Forfatter: J.R.R. Tolkien (1892-1973)
Utgitt: 1937
Min utgåve: 2005
Format: Lydbok frå Storytel, lest av Knut Røe, 9t22min34sek
Forlag: Fono
Den britiske forfatteren John Ronald Reuel Tolkien, betre kjent under sine initialer, er kjent for sine romaner om hobbiter og trollmenn, alver og mennesker. Dei siste åra har regissøren Peter Jackson gjort sitt til at Hobbiten og Ringenes Herre har blitt levande på kinolerretet.
Hobbiten Bilbo Baggins lever eit stille og fredeleg liv i hobbithula si, og ein dag får han besøk av trollmannen Gandalf. Dette er ingen ukjent trollmann for Bilbo då han kan erindre fyrverkeri frå sin barndom som Gandalf sendte opp. Gandalf ønskjer å ansette Bilbo som innbrudstjuv for eit oppdrag som han og ein gjeng med dverger skal ut på. Same kveld kjem dvergane til Bilbos hule, dei et, drikk og har det lystig og neste dag blir Bilbo med dei på tur. Det er ikkje utan kvaler Bilbo drar frå den koselege hula si, og fleire gonger i løpet av reisen drøymer han seg tilbake til spiskammerset, senga og komforten i hula si. Dvergane, anført av Thorin Oakenshield, er på veg til sin heim i The Lonely Mountain. Heimen deira vart for nokre år sidan overtoke av dragen Smaug, og skatten til dvergane har blitt Smaugs symjebasseng. I løpet av reisa treffer Bilbo og dvergane på mange rare skapninger, og mang ein kamp må utføras på godt og vondt.
Historien er kjent for meg gjennom filmatiseringane til Peter Jackson, og i utgangspunktet var Hobbiten tenkt som ei barnebok for Tolkiens barn. Etterkvart vart den populær blant vaksne, og reknes nå som forløparen til Ringenes Herre. Eit spørsmål eg stilte meg i løpet av lyttinga til boka var korleis i alle dager har Jackson klart å skrape saman nok stoff til tre lange (!) filmer. Så lang er ikkje boka! Uavhengig om du er kjent med historien eller ikkje så er dette ei god bok å lytte til, den har behaldt sin barnlege sjarm og Knut Røe har gjort ein god jobb med innspelinga. Det mest sjarmerande med heile lytteprosessen var at du kan tydeleg høyre at Røe blar i manuskriptet sitt og tar pauser innimellom. Det eg imidlertid ikkje liker med boka er oversetjinga. Eg syns ikkje at egennamn, altså førenamn, etternamn og stedsnamn, skal oversetjas. I denne utgåva som er oversatt av Finn Aasen heiter Bilbo Sekker til etternamn, og Thorin har og fått "nytt" etternamn utan at det skal repeteras her. Då eg fyrst høyrte namna som er nemnt her måtte eg sjekke oversetjarens namn for å sjekke om han står bak dei norske Harry Potter-bøkene. Uansett, min tirade om oversetjingar.
Hobbiten anbefales! Og er ei relativt kort 1001-bok.
XOXO
Søk i denne bloggen
Viser innlegg med etiketten Fono. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Fono. Vis alle innlegg
mandag 1. februar 2016
torsdag 13. juni 2013
Månadens Riverton: "Flytande bjørn"
Forfatter: Frode GryttenUtgitt: 2005
Denne utgåva: 2007
Format: Lydbok, lest av Anderz Eide, 7t37min
Forlag: Fono
Mål/utfordringer: Riverton/Glassnøkkelen
Frode Grytten er ein ny forfattar for meg, men han er ikkje ukjent i det ganske land. Han har blant anna mottatt Brageprisen, Samlagsprisen og Nynorsk litteraturpris, i tillegg til Rivertonprisen. Hans mest kjende bok, Bikubesong, er oversatt til fleire språk, og det er eit teaterstykke som er basert på boka.
Flytande bjørn vart vald som Rivertonbok i juni simpelthen fordi eg måtte ha ei som var forholdsvis kort, og ikkje ein del av ein serie der eg måtte lese eit par bøker først. Biblioteket hadde den ikkje inne i papirformat, men for meg fungerer krim ofte best i lydformat. Eg hadde ikkje så mange forventningar, og det er nok det greieste i denne samanheng. Boka er forholdsvis kort, og som du kanskje har fått med deg tar det ikkje for lang tid å høyre gjennom.
Romanen handler om journalisten Robert. Han har ein bror som er i politiet, og begge blir involvert i ein kriminalsak. Robert har dessuten i lengre tid hatt eit forhold til sin brors hustru, med medfølgande komplikasjoner. Handlinga er lagt til Odda i Hardanger, og Grytten vektlegger i ein del av romanen problemer som eit lite sted kan ha. Utflytting, utflagging, rasisme og diverse. Det er ein dyster og mørk roman som er bada i sommarvarme og sol. Forventningane mine vart verken heva eller senka; det er ein roman eg ikkje kjem til å ta opp igjen og eg er redd den blir fort gløymd. Journalisten Robert er ein grei kar, men eg kjem aldri skikkeleg inn på han, og det same med resten av persongalleriet. Som i Åsa Larssons bøker blir det heile litt for rett fram, og mitt konservative jeg er ikkje begeistra. Eg har fått med meg at Frode Grytten har ein stor fanskare, men foreløpig er eg ikkje av dei. Forøvrig er eg interessert i å vite kven som stod på nominasjonslista utanom Grytten i 2005 for Rivertonprisen, er det nokon som kan hjelpe med det? Er dei i mine auge betre eller verre enn Flytande bjørn? Over og ut!
XOXO
torsdag 11. april 2013
Bok: "Den gamle mannen og havet"

Forfatter: Ernest Hemingway
Originaltittel: The Old Man and the Sea
Utgitt: 1952
Min utgåve: 2006
Oversetter: Leo Strøm
Format: Lydbok, lest av Johannes Eckhoff, 3t30min
Forlag: Fono
Mål/utfordringer: 1001 bøker, Nobelprisvinnere
Den gamle mannen og havet er ei av 1001 bøkene som ikkje består av 5-800 sider, og tar år og dag å kome gjennom. Denne uettermiddag, og plutselig har ein lest/høyrt ei 1001 bok, og kan krysse den av på lista. Boka er Hemingways mest kjente verk, og bidro til at Hemingway mottok Nobelprisen i litteratur i 1954. Han har og vunnet Pulitzerprisen i klassen fiction i 1953 for denne boka.
Boka konsenterer seg rundt den gamle fiskeren, Santiago, og hans kamp med ein stor fisk. Då me først møter den gamle mannen er han på land, og snakker med læregutten sin, Manolin. Santiago har vore veldig uheldig med fisket sitt i det siste, og har ikkje dratt i land noko på 84 dager. Manolin har fått forbud frå foreldra sine om å bli med Santiago ut på fisketur. Manolin er veldig lei seg for dette, men på tross av forbudet er han framleis glad i den gamle mannen og ser innom han kvar kveld, hjelper han med garnet og skaffer mat. På den 85. dagen annonserer Santiago til Manolin at han skal dra ut frå Havana og langt ut mot Golfstrømmen, og viss han ikkje får fisk denne gongen skal han overlate yrket sitt til yngre krefter.
Som sagt så gjort! Santiago får ein diger fisk på kroken fleire timer etter at han reiste utover. Det er den største fisken han nokonsinne har hatt på kroken, og nå kjem den største oppgåva. Ein slik fisk kan mette han i vekevis, men det er ikkje lett å få has på den. Fisken er så sterk at den drar båten med seg når den symjer, og Santiago ser ingen anna utveg enn å henge med. Det er tungt arbeid for ein eldre mann, og mange gonger ynskjer han av heile sitt hjarte at Manolin var med i båten. Den tredje dagen klarer Santiago å få fisken nær nok båten til å drepe den med harpunen. Problemet nå er å halde den vekke frå haiene som straks får ferten av blod. Den første haien klarer Santiago å drepe, men då mister han harpunen. Han lager ein ny av kniven og den eine åra, og sakte, men sikkert kjem Santiago seg heim att - med haiene på slep. Då Santiago kjem heim til Havana midt på natta den tredje dagen har haiene kun lagt igjen skjelettet på siden av båten.
Santiago er sliten og trett, men greier å slepe båtmasten opp til huset sitt. Han sovner momentant i senga. Manolin har vore skikkelig bekymra, og då han oppdager at Santiago er trygt heime i huset sitt klarer han ikkje å halde tårene tilbake. Andre fiskere i Havana måler Santiagos fisk til nesten 6 meter, og turister trur at han har fanga ein hai. Santiago er utslitt, men lover å fiske med Manolin neste gong.
Den gamle mannen og havet er ein skildring av eit menneskes kamp mot naturkreftene, og ein beretning om kven som er mest sta av fiskeren og fisken. Det er ei bok som tar kort tid, men den sitter igjen ei god stund. Eg fekk stor medlidenhet med den gamle mannen, og siden eg ikkje er så glad i vatn generellt så vart det nervepirrande og eg håpa heilt til den gamle mannen kom seg i land at han ikkje skulle bli spist av haier. Anbefales!
XOXO
onsdag 13. februar 2013
Månadens Riverton: "Se deg ikke tilbake!" (Konrad Sejer #2)
Forfatter: Karin Fossum
Utgitt: 1996
Min utgåve: 2006
Format: Lydbok, lest av Trini Lund, 8t25min
Forlag: Fono forlag
Se deg ikke tilbake! begynner rett etter første bok vart avslutta. Ei 6 år gammal jente er meldt sakna etter eit overnattingsbesøk hjå ei nabojente. Ca 6 timer seinere dukker den vesle jenta opp av det blå, og Konrad Sejer ser fram til ei vekes avspasering. Den drømmen får ein brå slutt då mor til 6-åringen ringer politikammeret og gjenforteljer dotteras historie.
Det viser seg at 6-årige Ragnhild har vore på biltur og fottur med ein i bygda. Raymond er snill som eit lam, men mangler eit kromosom. Han tilbød seg å køyre Ragnhild og dukkevogna heim, og jentungen takker ja. Etter kvart vil Ragnhild heim, og Raymond følgjer ho forbi eit tjern og dermed dukker Ragnhild opp ut av det blå. 6-årige Ragnhild har både auge og øyrer, og då ho fortel mora om jenta ved tjernet, som lå der splitter naken, ringer mora straks til politiet.
Utgitt: 1996
Min utgåve: 2006
Format: Lydbok, lest av Trini Lund, 8t25min
Forlag: Fono forlag
Se deg ikke tilbake! begynner rett etter første bok vart avslutta. Ei 6 år gammal jente er meldt sakna etter eit overnattingsbesøk hjå ei nabojente. Ca 6 timer seinere dukker den vesle jenta opp av det blå, og Konrad Sejer ser fram til ei vekes avspasering. Den drømmen får ein brå slutt då mor til 6-åringen ringer politikammeret og gjenforteljer dotteras historie.
Det viser seg at 6-årige Ragnhild har vore på biltur og fottur med ein i bygda. Raymond er snill som eit lam, men mangler eit kromosom. Han tilbød seg å køyre Ragnhild og dukkevogna heim, og jentungen takker ja. Etter kvart vil Ragnhild heim, og Raymond følgjer ho forbi eit tjern og dermed dukker Ragnhild opp ut av det blå. 6-årige Ragnhild har både auge og øyrer, og då ho fortel mora om jenta ved tjernet, som lå der splitter naken, ringer mora straks til politiet.
I ei bygd utanfor Oslo, der alle kjenner alle blir det
oppstandelse då det viser seg at det er ein av deira eigne som er drept,
15-årige Annie Sofie Holland. Familie og naboer snakket alle varmt om Annie,
men likevel er det noko som skurrer. Kjæresten, Halvor, har lagt all sin
oppmerksomhet på ei passordlukket mappe på PC-en sin. Ei mappe som var Annies.
Sejer og assistenten Jacob Skarre har sin fulle hyre med å
forstå seg på bygdekulturen. Det mykje omtalte ”bygdedyret” blir og nemnt av
ein nabo til Holland. Når ei 15-årig jente blir drept og lagt naken på den
måten kan mange enslige mannlege naboer føle bygdedyret på seg, og det er ikkje
intet unntak i denne boka.
Samtidig som det leites etter morderen og årsaken til Annies
dødsfall, blir Konrad Sejer interessert i dødsfallet til ein liten 2-åring for
8 månader sidan. Annie har vore barnevakt for han ein del gonger, men etter
dødsfallet forandra Annie seg. Ho slutta på handballaget, hadde ein kort pause
i forholdet til Halvor og begynte i staden med løping. Både seint og tidlig, som
om ho hadde noko å løpe frå. Sejer undrer seg om dødsfallet har noko med Annie
å gjere.
Slutten er kort og intens, akkurat som førre bok. Likevel er det noko merkelig ved slutten, for kvifor slutter boka då den antatte morderen meiner at Annie var i live då han gjekk frå ho? Nokon andre som har lest den, og har nokon tanker? Karin
Fossum er flink til å halde leserne/lytterne på pinebenken, og i Se deg ikke
tilbake! er det intet unntak. Av ein eller anna merkelig årsak veit alltid Sejer
meir enn andre, og minner litt om Agatha Christies miss Marple. Se deg ikke
tilbake! vant Rivertonprisen 1996 og Glassnøkkelen 1997, og anbefales varmt.
XOXO
lørdag 2. februar 2013
Bok: "Evas øye" (Konrad Sejer #1)
Forfatter: Karin Fossum
Utgitt: 1995
Min utgåve: 2006
Format: Lydbok, lest av Kirsti Grundvig, 9t15min
Forlag: Fono forlag
Karin Fossum har så langt skrevet 10 krimromaner med Konrad Sejer som etterforsker i politiet. Han er enkemann, har ein son, ei dotter og ein svigerson, og eit barnebarn som er adoptert frå Afrika. Eit par dager etter start av lydboka twitra eg denne meldinga:
Evas øye begynner med eit lik i elva. Aleinemora Eva Magnus og dottera Emma er på tur langs elva, oppdager liket, ringer politiet, og går deretter på McDonalds. Eva blir ikkje avhøyrt på stedet, og Konrad Sejer finner dette merkelig. Det kjem fram at liket har vore sporlaust forsvunnet i eit halvt år, og at ei luksusprostituert dame, Marie Durban, vart funnen drepen på omtrent same tid. Då Konrad Sejer oppdager at Eva Magnus kjente Marie Durban blir han mistenksom. Nå går historien tilbake i tid, til den dagen Eva Magnus står motlaus med ubetalte rekningar og ingen mat i kjøleskapet. Ho møter barndomsvenninna Marie Durban, og Durban fortel om jobben sin og kor mykje ho får per gong. Med dottera på haustferie hjå faren bestemmer Eva seg for å prøve seg som prostituert for å tjene penger. Eva mottar kunstnerstipend frå staten, men det er ikkje alltid nok til å halde ulvene frå døra, og med Maries hjelp skal ho tjene meir penger. Marie inviterer ho heim, og med ein kunde på soverommet står Eva i dørsprekken og ser Marie jobbe, og ser ho bli drept av ein kunde.
Marie er eit opent og ærlig menneske med dei ho kjenner, og har annonsert til Eva at ho har penger gøymt hist og her, og har nærmare 2 millioner gøymt på hytta på Hardangervidda. Då kunden har gått etter drapet, finner Eva 60000 kr i leiligheten til Marie, og tar dei med seg. Ho reiser og til hytta på Hardangervidda og finner 1,7 millioner i eit malingsspann. Scenene på hytta var ulidelig spennande å høyre på lydbok, og spesielt sidan Eva får uventa besøk midt på natta. Eva ser seg nødt til å gøyme seg i utedoen, ein scene som seinare er udødeliggjort i Jo Nesbøs Hodejegerne. For å hevne Maries drap driver Eva sjølv detektivarbeid, og finner den mannen som skal ha drept barndomsvenninna.
Tilbake i nåtid får Evas far telefon frå politiet om at dottera sit i varetekt, og slutten er kort, intens og med eit par overraskelser i bakhånd. Mot slutten får me og eit innblikk i neste Sejer-sak. Ei lita jente på seks år er sporlaust forsvunnet. Evas øye er mitt første møte med Karin Fossums forfatterskap, og det var ei flott oppleving. Neste Sejer-bok har tittelen Se deg ikke tilbake! har vunnet Rivertonprisen 1996 og Glassnøkkelen 1997, og den ligger klar.
XOXO
Utgitt: 1995
Min utgåve: 2006
Format: Lydbok, lest av Kirsti Grundvig, 9t15min
Forlag: Fono forlag
Karin Fossum har så langt skrevet 10 krimromaner med Konrad Sejer som etterforsker i politiet. Han er enkemann, har ein son, ei dotter og ein svigerson, og eit barnebarn som er adoptert frå Afrika. Eit par dager etter start av lydboka twitra eg denne meldinga:
Etter krimromaner med Varg Veum og Harry Hole som hovudperson er det deilig med ein hovudperson som har meir orden på livet. #konradsejerKan fort få overdose av Veum og Hole. Karin Fossums andre bok er Riverton-vinner, men med min kronologiske hjerne måtte eg få med meg bok 1 først.
Evas øye begynner med eit lik i elva. Aleinemora Eva Magnus og dottera Emma er på tur langs elva, oppdager liket, ringer politiet, og går deretter på McDonalds. Eva blir ikkje avhøyrt på stedet, og Konrad Sejer finner dette merkelig. Det kjem fram at liket har vore sporlaust forsvunnet i eit halvt år, og at ei luksusprostituert dame, Marie Durban, vart funnen drepen på omtrent same tid. Då Konrad Sejer oppdager at Eva Magnus kjente Marie Durban blir han mistenksom. Nå går historien tilbake i tid, til den dagen Eva Magnus står motlaus med ubetalte rekningar og ingen mat i kjøleskapet. Ho møter barndomsvenninna Marie Durban, og Durban fortel om jobben sin og kor mykje ho får per gong. Med dottera på haustferie hjå faren bestemmer Eva seg for å prøve seg som prostituert for å tjene penger. Eva mottar kunstnerstipend frå staten, men det er ikkje alltid nok til å halde ulvene frå døra, og med Maries hjelp skal ho tjene meir penger. Marie inviterer ho heim, og med ein kunde på soverommet står Eva i dørsprekken og ser Marie jobbe, og ser ho bli drept av ein kunde.
Marie er eit opent og ærlig menneske med dei ho kjenner, og har annonsert til Eva at ho har penger gøymt hist og her, og har nærmare 2 millioner gøymt på hytta på Hardangervidda. Då kunden har gått etter drapet, finner Eva 60000 kr i leiligheten til Marie, og tar dei med seg. Ho reiser og til hytta på Hardangervidda og finner 1,7 millioner i eit malingsspann. Scenene på hytta var ulidelig spennande å høyre på lydbok, og spesielt sidan Eva får uventa besøk midt på natta. Eva ser seg nødt til å gøyme seg i utedoen, ein scene som seinare er udødeliggjort i Jo Nesbøs Hodejegerne. For å hevne Maries drap driver Eva sjølv detektivarbeid, og finner den mannen som skal ha drept barndomsvenninna.
Tilbake i nåtid får Evas far telefon frå politiet om at dottera sit i varetekt, og slutten er kort, intens og med eit par overraskelser i bakhånd. Mot slutten får me og eit innblikk i neste Sejer-sak. Ei lita jente på seks år er sporlaust forsvunnet. Evas øye er mitt første møte med Karin Fossums forfatterskap, og det var ei flott oppleving. Neste Sejer-bok har tittelen Se deg ikke tilbake! har vunnet Rivertonprisen 1996 og Glassnøkkelen 1997, og den ligger klar.
XOXO
lørdag 24. desember 2011
Bok: "Lille Lord Fauntleroy"
Forfatter: Frances Hodgson BurnettOriginaltittel: Little Lord Fauntleroy
Utgitt: 1886
Min utgåve:
Oversetter: Mimi Sverdrup Lunden
Forlag: Fono forlag
Format: Lydbok, lest av Unn Vibeke Hol, ca 5t
Frå: Ordflyt
Baksidetekst: Lille Lord Fauntleroy vokser opp i Amerika som Cedric Errol, helt uvitende om at han er arving til et slott og en fornem engelsk adelstittel.
Etter litt scrolling på Ordflyt kom eg over denne lydboka, og sette den på straks. Eg har sett ei filmatisering frå 1995, og syns godt at den kan kome på dvd i Noreg. Uansett, det er ein fordel at det er lenge sidan eg har sett filmatiseringa, men bileta var der i bakhodet. Ei koselig bok om Cedric Errol som plutselig ein dag lærer at han er lord og arving til bestefarens slott i England. Hjelp! hadde nok mange tenkt, men ikkje unge Errol. Han er ikkje i tvil om at slektninger skal man like uansett, og bestefedre må jo vera dei snillaste i verda. Jarlen av Dorincourt er ikkje heilt som Cedrics beskrivelse, men etterkvart lærer han at det beste i verda er å gjere andre glad, og blir oppriktig glad i Lille Lord Fauntleroy.
XOXO
søndag 11. desember 2011
Bok: "Brev fra julenissen
Forfatter: J.R.R. TolkienOriginaltittel: Letters from Father Christmas
Utgitt: 1976
Min utgåve: 2006
Oversetter: Kjetil Indregard
Format: Lydbok, lest av Nils Ole Oftebro, 1t4min
Forlag: Fono forlag
Frå: Mi bokhylle (39. bok i 'Off the Shelf')
Baksidetekst: For J.R.R. Tolkiens barn gikk interessen for julenissen langt utover det at han fylte strømpene deres på julaften. Han skrev nemlig også brev til dem hvert år, hvor han i ord og bilder beskrev sitt hus og sine venner, samt alle episoder - både morsomme og alvorlige - som fant sted på Nordpolen. Det første brevet dukket opp i 1920, da John, eldstemann, var tre år gammel. Og i nesten tyve år, mens Michael, Christopher og Priscilla - de tre neste i rekken - vokste opp, dukket stadig nye brev opp hver jul. Mange av disse brevene og noen av illustrasjonene finner du i denne lydboken.
I ei korg på Notabene fant eg denne lydboka for ein billig penge, og det angre eg ikkje på. Det er ei fin førjulshistorie om fire barn som mottar brev frå julenissen. Tolkien er som kjent forfatteren av Hobitten og Ringenes Herre, men viser og i denne boka kjærligheten til mytologiske figurer.
XOXO
lørdag 10. desember 2011
Bok: "Jane Eyre"
Forfatter: Charlotte BrontëUtgitt: 1847
Denne utgåve: 2004
Oversetter: Ottar Berthelsen
Format: Lydbok, lest av Marika Enstad, 11t6min
Forlag: Fono forlag
Frå: Ordflyt/mi bokhylle (38. bok i 'Off the Shelf')
Frå Goodreads: Orphaned into the household of her Aunt Reed at Gateshead, subject to the cruel regime at Lowood charity school, Jane Eyre nonetheless emerges unbroken in spirit and integrity. She takes up the post of governess at Thornfield, falls in love with Mr. Rochester, and discovers the impediment to their lawful marriage in a story that transcends melodrama to portray a woman's passionate search for a wider and richer life than Victorian society traditionally allowed. With a heroine full of yearning, the dangerous secrets she encounters, and the choices she finally makes, Charlotte Bronte's innovative and enduring romantic novel continues to engage and provoke readers...
Eg har sett 3-4-5 filmatiseringer av Jane Eyre, og eg er heilt forelska i historien om den fattige, foreldreløse jenta som blir satt vekk på skole av sin onde tante. Lowood er ingen god skole, men Jane held ut både skolegang og eit par år med ansettelse som lærerinne før eit avertissement drar ho vekk. Ho aksepterer posten som guvernante for Adele Varens på Thornfield Hall, og her møter ho den høye, mørke, kjekke, herlige (Rochester er min helt!) Edward Rochester. Med over 20 år i aldersforskjell er det ikkje opplagt at dei trivs ilag, men med sin mørke fortid faller Rochester hodestups for Jane.
Kva skriver ein når "alle" har lest eller kan historien om Jane Eyre? Eg vel å skriva at endelig har eg høyrt heile historien, og ikkje bare deler av den. Eg storkoste meg, og merker at store deler av dialogen i boka stemmer med dialogen i filmane. Eg liker når det er slik!
XOXO
torsdag 8. september 2011
Bok: "Alice i Eventyrland" & "Gjennom speilet"
Forfatter: Lewis CarrollOriginaltittel: Alice in Wonderland
Utgitt: 1865
Denne utgåve: 2002
Oversetter: Zinken Hopp
Format: Lydbok, lest av Eva Lindahl, 3t
Forlag: Fono forlag
Frå: Ordflyt, mi bokhylle (29. bok i 'Off the Shelf')
Baksidetekst: Eventyrland befolkes med fantastiske skikkelser: påskeharen og hattemakeren som er i evig teselskap, den gale hjerte-dronningen som vil halshugge alle, kålmarken som røyker pipe og filosoferer, og den triste, forlorne skilpadden. Og midt oppi det hele, Alice, stadig liten, stadig stor og full av undring over alt som skjer, bare fordi hun fulgte etter en hvit kanin ned i et kaninhull.

Forfatter: Lewis Carroll
Originaltittel: Through the Looking-Glass
Utgitt: 1871
Denne utgåve: 1985
Oversetter: Zinken Hopp
Format: Hardback
Forlag: J.W. Eides Forlag
Frå: Biblioteket, mi bokhylle (30. bok i 'Off the Shelf')
Baksidetekst: "Du, Pus, jeg har sånn lyst til å gå inn i Speilhuset, bare en eneste gang! Jeg er sikker på at det er nydelige ting der inne! Hør, Pus, nå leker vi at det går an å komme dit inn! Tenk om speilet var som et slør av røyk, så vi bare kunne gå rett igjennom! Du, kan du se at det er som et slør! Kanskje det er lett å komme igjennom likevel?" Alice klatret opp på kaminhylla mens hun snakket. Og tenk, det så virkeig ut som glasset smeltet bort og ble til en tåke av bare sølv! I neste øyeblikk var Alice tvers gjennom speilet og hoppet ned på golvet i Speilhuset.
Lesing av barnebøker i vaksen alder er ganske finurlig, og det tar ganske kort tid! Eg har sett Disneys versjon av Alice i Eventyrland mange gonger, men har aldri lest boka og det måtte det bli ei endring på. I bokhylla har eg fin lita bok (bilde lenger ned), men endte opp med gratis lydbok og bok frå biblioteket. Det var morsomme bøker og velskrevne, med fullt av finurlige karakterer. Alice minner litt om ein anna barndomskarakter, nemlig Dorothy i The Wizard of Oz. Har du tid ein ettermiddag eller har barn sjølv anbefaler eg desse bøkene.
XOXO
onsdag 17. august 2011
Bok: "En julefortelling"
Forfatter: Charles Dickens
Originaltittel: A Christmas Carol
Utgitt: 1843
Denne utgåve utgitt: 2004
Oversetter: Henrik Rytter
Format: Lydbok, lest av Svein Tindberg, 3t30min
Forlag: Fono forlag
Frå: Ordflyt
Baksidetekst: Ebenezer Scrooge, lille Tim og Bob Cratchit er velkjente personer fra Charles Dickens' store juleklassiker. Den handler om egoistiske Scrooge som blir hjemsøkt av tre ånder. De får ham til å skjønne hva som egentlig betyr noe i livet - og hva som er julens sanne glede.
I skrivande stund høyrer eg ferdig ein kjent og kjær klassiker. Denne er koselig og godlynt, og like grei i desember som i august. Min første erfaring med A Christmas Carol er Muppetenes versjon, The Muppets Christmas Carol. Den må eg alltid sjå minst 3-4 ganger før det kan bli jul.
Lydboka har eg funne på Ordflyt, og det er Svein Tindberg som leser. Han har ein behagelig stemme, og eg merker at min Muppetfilm er veldig tro mot boka, for det var fullt av setninger som eg i minnet mitt kunne oversette til engelsk.
XOXO
fredag 29. juli 2011
Bok: "De elendige"
Forfatter: Victor Hugo
Originaltittel: Les Misérables
Først utgitt: 1862
Denne utgåve utgitt: 2007
Oversetter: Bjørn Braun
Forlag: Fono
Format: Lydbok, lest av Tom Tellefsen, 10t38min
Frå: Ordflyt
Frå bokelskere.no: Handlingen er konsentrert om tukthusfangen Jean Valjean. Møtet med den evangeliske presten Monseigneur Myriel, gjenoppvekker styrken og motet i ham, og han lykkes i å arbeide seg opp sosialt. Men for å bli åndelig gjenreist, må han gi avkall på sin sosiale status og gå i tukthus igjen, for å redde en uskyldig anklaget. Først på dødsleiet blir hans gjenreisning fullbyrdet. Romanen fra 1862 er forfatterens mest kjente.
Denne boka gjorde meg fysisk elendig, eg kan ikkje høyra på slik lidelse. Karakterene i seg sjølv er interessante; familien som skulle ta seg av Cosette då ho var lita var nokre troll, men ho vaks nå opp til å bli eit flott menneske ho og. Eg har faktisk sett ei filmatisering av denne boka for mange år sidan, då var det Gérard Depardieu som spelte Jean Valjean, men eg kjenne eg har ikkje behov for å sjå verken den eller andre filmatiseringer om igjen. Trur sjelen min er for sart til det!
Oppleseren, Tom Tellefsen, skal ha skryt. Han var flink med dei franske namna, og hadde og stemmen til fleire stemmer og sinnsbevegelser. Bra mann!
XOXO
Abonner på:
Kommentarer (Atom)





