Søk i denne bloggen

Laster inn...

tirsdag 31. desember 2013

Bok: "Flaskepost fra P" (Avdeling Q #3)

Forfatter: Jussi Adler-Olsen
Originaltittel: Flaskepost fra P
Utgitt: 2009
Min utgåve: 2011
Oversetter: Erik Johannes Krogstad
Format: Heftet, 526 sider
Forlag: Aschehoug
Mål/utfordringer: Off the shelf, Riverton/Glassnøkkelen

Flaskepost fra P er den tredje kriminalromanen i serien om Avdeling Q. Den første, Kvinnen i buret, var ein nervepirrande opplevelse, og Jussi Adler-Olsen veit korleis han skal halda deg på pinebenken. Lydbokforlaget kunne tidlegare i månaden fortelje at Adler-Olsens debutbok blir gitt ut på nytt i lydbokformat. Denne utgivelsen har ingenting med Avdeling Q å gjere, men det kan fort bli spennande å høyre hans begynnelse i kriminalverda.

Jussi Adler-Olsen fortsetter å feste grepet som Danmarks krimkonge, og når etterforsker Carl Mørck får overlevert ein flaskepost er han ikkje overbevist om at det er anna enn guttestreker. Etterkvart som han og assistenten Assad tyder meir og meir av brevet inni flaska kjem det fram at to gutter vart bortført ein gong på 90-talet. Spørsmåla rundt bortføringa er mange, men det er eit som lyser meir enn dei andre: Kvifor har ikkje foreldra meldt dei sakna?

Etter som dagane går begynner tida å springe frå dei, og dei innser at kidnapperen framleis er på frifot, og aktiv. Marerittet har så vidt begynt for eit søskenpar, og Carl og Assad må handle raskt.

Så vart det Jussi Adler-Olsen som fekk avslutte bokåret 2013. Han ville ikkje gje slepp på meg i går kveld, og eit par minutt inn i nyttårsaften var boka ferdig. Adler-Olsen må ha verdas villaste fantasi, for det er sjeldan at ein kriminalroman berører slik som Avdeling Q gjer. Etter kvar bok er eg sjeleleg overbevist om at det blir ikkje verre nå, men Flaskepost fra P var grenselaust ekkel og skremmande. Begge dei er gode teikn på ein meget god kriminalroman, og det er ikkje utan grunn at akkurat denne romanen fekk Glassnøkkelen 2010. Samtidig som sakene er ekle og skremmande er det mykje humor, særleg mellom Carl og hans medarbeidere Rose og Assad.
"Jeg har sjekket med originalen," sa hun. "Og jeg har snakket med teknikeren i Skottland. Vi er helt enige. To ganger fire bokstaver." Carl nikket. Teknikeren i Skottland, du verden. Ja, ja! For hans del måtte hun gjerne snakke med en pepitarutet spåkone i Reykjavik. Så vidt han kunne se, var hele brevet bare en eneste suppedas, samme hva de sa. (s. 53)
Stikk gjerne innom og les anmeldelsen til Marianne. Anbefales!

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar