Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Viking Press. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Viking Press. Vis alle innlegg

fredag 20. september 2013

Booker-shortlist: "The Testament of Mary"

Forfatter: Colm Toibin
Utgitt: 2012
Format: Ebok, 112 sider
Forlag: Viking Press
Mål/utfordringar: Ebookchallenge

Colm Toibin har vore i Booker-gamet i fleire år. Han har vore med i dommerpanelet til den internasjonale Booker-prisen 2007, shortlisted i 1999 for The Blackwater Lightship og i 2004 for The Master, og longlisted i 2009 for Brooklyn. Sistnemnte er den einaste eg har lest av Toibin tidlegare.

I The Testament of Mary skriver Colm Toibin om ei av dei største hendingane i historien: krossfestinga av Jesus Kristus. Toibin skriver frå Marias synspunkt, årevis etter sonens død. Ho er ikkje einig med tilhengjarane hans at han var sonen til Gud, og stiller spørsmål ved si eiga rolle i sonens krossfesting.

Då Bookers longlist vart annonsert i juli vart The Testament of Mary lest først på grunn av sidetalet. Den minner om tyske Thomas Manns Death in Venice som til tross for sin korthet på 70 sider (ulikt sidetal kan forekomme, min utgåve er frå Vintage Classics 1998) figurerer på 1001-lista. Høyrer Toibins bok eigentleg heime på denne shortlista? Som sagt er forsøket bra, men hadde den vore 50-100 sider lengre trur eg den hadde vore meir interessant.

Colm Toibin har gjort eit godt forsøk med denne boka, men eg syns den er for kort, og kan vel i realiteten beskrives som ei novelle.

Janicke er meir fornøgd og skriver og om eit teaterstykke basert på boka.
Lena hjå Bokmerker anbefaler den, og meiner den ikkje forsvinner i jungelen av sjølvbiografier.
Linn lurte på korleis forfatteren ville introdusera fiksjon som ein del av religion.
Clementine syns det er ei tankevekkande bok.

XOXO