Søk i denne bloggen

Laster inn...

mandag 28. april 2014

Lesesirkelbok: "Alberte og Jakob"

Forfatter: Cora Sandel (1880-1974)
Utgitt: 1926
Min utgåve: 2009
Format: Innbundet, 242 sider
Forlag: Gyldendal
Mål/utfordringar: Off the shelf, Nye forfattere, 1001 bøker

Ikkje sidan september 2011 har Lines lesesirkel lest ei 1001-bok av ein norsk forfatter. Med det i tankane var det verkeleg på tide, og ikkje minst med det faktum at min versjon av Alberte-trilogien har stått i bokhylla sidan november 2009 og samla støv. Cora Sandels mest berømte verk er trilogien om Alberte: Alberte og Jakob (1926), Alberte og friheten (1931) og Bare Alberte (1939). Det er kun første bok som er med på 1001-lista, men etterkvart skal eg lese dei to resterande bøkene.

Alberte og familien bur i ein by nordpå, der faren er sorenskriver. Familien har aldri funnet seg til rette her, og røttene spriker til alle kanter. Forholdet mellom Alberte og broren Jakob er meget godt, og Alberte går ikkje på skulen for ho skal hjelpe broren med hans skulegang. Alberte sjølv er annleis enn omgivelsane vil ha det. Ho er ikkje forfina og elegant som venninnene, men klossete og rødmer lett. Ho og mora står ikkje alltid på god fot med kvarandre, då mora skulle ynskje dottera var meir lik ho sjølv. Alberte har ein utferdstrong som ikkje blir realisert, men broren Jakob får reise til sjøs. Då han sender ei helsing til Alberte frå sjøen får det følger både av godt og vondt, men Alberte kjem seirande ut.

Alberte-trilogien er delvis sjølvbiografisk, men det geniale med romanen er at den er like gjeldende i dag. Kjensla av å vera utilstrekkeleg, av å kjenna seg i vegen, å vera annleis, og kjenna at du har ikkje val i livet er garantert ting som kjem fram hjå mange i 2014. Eg likte den til dels, det var greit å lesa når eg kom inni det, og eg skal garantert lesa dei to andre bøkene ein dag. Greit med kryss på 1001-lista!

XOXO

2 kommentarer:

  1. Jeg likte Alberte, og som du sa, så er temaet fortsatt relevant i forhold til identitet og selvfølelse. Jeg skal få lest ferdig resten av trilogien før jeg skriver om den. Er spent på hvordan Alberte gjør det ut i Europa i bok 2.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har og tenkt å lese ferdig trilogien (sidan den nå står så fint her), men ikkje akkurat nå:-)

      Slett