Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Zadie Smith. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Zadie Smith. Vis alle innlegg

onsdag 7. juni 2017

Bok: "Swing Time"

Forfatter: Zadie Smith (f. 1975)
Utgitt: 2016
Format: Lydbok lest av Pippa Bennett-Warner, 13t44min50sek
Forlag: Penguin

Den britiske forfatteren Zadie Smith er godt kjent og godt likt for sine romaner. Ho har fleire gonger vore på Man Bookers nominasjonsliste; i 2002 på langlista for The Autograph Man og på kortlista i 2005 for On Beauty. Swing Time er mi første Zadie Smith-bok, men eg utelukker ikkje at fleire av hennar tidlegare romaner dukker opp på bloggen.

I Swing Time møter me to venninner som drøymer om å bli profesjonelle dansere. Kun ei av dei har verkeleg talent, den andre har ideer om rytme, musikk og kva som skal til for å bli fri. Romanen Swing Time svinger veldig frå det eine til det andre, og mellom kontinenter, og den har ein egen rytme i seg som ikkje mange andre forfattere får til.
handler om vennskap og draumer, om musikk og røtter, om arv og miljø. Det store spørsmålet blir: Korleis kome vekk frå disse røttene? Venninnene kjem til ein bråstopp i vennskapet, men blir det ordentlig gløymt...?

I første omgang liker eg boka, i andre omgang kan eg ikkje heilt ta den igjen for eg har brukt så lang tid på den. Swing Time vart påbegynt i ei tid der leselysta var på topp, og avslutta for eit par dager sidan. Goodreads har fleire delte meiningar om romanen, og mange meiner at det er muligens ikkje den beste boka å begynne på i forfatterskapet til Zadie Smith. Eg har ingenting å samanlikne med, men eg liker den godt, og kjem til å plukke opp fleire Smith-bøker.

XOXO

Som ei førebuing til Man Booker Prize i juli prøver eg å få med meg bøker på Goodreads Eligible-liste (ekstern lenke). Swing Time er ein av dei mange bøkene som kan hamne på den gjeve lista.