Søk i denne bloggen
Viser innlegg med etiketten Klaus Hagerup. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Klaus Hagerup. Vis alle innlegg
fredag 17. november 2017
Norske bøker du bør lese (#1)
Titler: Nesten menneske. Biografien om Julius, Keeperen og havet, Jenta som ville redde bøkene
Forfattere: Alfred Fidjestøl, Maria Parr, Klaus Hagerup og Lisa Aisato (ill.)
Utgitt: 2017
Forlag: Samlaget og Gyldendal
Format: Innbundne, frå 56 sider til 243 sider
Alfred Fidjestøl har nyleg mottatt Språkprisen 2017 for framifrå bruk av norsk i språkprosa (ekstern lenke, besøkt 17.11.17), men det var ikkje akkurat språket eg la mest merke til i boka. Nesten menneske er den første biografien om eit dyr, nemleg sjimpansen Julius. Då eg var liten hadde eg ein bamse med truse, og tenkte ikkje noko vidare over at det var rart. Biografien ga meg eit nytt syn på Julius bak kamera, om oppturer og nedturer og ein heil del ny informasjon om sjimpanser. Meget interessant biografi om den berømte Julius.
Maria Parr har gleda små og store tidlegare med Vaffelhjarte (2005) og Tonje Glimmerdal (2009). Nå har førstnemnte fått ein oppfølgar, og den er det mange som har gleda seg til. I Keeperen og havet møter meg igjen Trille og Lena frå Knert-Matilde, og i denne står fotball i fokus. Begge to har spelt fotball ei stund, men nå har laget fått ny trenar. Lena er ein kjempegod keeper, men den nye trenaren er nok ikkje så glad i damefotball, så Lena blir satt mykje på benken. Ein ny familie flytter til Knert-Matilde, og Trille opplever si første forelsking. Elles blir det fødd småsysken, ein diger storm sender nesten Trille og Lena på sjøen og farfaren til Trille omkommer nesten i båten. Ei meget god bok for dei litt større lesarane (men og for dei i 30-åra). Boka er nominert til Bokhandlerprisen 2017. Varmt anbefalt!
Klaus Hagerup er ein anerkjent forfatter og med Lisa Aisato på laget blir det gull! Jenta som ville redde bøkene handler om ei jente som lurer på kva som skjer med bøkene som ingen låner på biblioteket. Ho tar tak og låner ein heil del som det er lenge sidan vart utlånt. Saman med bibliotekaren setter ho i gang eit mysterium om ei bok utan slutt, og finner til slutt ut at slutten skal du finne ut sjølv. Den er nok ikkje lik for alle, men for den eine er det riktig. Ei meget varm biletbok for alle som er glad i bøker og biblioteker. Illustrasjonane til Lisa Aisato er gull kvar gong, og eg har lyst å henge alle opp på veggen. Anbefales! (Denne er forøvrig satt på ønskelista til jul bare så det er sagt!)
Det har vore litt skriverier om at bokanmeldelser har gått ned, og det kan eg vera samd i. Eg skriver ikkje om alle bøkene eg les, men samleomtaler av gode norske bøker skal eg få til i ny og ne. Eg les ikkje så mange norske bøker på eitt år, men akkurat disse tre hadde eg gleda meg til, og bør få sin plass i bloggosfæren. Alle anbefales, og kan nomineres til Bokbloggerprisen 2017.
XOXO
Abonner på:
Kommentarer (Atom)


