Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Jenny Jordahl. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jenny Jordahl. Vis alle innlegg

søndag 19. september 2021

Bok: "Patriarkatet faller" av Marta Breen og Jenny Jordahl (ill.)

Marta Breen (f. 1976) er ein norsk sakprosaforfattar og journalist. Ho er kjent for sine mange bøker om kvinnekamp og sin podcast Patriarkatet faller med Anette Garpestad.

Jenny Jordahl (f. 1989) er ein norsk illustratør blant anna, og har samarbeida mykje med Marta Breen. I tillegg illustrerer ho ein miljøspalte i Aftenposten Junior og teikner sin eigen teikneserie: Livet blant dyrene.

Patriarkatet faller - Sexismens historie og kvinners motstandskamp er ein grafisk roman der Breen og Jordahl har teikna seg sjølv inn som professorer. I denne boka tar dei leserne med på ein reise gjennom historien til patriarkatet, feminisme og kvinnekamp. Som litteraturinteressert blir eg mest fascinert over historien til Mary Wollstonecraft og dei mange kvinnelege forfatterne som ga ut bøker under mannleg pseudonym. Det var ein del eg hadde høyrt om tidlegare, men eg trur denne boka kan vera ein god introduksjon til yngre lesere.

XOXO

| Forfatter: Marta Breen og Jenny Jordahl (ill.) | Utgitt: 2021 | Format: Innbundet, 99 sider | Forlag: Cappelen Damm |

mandag 16. januar 2017

Bokbloggerprisen 2016: "60 damer du skulle ha møtt"

Forfatter: Marta Breen (f. 1976) og Jenny Jordahl (f. 1989, ill.)
Utgitt: 2016
Format: Innbundet, 160 sider
Forlag: Forlaget Manifest

Den norske forfatteren, journalisten og spaltisten Marta Breen har fleire utgivelser bak seg, blant anna Født feminist. Den norske illustratøren Jenny Jordahl står bak den populære teikneserien "Livet blant dyrene" som har vore publisert hjå Aftenposten og NRK Ytring. Breen og Jordahl har tidlegare samarbeida om boka F-ordet. 155 grunner til å være feminist.

60 damer du gjerne skulle ha møtt er eit resultat av at Marta Breen og Jenny Jordahl såg seg lei på at kvinner i historien som regel blir annonsert som ein form for tilbehør: Kone, mor, elskerinne eller muse. I denne teikneserieboka blir ein kjent med fascinerande personlegdomar som krigsreporter Lise Lindbæk, prest Ingrid Bjerkås, jazzsanger Radka Toneff og kunstløperske Sonja Henie.

Denne boka kikka eg på i Oslo i september, og hadde den i bakhodet lenge. Sist veke kom den på bokbloggerprisens langliste for 2016, og håpet mitt nå er at den når ut til eit større publikum. Eg har blitt kjent med mange sterke damer i teikneserieform, dei fleste hadde eg aldri høyrt om. Biografier er ofte langtrukne og fulle av opplysninger som ikkje alltid er så interessante, men i teikneserieform får du det viktigaste. Etterkvart må nok denne boka flytte inn i bokhylla. Anbefales!

XOXO