Søk i denne bloggen

søndag 19. september 2021

Bok: "Patriarkatet faller" av Marta Breen og Jenny Jordahl (ill.)

Marta Breen (f. 1976) er ein norsk sakprosaforfattar og journalist. Ho er kjent for sine mange bøker om kvinnekamp og sin podcast Patriarkatet faller med Anette Garpestad.

Jenny Jordahl (f. 1989) er ein norsk illustratør blant anna, og har samarbeida mykje med Marta Breen. I tillegg illustrerer ho ein miljøspalte i Aftenposten Junior og teikner sin eigen teikneserie: Livet blant dyrene.

Patriarkatet faller - Sexismens historie og kvinners motstandskamp er ein grafisk roman der Breen og Jordahl har teikna seg sjølv inn som professorer. I denne boka tar dei leserne med på ein reise gjennom historien til patriarkatet, feminisme og kvinnekamp. Som litteraturinteressert blir eg mest fascinert over historien til Mary Wollstonecraft og dei mange kvinnelege forfatterne som ga ut bøker under mannleg pseudonym. Det var ein del eg hadde høyrt om tidlegare, men eg trur denne boka kan vera ein god introduksjon til yngre lesere.

XOXO

| Forfatter: Marta Breen og Jenny Jordahl (ill.) | Utgitt: 2021 | Format: Innbundet, 99 sider | Forlag: Cappelen Damm |

1 kommentar:

  1. Så gøy at du har lest denne, jeg likte den godt, selv om litt var kjent fra før. Vi har vel ikke vont av å bli minnet på veien andre kvinner har gått opp for oss heller. Mary W. er den damen jeg noterte meg for videre lesning. Gleden var stor da jeg fant hennes mest kjente bok Et forsvar for kvinners rettigheter, på norsk på biblioteket, med bare 1 ukes ventetid.
    Nyt søndagen Elida!

    SvarSlett