Søk i denne bloggen

mandag 4. desember 2023

"Jeg kommer til å finne nøkkelen" (Nyckelserien #1) av Alex Ahndoril

Forfatterduoen Alexander og Alexandra Ahndoril (f. 1967 og 1966) er ute med ny serie under nytt forfatterpseudonym. Det svenske paret har tidlegare gitt ut 9 bøker som Lars Kepler. Jeg kommer til å finne nøkkelen er første bok i Nyckelserien.

Privatdetektiv Julia Stark får uanmeldt besøk av godseier Per Günther Mott. Han har funnet eit bilete på sin telefon og ønsker hjelp til å finne ut kven det er. Biletet viser ein blodig mann med ein sekk tredd over hodet og Mott har null peiling på korleis biletet har hamna på telefonen hans. Julia Stark hyrer sin eksmann, Sidney Mendelson, som assistent og dei besøker godset Mannheim i nokon dagar.

Mott-familien vart rike for fleire generasjoner sidan på blant anna skogbruk, men dagens familie er meget dysfunksjonell. Under besøket på Mannheim møter Julia og Sidney Per Günthers kone og tremenninger som alle har aksjer i foretaket. Julia Stark er sikker i sin sak: Ein av dei har myrda personen på biletet. Spørsmåla er mange, svara likeså, men løysinga vil forbause deg. 

Alex Ahndoril har brukt mange typiske krim-vendingar i sin psykologiske krim, som at alle møtes i biblioteket til slutt. Det er ein vending eg har lest fleire gonger om i blant anna Agatha Christies Poirot-serie. Ein anna ting eg la merke til er at i Mannheim-godset er det eit rom som heiter Röda rummet. Den svenske forfatteren August Strindberg har ein roman som heiter Röda rummet, og det er og eit rom i Charlotte Brontës roman Jane Eyre som heiter det. Om dei tre tinga har ein forbindelse veit eg ikkje då eg ikkje har lest Strindberg, men i Jane Eyre er det i alle fall ikkje eit positivt rom.

Eg har ikkje lest Lars Kepler fordi eg liker å sove om nettene, men denne serien om Julia Stark skal eg følge. Her er det lite blod og gørr, og meir fokus på det psykologiske. Godt skrevet og akkurat passe lang. Anbefales!

XOXO

| Originaltittel: Jag kommer att hitta nyckeln, omsett av Henning Jørgen Gundersen | Utgitt: 2023 | Format: Innbundet, 276 sider | Forlag: Gyldendal |

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar