Søk i denne bloggen

lørdag 11. juni 2016

Bok: "Danny the Champion of the World"

Forfatter: Roald Dahl (1916-1990)
Utgitt: 1975
Min utgåve: 2014
Format: Storytel-lydbok, 4t27min20sek, lest av Peter Serafinowicz
Forlag: Puffin

Den norskætta britiske forfatteren Roald Dahl ville fylt 100 år i år, og med fullt av nyutgitte lydbøker hjå Storytel har eg satt i gang eit prosjekt. Roald Dahl har skrevet både for barn og vaksne; skjønnlitteratur og sakprosa. Eg vil i første omgang høyre meg gjennom Storytel og barnebøkene.

10 år gamle Danny meiner han har verdas beste far. Faren, William, er snill, driver bensinstasjon, følger Danny til skulen kvar dag og sjølv om dei ikkje har så mykje penger greier dei to å ha det som best mogleg. Ei natt våkner Danny og finner ikkje faren i senga overfor han. Det viser seg at Dannys far har ein løyndom: Han går ut etter at Danny har sovna, og fanger fasaner ulovleg på rikmannen Mr Hazells eigedom. Ei tid seinare då faren har lovt å kome heim på eit gitt tidspunkt må Danny ut og leite etter ham, og etter den natta kjem dei to opp med ein plan om korleis dei kan øydeleggje for Mr. Hazells fasanjaktselskap.

Danny the Champion of the World, eller Danny og den store fasanjakten som den er oversatt til, er ei meget god bok om forholdet mellom ein far og ein son. Det er mange morsomme sekvenser, rørande scener, og eg satt med hjarta i halsen fleire gonger då Danny var ute og leita etter faren. Anbefales!

XOXO

4 kommentarer:

  1. Jeg prøver jo å lese bøker skrevet av kvinnelige forfattere for tiden (bortsett fra noen unntak), lurer på om jeg må åpne opp for Roald Dahl. Får så lyst til å lese bøkene du skriver om!

    SvarSlett
    Svar
    1. Nå har eg lest alle barnebøkene, og det er bare å kaste seg over dei, Ida!

      Slett
  2. Etter å ha lest Heksene og flere andre, kan jeg med litt pondus si at Danny er min favoritt :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Min favoritt er fortsatt Matilda, med Charlie på ein god nummer to :-)

      Slett