Utgitt: 1851
Min utgåve: 2012
Format: Kindlebok, 334 sider
Forlag: ?
Mål/utfordringer: 1001 bøker, Back to the Classics
Eg har ein anna Nathaniel Hawthorne-roman ståande i bokhylla, men House of the Seven Gables fekk opne Hawthorne-ballet. Forfatteren skreiv 8 romaner og fleire novellesamlinger i si levetid, og hans mest kjente er romanen The Scarlet Letter. Eg har nå foretatt eit dobbeltkryss med både 1001-kryss og Back to the Classics der denne boka i mi liste står som A 19th Century Classic.
House of the Seven Gables er inspirert av eit ekte hus i Salem, Massachusetts som slektninger av Hawthorne eigte og som var involvert i hekseutryddinga i 1652. Romanen handler om søskenparet Pyncheon som bur i huset. Huset er i familien Pyncheons eige, og har sidan det vart bygd vore eit offer for spekulasjoner om hjemsøking, svart magi og mystiske dødsfall. Då me trer inn i romanen er det Hepzibah Pyncheon som bur der i lag med sin bror Clifford. Dei er begge fattige som kyrkjerotter og for å tene penger til seg og broren opner ho ein liten butikk i eit av sideromma. Clifford har akkurat kome ut av fengsel der han har sona tretti år for mord. I nærmaste by bur den rike, men ufyselige fetteren dommer Jaffrey Pyncheon, som Hepzibah nekter å ta imot almisser frå. På loftet bur den mystiske Holgrave som skriver bok om Pyncheon-familien, og ein dag dukker ein fjern slektning av syskenparet opp, den unge og livlege Phoebe.
Innimellom dagleglivet til karakterene får me høyre om huset som det er ville spekulasjoner om. Ifølge rykter vart grunnen som huset står på stjålet av general Pyncheon då den førre eigaren, Matthew Maule, vart drepen på grunn av mistanker om trolldomskunster. På dødsleiet kasta Maule ein forbannelse over huset og eigarane, og den dag i dag meiner folk at den legenden kviler over huset. House of the Seven Gables blir livlegare med Phoebe i det, men då ho reiser heim til familien sin for ein kort visitt byrjer interessante ting å skje.
Meir vil eg ikkje seie i dette innlegget. Det eg kan seie er at sjølv om det ser interessant ut å lese romanen, og den står på 1001-lista så er det ikkje nødvendigvis ei bok ein må lese. Det går sakte framover, og det mest interessante er karakterene. Hepzibah som gjer sitt ytterste for broren, Clifford som er nærmast sengeliggjande, Holgrave som er meir enn litt mystisk, unge Phoebe som spriter opp stemninga, og den ufordragelege Jaffrey som helst ser at Clifford hamner på asyl. Om ikkje historien er kjempespennande så er setningane til Hawthorne desto betre. Her er det mykje bra og romanen er meget sitatverdig.
"Truly was there something high, generous, and noble in the native composition of our poor old Hepzibah! Or else, - and it was quite as probably the case, - she had been enriched by poverty, developed by sorrow, elevated by the strong and solitary affection of her life, and thus endowed with heroism, which never could have characterized her in what are called happier circumstances." (s. 141)
"The sound of footsteps was not harsh, bold, decided, and intrusive, as the gait of strangers woud naturally be, making authoritative entrance into a dwelling where they knew themselves unwelcome. It was feeble, as of persons either weak or weary; there was the mingled murmur of two voices, familiar to both the listeners." (s. 320)
XOXO
Jeg er imponert! ...over at du fullførte. Jeg har prøvd meg på både ebok og lyd, men jeg kommer ikke lenger enn ca 35%. Jeg har gått helt i lås. Språket er nydelig, som du påpeker. Men - det er en FRRRRRYKTELIG treig fremdrift på det hele. Fortelleren er så inn i hampen detaljert at jeg får helt fnatt. Dette er sannsynligvis ei av de få bøkene av året som jeg rett og slett gir opp. Det er grenser for hvor langt jeg kan strekke tålmodigheten min. Ditt siste sitat sier alt om boka - deeeee... taaaaaal... jeeeeeeeert... Ha ei flott uke! OG - trenger du noe å sprite opp tilværelsen med, lytt til Bird Box av Josh Malerman. Hjernetom, men duverden for neglebitende spenning fra første til siste side (eller...lyd :-)
SvarSlettTakk takk! Eg var frykteleg sta på slutten og skulle ha den ferdig. Setningene var til tider så lange at eg måtte gå tilbake og lese ei gong til - og det er sjelden eg bruker 2 månader på ei 300 siders bok!
SlettHa ei flott veke, Marianne!
Denne tror jeg at jeg stoppet midt i da jeg prøvde å lese den. Og iden jeg vet hvordan den halvparten er så har du gjort en super jobb! :-)
SvarSlettDet var også en nydelig omtale!
Tusen takk, Astrid!
Slett