Søk i denne bloggen

onsdag 5. juni 2013

Bok: "Et offer til Molok" (Rebecka Martinsson #5)

Forfatter: Åsa Larsson
Originaltittel: Till offer åt Molok
Utgitt: 2012
Denne utgåva: 2013
Format: Lydbok, lest av Nina Woxholtt, 10t12min
Forlag: Lydbokforlaget

Min første innskytelse etter at boka er ferdighøyrt er at denne dama er ikkje riktig vel bevart. Åsa Larsson har ein fanatisk livleg fantasi, og med min til tider meget konservative hjerne blir det for mykje. Den liberale delen av meg derimot krangler med den konservative, og jubler over korleis Åsa Larsson er den einaste krimforfatteren som setter meg til de grader på pinebenken. Eg er av dei ytterst få som kan både høyre ei bok, og lese ei anna på same tid, men igår kveld satt eg bare og lytta. Ingenting anna! Idag satt eg med augene igjen, og bare venta på at slutten skulle koma fordi det er så ulideleg spanande. Den kom sjølvsagt, den velsigna slutten, og svaret på alle mine romantiske draumer kom og.

Et offer til Molok er Åsa Larssons femte kriminalroman om statsadvokaten Rebecka Martinsson. Eg har til tider vore lunken til romanane, men i denne setter Rebecka tydeleg skapet på plass, og eg digger det! Romanen fokuserer på to spesifikke hendingar; drapet på Solbritt i vår nåtid, og drapet på Elina rundt første verdskrig. Rebecka blir hevet på hodet ut av etterforskninga av Solbritts drap, men sta Rebecka forsker på Solbritts bakgrunn. Det viser seg at svært mange av hennar slektningar er blitt brutalt tatt av dage, og den einaste som er igjen er barnebarnet Marcus på sju år.

Forskinga til Rebecka leder ho mot ein tidlegare disponent i Kiruna, Hjalmar Lundbohm. Han er ein slektning av Solbritt, og med det høyrer eit aksjebrev verdt mykje penger. Det er skremmande å vera vitne til kor brutal eit menneske er villig til å vera for å få kloa i penger. Slutten er intens, men Rebecka er ikkje villig til å forlate dei ho er glad i. Det skal lille Marcus vera glad for.

Ulideleg spanande er sagt, men det må og seias at denne dama legger ikkje to fingre i mellom når ho skriver. Du får det rått og brutalt, og viss ikkje Nina Woxholtt rynker ørlite på nasen når ho les så er ho sterkare enn meg. Eg har eit ønske om ein dag å lese inn lydbøker, men Åsa Larsson blir hakket for mykje for meg. Nina Woxholtt har nå lest si andre Larsson-roman for meg, og ho gjer ein utmerka jobb. Ho veit akkurat korleis ho skal ha stemmeleiet, og det er som å sitta ved siden av ho. Anbefales på det varmeste!

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar