Søk i denne bloggen

Laster inn...

søndag 11. mai 2014

Bok: "Ocean Child"

Forfatter: Tamara McKinley (f. 1948)
Utgitt: 2010
Format: Kindle, 354 sider
Forlag: Quercus

Det er nærmare to år sidan eg skulle lese samtlege bøker av den australske forfattaren Tamara McKinley. Då endte prosjektet med seks av dei sju bøkene som til då var utgitt på norsk: Siste dans for Matilda, I skyggen av vingården, Vindens sang, Svart arv, Syklonens øye og Drømmenes land. Då leselysta etter McKinley var på det sterkaste for to år sidan lasta eg ned 3 McKinley-bøker på Kindle'n, men dei har blitt liggande ulest. Etter ein overdose krim dei siste månadene har eg kasta meg over Nora Roberts via lydbok, og Tamara McKinley på Kindle.

Første bok ut er Ocean Child. Boka starter i 1920, og 26 år gamle Lorelei 'Lulu' Pearson ser framover mot ein lysande karriere som skulptør i England, då ho får eit brev om ein hest som ho eiger i Australia blir ho overraska. Lulu har aldri kjøpt ein hest, og hvertfall ikkje på fødeøya Tasmania som ho forlot som ti-åring. Grandtanta, Lady Clarice Pearson, er ikkje det minste glad for brevet frå Australia. Livet til dei to damene i Australia på slutten av 1800-talet var alt anna enn rosenrødt, og begge to sliter med minnene. Lulu sender først eit brev til mannen som trener hesten Ocean Child, Joe Reilly, men då han insisterer i neste brev om at papirene er riktige, tar Lulu med seg venninna Dolly og reiser tilbake til Tasmania.

Minnene strøymer på då dei går av skipet, og møtet med Australia blir brutalt då mor til Lulu prøver å køyre henne ned. Gwen Cole har ikkje eit moderleg bein i kroppen, og ser helst at dottera held seg vekke frå Australia. Lulu bestemmer seg for å gjera opphaldet så bra som mogleg, men spørsmålet om kven som ga ho hesten er der framleis. Medan Lulu er i Australia angrer Clarice på at ho var så sint på Lulu og at ho ikkje fortalte ho sanninga om kvifor ho ikkje ville at Lulu skulle reise. Minnene sniker seg innpå, og glimtvis går historien tilbake i tid til årene Clarice hadde i Australia med sin avdøde mann.

Eit spørsmål som har murra i bakhodet til Lulu heile hennar liv er identiteten til faren sin. Den hemmeligheten har Gwen aldri fortalt til nokon, og det er sjokkerande å lese kor brutalt ei mor kan behandle si eiga dotter. Lulu vart tatt vare på av bestemora, Eunice, men då ho døydde vart Lulu adoptert av Clarice og flytta til England. Gwen har ikkje det beste ryktet, og er ikkje redd for å konfrontere Lulu ved eit par anledningar. Då Lulu møter sin eigen halvbror på eit ridestevne, viser det seg at faren hennar har haldt auge med ho ved hjelp av ein privatdetektiv i England. Etter møtet med faren, må Lulu reise i all hast tilbake til England for å ta farvel med Clarice som kort tid seinare døyr. Stalleigaren, Joe Reilly, som kom heim frå Gallipoli etter krigen har meir enn vennskapelege kjensler for Lulu, og då ho returnerer til Australia blir han meget glad, men det er ei dame som framleis ynskjer Lulu dit pepperen gror. Meget spennande slutt!

Dette vart ein frykteleg rotete anmeldelse, og eg er usikker på om eg har avslørt for mykje. Tamara McKinley mestrer fortid vs nåtid i denne boka, og den sitter ennå i. Slutten var ulideleg, og sjølv om heltinna som regel overlever til slutt var eg bekymra ein periode. Eg er ikkje videre flink til å ta notater undervegs i lesinga, og når 40% vart lest under dyna langt over leggetid les eg i hui og hast. Anbefales!

XOXO

2 kommentarer:

  1. Dette er en forfatter som jeg nysgjerrig på ( hjelpe meg så nysgjerrig jeg er...) og har et par bøker av henne liggende men ikke begynt på ennå. I dag var jeg inne på en svensk blogg og hun snakket om en trilogi av forfatteren, hører disse bøkene til den mon tro, eller kanskje de ikke er oversatt til norsk enda(?)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er heller vanskeleg å få tak i bøkene hennar på norsk så eg ville ha satsa på biblioteket. Eg har linker til alle eg har lest på fanen 'Bokomtaler A-Å' øverst oppe.

      Har du ein link til denne svenske bokbloggen/innlegget? Dei bøkene eg har lest av McKinley er frittståande, men det er ein anna australsk forfatter som har skrevet ein trilogi.

      Slett