Søk i denne bloggen

Laster inn...

søndag 26. januar 2014

Bok: "Journal 64" (Avdeling Q #4)

Forfatter. Jussi Adler-Olsen (f. 1950)
Originaltittel: Journal 64
Utgitt: 2010
Min utgåve: 2012
Oversetter: Erik Johannes Krogstad
Format: Lydbok, lest av Helge Winther-Larsen, 15t38min38sek
Forlag: Lydbokforlaget
Mål/utfordringar: Krim

For ein gongs skuld er eg nokonlunde i rute med ein krimserie. Sist det skjedde var med Harry Hole, men om ein ikkje er i rute så har ein alltid ei krimbok å fortsetje med. Journal 64 byrjer der Flaskepost fra P slutter. Sistnemnte fekk avslutte 2013, og då eg var på biblioteket sist tok eg med meg både Journal 64 og Marco-effekten.

Carl Mørck og hans medhjelpere får ein sak frå 1987 i fanget. Den handler om overgrep av dei mest brutale, og kjernen ligger i ei øy som "upassende" kvinner vart sendt til heilt fram til 50-talet. Unge Nete Hermansen vart og sendt dit, og trudde ho unnslapp heilt til fortida innhenter ho. Romanen veksler mellom 1987 og 2010, og fortel historien om Nete Hermansens kamp for eit fullverdig liv.

Carl Mørck trur etterkvart at han har alle korta i stokken, men ideen om "upassende" kvinner lever i beste velgående, og tilhengjarane av ideen er ikkje redde for å ta liv.

Det skal mykje til for å overgå spenningen og intensiteten i Kvinnen i buret, men Journal 64 er bare eit skritt bak. Vekslinga mellom fortid og nåtid fungerer i den grad at den held spenningsnivået oppe, men det var tider då eg funderte svært på hvilket årstall eg var i. Eg vil tru det er lettare med veksling når ein har boka framføre seg, og kan bla seg bakover/framover. Når dette er sagt er det ikkje bare krim i Journal 64, men som med dei andre bøkene i serien ispedd ein god dose humor og latterlige meiningsutvekslingar. Carl og hans team er meget ulike personer, og har alle sine meiningers mot. Nå har eg ei bok igjen i serien foreløpig, og eg er spent på utviklinga til Assad. Får me vite meir om denne mystiske araberen?

Anbefales!

XOXO

8 kommentarer:

  1. Jeg liker bare Journal 64 bare bedre og bedre når jeg tenker på den :) Særlig etter at jeg i fjor sommer så Sprogø. Det at Adler-Olsens bøker tar opp betente temaer gir bøkene hans et ekstra piff synes jeg.

    Assad er virkelig mystisk! Gleder meg til å gå på kino i kveld, veldig klar for å sjekke ut filmutgaven.

    SvarSlett
    Svar
    1. Enig med deg, Karete! Sjølv om det er ein fiktiv krimroman trenger ikkje alt vera oppfunne, og rosenrødt:-)

      Usikker på om eg vil sjå filmatiseringa av Kvinnen i buret. Boka gjorde eit sterkt inntrykk på meg:-/

      Slett
    2. Mitt råd er STYR UNNA *kjempeskuffa*

      Slett
    3. Det er veldig delte meiningar rundt denne filmen, men eg skal framleis ikkje sjå den på kino. Det må heller vera i mi eiga stove;-)

      Slett
  2. Jeg begynner å bli litt bekymret for Adler-Olsen jeg da, selv om jeg likte denne syntes jeg han kjører seg inn i et litt for tydelig mønster. Helst vil jeg at han skal overraske meg litt mer med selve krimplottet, persongalleriet derimot er det ikke noe å si noe på annet enn *ELSK*.

    Filmen må jeg få med meg, for jeg har veldig sansen for Fares Fares og det jeg har sett han har gjort tidligere. I mine tanker må han være den perfekte til å spille Assad.

    SvarSlett
    Svar
    1. Bekymra er eg ikkje, og har ennå ikkje tenkt over om han har eit mønster. Eg har aldri sett Fares Fares på film, og Kvinnen i buret blir ikkje debuten med det første:-)

      Slett
  3. Har lest og likt de tre første bøkene, bok nummer to var vel den jeg likte minst, kanskje jeg burde fortsette på bøkene hans snart? Har ikke sett filmen fra den første boken, den er jeg rimelig spent på.

    SvarSlett
    Svar
    1. Bok to var den eg likte minst og, men eg er glad eg fortsatte med serien. Filmen har fått både gode og dårlige omtaler i blogglandia; eg kjem ikkje til å sjå den på kino fordi boka ga meg så utruleg mykje at eg kjem ikkje til å takle den store skjermen;-)

      Slett