![]() |
Tittel: Ville hester
Forfatter: Jeannette Walls
Originaltittel: Half Broken Horses
Utgitt: 2009
Min utgåve: 2012
Oversetter: Kirsti Vogt
Format: Manus
Forlag: Pantagruel
Tittel: Byttet (#1 i Trylle-trilogi)
Forfatter: Amanda Hocking
Originaltittel: Switched
Utgitt: 2010
Min utgåve: 2012
Oversetter: Svein Svarverud
Format: Manus (mottatt nov-11)
Forlag: Pantagruel
Tittel: Jenta med snø i håret
Forfatter: Ninni Schulman
Originaltittel: Pigen med sne i håret
Utgitt: 2012
Min utgåve: 2012
Oversetter: Kari Engen
Format: Manus
Forlag: Cappelen Damm
Eg har ikkje lest Jeannette Walls forrige bok, Krystallslottet, men eg har fått med meg såpass at den handler om hennar mor og oppveksten i Arizona. Det var ein spennande og interessant bok, men det var enkelte gonger eg syns det vart litt for fantastisk til at det faktisk kunne vera ekte. Walls har sagt sjølv at enkelte plasser har ho dikta litt, men eg har ikkje skilnad på fiksjon og virkelighet akkurat her og nå. Alt i alt grei bok, og vips så var du ferdig.
Amanda Hockings første bok i Trylle-trilogien, Byttet, kan eg med handa på hjartet sei at den hadde aldri komt innføre døra hjå meg ved hjelp av andre midler. Eg er ganske lei av overnaturlige bøker med vampyrer, varulver, alskens slikt, men etter eit par andre bloggomtaler så fant eg ut at boka faktisk må leses før eg kan gjer meg opp ei meining. Og boka er ikkje så verst! Den irriterte meg, eg hadde sympati med Wendy og syns enkelte gonger at ho var heilt dust. Uhyre spennande slutt, og dei to neste bøkene må kanskje leses viss eg får inspirasjon.
| Det var ei grei bok, og utvilsomt ei bra debutbok. Ninni Schulman er veldig flink med karakterer, men har, etter min smak, litt mange karakterer og historier på ei gong. Det er nokon forfattere som klarer å sjonglere mellom mange karakterer på ei gong; eg er usikker på om Schulman klarte dette med glans. Boka mi er eit leseeksemplar frå forlaget derfor har eg fokusert lite på tekstoppbygging, språk og diverse, men det vart litt langtrukkent mot slutten. Likevel skal Ninni Schulman ha ros for måten ho skjulte morderen på. Eg hadde ikkje peiling kven det kunne vera før eg såg namnet på trykk. Mistankene mine var mange, og eg innser at hadde eg fulgt betre med på namn og den slags så hadde eg kanskje gjetta det, kanskje ikkje. Ho skriver drivande og klarer å halde på lesaren, men minuspoeng for langtrukkenhet. XOXO |


