Søk i denne bloggen

Laster inn...

søndag 12. juni 2016

1001-lesesirkel: "Agnes Grey"

Illustrasjonsbilete, eg har
lest ein anna utgåve
Forfatter: Anne Brontë (1820-1849)
Utgitt: 1847
Min utgåve: 2014
Format: Innbundet, 103 sider
Forlag: Bounty Books

Den britiske forfattaren Anne Brontë er mindre kjent enn sine søstre, Charlotte og Emily, men Anne har skrevet ei av mine favoritter, The Tenant of Wildfell Hall. Den har nyleg kome i norsk utgåve frå Bokvennen (ekstern lenke, eg får ingenting for å skrive dette), og anbefales. Agnes Grey er basert på forfatterens eigne erfaringer som guvernante, og passa perfekt inn i Lines lesesirkel då temaet for juni er  lese ei bok skrevet på 1800-talet.

Agnes Grey lever i lag med mor, far og storesøster Mary i presteboligen i ein ikkje namngitt tettstad i England. Mora er opptatt av at døtrene skal kunne noko, og søstrene har fri tilgang på bøker, musikk og håndarbeid. Då faren blir sjuk ønskjer Agnes å reise ut i verda for å tene penger, og mora finn ein posisjon til henne som guvernante. Den første jobben gir fleire prøvelser enn suksess for vertskapet kunne ikkje brydd seg mindre om barna sine, barna er ufordragelege og har aldri lært å høyre på ei guvernante. Agnes liker seg slett ikkje, og då ho etter eitt år får sparken reiser ho heim til foreldra sine. Ho er derimot ikkje ferdig med jobblivet og med litt hjelp finner ho ein anna posisjon. Her får ho det mykje betre sjølv om barna har sine øyeblikk. Etter kvart har ho bare ei jente å vere guvernante for og det gir ho meir ledig tid til lesing og teikning. Ein ung prest fatter interesse for Agnes Grey, men han flytter frå staden ei tid før Agnes. Då Agnes forlater posisjonen som guvernante møter ho igjen presten og søt musikk oppstår.


Agnes Grey vart lest i omtrent eit strekk på terrassen ein solrik laurdag. Den er enkelt skrevet i ei form der Agnes fortel lesaren kva ho gjer, og det gjer det heile personleg. Guvernante-historier er ikkje uvanleg, og Charlotte Brontës Jane Eyre handler og om det til ei viss grad. Då eg las om Agnes Grey hadde eg fleire sinnsstemningar ute til si tid; eg vart sint for oppførselen til barna, rørt av Agnes' urokkelege tru på livet og glad for at ho fekk det supert til slutt. Anbefales!

XOXO

7 kommentarer:

  1. Får skrive opp denne på leselista mi også! Kort var den også :) Det kan man like!

    SvarSlett
  2. Eg trur ikkje den er så kort i andre utgåver, 200-250 sider.

    SvarSlett
  3. Denne blei eg også nysgjerrig på. Takk for tips!

    SvarSlett
  4. Har lest Wildfell Hall og den likte jeg veldig godt, og skal nok få med meg denne etter hvert også. Har lagt merke til at det ofte er forskjellige sideantall i ulike utgaver av bøker, egentlig litt rart om de alle for eksempel er i pocket.

    SvarSlett
    Svar
    1. Min er i ein samleutgåve med Jane Eyre og Wuthering Heights, og eg syns skriftstørrelsen var i minste laget. det gjer jo og sitt til at sidetalet minker.

      Slett
  5. Kjempemessige tips, både Agnes Grey og The Tenant of Wildfell Hall! Jeg har dem liggende på Kindle, og har lyst til å sette av en måned etter hvert til bare å lese klassiske lady novelists fra 1800-tallet. Happy ending er heller ikke å forakte;-)

    SvarSlett