Søk i denne bloggen

onsdag 18. september 2019

Bok: "Aldri aldri aldri" av Linn Strømsborg

Den norske forfatteren Linn Strømsborg (f. 1986) har utdannelse innan litteraturformidling og har jobba i bokhandelkjeden Ark. Aldri aldri aldri er hennar femte utgivelse.

I Aldri aldri aldri møter me den namnlause kvinnelege hovudpersonen, heretter kalt X, som er i midten av tredve-åra og har vore samboer med Philip i åtte år. X er klar på at ho ønsker seg ikkje barn, og dette har ho og Philip vore samde om at dei skal ikkje ha barn. Så annonserer eit vennepar at dei skal ha barn - dei siste vennene utan barn. Er Philip fortsatt samd om den barnlause tilværelsen? Tidleg i boka fortel X om skilnaden mellom sine foreldres oppvekst og dei ulike besteforeldrenes syn på barn. X har ei mor som ønsker seg barnebarn, og har strikka babyklede sidan dottera var 19 år.

Utover i boka leser me om årsaker til å få barn, årsaker til å ikkje få barn, og om forventninger av samfunnet til å få barn. Eit kjent sitat som diskuteres i boka er at ein får barn fordi då er det nokon som tar seg av deg når du blir gammal. I dagens velferds-Noreg er det sjelden dei gamle bur heime hjå sine barn, det siste eg høyrte om det i min familie var at tippoldeforeldrene mine budde heime og dei døydde på 50- og 60-talet.

Ein veldig morsom scene i boka er julefeiring. X og Philip finner ut at dei skal feire kvar for seg dette året for X trur at mora kjem til å sitje åleine viss ikkje ho kjem. Det viser seg at mor til X har reist til sin bror og X kjem dit. Den scenen med ørten mennesker, hunder og barn, julemiddag i sofaen og masete slektninger håper eg aldri eg opplever. Men den var morsom å lese om. Også blir eg litt oppgitt for eg kan aldri huske at eg og mine søsken fekk ventegaver for det var så lenge å vente til pakkene vart delt ut. Eller at me fekk eta i sofaen for å vere meir medgjørlig.

Det er lov å ombestemma seg og det. Eg er i begynnelsen av tredve-åra og ønsker meg ikkje barn. Rett og slett! Denne boka traff meg veldig i tematikken rundt barn-ikkje barn, og ein skulle tru at eg som jobber med barn og har stor familie har lyst på barn, men dengang ei. Så kan det hende eg treffer ein og endrer meining. Det kan eg ikkje vite på ståande fot. Men glad i barn går det an å vera sjølv om ein syns det er greit når dei kjem og greit når dei går heim. Varmt anbefalt!

| Utgitt: 2019 | Format: Innbundet, 221 sider | Forlag: Flamme | Kjelde: Kjøpt sjølv hjå Norli Jærhagen

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar