Ann Helen Kolås Ingebrigtsen er ei venninne av meg, men eg har kjøpt og betalt "Eg blir her" sjølv. Innhaldet i romanen var heilt ukjent for meg då eg fekk den i posten.
Ann Helen Kolås Ingebrigtsen (f. 1980) er ein norsk forfattar. Ho er norsklærar på dagtid, og forfattar på kveldstid. I 2020 debuterte ho med ungdomsromanen Sinne (intern lenke til min anmeldelse) og mottok blant anna Bokbloggerprisen og Årets Ulest. Eg blir her er hennar andre utgivelse.
Eg blir her handler om Oda som bur i ei lita bygd på Vestlandet med far, besten og besta. Faren er ein original som maler bilete av fjell, har laga hobbypub i løa og som drikker ein del. Ungdomstida kunne vore enklere, og det hjelper ikkje at ein sommergjest slår kollbøtte på kjenslene til Oda. Ho har jo kjærast - kan ikkje denne Daniel berre halde seg vekke?
I går kveld lo eg høgt, fekk medkjensle med Oda, og tenkte at det var ikkje så verst å ha eit A4-liv i mi ungdomstid. Det er noko spesielt med ungdomsromanen når den klarer å fange leseren som ikkje har vore ungdom på ein del år. Kolås Ingebrigtsen skriver godt, og lar leseren tenke framfor å forklare alt. Eg er imponert over debutboka frå 2020, denne er hakket betre. For nynorsk-forkjemperen er det gull, og ein ungdomsroman frå Vestlandet kunne ikkje ha blitt skrevet på eit anna mål. Anbefales!
Ho set tennene i ein diger skulebolle og gir meg den andre. Det er ei intern greie mellom oss. Vi synest det er så gøy når det står at det blir servert "noko å bite i" på møte og sånt, så vi begynte å fleipe med det. Når vi skal møtast, avslutter vi alltid med at vi må ta med noko å bite i. Ein gong tok Emma med ein bitering på skulen og gav meg midt i timen. Ho kviskra at det var noko å bite i, og det rakna heilt for meg. Læraren blei dritsur og kasta oss til slutt på gangen. Eg trur vi flirte resten av dagen. (s. 19)
XOXO
| Forfatter: Ann Helen Kolås Ingebrigtsen | Utgitt: 2022 | Format: Innbundet, 156 sider | Forlag: Det Norske Samlaget |

