Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Jussi Adler-Olsen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jussi Adler-Olsen. Vis alle innlegg

søndag 21. juni 2015

Bok: "Den grenseløse" (Avdeling Q #6)

Forfatter: Jussi Adler-Olsen (f. 1950)
Utgitt: 2014
Min utgåve: 2015
Format: Innbundet, 565 sider, oversatt av Erik Krogstad
Forlag: Aschehoug

Den danske krimforfatteren Jussi Adler-Olsen er eit av dei heiteste namna i krimverda for tida, omslaget på Den grenseløse skriver at serien om Avdeling Q har solgt 12 millioner totalt. Adler-Olsen skriver absolutt ikkje pysekrim, men er det bare eg som er litt lei av Avdeling Q?

Den grenseløse starter eit par år etter førre bok, Marco-effekten (rett meg om det er feil). For dei som fylgjer med er det sant at eg har ikkje skrevet eit einaste ord om førre bok rett og slett fordi eg hadde ikkje noko å seie om den. Carl Mørck får ein telefon frå ein kollega på Bornholm der han trygler om hjelp til ein kald sak som kollegaen har etterforska i nærmare tjue år. Carl er misvisande til mannens ynskje om å ta saken, og få dagar seinare begår kollegaen, Christian Haabersat, sjølvmord på sin eigen avskjedsfest. Kort fortalt tar Carl og teamet hans, Rose, Assad og nykommeren Gordon, saken og møter eit kompromissløst alternativmiljø. Det blir ein krimroman med få sidestykker, og fantasien til Jussi Adler-Olsen vil ingen ende ta.

Etter seks bøker med Carl Mørck i hovudrolla er eg igrunnen ganske metta. Til tider gjer Rose og Assad dobbelt så mykje som sjefen, og nå er det faktisk ikkje sjarmerande lenger. Historien derimot er spennande og original, men det er for mange sider i boka, og eg innrømmer glatt at eg har bladd ein del. Eg trur den med fordel kunne ha vore kutta litt, og bihistorien med familien til Carl er kun irriterande. Anbefales om du er blodfan - viss ikkje les den fyrste boka, den er best!

Rekkefølgen på Avdeling Q-serien:
* Marco-effekten
* Den grenseløse

XOXO

søndag 26. januar 2014

Bok: "Journal 64" (Avdeling Q #4)

Forfatter. Jussi Adler-Olsen (f. 1950)
Originaltittel: Journal 64
Utgitt: 2010
Min utgåve: 2012
Oversetter: Erik Johannes Krogstad
Format: Lydbok, lest av Helge Winther-Larsen, 15t38min38sek
Forlag: Lydbokforlaget
Mål/utfordringar: Krim

For ein gongs skuld er eg nokonlunde i rute med ein krimserie. Sist det skjedde var med Harry Hole, men om ein ikkje er i rute så har ein alltid ei krimbok å fortsetje med. Journal 64 byrjer der Flaskepost fra P slutter. Sistnemnte fekk avslutte 2013, og då eg var på biblioteket sist tok eg med meg både Journal 64 og Marco-effekten.

Carl Mørck og hans medhjelpere får ein sak frå 1987 i fanget. Den handler om overgrep av dei mest brutale, og kjernen ligger i ei øy som "upassende" kvinner vart sendt til heilt fram til 50-talet. Unge Nete Hermansen vart og sendt dit, og trudde ho unnslapp heilt til fortida innhenter ho. Romanen veksler mellom 1987 og 2010, og fortel historien om Nete Hermansens kamp for eit fullverdig liv.

Carl Mørck trur etterkvart at han har alle korta i stokken, men ideen om "upassende" kvinner lever i beste velgående, og tilhengjarane av ideen er ikkje redde for å ta liv.

Det skal mykje til for å overgå spenningen og intensiteten i Kvinnen i buret, men Journal 64 er bare eit skritt bak. Vekslinga mellom fortid og nåtid fungerer i den grad at den held spenningsnivået oppe, men det var tider då eg funderte svært på hvilket årstall eg var i. Eg vil tru det er lettare med veksling når ein har boka framføre seg, og kan bla seg bakover/framover. Når dette er sagt er det ikkje bare krim i Journal 64, men som med dei andre bøkene i serien ispedd ein god dose humor og latterlige meiningsutvekslingar. Carl og hans team er meget ulike personer, og har alle sine meiningers mot. Nå har eg ei bok igjen i serien foreløpig, og eg er spent på utviklinga til Assad. Får me vite meir om denne mystiske araberen?

Anbefales!

XOXO

tirsdag 31. desember 2013

Bok: "Flaskepost fra P" (Avdeling Q #3)

Forfatter: Jussi Adler-Olsen
Originaltittel: Flaskepost fra P
Utgitt: 2009
Min utgåve: 2011
Oversetter: Erik Johannes Krogstad
Format: Heftet, 526 sider
Forlag: Aschehoug
Mål/utfordringer: Off the shelf, Riverton/Glassnøkkelen

Flaskepost fra P er den tredje kriminalromanen i serien om Avdeling Q. Den første, Kvinnen i buret, var ein nervepirrande opplevelse, og Jussi Adler-Olsen veit korleis han skal halda deg på pinebenken. Lydbokforlaget kunne tidlegare i månaden fortelje at Adler-Olsens debutbok blir gitt ut på nytt i lydbokformat. Denne utgivelsen har ingenting med Avdeling Q å gjere, men det kan fort bli spennande å høyre hans begynnelse i kriminalverda.

Jussi Adler-Olsen fortsetter å feste grepet som Danmarks krimkonge, og når etterforsker Carl Mørck får overlevert ein flaskepost er han ikkje overbevist om at det er anna enn guttestreker. Etterkvart som han og assistenten Assad tyder meir og meir av brevet inni flaska kjem det fram at to gutter vart bortført ein gong på 90-talet. Spørsmåla rundt bortføringa er mange, men det er eit som lyser meir enn dei andre: Kvifor har ikkje foreldra meldt dei sakna?

Etter som dagane går begynner tida å springe frå dei, og dei innser at kidnapperen framleis er på frifot, og aktiv. Marerittet har så vidt begynt for eit søskenpar, og Carl og Assad må handle raskt.

Så vart det Jussi Adler-Olsen som fekk avslutte bokåret 2013. Han ville ikkje gje slepp på meg i går kveld, og eit par minutt inn i nyttårsaften var boka ferdig. Adler-Olsen må ha verdas villaste fantasi, for det er sjeldan at ein kriminalroman berører slik som Avdeling Q gjer. Etter kvar bok er eg sjeleleg overbevist om at det blir ikkje verre nå, men Flaskepost fra P var grenselaust ekkel og skremmande. Begge dei er gode teikn på ein meget god kriminalroman, og det er ikkje utan grunn at akkurat denne romanen fekk Glassnøkkelen 2010. Samtidig som sakene er ekle og skremmande er det mykje humor, særleg mellom Carl og hans medarbeidere Rose og Assad.
"Jeg har sjekket med originalen," sa hun. "Og jeg har snakket med teknikeren i Skottland. Vi er helt enige. To ganger fire bokstaver." Carl nikket. Teknikeren i Skottland, du verden. Ja, ja! For hans del måtte hun gjerne snakke med en pepitarutet spåkone i Reykjavik. Så vidt han kunne se, var hele brevet bare en eneste suppedas, samme hva de sa. (s. 53)
Stikk gjerne innom og les anmeldelsen til Marianne. Anbefales!

XOXO

mandag 9. september 2013

Bok: "Fasandreperne" (Avdeling Q #2)

Forfatter: Jussi Adler-Olsen
Utgitt: 2008
Denne utgåva: 2011
Oversetter: Kirsti Øvergaard
Format: Lydbok, lest av Helge Winther-Larsen, 14t1min25sek
Forlag: Lydbokforlaget

Då eg var ferdig med Avdeling Qs første bok, Kvinnen i buret, var eg ikkje heilt sikker på om eg skulle fortsette med dansk krim. Marianne har langt på veg påverka valet mitt, og eg er verkeleg ikkje typen til å avslutte serier midt i. Neste bok i serien, Flaskepost fra P, har og vunne den prestisjetunge Glassnøkkelen. Det er ein god årsak for å lese vidare.

Fasandreperne fortsetter med Carl Mørck og Assad, men Avdeling Q har utvida ansattlista med ein sekretær, Rose Fagerheim. Ho vart tvunget på Carl, og som alt anna er Carl negativ til nye ting i utgangspunktet. Saken dei held på med i denne boka er eit dobbeltdrap i slutten av 80-åra, men kvifor saken har havna på Carls skrivebord er eit mysterium i seg sjølv. Det er nemleg mindre enn 10 år sidan gjerningsmannen sto fram og fekk sin dom. Då Carl og Assad graver i fortida finner dei ut at alt er ikkje opp- og avgjort. Ei gruppe tidlegare kostskoleelever havner i Carls søkelys, og det søkelyset skyr dei få midler for å få fjerne. Til trass for kostskoleelevanes nitidige opprydding er det posedama Kimmie som sit på avtrekkeren. Kva veit ho? Kan ho øydelegge sine tidlegare venner?

Andreboka er ikkje like intens som førsteboka, og eg satt ikkje på nåler som sist, men det er ein imponerande oppfølger. Jussi Adler-Olsen fortsetter grunnarbeidet han har starta, og med utvidinga av eit nytt menneske på avdelinga humra eg fleire gonger gjennom boka. Dansk krim er eit nytt kapittel for meg, men eg nyter det. Anbefales!

XOXO

torsdag 28. mars 2013

Bok: "Kvinnen i buret" (Avdeling Q #1)

Kvinnen i buret (Avdeling Q #1)
Forfatter: Jussi Adler-Olsen
Utgitt: 2007
Min utgåve: 2009
Oversetter: Erik Krogstad
Format: Lydbok, lest av Helge Winther-Larsen, 13t49min54sek
Forlag: Lydbokforlaget

Rett før påske kom Jussi Adler-Olsens femte bok om Avdeling Q ut på norsk. Eg har lest veldig lite krim dei siste åra, men då Marianne skreiv ein glitrande omtale av dei to første bøkene havna Kvinnen i buret på leselista. Vegen frå lista til CD-spelaren var kort, for mor har denne på lydbok. Win win!

Kvinnen i buret handler om den unge og fremadstormende politikeren Merete Lynggard som forsvinner sporlaust. Politiet setter igang ein storstilt etterforskning, men det er ikkje før den nyoppretta Avdeling Q får saken på bordet at hjula byrjer å rulle. Carl Mørck er ein utradisjonell kriminalinspektør, og han er ikkje videre begeistra for den nye jobben. Han har nyleg komt tilbake til etaten etter eit rekonvalesensopphald etter forrige sak, og sliter med saknet etter to gode kolleger. Sakene Avdeling Q skal ha ansvaret for er av særlig grov karakter, og då Carl forlanger ein assistent blir han introdusert for vaskehjelpen Hafez el-Assad. Carl og Assad er etterkvart på sporet av ein hensynslaus forbryter som ikkje lever på luft og kjærleik, men snarere med eit hensynslaust hat mot Merete Lynggard. Vil Carl og Assad greie å løyse saken før det er for seint?

Eg har tidlegare sagt at lydbøker er perfekt til krim for du kan ikkje bare hoppe over eit par skumle sider. I dette tilfellet skulle eg ynskje at eg kunne hoppe litt fremover, for med min pysete og ville fantasi vart det til tider veldig skummelt. Idag høyrte eg ferdig den siste CD-en, men det har vore dagar der eg godt kunne tenkt meg å avslutta heile greia. Det syns eg er teikn på bra kriminallitteratur!

Jussi Adler-Olsen skriver godt og fengande, og han veit korleis han skal halde på lesaren/lyttaren. Adler-Olsen har og klart å skape ein etterforsker som har nokonlunde kontroll på livet, og seg sjølv. Det står respekt i å ta seg av ekskonas sønn etter ein skilsmisse, medan ho lever livets glade dager i eit kunstnerkollektiv. Carl er ikkje videre begeistra for Assad til å byrje med, men han viser seg å vere både kunnskapsrik og humørfylt. Etter påske blir det meir Jussi Adler-Olsen; tiden vil vise om det blir som leser eller lytter. Avslutter med eit sitat frå Marianne:
Dette er en genial kopling av politietterforsker og assistent som jeg overhode ikke har kommet over i litteraturen tidligere.
XOXO