Søk i denne bloggen

fredag 17. november 2017

Norske bøker du bør lese (#1)


Titler: Nesten menneske. Biografien om Julius, Keeperen og havet, Jenta som ville redde bøkene
Forfattere: Alfred Fidjestøl, Maria Parr, Klaus Hagerup og Lisa Aisato (ill.)
Utgitt: 2017
Forlag: Samlaget og Gyldendal
Format: Innbundne, frå 56 sider til 243 sider

Alfred Fidjestøl har nyleg mottatt Språkprisen 2017 for framifrå bruk av norsk i språkprosa (ekstern lenke, besøkt 17.11.17), men det var ikkje akkurat språket eg la mest merke til i boka. Nesten menneske er den første biografien om eit dyr, nemleg sjimpansen Julius. Då eg var liten hadde eg ein bamse med truse, og tenkte ikkje noko vidare over at det var rart. Biografien ga meg eit nytt syn på Julius bak kamera, om oppturer og nedturer og ein heil del ny informasjon om sjimpanser. Meget interessant biografi om den berømte Julius.

Maria Parr har gleda små og store tidlegare med Vaffelhjarte (2005) og Tonje Glimmerdal (2009). Nå har førstnemnte fått ein oppfølgar, og den er det mange som har gleda seg til. I Keeperen og havet møter meg igjen Trille og Lena frå Knert-Matilde, og i denne står fotball i fokus. Begge to har spelt fotball ei stund, men nå har laget fått ny trenar. Lena er ein kjempegod keeper, men den nye trenaren er nok ikkje så glad i damefotball, så Lena blir satt mykje på benken. Ein ny familie flytter til Knert-Matilde, og Trille opplever si første forelsking. Elles blir det fødd småsysken, ein diger storm sender nesten Trille og Lena på sjøen og farfaren til Trille omkommer nesten i båten. Ei meget god bok for dei litt større lesarane (men og for dei i 30-åra). Boka er nominert til Bokhandlerprisen 2017. Varmt anbefalt!

Klaus Hagerup er ein anerkjent forfatter og med Lisa Aisato på laget blir det gull! Jenta som ville redde bøkene handler om ei jente som lurer på kva som skjer med bøkene som ingen låner på biblioteket. Ho tar tak og låner ein heil del som det er lenge sidan vart utlånt. Saman med bibliotekaren setter ho i gang eit mysterium om ei bok utan slutt, og finner til slutt ut at slutten skal du finne ut sjølv. Den er nok ikkje lik for alle, men for den eine er det riktig. Ei meget varm biletbok for alle som er glad i bøker og biblioteker. Illustrasjonane til Lisa Aisato er gull kvar gong, og eg har lyst å henge alle opp på veggen. Anbefales! (Denne er forøvrig satt på ønskelista til jul bare så det er sagt!)

Det har vore litt skriverier om at bokanmeldelser har gått ned, og det kan eg vera samd i. Eg skriver ikkje om alle bøkene eg les, men samleomtaler av gode norske bøker skal eg få til i ny og ne. Eg les ikkje så mange norske bøker på eitt år, men akkurat disse tre hadde eg gleda meg til, og bør få sin plass i bloggosfæren. Alle anbefales, og kan nomineres til Bokbloggerprisen 2017.

XOXO

6 kommentarer:

  1. Det skrives lite her også, og leses mindre, men likevel blir det en del bøker for 2017 ser jeg. Samleomtaler bør jeg bli noe bedre på, som din her. Det må skjerpes. Ser jeg noterer meg i GoodReads alt jeg leser, og kommenterer som oftest, og det må jeg kunne gjøre litt mer med på bloggen. Ikke lest noen av dine, akkurat lest om Kafka selv. En slags bio. Som Julius. Det er det nærmeste :) Ha en fin helg i været... :-O

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg leser ein heil del, men skriver lite :-/ Eg veit ikkje om eg liker samleomtaler, men det hjelper på når eg ikkje har så mykje å sei om kvar bok :-) God helg til deg og i finveret ;-)

      Slett
  2. Har ikke lest noen av disse,men står på venteliste inne på ebokbib på "keeperen og havet". "Jenta som ville redde bøkene" fikk jeg lyst til å lese. Jeg har lest en god del norsk av året(53 bøker inkl de 3 jeg holder på med) det har gått litt på bekostning av andre type bøker. Takk for boktips, det er alltid kjekt!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har lest ca 20 norske trur eg, men går absolutt ikkje etter dei, dei hamner som regel bare tilfeldig i fanget ;-)

      "Jenta som ville redde bøkene" er eit must!

      Slett
  3. Ja, hvordan gikk det med bokbloggtreffboostet egentlig;)?

    Samleomtaler er absolutt å foretrekke fremfor ingenting.

    Har nettopp lest ferdig Julius, enig med deg i at den er interessant og lærerik. Språket er godt, det flyter bra avgårde.
    Jeg synes også det var vondt å lese om livet til Julius, ikke lett å være kjendisape ute tilknytning til flokken og avvist av sin mor ved fødselen.

    SvarSlett
    Svar
    1. Uvisst, eg har aldri hatt eit bloggeproblem. Problemet har heller vore å lese bøker som eg har lyst til å fortelje andre om ;-)

      Samleomtaler er veldig greit når ein ikkje har så mykje å sei om kvar bok, men eg syns det kan vera ein raud tråd i samleomtaler og. At bøkene i alle fall har ei fellesnemnar - som norske bøker 2017.

      Det var mykje verre å lese om Julius enn eg trudde på førehand - til tider absolutt ingen solskinnshistorie.

      Slett