Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Chigozie Obioma. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Chigozie Obioma. Vis alle innlegg

lørdag 1. august 2015

Booker-shortlist: "The Fishermen"

Forfatter: Chigozie Obioma (f. 1986)
Utgitt: 2015
Forlag: ONE, Pushkin Press
Anna: Kjøpt ebok, 304 sider
Mål/utfordring: Booker, Større geografisk spredning

Den nigerianske forfatteren Chigozie Obioma er eit relativt ubeskrevet blad i litteraturverda, med kun eit par noveller publisert i diverse aviser. Med debutromanen har han tatt eit stort steg og vart tidlegare denne veka nominert på langlista til Man Booker Prize.

The Fishermen går føre seg i Nigeria på 1990-talet. Benjamin på ni år er romanens forteljar. Då faren må flytte frå familien sin pga arbeid, blir brødrene Ikenna, Boja, Obembe og Benjamin ofte overlatt til seg sjølv. Mora har nok med arbeidet sitt og dei to småsyskena til Benjamin, og dei fire brødrene finner på mykje rart. Dei finner ut at dei kan fiske for å tene penger, og nokre dagar fisker dei istaden for å gå på skulen. Etterkvart blir dei oppdaga, og då den galne mannen, Abulu, seier at ein av brødrene kjem til å drepe ein av dei er historien i gang. Brødreflokken blir meir og meir distansert frå kvarandre, heilt til ein dag då det utenkjelege skjer.

Kort handlingsreferat og ingen spoilere fordi eg veit om mange som skal i gang med denne etterkvart. Obioma har skrevet ei bok med mange kvaliteter. Språket er det ingenting i vegen med, historien om brødrenes oppvekst er flott skildra, og han krydrer språket med sitt eige morsmål. Det minner meg om ei anna Booker-nominert bok, Charlotte Mendelsons Almost English, som og var krydra med ord og uttrykk frå eit framand språk. The Fishermen beveger seg etterkvart ut i ein sår forteljing om hat og mistillit mellom sysken, og beskriver korleis ein manns ord kan få ein bror til å snu ryggen til sine småbrødre og si eiga mor. Kva kunne ha skjedd med brødrene om dei ikkje hadde truffet Abulu? Eller ikkje trudd så intenst på det han sa? Det var til tider vanskeleg å lese denne boka fordi det er så sterkt og rått, og det er noko eg ofte sakner i bøker! Eg ynskjer at denne boka kjem på shortlist 15. september. Anbefales!

XOXO

Andre anmeldelser: Linn og Silje.