Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Jørn Lier Horst. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jørn Lier Horst. Vis alle innlegg

søndag 11. oktober 2020

Bok: "Sak 1569" (WW #15) av Jørn Lier Horst

Den norske forfatteren Jørn Lier Horst (f. 1970) er tidlegare etterforsker i politiet, men har dei siste åra livnært seg som krimforfatter. Lier Horst har og vore i TV og radio/podcast når det handler om kriminalsaker. Sak 1569 er den femtende boka i rekken om politimannen William Wisting.

William Wisting er inne i si andre ferieveke. Det er uvant for han å følge med på ein sak frå sidelinja, men med nettbrett og aviser går det på eit vis. Så får han eit brev i posten. I dagens digitale samfunn er det uvanleg å få brev i posten, men innhaldet er enda meir uvanleg. Eit enkelt ark med eit saksnummer på. Wisting fatter interesse, men forstår fort at det er ikkje ein av hans saker. Fleire brev kjem, men dei blir levert av avsenderen sjølv, og Wisting kjøper seg eit lite kamera som han fester i bilen med god utsikt til postkassen.

Samstundes blir det gjort nye funn på ei branntomt, og sjølv med ferie må han innom politistasjonen. Brevene blir stadig meir interessante, og Kripos med Adrian Stiller blir involvert. Ein liten tur til USA får Wisting til å eliminere personer i den kalde saken, men kven er det som sender brevene? Kven tok livet av Tone Vaterland den juli-dagen i 1999? Line og Amalie er med frå nabohuset, men det er noko muffens med den nye kjærasten til Line. Wisting liker ham ikkje, og etterkvart gjer visst ikkje Line det heller. 

Eg er ganske inhabil etterkvart for eg får meg ikkje til å mislike Wisting-bøkene uansett kva andre måtte meine. Jørn Lier Horst leverer eit solid stykke arbeid, og eg liker veldig godt alt eg lærer ved å lese bøkene om William Wisting. Det er få ting eg stusser over, og arbeidet med etterforskningen tar eg som god fisk for Lier Horst har god erfaring frå politiet. I Sak 1569 får me tilbakeblikk frå rettssaken i 1999, og det blir satt saman med dagens etterforskning. 

Bokhaust er dei siste åra synonymt med ny krimroman frå Jørn Lier Horst, men kvifor i alle dager kan ikkje boka kome om våren? Eg leser lite krim etter mørkets frambrot, men vart sittande med boka lørdag kveld. Tanken på at nokon haldt auge med Wisting fekk det til å grøsse langt nedover ryggen i kveldsmørket. Meg og mitt harehjarte!

Sak 1569 anbefales!

XOXO

| Utgitt: 2020 | Format: Innbundet, 368 sider | Forlag: Capitana |

søndag 24. november 2019

Bok: "Illvilje" (WW #14) av Jørn Lier Horst

Den norske forfattaren Jørn Lier Horst er eit kjent namn både i inn- og utland, og produserer eit høgt antall bøker i året. Han skriver kriminalserier for barn, unge og vaksne, og denne gong er det hans nyaste i William Wisting-serien eg har lest.

I Illvilje blir me med Wisting, Adrian Stiller og resten av teamet på ein rekonstruksjon med den drapsdømte Tom Kerr. Alt går galt under rekonstruksjonen, og Tom Kerr er plutselig på frifot. Line Wisting har blitt hyra inn av Stiller som frilansfotograf og avslører store hôl i rekonstruksjonen. Nå blir William Wisting sittande igjen med skadde politifolk, drapsmannen på frifot og Den andre med fritt spelerom. For kven er egentleg Den andre? Trådane er mange, men etterkvart får Wisting ei kjensle av at nokon andre trekker i trådane.

Eg leser normalt ikkje kriminalbøker etter mørkets frambrot, og satt i går ettermiddag og kveld nærmast med hjerta i halsen. Illvilje er meir psykologisk enn eg setter pris på, og dei korte kapitla med cliffhangere gjer det ikkje betre. Når det i tillegg er tilfelle at lesaren veit meir enn politiet om kor personer befinner seg i skotlinja så leser ein ganske fort for å vite om det går greit.

Jørn Lier Horst leverer igjen eit solid stykke arbeid, og alle som liker krim må skynde seg til nærmaste bokhandel eller bibliotek. Anbefales!

XOXO

| Utgitt: 2019 | Format: Innbundet, 366 sider | Forlag: Capitana | Kjelde: Biblioteket |

søndag 8. oktober 2017

Bok: "Katharina-koden" (WW #12)

Forfatter: Jørn Lier Horst (f. 1970)
Utgitt: 2017
Format: Innbundet, 380 sider
Forlag: Gyldendal

Den norske forfatteren Jørn Lier Horst er tidlegare politimann, og tilfører i mine auge ei breiare og meir troverdig etterforsking i sine krimromaner. I tillegg til serien om William Wisting skriver han og for barn og unge, og produserer eit høgt antall bøker i året.

Me har kome til tolvte bok om William Wisting, og denne gong er det ei sporlaus forsvinning som er hovudsaken. For 24 år sidan forsvant Katharina Haugen, og kvart år etter forsvinninga har Wisting besøkt ektemannen hennar på årsdagen. Dette året er imidlertid Martin Haugen borte sjølv, og hjula begynner å rulle. Den yngre etterforskeren Adrian Stiller besøker politihuset i forbindelse med cold cases, og med ei anna forsvinning på den same datoen må Wisting og Stiller samarbeide. Det er ikkje alltid like lett når etterforskerne er ganske så ulike i personlighet og handling.

Eg er etterkvart litt inhabil til å snakke om Jørn Lier Horsts bøker for eg sluker dei rått, men med dagens samfunn slik det er tilfører Horst eit lite avbrekk. Det er ikkje mengden blod og gørr som er viktig i hans bøker, men heller korleis ein kan løyse saken og dei pårørande får ei avslutning. Eg er imidlertid litt bekymra for William Wistings framtid då skrivebordet hans er heilt tomt for nye saker. Kan det vera at Line Wisting får større oppgåver medan faren trer litt inn i skyggene i neste prosjekt? Akkurat det trenger ikkje vera negativt, men at Jørn Lier Horst må skrive meir vil eg gjerne. Anbefales!

XOXO

onsdag 16. november 2016

Bok: "Når det mørkner" (WW #11)

Forfatter: Jørn Lier Horst (f. 1970)
Utgitt: 2016
Format: Innbundet, 220 sider
Forlag: Gyldendal

Den norske forfatteren og tidlegare politimannen Jørn Lier Horst er eit velkjent namn i krimverda. Han får ikkje bare merksemd i vårt langstrakte land; naboer i aust og vest er interessert i bøkene hans. Serien om William Wisting er for vaksne, men den produktive forfatteren står og bak serier for barn og ungdom.

Når det mørkner er ellevte bok i serien om politietterforskeren William Wisting, men den kunne like godt fått nummeret null. Wisting er på veg til ein samling for nye politistudenter, men blir hefta av ei kvinne i besøksstolen på kontoret. Ho kjem med ein konvolutt adressert til Wisting, og seinare same dag inviterer han studentane til å vera med å løyse ei nesten 100 år gammal krimgåte. Umiddelbart har me hamna 33 år tilbake i tid. Wisting er lukkeleg gift med Ingrid, nybakt tvillingpappa, og fersk og ambisiøs konstabel på politivakta. Julen nærmer seg, og Wisting jobber ein del overtid for å få endene til å møtes. Då ein venneteneste fører Wisting på sporet av ein uoppklart forbrytelse får me som har lest Lier Horst ei stund sjå konturane av den Wisting som me kjenner godt.

Når det mørkner er sjølvsagt alt for kort, men den er oppslukande, spennande og veldig gøy. For meg som har lest alle bøkene om William Wisting er det veldig gøy å få eit innblikk i kva som forma Wisting som både menneske og politimann. I tillegg er det tvillingane som allereie i ein alder av 6 mnder har personlighet lik den me kjenner frå tidlegare bøker, Line spesielt. Eg seier som Marianne: Bankers julegave! Anbefales!

XOXO

torsdag 10. november 2016

Bokserie: "Detektivbyrå nr. 2"


Forfatter: Jørn Lier Horst, Hans Jørgen Sandnes (illustratør)
Utgitt: 2013-2016
Format: E-bøker frå ebokbib, 104-112 sider
Forlag: Gyldendal

Den norske forfatteren Jørn Lier Horst er godt kjent i både inn- og utland med sin krimserie om William Wisting. I Noreg er han og godt likt for sine krimserier for barn, Clue (som til nå teller 10 bøker) og Detektivbyrå nr. 2 (som til nå teller 10 bøker). Hans Jørgen Sandnes er ein norsk illustratør som eg først vart merksam på gjennom hans teikningar av Alf Prøysens eventyr Geitekillingen som kunne telle til ti (ekstern lenke).

Detektivbyrå nr. 2-serien er meint for barn frå 6-9 år står det i omtalane. Dei handler om søskenbarna Tiril og Oliver, og hunden Åtto, som starter detektivbyrå i den vesle heimbyen deira, Elvestad. I kjelleren i huset til Oliver har dei kontor, og bruker som regel sykkel eller beina for å kome seg rundt i den vesle byen. Tiril og Oliver er ikkje redde for å bli skitne på hendene, eller å gå inn på eigedomar eller i hus som ikkje er deira. I løpet av kort tid har dei som regel løysinga, og det som eg syns er så bra med serien er at dei er ikkje redde for å ringe til politiet og uttrykke deira meining. Som oftast løyser dei mysterier før politiet har funne alle spora. Vaksenpersonar fins det ein heil del av, og dei me høyrer mest om er Tirils mor, onkel Fred (som arbeider som privatetterforsker og starta Elvestads første detektivbyrå), bestefar Franz og elles ein haug med karakterer i Elvestad.

Dei to foreløpig siste bøkene i serien er Operasjon Sirkus og Operasjon Spøkelse som begge kan nomineres til bokbloggerprisen 2016. Alle bøkene anbefales, og sjølv om eg dei siste vekene har lest dei kronologisk så ser eg ikkje problem med å lese dei hulter til bulter. Alle har avsluttande historier, og illustrasjonane til Sandnes er verd halve boka. Teksten er godt skrevet, og som vaksen forstår eg godt kvifor serien er populær. Anbefales!

Bøkene er gitt ut i denne rekkefølgen:

* Operasjon Tordensky (2013)
* Operasjon Mørkemann (2013)
* Operasjon Solnedgang (2013)
* Operasjon Påskelilje (2014)
* Operasjon Sommerøya (2014)
* Operasjon Vindkast (2014)
* Operasjon Bronseplass (2015)
* Operasjon Plastpose (2015)
* Operasjon Sirkus (2016)
* Operasjon Spøkelse (2016)


XOXO

PS. Bokserien har eiga nettside: detektivene.no (ekstern lenke)

tirsdag 2. juni 2015

Bok: "Blindgang" (WW #10)

Forfatter: Jørn Lier Horst (f. 1970)
Utgitt: 2015
Format: Innbundet, 381 sider
Forlag: Gyldendal

Kven skulle trudd for nokre år sidan at eg skulle bli så hekta på ein krimromanserie at eg forhåndsbestiller den nyaste boka lenge før publiseringsdato og les den ut på (rundt rekna) 24 timer? Det er nemleg tilfellet med Jørn Lier Horsts Blindgang, den tiende boka i serien om William Wisting. På 11 år har Lier Horst skrevet 10 romaner om William Wisting pluss to serier med krim for barne- og ungdomstrinnet. Det er ikkje anna enn imponerande arbeidsmengde.

Det har gått nokre månader sidan førre bok, Hulemannen, og det er seinsommar. Politiet står fast i ein sak som har pågått for lenge, og er nyleg satt på vent. Då aleinemora, Sofie, og dottera, Maja, flytter til Stavern etter å ha arva eit hus byrjer ting å skje. Huset har Sofie arva etter morfaren - ein vanskeleg mann som Sofie ikkje har hatt kontakt med på årevis. Flyttefolk har tømt huset, men dei klarte ikkje å flytte ein safe som står i kjelleren. Då Sofie får kontakt med Wistings dotter, Line, blir safen opna og innhaldet avslørt.

Line og Sofie gjekk saman på barneskulen før Sofie flytta i 14-årsalderen. Dei utvikler raskt eit vennskap igjen, og den permitterte Line ser muligheter i safen og i historien til Sofie. Då eit spesielt objekt frå safen havner i politiets søkelys blir det fart i ein forsvinningssaken rundt drosjesjåføren Jens Hummel. Wisting blir dratt mellom lojalitet til etaten og iveren etter å avslutte ein sak. Det skal vise seg å bli mange og lange turer til Sørlandet for politietterforskeren.

William Wisting var daten min lørdag kveld. Det var nesten umogleg å legge den frå meg, men søvn er nødvendig. Blindgang presenterer eit nytt ord for meg i politisamanheng, og det er interessant å lese korleis det er mogleg å gå fram for å få dei ein ynskjer dømt i retten. Wisting gir seg derimot ikkje, sjølv om han blir møtt med motstand frå øverste hald. Når det gjelder historier med Line som eg til tider har irritert meg over fordi ho alltid hamner i skotlinja, var det behageleg å lese utviklinga hennar i denne boka. Eg er sikker på at framtida hennar blir knallbra (utan at eg skal avsløre for mykje). Ein meget velskrevet krimroman, og eg berømmer Lier Horst som har etablert ein politietterforsker som ikkje løyser saker i påverka tilstand. Dei er det nemleg nok av. Anbefales!

XOXO

mandag 20. oktober 2014

Bok: "Hulemannen" (WW #9)

Forfatter: Jørn Lier Horst (f. 1970)
Utgitt: 2013
Format: Innbundet, 352 sider
Forlag: Gyldendal
Mål/utfordringar: Off the shelf, Krim

Etter at Jørn Lier Horst vant Riverton og Glassnøkkelen for si åttande bok om William Wisting for to år sidan hamstra eg inn Lier Horst-bøker. Eg las to i raskt tempo, også fekk eg tak i den niande boka på bokfestivalen i fjor. Den har nå stått og blomstra i bokhylla i eitt år, heilt til eg tørka støv av den på natt til søndag. Med min kronologiske hjerne har eg sjølvsagt lest dei andre bøkene og, du finner alle anmeldelsane her.

Ein eldre mann blir funnet død i stova si. Mannen er ein av naboane til William Wisting, men verken han eller dei andre naboane har sakna mannen. Dødsfallet får ikkje store overskrifter i avisene, men Wistings journalistdotter Line snapper opp saken. Ho jobber i VGs krimavdeling, men legger inn forslag til sjefen sin om å få skrive ein artikkel om ensomhet for helgemagasinet med utgangspunkt i den døde naboen. Line Wisting er ei dame som som regel får det ho har lyst på, og får klarsignal. I mellomtida har ein anna død mann dukka opp, men det Wisting lærer om dette dødsfallet vil han aller helst ikkje dele med journalistdottera.

Line graver seg langsamt ned i naboens liv og virke, prater med naboane og folk som har kjent han, og får adgang til avdødes hus. Ho avdekker at mannen må ha vore uhyre einsam, og det er akkurat det som ho ynskjer å skrive om i helgemagasinet. Med dottera heime i Stavern trår Wisting varsamt heime i forbindelse med sin eigen sak, men då FBI kjem frå USA for å bistå i saken er katta ute av sekken. Det skal vise seg at saken er meir kompleks enn først antatt, og den skremmer Wisting meir enn han nokon gong har blitt skremt i politisamanheng. Dei to avdøde mennene har meir til felles enn ein skulle tru, og då det blir snakk om ein potensiell seriemordar blir gode råd dyre og jakta intens.

Hulemannen las eg natt til søndag, og då resten av familien la seg, og det vart stilt i huset måtte eg setta på musikk for det vart fælt skummelt undervegs. Jørn Lier Horst har nok ein gong klart å skremme vettet av meg, og når min livlege fantasi fyker hit og dit i nattemørket var det rett før eg ikkje kunne lese ferdig den natta. Hulemannen er ein sidevendar, det går fort framover, og det skjer mykje på kort tid. Lier Horst har klart kunststykket å fylgje opp den prisvinnande førre boka, og eg ser fram til neste bok om William Wisting. Anbefales!

XOXO

onsdag 11. juni 2014

Riverton-/Glassnøkkelvinner: "Jakthundene"

Forfatter: Jørn Lier Horst
Utgitt: 2012
Min utgåve: 2013
Format: Heftet, 361 sider
Forlag: Gyldendal
Mål/utfordringar: Krim, Off the shelf

Då eg starta å interesse meg for Jørn Lier Horst var det med denne boka. Den åttende boka i rekka om William Wisting gjekk hen og vant både den norske Rivertonprisen og den svenske Glassnøkkelen. For Lier Horst var det tredje gong han var nominert til førstnemnte pris, og eg kunne jo ikkje med min kronologiske hjerne begynna på den åttende boka. Elleve månader etter eg starta første bok er eg endeleg ajour. Nå har eg ei bok igjen, men den leser eg når eg føler for det. Lier Horst kjem ikkje med ny bok om William Wisting før i 2015.

I Jakthundene blir William Wisting sjølv satt under etterforskning. Han blir suspendert på grunn av ein sak han etterforska for 17 år sidan der det har kome fram at bevisene som fengsla gjerningsmannen var falske. Wisting gjer sitt beste for å reinvaske seg sjølv, men då det forsvinner ei ny ung kvinne blir det eit kappløp utan like. Wisting får hjelp av journalistdottera Line, og frå uventa hold.

Det er ein årsak til at akkurat denne vant begge krimprisane, og den heiter meget velskrevet krimroman. Det er spennande, persongalleriet er det same, men dei utfyller kvarandre. I Jakthundene er det mykje William og Line, og eg kjenner at eg sakna dei andre i teamet. Håper dei kjem meir fram i neste bok, Hulemannen. Du vil ikkje angre på at du leser Jørn Lier Horst, men som alltid anbefaler eg deg å lese dei kronologisk. Sakene er avsluttande i kvar bok, men eg som er vel så opptatt av personen William Wisting får meir utbytte av å begynne med første bok.

Andre som har skrevet om boka er Astrid Terese, Gro, Marianne. Er det andre, legg gjerne igjen ein kommentar så fikser eg ein link.

XOXO

torsdag 29. mai 2014

Bok: "Vinterstengt" (William Wisting #7)

Forfatter: Jørn Lier Horst (f. 1970)
Utgitt: 2011
Min utgåve: 2012
Format: Heftet, 328 sider
Forlag: Gyldendal
Mål/utfordringar: Krim, Off the shelf

Det går fort i svingane når eg bestemmer meg for korleis eg skal kurera manglande leselyst. Fridag og liksom-søndag blir ein utmerka lesedag. For andre året på rad var Jørn Lier Horst nominert til Rivertonprisen, men denne gongen gjekk den til Torkil Damhaug med Ildmannen.

Det har gått tre månader sidan forrige bok, Bunnfall, og William Wisting er tilbake på jobb etter ei lengre sjukemelding. Han har i løpet av perioden lært at han ikkje er uunnværlig, at andre kan ta på seg ansvar og han føler seg betre og meir opplagt. Vinterstengt begynner sakte, men sikkert med ein mann som er på veg til hytta si for å stenge for vinteren. Då han kjem til hytta oppdager han at døra er brutt opp, og verdigjenstander er stjålet. I nabohytta lyser det, og Ove Bakkerud går ner for å sjå etter folk. Då han kjem ner til nabohytta er den og brutt opp, men forskjellen er at det er blod langs dørkarmen. Bakkerud ringer politiet, og sirkuset er i gang.

Etterkvart blir det klart at austeuropeere står bak innbrudda, men det er lettere sagt enn gjort å få fatt i dei når det dukker opp lik omtrent overalt. William Wisting tar seg og ein tur til Vilnius i Litauen for å leite etter gjerningsmenn. Dottera til Wisting, Line, har ei framtredande rolle og ho stikker nasen fram meir enn ei gong. Det har og kome ein ny mann i teamet, Benjamin Fjeld, og det blir interessant å vite om han får fortsette i neste bok. Det er mykje utmerka politiarbeid i denne boka, og det er tydeleg at Jørn Lier Horst kan dette faget når me får servert spaningsmeldinger midt i boka. Det var nesten som om eg kunne sjå det føre meg. Wisting og teamet finner fram til løysinga i ein actionfylt slutt. Anbefales!

XOXO

onsdag 28. mai 2014

Bok: "Bunnfall" (William Wisting #6)

Forfatter: Jørn Lier Horst (f. 1970)
Utgitt: 2010
Min utgåve: 2011
Format: Heftet, 298 sider
Forlag: Gyldendal
Mål/utfordringar: Krim, Off the shelf

Når motivasjon og leselyst svikter totalt er det kun ei løysing som gjeld, og det er å finne nærmaste krimbok, eller den/dei krimbøkene du har mest dårleg samvittighet for. I dette tilfellet er det Jørn Lier Horsts bøker om William Wisting, og nå har eg kun 3 uleste i bokhylla. Bunnfall som er sjette bok om William Wisting var nominert til Rivertonprisen for 2010, men vart slått av bergenseren Chris Tvedts femte bok om Mikael Brenne.

Bunnfall begynner brått og brutalt med ein melding til politiet om eit funn i vannkanten. Utover i boka blir det gjort fleire slike funn, og saken om venstrebeina som driver i land blir etterforsker William Wisting og hans teams mest prioriterte sak denne junimånaden. Samtidig er Williams dotter, Line, på veg til Stavern frå Oslo. Ho har fem veker på seg til å intervjue tidlegare straffedømte til ei sak i helgemagasinet til VG. Line syns ho har fått eit spennande oppdrag i fanget, og har fleire moglege intervjuobjekt på blokka.

Saken med venstrebeina blir meir komplisert då ei anna sak får eit nytt lys: ei forsvinningssak som skjedde då teamet hadde sin fulle hyre med nattmannen-saka (forrige bok). Då forsvant det fleire eldre menn frå ein sjukeheim, og nå forsvinner det fleire personer som er i tilknytning til same sjukeheim. Kan disse sakene ha ein felles forbindelse? William Wisting og teamet finner endelig nåla i høystakken og ser lys i tunnellen, men dei må handle raskt. Gjerningsmannen har nemleg drept før!

Absolutt spennande bok som heile tida driver framover. Jørn Lier Horst kan det med å skape stemning, og skrive ulidelig spennande avslutninger i bøkene sine. Anbefales!

XOXO

onsdag 19. mars 2014

Bok: "Nattmannen" (William Wisting #5)

Forfatter: Jørn Lier Horst (f. 1970)
Utgitt: 2009
Min utgåve: 2010
Format: Heftet, 304 sider
Forlag: Gyldendal
Mål/utfordringar: Krim, Off the shelf

Etter to år er Jørn Lier Horst tilbake med William Wisting. For dei som ennå ikkje har lest dei føregåande bøkene kjem det ein spoiler: I forrige bok, Den eneste ene, vart Wistings kone, Ingrid, drepen i Afrika. Wisting har på disse to åra lært seg å leve aleine, men innrømmer at det er ikkje optimalt.

I femte bok om Wisting står han over det mest groteske drapet i karrieren. Ei ung jente har fått hodet sitt på ein stake midt i Larvik sentrum. Hadde det ikkje vore eit par bygningar som står i vegen, kunne Wisting og teamet hans sett rett ned på åstaden. Mediene er straks på pletten, med Line Wisting på veg frå Oslo til Larvik. Ho er i grunnen på veg heim for å finne ut meir om Koffertsaken, men då sjefen får høyre om hodet på staken er Line førstemann frå VG. Presset blir ikkje mindre på politiet då eit nytt lik blir dratt opp av elvedjupet.

Etterkvart nøster Wisting opp saken med ein narkotikaforbindelse og asylsøkerbarn. Suzanne Bjerke som arbeider på eit asylmottak kan fortelje nytt om jenta då identiteten blir kjent, og det resulterer i at koffertsaken blir tatt opp igjen. Det det heile kulminerer i er ei spennande krimbok om smugling av narkotika frå Afghanistan via Sverige. Uskuldige asylsøkerbarn blir kidnappa og ført til Sverige for så å ta toget heim med ein koffert full av narkotika. Wisting får seg og ein tur til Afghanistan for å henta heim ein gut som har vore med på dette, og vennskapet med Suzanne kan bli starten på noko nytt.

Nattmannen er ikkje så ulideleg spennande som førre boka, denne har meir alvor over seg, og belyser eit tema eg ikkje har kjennskap til. I denne boka får og William Wistings eiga dotter, Line, meir spelerom, og ho setter like godt i gang ei etterforskning på eiga hand. Om Jørn Lier Horst ser seg nødt til å pensjonere Wisting har han ein god arvtaker i Line Wisting, og journalistkrim. Anbefales!

XOXO

søndag 9. mars 2014

Bok: "Den eneste ene" (William Wisting #4)

Forfatter: Jørn Lier Horst (f. 1970)
Utgitt: 2006
Min utgåve: 2011
Format: Heftet, 262 sider
Forlag: Gyldendal
Mål/utfordring: Off the shelf, krimbøker

Eg ligger litt etter med William Wisting, men i det tilfellet er det praktisk at alle 9 bøkene står lina opp i bokhylla, klar til å angripes. Denne las eg ferdig tidlegare i veka, men med travle dager på krimfestivalen i Oslo er det først nå eg har satt meg ner med pcen sidan tysdag.

I fjerde bok er det Larvik Håndballklubbs nyaste spelar Kajsa Berg som er sporlaust forsvunnen. William Wisting og teamet hans leiter høgt og lågt, og forhøyrer fleire i miljøet rundt Kajsa utan noko særleg hell. Wisting føler han beveger seg i eit mørke, og det er først når det kjem for ein dag at ein av guttevennane til Kajsa er med i ein innbrotsliga at det løsner for politiet. Når det endeleg løsner blir det fart i sakene.

Tysdag kveld las eg 200 sider på 2 timer, og det er eit godt teikn på at boka er bra. Lier Horst fortsetter å levere, og eg gler meg til fortsettelsen. Forfatteren veit korleis han skal fange leseren, men det geniale er at han ikkje nødvendigvis forteljer alt. Lesaren kan sjølv tenkje seg til kva som skjer i det vidare politiarbeidet, og den tankegangen er gjeldande i slutten av etterforskninga i denne boka. Utan at eg skal røpe for mykje, er slutten meget sår, og rokker ved privatlivet til William Wisting. Anbefales!

XOXO

fredag 18. oktober 2013

Bok: "Når havet stilner" (William Wisting #3)

Forfatter: Jørn Lier Horst
Utgitt: 2006
Min utgåve: 2011
Format: Heftet, 290 sider
Forlag: Gyldendal
Mål/utfordringar: Off the shelf

William Wisting er tilbake i den tredje romanen, og sakene står i kø. Wisting rykker ut til ei apotektrapp der det ligger ein bevisstlaus mann. Han er skutt i magen, og det er tydeleg at mannen skal bli oppdaga. Då politiet seinare finn forkulla beinrester på ei branntomt, og eit lik blir skylt opp på stranda er det ikkje lett for William Wisting og teamet hans å finne samanhengar.

Saman med Beate reiser Wisting til Spania for å nøste opp tråder. Her finn dei bare fleire lause tråder, og det ser ikkje ut til at det fins samanhenger mellom fleire lik, og ein seilbåt med namnet S/Y Ellida. Wisting føler heile saken står i stampe, og kjem ingen veg, men etterkvart retter flokene seg ut, og Wisting står overfor ein sak av heilt nye dimensjonar.

Når havet stilner er spennande frå start til slutt, og i etterordet skriver Lier Horst at inspirasjonen til handlinga i boka kjem frå virkelighet som kjem stadig nærmare. Tredjeboka er meget solid skrevet, og det går kjapt unna. Ingen tid til ein pust i bakken her. Anbefales!

XOXO

mandag 22. juli 2013

Bok: "Felicia forsvant" (William Wisting #2)

Forfatter: Jørn Lier Horst
Utgitt: 2005
Denne utgåva: 2013
Format: Heftet, 279 sider
Forlag. Gyldendal
Mål/utfordringer: Off the shelf

Det er funnet eit lik. I forbindelse med gravearbeid er det funnet eit garderobeskap med eit lik, og vegen var ny i 1979. Med andre ord så kjemper Wisting både mot klokka og foreldelsesfristen. På same tid får William Wisting besøk av ein mann som vil melde forloveden sin sakna.

Det har gått to år sidan forrige drapssak (i Nøkkelvitnet), og tvillingane til William og Ingrid har forlatt redet. Line har begynt på UiO på medialinja, og Thomas snakker om å ta befalsskolen. Den nye våren til ekteparet har brakt med seg Williams slankekur (klimakset kom då han måtte gå med uniformsbuksa ukneppet under jakken på 17.mai), turer i skog og mark, og mat- og vinkurs på Folkeuniversitetet. Då Felicia forsvant i 1979 vart saken dårleg etterforska, og då liket av den sakna ungjenta blir funnet i skogen sit Wisting, Borg, Hammer og Mortensen med to drapssaker. Linjer blir trukket hit og dit, og det viser seg at sakene er uløselig knytta til kvarandre.

I går kveld la eg meg tidleg for det var første arbeidsdag i dag etter ferien. Eg skulle bare lese eit par kapitler i Felicia forsvant, men før eg slokkte lyset hadde eg lest ferdig boka. Den er meir intens enn Nøkkelvitnet, og dei siste kapitla vart lest med hjartet i halsen. Kor eg var då Jørn Lier Horst ga ut dei første bøkene sine veit eg, men sanninga er at eg las svært lite på den tida. Det positive med det er at det fins 6 bøker til, pluss den nye som kjem til hausten. I dag hadde eg mest lyst til å løpe til bokhandelen og kjøpe den neste boka, Når havet stilner, men så var det den jobben då. I morgen då blir det meir Lier Horst-handling! Karakterene i Felicia forsvant er dei same som sist. Torunn Borg er tilbake etter eit års permisjon, og elles er alt ved det same. Eg er litt spent på korleis det går med forholdet til William og Ingrid, då Ingrid har fått seg ny jobb utanlands. Kan langdistanseforholdet fungere? Felicia forsvant anbefales, og fleire kjem så fort dei er i hus og lest!

XOXO

lørdag 20. juli 2013

Bok: "Nøkkelvitnet" (William Wisting #1)

Forfatter: Jørn Lier Horst
Utgitt: 2004
Denne utgåva: 2013
Format: Heftet, 242 sider
Forlag: Gyldendal
Mål/utfordringar: Off the shelf

Då Jørn Lier Horst tidlegare i år mottok Rivertonprisen for Jakthundene fann eg ut at det var hans åttande bok om politiførstebetjenten William Wisting. Sidan Riverton-målet nå er redusert til tilfeldige omtaler når eg har lest ein vinnar merker eg at eg koser meg meir med krimlitteratur. Det er usikkert om Lier Horst hadde blitt prioritert med det første sidan vinnerboka er den åttande i rekkja.

William Wisting har eit ryddig privatliv med Ingrid som han har vore gift med i 20 år. Saman har dei eit tvillingpar på nitten år. Dottera Line er på interrail denne sommaren, og Thomas er klar for militæret til hausten. Forholdet til Ingrid har gnisningar, men Wisting har nok ikkje alltid satt kona framføre jobben slik han burde gjort. Då Nøkkelvitnet begynner etterforsker William Wisting og kollegaen Nils Hammer eit ran. Wisting er klar for sommerferie, men planen blir forpurra då det blir funnet eit lik i Stavern. Liket har sannsynligvis ligget ei god veke, og er ille tilredt. Drapsmannen/mennene har og ransakt store deler av huset, utan å finne det dei er på jakt etter. Undervegs har dei torturert huseigaren og til slutt har hjertet gitt etter. Avhør av naboane blir gjort, og saken blir kompleks, men fleire av avhøyra avdekker relasjoner til tidlegare straffedømte. Politiet er ei veke etter drapsmannen, men etterkvart løsner ting bokstaveleg talt og avdekker kvifor den eldre mannen har blitt drepen.
Wisting tok tak i vingene på den utstoppede ugla og forsøkte å dra dem ut i fullt spenn. (...) Idet Wisting oppnådde fullt vingespenn, løsnet det noe fra den venstre vingen. Eet eller annet falt i gulvet. Wisting trodde først at han hadde dratt for hardt i vingene og ødelagt fuglen, men så bøyde han seg for å plukke opp gjenstanden. Det var et knippe med to nøkler. (...) "Det tause vitnet ditt har nettopp blitt sakens nøkkelvitne," sa Angell til slutt og brøt stillheten.
Jørn Lier Horst har gjort ein meget god jobb med Nøkkelvitnet, og det som er interessant er at boka er basert på ei verkeleg hending. Like før jul 1995 vart ein mann funnen drepen i sitt eige hus. Drapsgåten står ennå som uoppklart, og den danner utgangspunktet for Nøkkelvitnet. Lier Horst har gjort seg visse friheter, blant anna med å løyse drapsgåta. Persongalleriet er mangefasettert. Nils Hammer er ein blodhund innan narkotikamiljøet dog med visse tvilsomme avhøyrsmetoder; Torunn Borg er fraskilt tobarnsmor og kunne nok ha leia avdelinga istadenfor Wisting hadde ho hatt lyst; Espen Mortensen er ein ung politikonstabel som er på fornavn med dei fleste (utan at dei nødvendigvis syns det er greit), og gjer ein god jobb med sine tildelte oppgaver. Dei får og hjelp av Kripos i form av Torbjørn Angell og den aldrande politimannen Finn Haber.

Eg likte romanen meget godt, og gler meg til neste bok om William Wisting, Felicia forsvant. Anbefales!

XOXO