Søk i denne bloggen

Laster inn...

onsdag 18. juni 2014

Lesesirkelbok: "Mansfield Park"

Forfatter: Jane Austen
Utgitt: 1814
Min utgåve: 2006
Oversetter: Merete Alfsen
Format: Heftet, 447 sider
Forlag: Aschehoug
Mål/utfordringar: 1001 bøker, Back to the Classics

Eg er ikkje så vilt fan av Jane Austen, men bøkene fortener ein plass på bloggen. På Goodreads har eg ikkje vore nådig med boka, og den fekk kun ei stjerne. Det er eine og aleine fordi alle karakterane utanom Fanny og Edmund er ufordragelige. Eg meiner at alle kan ikkje like dei same bøkene, og diskusjon om folks meining er spennande.

I Mansfield Park blir ti år gamle Fanny Price sendt frå sine foreldre i Portsmouth til sine rike slektninger på godset Mansfield Park. I utgangspunktet er det tanten, mrs Norris, som skal ha ansvaret for ho, men ansvaret blir raskt skjøvet over på onkelen Sir Thomas Bertram. Fanny veks opp i lag med hans barn, Tom, Edmund, Maria og Julia. Forsøket på å innlemme Fanny i familien går heller dårleg, og forholdet mellom Fanny og søskenflokken på godset blir aldri som dei vaksne hadde tenkt. Det er kun Edmund som har eit godt hjarte til Fanny. Åra går, og Fanny veks opp til å bli eit menneske som ikkje bryr seg så mykje om korleis ho ser ut, og syns det er viktigare å vera eit godt menneske. Då prestefrua får besøk av sine yngre søsken samtidig som Sir Thomas reiser for å sjå etter koloniane går ting hals over hode. Mrs Norris kunne ikkje brydd seg mindre om kva dei unge gjer, og Mrs Bertram er i ein evig narkodøs, så dei unge kan gjera meir eller mindre som dei vil. I denne romanen er det dei unge som regjerer, og då kan alt skje.


Så langt kom eg! Då eg nemnte for Linn at eg skulle lese den for andre gong sjølv om eg ikkje kunne fordra boka ynskja ho at ho budde nærmare meg slik at ho kunne slå meg med noko hardt. Slapp av, Linn, eg tok til vettet. Med det sagt så kan eg historien om Mansfield Park nærmast utanat, sidan filmatiseringa frå 1999 får fram den rette stemninga, og karakterane har tydeleg lest boka. Slikt liker eg!

Boka har eg lest i forbindelse med Lines lesesirkel, og fleire anmeldelser (og muligens nokon meir positive) kan leses her.

XOXO

5 kommentarer:

  1. Jeg er helt enig i at det er en samling med ufordragelige karakterer, spesielt tantene til Fanny. Ufordragelige på hver sin måte, selv om de er like. Jeg synes ikke dette er den beste historien, men jeg liker noen av episodene fordi de er herlig absurde med disse personene. Imponert over at du prøvde den på nytt når du likte den så lite første gang.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er fleire episoder som er så tullete at det er fint å lese dei, men alt i alt er boka ufordragelig. Eg hadde eit håp om at historien ikkje var så ille som eg trudde, men då tok eg feil. Tvilsomt at eg les denne fleire gonger:-)

      Slett
  2. Tusen takk for titten hos meg :) Jeg er ingen fan av denne typen bøker, og har aldri lest en eneste Jane Austen bok. Men kanskje 1001-lista kan få meg til å komme på andre tanker!? God helg, hilsen Anette :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Om du skulle ombestemme deg ift Jane Austen så anbefaler eg høgt og tydeleg "Overtalelse" og "Fornuft og følelse."

      Slett
  3. Første gangen jeg leste boken irriterte jeg meg både over Fanny og de andre karakterene, men denne gangen har jeg kost meg mye mer med boken - det ble rett og slett en veldig bra leseopplevelse og jeg gleder meg til å lese neste Austen-bok :)

    SvarSlett