Søk i denne bloggen

Laster inn...

onsdag 18. juli 2012

Bok: "Drømmenes land"

Forfatter: Tamara McKinley
Originaltittel: Dreamscapes
Utgitt: 2005
Min utgåve: 2007
Oversetter: Cecilie Winger
Format: Innbundet
Forlag: Cappelen
Frå: Biblioteket

Baksidetekst: Catriona Summers debuterte tidlig på scenen. Da hun bare var få minutter gammel, viste faren henne frem for publikum og annonserte henne som teatertruppens nye stjerne. Slik begynner eventyret for den lille Catriona, som viser seg å ha en stemme som skal bringe henne mye lenger enn noen hadde turt å drømme om. Men veien fra å synge viser for noen få penny, til å bli verdensberømt diva på Sydneys største scene, blir både dramatisk og lang. Få kjenner Catrionas mørke fortid, og de hemmelighetene hun har måttet skjule. Da et lik en dag blir funnet på St. Petersburg hotell, skal etterforskningen vise seg å lede til flere overraskelser, ikke minst for Catriona selv ...

Når ingenting funker tar du fram dei bøkene som får deg til å drøyme deg vekk, og gløyme alt om manglende leselyst, bøker som ikkje vil vise deg magien, og den veska du har intenst lyst til å bestille (litt ut av saken, men anyway). Etter nokon dagers pause frå Australias steikande sol og røde jord har eg igjen entra den verda som skremmer og lokker meg på same tid. Som i I skyggen av vingården er me i ein verden som på ein måte ikkje høyrer til i det Australia eg har blitt kjent med, men samtidig er alle dei faste elementa med.

Catriona Summers vart fødd i garderoben på eit teater i Australias ødemark, og tilbringer barndommen i teatertruppen til Summers Varieteteater. Dessverre er dette livet kortvarig, og depresjonen innhenter dei. Etter farens død er det slutt på teatertruppen, og mora og Catriona legger ut på ein reise for å finne betre levekår. Livet for Catriona er ikkje lett; mora har ikkje klart å forlate faren og mannen dei reiser med har ikkje bare hederlige hensikter. Etter eit opphold på eit hotell kjem dei til Sydney kor Catriona etter langt om lenge får prøvesynge for ein kjent skule. Framleis farer livet over Catriona, men ho kjemper med nebb og klør for å få det ho vil ha. Ho blir ei kjent operastjerne, og er med på å bygge opp Operahuset i Sydney. Catriona nærmer seg dei 50, kjøper ein farm langt ut i hutaheiti, plasserer si bestevenninne der med familien sin, og tenker at ho vil trekke seg tilbake. Skjebnen vil ha det til at bestevenninna, Poppy, blir aleine med barnebarna, Connor og Rosa, men få år seinare døyr Poppy av hjarteinfarkt. Barna er då 13 og 8 år, og Catriona bestemmer seg for å aldri forlate dei. Ho busetter seg på farmen, Belvedere, og her utspiller familielivets gleder og sorger seg.

Connor er den av barna med størst frykt for å miste nokon. Då han var fire år vart han banka nesten helselaus av faren, og begeistringa søsteras bestevenninne, Belinda, viser for han gjer ikkje saken betre. Rosa husker ingenting av faren, men då bestemora, Poppy, døydde, var ho den som trengte Catriona mest. Ho elsker å vere med Catriona til Sydney på shopping, balletforestillinger og kafebesøk, men avviser raskt draumen om eigen sangkarierre då ho møter ein utrolig oppriktig sanglærer som tolvåring.
Jeg fylte tolv før en utrolig oppriktig sanglærer sa at han heller ville lytte til et kor av agapadder enn meg, og at jeg burde finne på noe annet.
Connor vil aller helst drive med hest og farm, men på den spede kroppen til Rosa sitter eit klokt hode, og saman med Belinda begynner dei på high school. På skulen treffer jentene Harriet Wilson, og i løpet av dei neste åra er jentene hyppige gjester på Belvedere. Harriet har ein avdød far og ei mor som stadig er på turnè, så ho vil meir enn gjerne vera med til Catriona. Rett før Catrionas 68. bursdag får ho nyss om ein sak som har heimsøkt ho i over femti år, og då ungdommane (som ho kaller dei) kjem heim på bursdagsbesøk avslører ho den siste hemmeligheten i sin livshistorie.

Drømmenes land er ei av dei McKinley-bøkene eg kun har lest ei gong, men den griper meg med nebb og klør. Ulikt dei andre eg har lest begynner denne med Catrionas fødsel og ender med, vel ikkje døden, men med eit bryllaup i familien. Ingen dagbøker midt inni handlinga, ingen hopping frå nåtid til fortid og tilbake igjen, men med skjulte spøkelser, sterke familiebånd (sjølv om dei ikkje var familie i utgangspunktet) og ein draum om å finne dei ein eingong mista. Tamara McKinley skriver om ein oppdikta familie i ei reell verd, men med reelle hendingar fletta inn. Andre verdskrig får eit lite innhopp, Operaen i Sydney vart opna i 1973, og operastjerner som Maria Callas (1923-1977), Joan Sutherland (1926-2010) og Kiri te Kanawa (1944-) fekk Catriona til å tenke på å trekke seg tilbake.
Det var nye divaer som entret scenen nå: den gnistrende Callas fra Amerika, den majestetiske Joan Sutherland fra Australia, i tillegg til den forbløffende Kiri te Kanawa fra New Zealand, som akkurat hadde utgitt sin første plate etter et engasjement ved London Opera Center.

Ei spennande bok frå begynnelse til slutt, med eit par vridninger som hiver deg rett utfor stupet.

XOXO

2 kommentarer:

  1. Flott omtale :) Desverre har jeg problem med bøker av Tamara McKinley, er ikke sikker på hva greia er. Den virker jo veldig spennende da.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk!

      Det er ikkje alle som nødvendigvis må like dei same bøkene, Karete ;-)

      Slett