Søk i denne bloggen

Laster inn...

torsdag 11. april 2013

Bok: "Den gamle mannen og havet"

Den gamle mannen og havet
Forfatter: Ernest Hemingway
Originaltittel: The Old Man and the Sea
Utgitt: 1952
Min utgåve: 2006
Oversetter: Leo Strøm
Format: Lydbok, lest av Johannes Eckhoff, 3t30min
Forlag: Fono
Mål/utfordringer: 1001 bøker, Nobelprisvinnere

Den gamle mannen og havet er ei av 1001 bøkene som ikkje består av 5-800 sider, og tar år og dag å kome gjennom. Denne uettermiddag, og plutselig har ein lest/høyrt ei 1001 bok, og kan krysse den av på lista. Boka er Hemingways mest kjente verk, og bidro til at Hemingway mottok Nobelprisen i litteratur i 1954. Han har og vunnet Pulitzerprisen i klassen fiction i 1953 for denne boka.

Boka konsenterer seg rundt den gamle fiskeren, Santiago, og hans kamp med ein stor fisk. Då me først møter den gamle mannen er han på land, og snakker med læregutten sin, Manolin. Santiago har vore veldig uheldig med fisket sitt i det siste, og har ikkje dratt i land noko på 84 dager. Manolin har fått forbud frå foreldra sine om å bli med Santiago ut på fisketur. Manolin er veldig lei seg for dette, men på tross av forbudet er han framleis glad i den gamle mannen og ser innom han kvar kveld, hjelper han med garnet og skaffer mat. På den 85. dagen annonserer Santiago til Manolin at han skal dra ut frå Havana og langt ut mot Golfstrømmen, og viss han ikkje får fisk denne gongen skal han overlate yrket sitt til yngre krefter.

Som sagt så gjort! Santiago får ein diger fisk på kroken fleire timer etter at han reiste utover. Det er den største fisken han nokonsinne har hatt på kroken, og nå kjem den største oppgåva. Ein slik fisk kan mette han i vekevis, men det er ikkje lett å få has på den. Fisken er så sterk at den drar båten med seg når den symjer, og Santiago ser ingen anna utveg enn å henge med. Det er tungt arbeid for ein eldre mann, og mange gonger ynskjer han av heile sitt hjarte at Manolin var med i båten. Den tredje dagen klarer Santiago å få fisken nær nok båten til å drepe den med harpunen. Problemet nå er å halde den vekke frå haiene som straks får ferten av blod. Den første haien klarer Santiago å drepe, men då mister han harpunen. Han lager ein ny av kniven og den eine åra, og sakte, men sikkert kjem Santiago seg heim att - med haiene på slep. Då Santiago kjem heim til Havana midt på natta den tredje dagen har haiene kun lagt igjen skjelettet på siden av båten.

Santiago er sliten og trett, men greier å slepe båtmasten opp til huset sitt. Han sovner momentant i senga. Manolin har vore skikkelig bekymra, og då han oppdager at Santiago er trygt heime i huset sitt klarer han ikkje å halde tårene tilbake. Andre fiskere i Havana måler Santiagos fisk til nesten 6 meter, og turister trur at han har fanga ein hai. Santiago er utslitt, men lover å fiske med Manolin neste gong.

Den gamle mannen og havet er ein skildring av eit menneskes kamp mot naturkreftene, og ein beretning om kven som er mest sta av fiskeren og fisken. Det er ei bok som tar kort tid, men den sitter igjen ei god stund. Eg fekk stor medlidenhet med den gamle mannen, og siden eg ikkje er så glad i vatn generellt så vart det nervepirrande og eg håpa heilt til den gamle mannen kom seg i land at han ikkje skulle bli spist av haier. Anbefales!

XOXO

9 kommentarer:

  1. En fin omtale! Og en bok jeg har lyst til å få med meg! (Jeg har faktisk bare lest en barnebok av Ernest Hemingway. Den heter Den trofaste oksen og er fin i seg selv, men ikke helt 1001 materiale :-))

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for ros! Barnebøker er nok ikkje heilt stilen til 1001, men dei kan absolutt vera fine. Eg har ei til liggande av Hemingway, men tok den kortaste først;-)

      Slett
  2. denne likte jeg også veldig godt, på lydbok. Har skrevet om den på bloggen. Opplevde også at den satt igjen en god stund.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Då skal eg leita opp omtalen din:-)

      Slett
  3. Jeg er enig i at den satt igjen en stund, men samtidig var den også en prøve for tålmodigheten min. Det går så lenge der det skjer så lite... Husker jeg var temmelig lettet da han endelig kom til land, heiet liksom på han underveis :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hadde eg lest den hadde eg hatt problem med tolmodet. Johannes Eckhoff var grei å lytta til eit par timer:-)

      Slett
  4. Superflott omtale! Måtte jo inn for å kikke da jeg så "teaseren" på instagram :)

    SvarSlett
  5. Takk for flott tekst! Nå har du gitt meg et godt bilde av hva boken handler om. :-D

    SvarSlett