Søk i denne bloggen

søndag 4. september 2022

"Den norske drømmen" av Kadafi Zaman

Kadafi Zaman (f. 1973) er ein norsk-pakistansk journalist, lokalpolitiker og forfatter. Han har gjennom sitt arbeid som journalist dekka fleire store internasjonale hendingar gjennom åra. I 1999 skreiv han boka Norge i svart, hvitt og brunt og hadde ein tekst med i boka Norsk nok i 2022. Den norske drømmen er ei memoarbok som kom ut i 2021.

Kadafi Zaman har vore journalist for TV2 i fleire år, og det er slik eg veit kven han er. Når det har skjedd store hendingar i utlandet har Zaman aldri vore langt vekke. Tilværelsen kunne fort ha vore annleis om faren hans hadde valgt å bli i Pakistan. For 50 år sidan valgte Kadafi Zamans far å reise saman med tre venner til Noreg frå Pakistan. Her jobba han doble skift for å sikre ei framtid for sine barn. Som norsk-pakistaner er Kadafi Zaman stolt av sitt opphav og har og har hatt god kontakt med sitt opphav. Han angrer imidlertid på at han ikkje spurte besteforeldrene meir om deira liv då dei levde. Som slektsgransker kan eg forstå den tanken.

Zaman fortel opent og fargerikt om kvar han kjem frå, og det han brenner for: Å formidle nyheter til det norske folk. Han har sjelden vore langt vekke frå dei største nyhetene, og takker si kone for tilliten og måten ho har haldt familien saman. Den hendinga som står sterkast i nordmenns nyhetsbilete er masseskytinga på Utøya i 2011. Zaman hadde vore ute med ein kamerat kvelden før. Fredag 22. juli hadde han eit oppdrag: Å finne ein imam som kunne gifte hans norske venninne med sin muslimske kjærast. Utan at familien visste om det. Zaman og kameraten skulle etter vielsen heim til Lier, men det kom til å ta si tid. Då Kadafi Zaman fekk nyss om skytinga i regjeringskvartalet meldte han seg straks til teneste. Etter ei tid ringte han heim til familien og fekk vite at alle var samla heime hjå Zaman. Då var ikkje gjerningsmannen kjent, men Zaman-familien håpte det ikkje var ein muslim. Eit familiemedlem torte ikkje å gå ut med søpla i frykt for å bli sett før identiteten til gjerningsmannen vart kjent. 

Masseskytinga på Utøya er bare ein av dei mange hendingane, og det er meget interessant å vite meir om korleis ein journalist som Kadafi Zaman går fram for å kome til nyhetsbiletet. I lydboka leser han sjølv, og som med Abid Rajas bok blir det meir dybde over boka. Anbefales!

XOXO

| Forfatter: Kadafi Zaman | Utgitt: 2021 | Format: Innbundet, 193 sider | Forlag: Kagge |

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar