Søk i denne bloggen

Laster inn...

lørdag 15. juni 2013

Lesesirkelbok: "Johnny Cash - Livet, kjærligheten og troen til en legende"

Forfatter: Steve Turner, Kris Kristofferson (forord)
Originaltittel: The Man Called Cash
Utgitt: 2004
Denne utgåva: 2005
Oversetter: Oddvar Nilsen
Format: Hardback, 251 sider
Forlag: Hermon

Då Steve Turner byrja arbeidet med den autoriserte biografien var det meininga at Johnny Cash skulle vera delaktig. Dessverre gjekk det ikkje slik, for Cash sovna stille inn 12. september 2003. Omtrent fire månader tidlegare hadde Cashs lys i livet, June Carter Cash, sovna inn, og det kom som eit sjokk. Johnny Cash var til tider kjent for å misbruke kroppen på det verste, og det var liten tvil om at han kom til å gå bort først. Då June døydde gjekk Cash i studio, det var hans måte å overleve på. Han var ikkje frisk, faktum er at han hadde blitt skrekkelig gammal etterkvart, og gjekk altså bort sjølv kort tid etter.

Johnny Cash vart fødd inn i ein familie med etterkvart 7 barn. Barndommen var prega av lite pengar, og familiens kamp i depresjonstida vart inspirasjon til mange låter. Ei hending som for alltid prega Cash var då broren døydde etter ein kamp med ei sag i 1944. Jack var femten år, og døydde så altfor tidleg. Det var meininga at arbeidet med boka skulle byrje i oktober 2003, og etter Cashs død fekk Turner likevel moglegheita til å skrive boka ved hjelp av familien og vener av Cash. Sonen, John Carter Cash, har vore meget delaktig i arbeidet med boka.

Då Cash byrja karriera si etter militæret låg det an til ei musikalsk revolusjon.
Cash fløy tilbake til Amerika fra Tyskland og dro til Camp Kilmer, New Jersey, der han ble dimittert 3. juli 1954. Det var samme dag som en gitarist i Memphis, Scotty Moore, ringte til en talentfull ung sanger, Elvis Aaron Presley, og inviterte ham til å synge for Sam Philips ved Sun Records. (s. 55)
Ein månad seinare gifta Johnny Cash seg med Vivian Liberto, som han hadde truffet tre år seinare. Dei fekk fire døtre saman: Rosanne (1955-), Kathy (1956-), Cindy (1959-) og Tara (1961-). Ekteskapet var ikkje av det mest vellukka. Johnny Cash hadde heilt sidan barndommen vore fascinert av musikken til Carter Family, og denne fascinasjonen samt all reisinga og affærene til Cash førte til skilsmisse i 1966. 13 år etter deira første møte fridde Johnny Cash til June Carter på scenen under ein konsert i London, Ontario. Han hadde fridd fleire gonger tidlegare, men June hadde alltid takka nei. Denne kvelden sa ho ja. 1. mars 1968 gifta dei seg. Dette var Junes tredje ekteskap, og med seg i ekteskapet tok ho med seg døtrene, Rebecca Carlene Smith (betre kjent som Carlene Carter, 1955-) og Rosie Nix Adams (1958-2003). I 1970 fekk Johnny og June sonen, John Carter Cash.

Johnny Cash hadde mange comeback, og mange tilbakeslag. For ein tidlegare alkoholiker og pillemisbruker er det mange freistingar, men i løpet av Johnny og Junes ekteskap støtta ho han til det siste. I gravferda hennar sa Rosanne Cash, "if being a wife were a corporation, June would have been a CEO. It was her most treasured role." (Wikipedia)

Ingalill annonserte at ho ville starte opp med ein biografilesesirkel fekk ho overveldande respons. Det var tydeleg at biografi er noko mange les i all stillhet, og det er ikkje mange gonger eg har sett biografi omtalt på bokblogger. Boka om Johnny Cash er ein av mange biografier om denne mannen, men eg er ikkje fornøgd med den. Den er for langtekkeleg for meg, og passer nok best for dei som har litt meir peiling om amerikansk musikk enn meg. Det var for mange eg ikkje visste kven var, og for mykje unyttig informasjon (for meg). Eg er glad for at eg har lest boka, men den blir ikkje gjenlest. Mitt forhold til legenda Johnny Cash er basert på filmen frå 2005, og den er verdt å sjå.

XOXO

8 kommentarer:

  1. Jeg kommer fra et johnny cash dyrkende hjem og har sett filmen, så da sier du at denne boka egentlig er unøvendig. Er det forresten samme bok som filmen er basert på, eller tuller jeg når jeg tror filmen er basert på bok?

    Det skal bli spennende å se om den overveldende biografiresponsen resulterer i mange innlegg eller om de fleste venter på forfatterrunden. Skulle nå lørdagen renne over av musikerblogging er jeg også veldig nysgjerrig på å se om den finnes noen musikalse talenter der ute som ikke sliter/har slitt med alkohol og narkoproblemer. Av 3 innlegg lest er vi foreløpig på 100% -)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det fins fleire bøker om Johnny Cash, så det fins nok betre:-) Eg er usikker på om det er denne filmen er basert på.

      Slett
  2. Synes Johnny Cash liv virker spennende og interessant, derfor er det dumt at boka ikke kan leve opp til det. Jeg har ikke lest noe annet enn omtalen din for å kunne uttale meg altså.

    Jeg har den Johnny Cash filmen, men har enda ikke sett den, kanskje jeg skal gjøre noe med det i sommer? :) Ha en fin lørdag :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Jada, innimellom var det mykje spennande, bare synd at det som for meg var uinteressant, tar så stor plass. I like måte til deg, Gro:-)

      Slett
  3. Filmen likte jeg veldig godt . Synd at boka ikke fenget deg. Ha en fin lørdag :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det var virkelig synd for eg liker igrunnen godt Johnny Cash. Filmen må gjentas i nærmaste framtid, trur eg:-) Fine lørdag til deg og, Anita!

      Slett
  4. Eg elskar Johnny Cash, og har og sett filmen. Kan hende eg må sjå om det er ei anna bok pm han eg kan lesa For det hadde vore givande å lesa ei bok om ein av mine absolutte musikkfavorittar! Så monge gode songar og tekstar - dei går rett i hjartet mitt!
    Takk for ein svært god omtale!

    SvarSlett
  5. Johnny Cash har vært spilt jevnlig fra jeg var barn. Det ble igrunnen familiemusikken vår (selv om min mor dristet seg til Roger Whittaker innimellom Cash-slagene). Jeg syns filmen var storveis, og kjenner nå at jeg vil se den igjen. Nostalgi og god musikk :) Flott omtale, Elida.

    SvarSlett