handling.

Eg er etterkvart litt inhabil til å snakke om Jørn Lier Horsts bøker for eg sluker dei rått, men med dagens samfunn slik det er tilfører Horst eit lite avbrekk. Det er ikkje mengden blod og gørr som er viktig i hans bøker, men heller korleis ein kan løyse saken og dei pårørande får ei avslutning. Eg er imidlertid litt bekymra for William Wistings framtid då skrivebordet hans er heilt tomt for nye saker. Kan det vera at Line Wisting får større oppgåver medan faren trer litt inn i skyggene i neste prosjekt? Akkurat det trenger ikkje vera negativt, men at Jørn Lier Horst må skrive meir vil eg gjerne. Anbefales!

XOXO

søndag 18. juni 2017

Bok: "Belgravia"

Forfatter: Julian Fellowes (f. 1949)
Originaltittel: Belgravia, omsett av Halvor Kristiansen
Utgitt: 2016
Min utgåve: 2016
Format: Innbundet, 433 sider
Forlag: Gyldendal

Den britiske skodespelaren, forfatteren, regissøren og produsenten Julian Fellowes har mange jern i ilden, men som regel blir alt han tar i til gull. På 2000-talet spelte han ei rolle i den populære serien Monarch of the Glen (i Noreg gjekk serien under namnet Kar for sin kilt på NRK1), og sidan då har han fokusert på å skrive og regissere serier som Downton Abbey og filmer som Young Victoria og Gosford Park. Julian Fellowes har skrevet fleire romaner, men Belgravia er den første eg leser ført i hans penn.

Belgravia starter i Brussel i juni 1815, dagen før det dramatiske slaget ved Waterloo. Hertuginnen av Richmond inviterer til ball, og den ambisiøse handelsmannen James Trenchard har lenge vore desperat etter ein invitasjon. Dottera hans, Sophia, har gjennom sin venn Edmund Bellasis klart å få invitasjoner til seg sjølv og foreldra, men kvelden blir alt anna enn vellykka. For Sophia blir heile livet endra i ettertid, og 25 år seinare befinner me oss i London.

I 1840 blir det framleis snakka om alle liva som gjekk tapt ved Waterloo, og om det tragiske ballet i Brussel, og hjå familien Trenchard er det ikkje mykje glede å spore. I London bur den tradisjonelle eliten side om side med den gryende overklassen i den fornemme bydelen Belgravia, og hemmeligheter som har vore skjult i 25 år er på god veg til overflaten. Det er fleire om ønsker disse hemmelighetene fram i lyset, medan for andre kan det bety personleg ruin og dårlegare framtidsutsikter. Det er med andre ord duka for eit kammerspel av dei sjeldne, og teppet er på veg opp!

Belgravia har stått lenge i bokhylla, og eg har prøvd meg fleire gonger, men tida har ikkje strukket til og leselysta har ikkje tillatt den. Lydbok har vore redninga, og godt mogleg er det på grunn av den at eg faktisk har fullført boka. Belgravia har mange karakterer, hemmeligheter og familieforhold å halde styr på, men så snart du kjem inni er det ikkje så vanskeleg. Problemet er vel heller at fleire av dei er så ufordragelige at boka kanskje hadde hamna i veggen ved fleire anledningar. Romanen er velskrevet, den har definitivt sine øyeblikk på godt og vondt, og ved fleire anledninger himler eg med augo fordi det er ting som er så opplagt i dag, men som var totalt utelukka i 1840. Ting som barn utanfor ekteskap, lønna arbeid og muligheten til å bryte ein forlovelse er ting som skjer i dag, men i 1840 vart du nærmast kasta ut av familien om det skjedde. Alt i alt er det ein god roman, og eg får assosiasjoner til Downton Abbey. På grunn av det siste blir eg ikkje overraska om Fellowes lager TV-serie av Belgravia. Anbefales!

XOXO

mandag 8. mai 2017

Bøker: "Mesterdetektiven Blomkvist"


Forfatter: Astrid Lindgren (1907-2002)
Utgitt: 1946, 1951 og 1953
Mine utgåver: 2007 og 1977
Omsettere: Tove Bakke (#1), Jo Tenfjord (#2), Eldor Martin Breckan (#3)
Format: Innbundet, mellom 102 og 165 sider
Forlag: Gyldendal og Tiden Norsk Forlag

Den svenske forfatteren Astrid Lindgren er verdskjent for sine romaner for barn, og for sine ulike karakterer som Pippi, Madicken, Emil og Rasmus. I 2017 skal eg fokusere på Lindgrens romaner, og eg veit det er mange gode historier i disse bøkene.

Bøkene om Mesterdetektiven Blomkvist handler om Karl Blomkvist, Eva-Lotta Lisander og Anders Bengtsson og deira rosekriger mot vennene Sixten, Jonte og Benka. Dei er inspirert av dei engelske rosekrigane, og førstnemnte trio er den kvite rose og sistnemnte er den røde rose. Sommarferien er alltid etterlengta og i tre somre følger me trioen på jakt etter den høgt akta Stormumriken. Innimellom rosekrigane og jobbing i foreldrenes butikker og verkstad er Karl Blomkvist sterkt interessert i detektivsakene til Lord Peter Wimsey og Hercule Poirot. Han må ofte på spaning rundt i nabolaget, og fører sirlig signalement over alle kjente og ukjente i den søvnige vesle byen. Det hender ikkje så mykje i byen, men det er ei stor hending i kvar av bøkene, og det får mesterdetektiven på beina. Mesterdetektiven Blomkvist er krimklassikere og blir framleis lest den dag i dag.

Mesterdetektiven Blomkvist har ikkje vore ein del av mi barndomslesing, men eg har ei søster som eg er ganske sikker på har lest dei i barndommen. Eg las veldig lite krim som barn, harehjertet mitt slår til igjen. Medan eg las disse bøkene så slo det meg at det er ikkje alle bøker som held seg like godt over fleire år, og eg merka at eg kjeda meg medan eg las. Rosekriger, stormumrik og ein tenåring på jakt etter forbrytelser ligger ikkje for meg. Når det er sagt er bøkene spennande og passer absolutt for barn i den rette alderen.

XOXO

lørdag 19. november 2016

Bok: "Min historie"

Forfatter: Jens Stoltenberg (f. 1959)
Utgitt: 2016
Format: Innbundet, 560 sider
Forlag: Gyldendal

Den norske politikeren og nå generalsekretær i NATO, Jens Stoltenberg, vart spurt allerede i 2007 om å skrive biografi (ref. takk bakerst i boka), og har sidan skrevet her og der når han hadde tid. Sjølvbiografien er ikkje bare ein biografi om mannen Stoltenberg, men kan lesas som eit stykke Noregshistorie.

Min historie handler om Jens Stoltenbergs barndom, ungdom og vaksenliv med foreldra Karin og Thorvald Stoltenberg, begge hardtarbeidande gjennom heile oppveksten. Han har ei storesyster, Camilla, og ei lillesyster, Nini. På vidaregåande blir han kjent med Ingrid Schulerud, datter av Mentz Schulerud og tantebarn av Anne Cath. Vestly, og får seinare to barn med ho. Det som tar mest plass i boka er politikken. Jens Stoltenberg har tatt eit bevisst yrkesval i heile sitt liv. Han skulle ikkje bli politiker.
Alt dette for gjennom hodet mitt, før jeg andektig åpnet døra inn til Statistisk sentralbyrå og det som skulle bli et nytt kapittel. Valget var tatt. Det eneste gjennomtenkte, bevisste yrkesvalget jeg har gjort i hele mitt liv: Jeg skulle ikke bli politiker. (s. 10) 
Jens Stoltenberg har i løpet av sitt 57-årige liv budd i mange land, hatt ulike jobber, men yrkesvalet han tok den morgonen i 1988 har han ikkje haldt. Stoltenberg hadde før dette valet vore leiar i AUF, og var nå klar for andre muligheter. Seinare skulle han bli statsråd, nærings- og energiminister, finansminister, statsminister og leiar for Arbeiderpartiet. Vegen har ikkje vore lett, familieliv har ofte blitt tilsidesatt, men det virker som om det alltid har vore interessant. Stoltenberg skriver om valkamper og om gode venner, om personlege og offentlege tragedier, og det som eg leser ut frå sidene: Vegen blir ofte til medan ein går.

Det som gjorde sterkast inntrykk på meg i løpet av 560 sider er kapittelet om lillesyster Nini. Storesyster Camilla er lege og leiar for Folkehelseinstituttet, medan Nini fekk jobb i NRK. Etterkvart gjekk det ikkje så bra med Nini og dei siste åra av hennar liv var ho ein sterk stemme i narkotikapolitikken. Nini Stoltenberg gjekk bort i juli 2014, og mine tårer rant både ved lesing av boka og då Jens Stoltenberg var hjå Skavlan i september og fortalte om då dei fant Nini død i leiligheten. Eit anna sterkt kapittel er om 22. juli. Då bombene i Oslo og på Utøya smalt, og 84 mennesker vart drept. Biletet av Jens Stoltenberg og Eskil Pedersen er for alltid brent fast på netthinna.

Eg leser ikkje så mange biografier, men av og til dukker det opp ein som fanger interessa. Det skjedde då Stoltenberg avslørte utgivelsen på nemnte Skavlan, og eg reserverte straks boka på biblioteket. 560 sider er ein heil del, og om du er som meg og eigentleg ikkje interesserer deg noko særleg for politikk så har du ingenting med denne boka å gjere. Så er det sagt! For meg som er meir interessert i mennesket Stoltenberg har eg skumma ein del sider, og tenker at det gjer ingenting. Er du derimot interessert i norsk politikk sett deg godt til rette.

XOXO

onsdag 16. november 2016

Bok: "Når det mørkner" (WW #11)

Forfatter: Jørn Lier Horst (f. 1970)
Utgitt: 2016
Format: Innbundet, 220 sider
Forlag: Gyldendal

Den norske forfatteren og tidlegare politimannen Jørn Lier Horst er eit velkjent namn i krimverda. Han får ikkje bare merksemd i vårt langstrakte land; naboer i aust og vest er interessert i bøkene hans. Serien om William Wisting er for vaksne, men den produktive forfatteren står og bak serier for barn og ungdom.

Når det mørkner er ellevte bok i serien om politietterforskeren William Wisting, men den kunne like godt fått nummeret null. Wisting er på veg til ein samling for nye politistudenter, men blir hefta av ei kvinne i besøksstolen på kontoret. Ho kjem med ein konvolutt adressert til Wisting, og seinare same dag inviterer han studentane til å vera med å løyse ei nesten 100 år gammal krimgåte. Umiddelbart har me hamna 33 år tilbake i tid. Wisting er lukkeleg gift med Ingrid, nybakt tvillingpappa, og fersk og ambisiøs konstabel på politivakta. Julen nærmer seg, og Wisting jobber ein del overtid for å få endene til å møtes. Då ein venneteneste fører Wisting på sporet av ein uoppklart forbrytelse får me som har lest Lier Horst ei stund sjå konturane av den Wisting som me kjenner godt.

Når det mørkner er sjølvsagt alt for kort, men den er oppslukande, spennande og veldig gøy. For meg som har lest alle bøkene om William Wisting er det veldig gøy å få eit innblikk i kva som forma Wisting som både menneske og politimann. I tillegg er det tvillingane som allereie i ein alder av 6 mnder har personlighet lik den me kjenner frå tidlegare bøker, Line spesielt. Eg seier som Marianne: Bankers julegave! Anbefales!

XOXO

torsdag 10. november 2016

Bokserie: "Detektivbyrå nr. 2"


Forfatter: Jørn Lier Horst, Hans Jørgen Sandnes (illustratør)
Utgitt: 2013-2016
Format: E-bøker frå ebokbib, 104-112 sider
Forlag: Gyldendal

Den norske forfatteren Jørn Lier Horst er godt kjent i både inn- og utland med sin krimserie om William Wisting. I Noreg er han og godt likt for sine krimserier for barn, Clue (som til nå teller 10 bøker) og Detektivbyrå nr. 2 (som til nå teller 10 bøker). Hans Jørgen Sandnes er ein norsk illustratør som eg først vart merksam på gjennom hans teikningar av Alf Prøysens eventyr Geitekillingen som kunne telle til ti (ekstern lenke).

Detektivbyrå nr. 2-serien er meint for barn frå 6-9 år står det i omtalane. Dei handler om søskenbarna Tiril og Oliver, og hunden Åtto, som starter detektivbyrå i den vesle heimbyen deira, Elvestad. I kjelleren i huset til Oliver har dei kontor, og bruker som regel sykkel eller beina for å kome seg rundt i den vesle byen. Tiril og Oliver er ikkje redde for å bli skitne på hendene, eller å gå inn på eigedomar eller i hus som ikkje er deira. I løpet av kort tid har dei som regel løysinga, og det som eg syns er så bra med serien er at dei er ikkje redde for å ringe til politiet og uttrykke deira meining. Som oftast løyser dei mysterier før politiet har funne alle spora. Vaksenpersonar fins det ein heil del av, og dei me høyrer mest om er Tirils mor, onkel Fred (som arbeider som privatetterforsker og starta Elvestads første detektivbyrå), bestefar Franz og elles ein haug med karakterer i Elvestad.

Dei to foreløpig siste bøkene i serien er Operasjon Sirkus og Operasjon Spøkelse som begge kan nomineres til bokbloggerprisen 2016. Alle bøkene anbefales, og sjølv om eg dei siste vekene har lest dei kronologisk så ser eg ikkje problem med å lese dei hulter til bulter. Alle har avsluttande historier, og illustrasjonane til Sandnes er verd halve boka. Teksten er godt skrevet, og som vaksen forstår eg godt kvifor serien er populær. Anbefales!

Bøkene er gitt ut i denne rekkefølgen:

* Operasjon Tordensky (2013)
* Operasjon Mørkemann (2013)
* Operasjon Solnedgang (2013)
* Operasjon Påskelilje (2014)
* Operasjon Sommerøya (2014)
* Operasjon Vindkast (2014)
* Operasjon Bronseplass (2015)
* Operasjon Plastpose (2015)
* Operasjon Sirkus (2016)
* Operasjon Spøkelse (2016)


XOXO

PS. Bokserien har eiga nettside: detektivene.no (ekstern lenke)

onsdag 22. juni 2016

Bok: "Presten i Nibbleswicke"

Forfatter: Roald Dahl (1916-1990), Quentin Blake (illustratør)
Utgitt: 1991
Min utgåve: 1993
Format: Innbundet, 24 sider
Forlag: Gyldendal

Den norskætta britiske forfatteren Roald Dahl ville fylt 100 år i år, og med fullt av nyutgitte lydbøker hjå Storytel har eg satt i gang eit prosjekt. Roald Dahl har skrevet både for barn og vaksne; skjønnlitteratur og sakprosa. Eg vil i første omgang høyre meg gjennom Storytel og barnebøkene.

Presten i Nibbleswicke fant eg ikkje hjå Storytel, men biblioteket veit råd. Dette er ein morsom historie om ein ny prest som etter utallige bekymringer om sin nye jobb ender opp med å rolse til dei vanlegaste orda han bruker når han snakker med menigheten. Det fører til ein del morsomme scener, og til slutt finner ein lege råd for kva presten kan gjere. Boka vart skrevet for det engelske dysleksiforbundet kort tid før Dahl døydde i 1990.

Anbefales!

XOXO

fredag 17. juni 2016

Bøker: Roald Dahls diktsamlinger for barn

Fæle dyr (utgitt 1984, norsk 1986), Revolting Rhymes (utgitt 1982)
Rim og røre (utgitt 1989, norsk 2001)
Forfatter: Roald Dahl (1916-1990)
Originaltitler: Dirty Beasts, Rhyme Stew
Format: Innbundet og hefta, mellom 30 og 72 sider
Forlag: Puffin og Gyldendal

Den norskætta britiske forfatteren Roald Dahl ville fylt 100 år i år, og med fullt av nyutgitte lydbøker hjå Storytel har eg satt i gang eit prosjekt. Roald Dahl har skrevet både for barn og vaksne; skjønnlitteratur og sakprosa. Eg vil i første omgang høyre meg gjennom Storytel og barnebøkene.

Storytel har to av disse diktbøkene, men dikt passer best i skrevet form syns eg. Då eg var på Time bibliotek i går fant eg disse tre pluss den siste barneboka eg ikkje har høyrt. Alle tre er korte og greie, morsomme som bare Roald Dahl får til, og eg skriver litt om kvar bok.

I Revolting Rhymes har Roald Dahl skrevet om eventyra Cinderella, Jack and the Beanstalk, Snow-White and the Seven Dwarfs, Goldilocks and the Three Bears, Little Red Riding Hood and the Wolf og The Three Little Pigs. Mindre 'og dei levde lykkelig alle sine dager' og meir groteske handlinger og dyr som eter prinsesser. Gullhår blir gradert til ein simpel innbrudstjuv og Rødhette eter ulven både i sitt eige eventyr og i eventyret om grisene. Herleg Roald Dahl-sk!

I Rim og røre er det både omforma eventyr og små rim. Skilpadden og haren har fått ny handling med ei rotte involvert, i Keiserens nye klær fryser keiseren rompa av seg på skitur, Ali Baba sjekker inn på Ritz og Hans og Grete dytter som vanleg heksa/snill gammel kone inn i peisen. Festleg lesing ein søndag formiddag.

I Fæle dyr handler det nettopp om fæle dyr der grisen eter bonden sin for han har skjønt meininga med livet sitt, krokodillen, piggsvinet, skorpionen og løva er alle på sitt vis fæle, og det er lengre historier om ein maursluker og ein tryllefrosk. Meget festleg!

Søndag formiddag vart mykje kjekkere med disse bøkene på verandabordet. Anbefales både for barn og vaksne!

XOXO

tirsdag 2. juni 2015

Bok: "Blindgang" (WW #10)

Forfatter: Jørn Lier Horst (f. 1970)
Utgitt: 2015
Format: Innbundet, 381 sider
Forlag: Gyldendal

Kven skulle trudd for nokre år sidan at eg skulle bli så hekta på ein krimromanserie at eg forhåndsbestiller den nyaste boka lenge før publiseringsdato og les den ut på (rundt rekna) 24 timer? Det er nemleg tilfellet med Jørn Lier Horsts Blindgang, den tiende boka i serien om William Wisting. På 11 år har Lier Horst skrevet 10 romaner om William Wisting pluss to serier med krim for barne- og ungdomstrinnet. Det er ikkje anna enn imponerande arbeidsmengde.

Det har gått nokre månader sidan førre bok, Hulemannen, og det er seinsommar. Politiet står fast i ein sak som har pågått for lenge, og er nyleg satt på vent. Då aleinemora, Sofie, og dottera, Maja, flytter til Stavern etter å ha arva eit hus byrjer ting å skje. Huset har Sofie arva etter morfaren - ein vanskeleg mann som Sofie ikkje har hatt kontakt med på årevis. Flyttefolk har tømt huset, men dei klarte ikkje å flytte ein safe som står i kjelleren. Då Sofie får kontakt med Wistings dotter, Line, blir safen opna og innhaldet avslørt.

Line og Sofie gjekk saman på barneskulen før Sofie flytta i 14-årsalderen. Dei utvikler raskt eit vennskap igjen, og den permitterte Line ser muligheter i safen og i historien til Sofie. Då eit spesielt objekt frå safen havner i politiets søkelys blir det fart i ein forsvinningssaken rundt drosjesjåføren Jens Hummel. Wisting blir dratt mellom lojalitet til etaten og iveren etter å avslutte ein sak. Det skal vise seg å bli mange og lange turer til Sørlandet for politietterforskeren.

William Wisting var daten min lørdag kveld. Det var nesten umogleg å legge den frå meg, men søvn er nødvendig. Blindgang presenterer eit nytt ord for meg i politisamanheng, og det er interessant å lese korleis det er mogleg å gå fram for å få dei ein ynskjer dømt i retten. Wisting gir seg derimot ikkje, sjølv om han blir møtt med motstand frå øverste hald. Når det gjelder historier med Line som eg til tider har irritert meg over fordi ho alltid hamner i skotlinja, var det behageleg å lese utviklinga hennar i denne boka. Eg er sikker på at framtida hennar blir knallbra (utan at eg skal avsløre for mykje). Ein meget velskrevet krimroman, og eg berømmer Lier Horst som har etablert ein politietterforsker som ikkje løyser saker i påverka tilstand. Dei er det nemleg nok av. Anbefales!

XOXO