Søk i denne bloggen

Laster inn...

lørdag 19. november 2016

Bok: "Min historie"

Forfatter: Jens Stoltenberg (f. 1959)
Utgitt: 2016
Format: Innbundet, 560 sider
Forlag: Gyldendal

Den norske politikeren og nå generalsekretær i NATO, Jens Stoltenberg, vart spurt allerede i 2007 om å skrive biografi (ref. takk bakerst i boka), og har sidan skrevet her og der når han hadde tid. Sjølvbiografien er ikkje bare ein biografi om mannen Stoltenberg, men kan lesas som eit stykke Noregshistorie.

Min historie handler om Jens Stoltenbergs barndom, ungdom og vaksenliv med foreldra Karin og Thorvald Stoltenberg, begge hardtarbeidande gjennom heile oppveksten. Han har ei storesyster, Camilla, og ei lillesyster, Nini. På vidaregåande blir han kjent med Ingrid Schulerud, datter av Mentz Schulerud og tantebarn av Anne Cath. Vestly, og får seinare to barn med ho. Det som tar mest plass i boka er politikken. Jens Stoltenberg har tatt eit bevisst yrkesval i heile sitt liv. Han skulle ikkje bli politiker.
Alt dette for gjennom hodet mitt, før jeg andektig åpnet døra inn til Statistisk sentralbyrå og det som skulle bli et nytt kapittel. Valget var tatt. Det eneste gjennomtenkte, bevisste yrkesvalget jeg har gjort i hele mitt liv: Jeg skulle ikke bli politiker. (s. 10) 
Jens Stoltenberg har i løpet av sitt 57-årige liv budd i mange land, hatt ulike jobber, men yrkesvalet han tok den morgonen i 1988 har han ikkje haldt. Stoltenberg hadde før dette valet vore leiar i AUF, og var nå klar for andre muligheter. Seinare skulle han bli statsråd, nærings- og energiminister, finansminister, statsminister og leiar for Arbeiderpartiet. Vegen har ikkje vore lett, familieliv har ofte blitt tilsidesatt, men det virker som om det alltid har vore interessant. Stoltenberg skriver om valkamper og om gode venner, om personlege og offentlege tragedier, og det som eg leser ut frå sidene: Vegen blir ofte til medan ein går.

Det som gjorde sterkast inntrykk på meg i løpet av 560 sider er kapittelet om lillesyster Nini. Storesyster Camilla er lege og leiar for Folkehelseinstituttet, medan Nini fekk jobb i NRK. Etterkvart gjekk det ikkje så bra med Nini og dei siste åra av hennar liv var ho ein sterk stemme i narkotikapolitikken. Nini Stoltenberg gjekk bort i juli 2014, og mine tårer rant både ved lesing av boka og då Jens Stoltenberg var hjå Skavlan i september og fortalte om då dei fant Nini død i leiligheten. Eit anna sterkt kapittel er om 22. juli. Då bombene i Oslo og på Utøya smalt, og 84 mennesker vart drept. Biletet av Jens Stoltenberg og Eskil Pedersen er for alltid brent fast på netthinna.

Eg leser ikkje så mange biografier, men av og til dukker det opp ein som fanger interessa. Det skjedde då Stoltenberg avslørte utgivelsen på nemnte Skavlan, og eg reserverte straks boka på biblioteket. 560 sider er ein heil del, og om du er som meg og eigentleg ikkje interesserer deg noko særleg for politikk så har du ingenting med denne boka å gjere. Så er det sagt! For meg som er meir interessert i mennesket Stoltenberg har eg skumma ein del sider, og tenker at det gjer ingenting. Er du derimot interessert i norsk politikk sett deg godt til rette.

XOXO

2 kommentarer:

  1. Det høres ikke ut som en bok jeg skal begi meg ut på. Er ikke spesielt interessert i politikk, hvert fall ikke å lese om det. Hadde vært mer interessert i mennesket Jens Stoltenberg, jeg også. :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg var ikkje klar over kor mykje politikk som fylte sidene før eg starta, så eg er glad eg ikkje eiger boka ;-)

      Slett