
Originaltittel: Der Richter und sein Henker
Utgitt: 1950
Min utgåve: 1961
Oversetter: Kaare Lervik
Format: Hardback, 114 sider
Forlag: Aschehoug
Mål/utfordringer: 1001 bøker
Friedrich Dürrenmatt er ein av Sveits' mest berømte forfattere. Han skreiv romaner, dramastykker og fleire av hans historier er gjengitt på film. Dommeren og hans bøddel er medlem av ein trilogi under namnet The Inspector Bärlach Mysteries, og dei to andre bøkene heiter Suspicion og The Pledge: Requiem for the Detective Novel. Trilogien blir sett på som klassikere innen krimlitteratur.
Min utgåve er på fattige 114 sider, og då eg fekk den i hendene på biblioteket måtte eg faktisk høyre med Line om det var tilfellet at me skulle lese ei lesesirkelbok på så få sider. Boka har ei veldig kjedelig forside (The Witch of the North har ei som er heilt lik mi), og eg hadde aldri plukka verken den eller ei med anna omslag med meg.
Dommeren og hans bøddel handler om den dødssjuke inspektør Bärlach som må oppklare mordet på ein av sine beste kolleger, Ulrich Schmied. Han blir assistert av Tschanz som ikkje nødvendigvis har reint mjøl i posen til alle tider. Hovudfokuset til våre politimenn lander på Gastmann, som har gjort karriere innan kriminalitet og inntil nyleg vart etterforska av Schmied. Bärlach er ein smart mann, og han forstår frå byrjinga av kven som står bak mordet på Schmied, og aksepterer til slutt behandling for sjukdommen.
Det er ikkje lett å la vere med avsløringer når boka er så kort. Eg trur det er fleire som kjem til å slite med den (nokon som er einige med meg?). Eg syns den var grei skuring, og brukte ikkje altfor lang tid. Det er langt frå Dommeren og hans bøddel til dagens krimlitteratur, og det var ingen høydare. Det er mange bøker på 1001-lista som eg har problem med at står der, og denne har sikkert havna der kun pga utjevning av sidetal (eller mangel på sådan!). Eg har ikkje så stort behov for å ha denne boka i bokhylla, og skal levere den tilbake til biblioteket neste veke. Eg har notert meg at det er ein lånar som venter på den, og eg har god lyst til å vite kven dette mennesket er. Muligens kan tankeleser-evnene mine overbevise mennesket til å velje andre krimromaner.
XOXO