Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Hilary Mantel. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hilary Mantel. Vis alle innlegg

onsdag 5. september 2012

Bok: "Ulvetid"

Forfatter: Hilary Mantel
Originaltittel: Wolf Hall
Utgitt: 2009
Min utgåve: 2010
Oversetter: Hege Mehren, MNO
Format: Innbundet
Forlag: Press
Frå: Biblioteket

Baksidetekst: Han er sønn av en smed, han er Englands nest mektigste mann. Thomas Cromwell er bølle og sjarmør, humanist og slåsskjempe, melankoliker og politisk geni. Folk viker unna ham. Tragedien leder ham fram til Henrik 8s side. Sammen vil de bryte alle lover for å skape et nytt England.

Med 6 dager til Bookerprisens Longlist blir annonsert var det på tide og lese Booker-vinneren frå 2009. Hilary Mantel er nominert i år og, og det med oppfølgeren til Ulvetid. Ganske imponerande!

Eg er over middels interessert i kongelege, og er stor tilhenger av monarki i dei europeiske landa. Dronning Elizabeth av Storbritannia har nyss feira 60 år på trona, dronning Margrethe av Danmark har feira 40 år på trona, og i Noreg står monarkiet støtt. Monarkiet i Storbritannia har vore gjennom mange tidsaldre, og ein av dei mest kjente kongane må vere Henrik 8. Alle har høyrt om han som tok livet av sine 8 hustruer. Då eg plukka med meg denne boka på biblioteket ante eg ikkje at det var det boka handla om. Eg har aldri vore spesielt interessert i kong Henrik 8, Tudor-slekten, eller den prisbelønte serien The Tudors. Eit forsøk skulle den hvertfall få, men dessverre, det fins for mange bøker til at eg skal slite meg ut på den eine som ikkje fenger.

For all del, handlingen er bra, den er velskrevet og lettlest, men når det ikkje fenger så blir det ein del skumming. Thomas Cromwell virker som ein interessant mann, men det passer ikkje for meg. Hilary Mantel er som nemnt nominert til Booker-prisen med oppfølgeren Bring up the Bodies, men med mindre den blir nominert til Shortlist den 11. september, så blir den ikkje lest av meg.

Tilbake til biblioteket med deg!

XOXO