Søk i denne bloggen

lørdag 3. september 2022

"Min skyld. En historie om frigjøring" av Abid Q. Raja

Abid Q. Raja (f. 1975) er ein norsk-pakistansk advokat, politiker og forfatter. Som advokat jobba han med strafferett, prosess, fast eiendom og kontrakstrett; som politiker har han vore kultur- og likestillingsminister (2020-2021) og er i dag stortingsrepresentant for Venstre. Min skyld er hans tredje bok etter bøkene Talsmann (2008) og Dialog - Om vold, undertrykkelse og ekstremisme (2010). Eg har høyrt Min skyld i forbindelse med Malin/Readygoreads (ekstern lenke) #sakprosaseptember.

Abid Raja er blitt kalt brautende, breial, poserende og dominerande. Lite visste det norske folk om hans barndom, ungdomstid og kamp for kjærleiken. Livet har handla om å skjule handikappet han vart fødd med, om å gøyme blåmerker og telefonen til barnevernet. 

Abid Raja har tatt ein klassereise frå ein liten leilighet i Iladalen til hus med kone og barn på Ekeberg. Hans stødige livspartner, Nadia Ansar, har fått han til både lege og psykolog for å bearbeide barndom og sjukdom. Det var aldri gitt at det skulle bli dei to, då dei er av ulike kaster. Abid Raja stod til tider fjellstøtt i si avgjerd om at det måtte bli Nadia eller ei etnisk norsk kvinne. 25 år seinare deler dei fortsatt seng og avis.

Det ga ein egen dybde til boka då Abid Raja leser sjølv i lydboka. Han fortel sjølv om skam og skuld, og ender opp med at livet akkurat nå er ganske greit. Då boka kom ut i 2021 slo den ned som ei bombe med alt den innehaldt og eg kan ikkje anna enn å vera imponert over alt Raja deler i boka. Eg sitter igjen med få spørsmål, men eitt er dominerande: Kva syns foreldrene om boka? Etter det eg høyrer i boka er ikkje forholdet mellom Raja og foreldrene hjertelig, men akseptabelt. Om du ikkje har lest boka ennå, les den. Begynnelsen er vond, men det blir betre. Anbefales!

XOXO

| Forfatter: Abid Q. Raja | Utgitt: 2021 | Format: Innbundet, 240 sider | Forlag: Cappelen Damm | 

3 kommentarer:

  1. Hm... kanskje jeg skal lese denne allikevel? har sett at den har fått mye skryt, men jeg liker ikke så godt bøker hvor kjente folk står frem og smører seg selv og familien utover. Får se om dette blir neste bok på Storytel :)
    Ha en strålende søndag Elida!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg syns ikkje han utleverer nokon i familien. Eg syns heller han forteller om sitt liv med ein oppvekst som utan at eg veit er vanleg i hans etniske heimland, men forbudt i Noreg. Som til dømes at han vart slått, eller at foreldra ikkje stolte på det norske helsevesen.

      God søndag, Tine!

      Slett
  2. Denne har jeg absolutt lyst til å lese, sammen med søsterens bok som nettopp ble gitt ut :)

    SvarSlett