Søk i denne bloggen

Laster inn...

mandag 9. september 2013

Bok: "Fasandreperne" (Avdeling Q #2)

Forfatter: Jussi Adler-Olsen
Utgitt: 2008
Denne utgåva: 2011
Oversetter: Kirsti Øvergaard
Format: Lydbok, lest av Helge Winther-Larsen, 14t1min25sek
Forlag: Lydbokforlaget

Då eg var ferdig med Avdeling Qs første bok, Kvinnen i buret, var eg ikkje heilt sikker på om eg skulle fortsette med dansk krim. Marianne har langt på veg påverka valet mitt, og eg er verkeleg ikkje typen til å avslutte serier midt i. Neste bok i serien, Flaskepost fra P, har og vunne den prestisjetunge Glassnøkkelen. Det er ein god årsak for å lese vidare.

Fasandreperne fortsetter med Carl Mørck og Assad, men Avdeling Q har utvida ansattlista med ein sekretær, Rose Fagerheim. Ho vart tvunget på Carl, og som alt anna er Carl negativ til nye ting i utgangspunktet. Saken dei held på med i denne boka er eit dobbeltdrap i slutten av 80-åra, men kvifor saken har havna på Carls skrivebord er eit mysterium i seg sjølv. Det er nemleg mindre enn 10 år sidan gjerningsmannen sto fram og fekk sin dom. Då Carl og Assad graver i fortida finner dei ut at alt er ikkje opp- og avgjort. Ei gruppe tidlegare kostskoleelever havner i Carls søkelys, og det søkelyset skyr dei få midler for å få fjerne. Til trass for kostskoleelevanes nitidige opprydding er det posedama Kimmie som sit på avtrekkeren. Kva veit ho? Kan ho øydelegge sine tidlegare venner?

Andreboka er ikkje like intens som førsteboka, og eg satt ikkje på nåler som sist, men det er ein imponerande oppfølger. Jussi Adler-Olsen fortsetter grunnarbeidet han har starta, og med utvidinga av eit nytt menneske på avdelinga humra eg fleire gonger gjennom boka. Dansk krim er eit nytt kapittel for meg, men eg nyter det. Anbefales!

XOXO

6 kommentarer:

  1. Fin omtale :) Har lurt på om jeg skal lese disse selv. Blir nok til at jeg gjør det før eller siden ;)

    SvarSlett
  2. Spennande! Eg ska begynna på 50 shades of grey eg nå:) Har du lest dei?

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har prøvd, men det fungerte ikkje for meg. Det er fleire av mine kolleger som har lest dei, og då det stod på som verst var det ofte høglytte diskusjoner på pauserommet;-)

      Slett
  3. Kjempe god bok den første boken:) Har igjen å lese videre på serien:) Fin omtale! Godt å vite den ikke er like intens som første boka, for den var intens og grusom:) Kos deg videre!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er så enig, Isabella. Den første var akkurat som du beskriver den, og det var igrunnen det som gjorde at eg ikkje hadde tenkt å lese videre:-/

      I like måte!

      Slett