Søk i denne bloggen

Laster inn...

torsdag 13. juni 2013

Månadens Riverton: "Flytande bjørn"

Forfatter: Frode Grytten
Utgitt: 2005
Denne utgåva: 2007
Format: Lydbok, lest av Anderz Eide, 7t37min
Forlag: Fono
Mål/utfordringer: Riverton/Glassnøkkelen

Frode Grytten er ein ny forfattar for meg, men han er ikkje ukjent i det ganske land. Han har blant anna mottatt Brageprisen, Samlagsprisen og Nynorsk litteraturpris, i tillegg til Rivertonprisen. Hans mest kjende bok, Bikubesong, er oversatt til fleire språk, og det er eit teaterstykke som er basert på boka.

Flytande bjørn vart vald som Rivertonbok i juni simpelthen fordi eg måtte ha ei som var forholdsvis kort, og ikkje ein del av ein serie der eg måtte lese eit par bøker først. Biblioteket hadde den ikkje inne i papirformat, men for meg fungerer krim ofte best i lydformat. Eg hadde ikkje så mange forventningar, og det er nok det greieste i denne samanheng. Boka er forholdsvis kort, og som du kanskje har fått med deg tar det ikkje for lang tid å høyre gjennom.

Romanen handler om journalisten Robert. Han har ein bror som er i politiet, og begge blir involvert i ein kriminalsak. Robert har dessuten i lengre tid hatt eit forhold til sin brors hustru, med medfølgande komplikasjoner. Handlinga er lagt til Odda i Hardanger, og Grytten vektlegger i ein del av romanen problemer som eit lite sted kan ha. Utflytting, utflagging, rasisme og diverse. Det er ein dyster og mørk roman som er bada i sommarvarme og sol. Forventningane mine vart verken heva eller senka; det er ein roman eg ikkje kjem til å ta opp igjen og eg er redd den blir fort gløymd. Journalisten Robert er ein grei kar, men eg kjem aldri skikkeleg inn på han, og det same med resten av persongalleriet. Som i Åsa Larssons bøker blir det heile litt for rett fram, og mitt konservative jeg er ikkje begeistra. Eg har fått med meg at Frode Grytten har ein stor fanskare, men foreløpig er eg ikkje av dei. Forøvrig er eg interessert i å vite kven som stod på nominasjonslista utanom Grytten i 2005 for Rivertonprisen, er det nokon som kan hjelpe med det? Er dei i mine auge betre eller verre enn Flytande bjørn? Over og ut!

XOXO

6 kommentarer:

  1. Jeg har vært veldig fram og tilbake når det gjelder denne boka fra Frode Grytten. Jeg har hatt en forutanelse, men så er handlingen lagt til Odda som jeg har fått et nært forhold til etter å ha hatt hytte i Røldal i 8-9 år. Du har igjen vippet meg over på NOT, og jeg tror det blir konklusjonen min. Rivertonbok eller ei. Takk for overbevisende omtale :o)

    SvarSlett
  2. Eg har lydboka liggjande på vent, men har enno ikkje prioritert denne. Trudde Rivertonpris betydde kvalitet, men eg er litt usikker... ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Kvaliteten var dårleg i 2005 tydeligvis;-)

      Slett
    2. Anbefalar forresten Bikubesong av Grytten som lydbok. Den likte eg.

      Slett