Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Leo Tolstoj. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Leo Tolstoj. Vis alle innlegg

søndag 16. oktober 2016

1001-lesesirkel: "War and Peace"

Forfatter: Leo Tolstoy (1828-1910)
Originaltittel: Война и миръ, oversatt av Anthony Briggs
Utgitt: 1869
Min utgåve: 2006
Format: Heftet frå bokhylla, 1399 sider
Forlag: Penguin
Anna: Eg har brukt papirutgåva kun for å finne ut kor langt eg hadde kome, og har lytta meg gjennom boka via Storytel. Eg har høyrt Neville Jason sin stemme gjennom del 1 (30t20min1sek) og del 2 (31t24min53sek)

Den russiske forfatteren Leo Tolstoy har skrevet berømte bøker som War and Peace og Anna Karenina, og blir lest den dag i dag. Eg har i tillegg til War and Peace lest Anna Karenina, The Death of Ivan Ilych og The Kreutzer Sonata.

Handlinga i War and Peace går føre seg under Napoleonskrigen i Russland på 1800-talet, og fletter inn fem prominente familier som på kvar sin måte deltar i krigen. Franskmennene invaderer Russland, og dei tre unge menneskene, Pierre Bezúkhov, Andréy Bolkónsky og Natásha Rostóv må finne sin veg gjennom urolighetene. Dei er alle medlemmer av Moskva og St. Petersburgs sosietet, og kjenner kvarandre godt. Den eldre generasjonen har sine verdiar som dei ønsker å videreføre til sine unge og håpefulle, medan sistnemnte er i sentrum for ei rekke kjærleiksintriger. War and Peace er ein lang og kompleks roman med ei lang rekke karakterer og når samtlige har fleire namn (typisk russisk) må ein halde tunga beint i munnen for å følge med.


I januar dette året vart det annonsert at ei ny filmatisering var på veg til fjernsynet. Ei tid før dette bestilte eg meg ein flunkande ny oversettelse av Tolstoys berømte verk og starta friskt. Etterkvart gjekk eg lei av TV-serien (halvanna episode seinare) og boka vart liggjande brakk. Storytel vart nok ein gong redninga, og 60t seinare var eg i mål. Spørsmålet eg har stilt meg i nærmare 2 veker er: Korleis skrive om ein roman alle har lest? Korleis rettferdiggjere dette verket? Sannheten er at eg koste meg ikkje på langt nær like mykje med War and Peace som eg gjorde med Anna Karenina. Eg meiner framleis fire år etter eg las sistnemnte at den er ikkje tung å lese i det heile tatt. War and Peace derimot var ein del tyngre. Eg tviler på at eg hadde komt gjennom utan lydboka!

Eg kan ikkje i dag sitere noko særleg frå romanen, og kan slettes ikkje huske alle detaljer, men eg kan råmaterialet og eg kan med handa på hjartet seie at eg har lest War and Peace. Kryss i taket har eg og fått! I Lines lesesirkel for oktober er kategorien filmatisert roman. War and Peace er filmatisert fleire gonger, og eg har prøvd meg på ikkje mindre enn 4 (!) stk. Ingen av dei ga kryss i taket, men det var interessant å sjå ulikhetene med tanke på skodespelarar, regissører og årstal. Når filmane vart lagd i 1956 (med Audrep Hepburn som Natásha), 1972 (med Anthony Hopkins som Pierre), 2007 og 2016 så er det mange ulikheter. Eg skal ikkje gå innpå dei, men det seier seg sjølv at kvaliteten blir betre etterkvart.

XOXO

søndag 11. januar 2015

Bok: "Kreutzersonaten"

Forfatter: Leo Tolstoj (1828-1910)
Originaltittel: Крейцерова соната
Utgitt: 1889
Min utgåve: 1974
Oversetter: Turid Schancke Bjørnflaten
Format: Innbundet, 116 sider
Forlag: Solum
Mål/utfordringar: 1001 bøker, Større geografisk spredning, Back to the Classics

Leo Tolstoj er ein forfatter eg absolutt skulle ha lest meir av, og med Kreutzersonaten og Krig og fred på Classics-utfordringa er hvertfall tanken på plass. I forordet skriver Geir Kjetsaa at Kreutzersonaten er inspirert av verkelege hendingar.
Sommeren 1887 kunne en av hans venner fortelle at han under en togreise hadde truffet en fremmed som fortalte om sin kones ekteskapsbrudd. Omtrent samtidig fikk dikteren en ny inspirasjon - denne gang fra musikken. Blant hans gjester var en begavet elev fra Moskvakonservatoriet som underviste hans sønn i fiolinspill. Sammen spilte de en gang Beethovens Kreutzersonate. (s. 6)
SPOILER ALERT

Kreutzersonaten foregår på eit tog. Ein mann ved namn Pozdnyshev overhøyrer ein samtale i kupéen om ekteskap, skilsmisse og kjærleik. Når ei kvinne i kupéen argumenterer at ekteskap skal baseres på kjærlighet blir det undra i kupéen om kva kjærleik er. Pozdnyshev beskriver sitt eige kjærleiksliv, frå erfaringer med prostituerte til sitt eige ekteskap. Etter nokon år i ekteskap har han innsett at det einaste ekteparet har til felles er barna. Kona hans tar opp igjen musikkinteressen sin, og møter ein flink fiolinist, Troukhatchevsky, og dei to framfører Beethovens Kreutzer Sonata for piano og fiolin. Sjalusi kjem sakte, men sikkert over Pozdnyshev, men han skjuler det og reiser på ein jobbtur. Han kjem heim tidligare enn tenkt og finner sin kone i seng med fiolinisten. Han dreper så sin kone med kniv. Barna blir oppdratt av svigerinnen og mannen, og etter ei tid i fengselet reiser Pozdnyshev fram og tilbake med toget i håp om at togpassasjerene han treffer vil tilgi ham. Det siste vår samtalepartner får høyre før han forlater Pozdnyshev er "Tilgi meg."


Kreutzersonaten kom ut vart den raskt sensurert av russiske myndigheter på grunn av argumenta som kjem fram i boka. Tolstoj er ikkje nådig i sine meiningar om ekteskapet, og sjølv om eg ikkje er einig med russeren har boka eit meget godt språk og presenterer kontroversielle argumenter. Eg har lest den i forbindelse med Back to the Classics-utfordringa, og eg angrer ikkje på at den vart valgt i Classic Novella-kategorien. Anbefales!

XOXO

tirsdag 7. august 2012

Bok: "The Death of Ivan Ilych"

Forfatter: Leo Tolstoj
Originaltittel: Смерть Ивана Ильича
Utgitt: 1886
Min utgåve: 2011
Format: e-bok (iPad)
Forlag: Golgotha Press

Frå iBooks: Tolstoy begins The Death of Ivan Ilych with the protagonist's death and moves backward from there. The novel opens with Peter Ivanovich reading about the death of his fellow judge and friend Ivan Ilych, who has just died at the age of forty-five. Peter is with a group of legal representatives during a break in a trial as he glances through the obituaries. With the news of their colleague's death, each man thinks about how Ivan's passing might benefit them. None of them are looking forward to visiting the family to pay their respects. It is just a social obligation.

Med Anna Karenina friskt i minnet, bestemte eg meg for ei tynn lita flis av samme forfatter som fekk vera med i Classics-utfordringa. Den er spekka med vanskelige namn, men boka er interessant. Eg ser på den som eit studie innan personers tankegang når det gjelder dødsfall og begravelser. Eg har vokst opp i ein familie der me ser på det som ein plikt å gå i begravelse til folk me kjenner. Men viss det var besteforeldra dine som kjente den avdøde, og dei er forhindra frå å gå, hadde du gått? Begravelser i seg sjølv er aldri ein glede, men eg har tru på at det letter trykket til dei etterlatte når dei ser alle som kom.

Peter Ivanovich og hans kolleger har ikkje lyst til å gå, men dei gjer det utav sosial plikt. Kanskje er det slik for mange andre og.

XOXO

søndag 24. juni 2012

Lesesirkelbok: "Anna Karenina"

Forfatter: Leo Tolstoj
Originaltittel: Анна Каренина (kopiert frå Goodreads)
Utgitt: 1877
Min utgåve: 2011
Oversetter: Erik Egeberg
Format: Paperback
Forlag: Gyldendal
Frå: Mi bokhylle (19. bok i 'Off the Shelf')

Det var med ærefrykt og ein smule spenning eg opna Anna Karenina for 54 dager sidan. Den hadde stått i bokhylla sidan eg kjøpte den på Mammutsalget i år. Tidlegare denne veka vart den ferdiglest, så som vanleg har eg ikkje krampaktig lest lesesirkelboka ferdig natta før omtaleskriving. Lesing var greit nok, men å skrive om den, det er hakket verre. For korleis skriver ein om ei bok som er verdskjent; er eit stolt medlem av 1001 bøker og som får andre lesere til å sperre opp augo viss du seier at den er ikkje lenger i 'skal-lese-hylla'?

Line skriver på si '1001 bøker (skal lese)-liste at boka er eit av dei beste eksempla på 1800-talets psykologiske roman. "Enda så lang den er, trekker Anna Karenina leserne inn i en verden som er åndeløst levende og altoppslukende i sin realisme."

Baksidetekst: "Alle lykkelige familier ligner hverandre, hver ulykkelige familie er ulykkelig på sin egen måte. Slik innledes en av litteraturhistoriens store romaner, Anna Karenina av Lev Tolstoj (1828-1910). Boken utkom i Russland i årene 1875-1877, få år etter at han fullførte kjempeverket Krig og fred, altså da Tolstoj nærmet seg de 50. Det er den sosialt respektable og vakre Anna Karenina historien kretser om. Hun bryter sitt ekteskap og forlater sitt barn da hun møter den store kjærligheten i den flotte offiseren Vronskij. Men hos Tolstoj viser ikke denne kjærligheten seg som noe varmt og vedvarende. Snarere skildres den som en skjebnesvanger sykdom som plutselig slår ned og rammer menneskets vilje. Anna Karenina er slik sett en mørk roman, men like fullt byr den på strålende scener, fylt av livslyst, skjønnhet og dramatikk. Romanen ble oversatt av Erik Egeberg i 1974 til Gyldendals serie "Mesterverker fra verdenslitteraturen".

Romanen kretser rundt 3 par, ekteparet Oblonskij, ekteparet Karenin og det kommande ekteparet Levin. I tillegg dukker Aleksej Vronskij opp, og x antall andre personer. Ekteparet Oblonskij har det ikkje så lett, då dei mangler penger og Stepan Arkaditsj ikkje er kjent for å vera trufast. Stepans søster, Anna Arkadjevna Karenin kjem på besøk for å megle, og møter Vronskij i eit selskap. Anna lever i eit kjærleikslaust ekteskap, men er umåtelig glad i sonen. Ho innleder eit forhold til den unge offiseren Vronskij, og opplever for første gong kjærleiken. Darja 'Dolly' Aleksandrovna Oblonskijs lillesøster, Ekaterina 'Kitty' Aleksandrovna Sjtsjerbatskij, er og interessert i Vronskij, men lukka hennar blir brutt. Då ho blir fridd til av Konstantin Levin takker ho nei. Han reiser tilbake til gården sin på landet, og ho blir sjuk og nedbrutt. Foreldra tar henne med på tur til Europa, og sakte, men sikkert blir ho frisk. Då Levin får nyss om at ho er tilbake i Russland, frir han igjen. Denne gongen svarer ho ja.

Anna og Vronskijs forhold er ikkje av det enkle slaget. Dei blir sett ned på av dei fleste, inkludert Annas ektemann Aleksej Aleksandrovitsj Karenin. Han nekter Anna å sjå sonen, og ho lider under dette. Ho blir gravid med Vronskij, og føder dottera Annie. På papiret er Annie Karenins dotter, så Vronskij og Anna tar med seg dottera til Europa. Dei reiser rundt der dei føler for, men ender til slutt opp på familiegodset til Vronskij i Russland, ikkje langt frå Levins.

Nå skulle ein jo tru at dette er som andre kjærleiksromaner, at alle levde lukkeleg til sine dagers ende. Men neida, det lukkeleg ekteparet heiter Levin. Dei har fått orden på heimen og livet sitt, og fått ein son. Oblonskijs ekteskap går på viddene, då alle pengane forsvinner og Stepan ikkje klarer å vera trufast. På slutten bur Dolly og barna hjå Levin. Anna blir meir og meir sjalu på alle damene som Vronskij utvilsomt må treffe når han er ute, og det ender med at ho gjer som ein mann gjorde den dagen ho traff Vronskijs mor på togstasjonen (skrevet på denne måten for å unngå for stor spoiler, red. anm.).

940 sider vart dermed lest! Eg grudde meg litt til å begynne, men oppdaga ganske fort at sjølv om det er ein russisk klassiker, så var den ikkje på langt nær så tung og vanskelig som eg innbilte meg. Det einaste eg hadde litt problem med var alle namna. Det gjekk litt i surr til tider då alle karakterene har 3 namn kvar og eit kallenamn i tillegg. Bortsett frå det, så likte eg boka godt.

Eg velger å avslutte denne omtalen med eit egenkomponert muntrasjonsråd: "Eg har tru på at det er ei bok som krever litt av deg, men samtidig oppnår du ei flott leseoppleving som du ikkje vil vera foruten når boka er slutt."

XOXO