Søk i denne bloggen

søndag 7. oktober 2018

Bok: "Et langsomt farvel" av Helene Sandvig

Den norske forfatteren Helene Sandvig har vore helsejournalist i NRK i fleire år, og leda programmet Puls i over ti år. Dei seinare åra har ho vore programleder for Helene sjekker inn der ho sjekker inn på ulike rehabiliterings- og institusjonssteder for å sjå korleis brukerne har det. Sandvig har mottatt Gullruten 2018 for sistnemnte program.

Et langsomt farvel las eg i to omganger i går ettermiddag og kveld. Etter omtrent halve boka var det heilt livsnødvendig med ein pause for då klarte eg rett og slett ikkje meir. I nokon timar satt eg og skulte på boka innimellom andre gjeremål for eg både ville og ville ikkje lese ferdig. Boka kom eg over på Kagges Instagram-konto og bestilte den straks på biblioteket. Eg er godt kjent med Helene Sandvigs programmer på TV, men hennar personlege kamp for faren har eg aldri høyrt om før.

I Et langsomt farvel har Helene Sandvig endeleg tatt mot til seg og funne fram journalnotatene etter farens død. I fem år kjempa Aftenposten-journalist Helge Sandvig mot ein sjukdom han aldri ville bli kvitt. I bakrommet satt hans fem barn med ektefeller og barnebarn og var vitne til at den vitale faren, svigerfaren og morfaren sakte, men sikkert forsvant. Sjølv med helsejournalister og leger i familien var det ikkje lett å få samfunnet til å forstå at faren deira var alvorleg sjuk, og for meg som leser er eg til tider sjokkert over behandlinga våre eldre får. Langt om lenge får faren ein diagnose innan demens, men dei siste åra var langt ifrå gode for Helge Sandvig. Det er ein ting når du kan gjere deg forstått og sei kor du har vondt, men når du ikkje kan det lenger blir ein akkurat som eit lite barn igjen. Helene Sandvig og søsknene lærte etterkvart å kjenne teikna på farens ubehag, og det hjalp til tider på avmakten då faren kunne skjenne på dei. Han som aldri hadde gjort det før.

I fleire timar med denne boka satt eg med ein klump i halsen, og då eg oppdaga at Helge Sandvig hadde same fødselsdato- og årstall som min kjæraste avdøde farfar rakna det for meg. Mot slutten då det var heilt sikkert at faren kom til å dø rant tårene då eg las dei siste sidene. Helene Sandvig har skrevet denne boka på bakgrunn av journalnotater og samtaler med sine søsken. Ho har fortsatt spørsmål som ho undrer seg over at aldri vart stilt under farens sjukeleie, og vil ikkje vera redd for å stilla kritiske spørsmål i boka. Håpet med boka er at lesere skal bli betre til å ta dei vanskelige samtalene før det er for seint. Varmt anbefalt!

| Utgitt: 2018 | Format: Innbundet, 219 sider | Forlag: Kagge | 

XOXO

2 kommentarer:

  1. Tung bok, det tror jeg deg på. Denne tror jeg faktisk ikke jeg orker å lese ennå. Vet ikke helt hva som er verst, et "for raskt til farvel" eller et langsomt farvel tilstede..

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har kun vore gjennom det kjappe, så eg veit ikkje kva som er verst. Begge deler har sikkert fordeler og bakdeler...

      Slett